Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2015 (Side 2 av 3)

Segestad – Glomnessetra

P1110624Segestad, fjellgarden som ligg så høgt og fritt over Oppstrynsvatnet. Livet på denne avsidesliggande garden har vore stabasiøst og tungt. I boka til Oddgeir Bruaset «På fjellhylle og havstrand- livet på veglause gardar i Nordfjord», kan ein lese om Anne, jenta som gifta seg med Harald, bonde på Segestad. Det var eit hardt og tungt liv. Ikkje berre naturkreftene som dei måtte leve med men også alle tragediene som dei skulle takle.
Siste bruker på Segestad , Jon, døydde i 1961. Han døydde ute på marka og hadde heilt til det siste holdt garden i stand.
På 80-talet vart Sigdestads Vener stifta. Desse tok fatt på den omfattande bergingsaksjonen som det var å sette i stand husa på garden. Kva sommar blir det  arrangert slåttedugnad på Segestad.

P1110575
For å kome seg til utgangspunket, køyrer ein til Hjelle i Hjelledalen. Køyr gamlevegen forbi hotellet og ta til venstre over elva. Køyr langs vatnet . Det er fin parkeringsplass eit stykke før ein kjem til gardstuna på Glomnes. Det er også her ein kjem nedatt på vegen når ein har gått denne runden.
P1110578 Eit idyllisk parti på vei mot råsa.
For å kome seg til råsa som går opp til garden, går ein forbi gardstuna på Glomnes. Vis respekt for andre sin  eigedom, bruk veien og råsa.
P1110581  P1110584
Langs råsa er der merka med stadnamn. Naustbakken, den første av bakkane, er bratt men brei og god å gå.
P1110585 Skilt som viser veien til Glomnesfossen.
P1110588 Ta turen bort til fossen, den er mektig.
P1110594  Kleivane.
Her i Kleivane er råsa på det brattaste. Lenge måtte folket som budde på Segestad bruke stige for å kome opp skrenten.P1110597 Skiltet på grinda taler for seg sjølv. Lat att!!P1110598  Utsikt mot Erdalen
P1110601
Langs råsa er det fleire kvileplasser. Her er det fint å sitje å skue utover vatnet, kansje smake på nista.P1110602                         Utsikt mot Glomnes og Hjelle. Hjellehynnja ligg i det lave skydekket.
P1110606     P1110605
Frå Langhammarkvilet har ein god utsikt nedover Oppstynsvatnet mot Flo, Veslebygda, Åning og Nesje.

P1110607      P1110608
Når ein nærmer seg garden ser ein eit gammalt uthus og ein instalasjon for løypestrengen. Den har nok komt godt med når varer og andre ting skulle til gards. Den vart også brukt til å frakte tørrhøy ned til bygda siste sommrane før Jon døydde.
P1110623 Steinstova med Glomnesnakkjen bak.

Steinstova på garden Segestad vart reist i 1908. Huset er solid bygd med meters breide vegger. Ein del av steinane i huset er restar  etter den rasråka husmannsplassen som låg like ved.P1110624 Utsikt fra tunet mot Erdalen.

Stiftelsen Sigdestads Vener har gjordt eit omfattande restaureringsarbeid både på steinstova og andre bygningar på garden. Her ser ein fra venstre løypestrenghuset, låven, steinstova og eldhuset.P1110627P1110629  Råsa vidare inn Glomsdalen.
Turen vidare fra Segestad og inn Glomsdalen går på venstre sida av elva. For å kome til råsa går ein opp bakkane og heilt til høgste høgre hjørnet på dyrka marka. Der går stien. Det er ganske tilvokse med skog på denne sida av elva, men råsa er tydeleg og enkel å gå. Om det er vått veir kan det være litt sleipt og glatte steiner.P1110642 Ruiner av eit gammalt sel på Glomnessetra.
P1110630 Glomnessetra tatt fra andre sida av elva.P1110631  Utsikt vidare inn Glomsdalen.

P1110632  Fin kvileplass der ein kryssar elva .P1110635  Segestadsetra.
På Segestadsetra bygde dei bygningane attåt store steiner. Dette for å kunne bygge færre vegger. Der er ruiner etter to bygninger på Segestadsetra.
P1110639  Der er fin bru over Glomsdøla.
P1110645  Glomnessetra. To fine og restaurerte sel.
P1110646   P1110647
Råsa fra Segestad og til Glomnessetra ligg i tett lauvskog og er tildels steinete. På andre sida av elva, er det mykje åpnare og tørrare terreng.  Ein av turdeltakarane som var med på turen sa at råsa fra Glomnessetra og nedatt var «berre lekker».
Råsa på innaforsida er åpnare, men likevel bratt. Ein kan tydeleg sjå spor etter at dette er ein veg som har vore brukt i mange mange år. Dette var også setrevegen for dei på Nesjeog Åning.  Dei har seter på Stol, som ligg lengst inne i Glomsdalen.
P1110650     P1110652
Når ein nærmer seg dyrka marka tek ein til vestre inn langs gjerde/steinmur. Da kjem ein etterkvart til parkeringsplassen. God og tydeleg sti i ein litt mørkt/tett skog.
P1110653     P1110654

Denne rundturen er ca 6  kilometer. Bratt men med ein fantastisk utsikt og historie.

På låven, som står åpen, er der plansjer med opplysninger om livet på garden. Absolutt vert å ta ein kikk på.

GOD TUR OG NYT NATUREN!!!!

Furedalen – Botnavatnet

P1110452Vi har utruleg med moglegheiter til å finne nytt turterreng  i vår vakre kommune.  Det er ikkje berre dei høge fjelltoppane som lokkar, men også alle dalane som går mellom fjella.

Laurdag la eg avgårde for å utforske  ein av desse  dalane. Eg har gått eit stykke av denne dalen for mange mange år sia, men da ikkje heilt til endes.

Furedalen starter ved Oppstrynsvatnet og går nordaust over mot Botnavatna som ligg på vel 800 moh. For å kome til utgangspunktet køyrer ein til Veslebygda, ei grend som ligg på nordsida av Oppstrynsvatnet, på vegen mot Flo. Ein kan velge om ein vil gå heile vegen fra Veslebygda og opp grusvegen eller køyre opp bakkane til vegen deler seg. Parker der og går første stykket gjennom skogen da får ein sjå rester av gamma gardsveg som ligg så fint mellom granene.P1110451
Eg køyrde opp der som veien delte seg. Det er like under garden Ljåstad. Der var ei utviding og greit å parkere.
P1110456 Fin vei gjennom skogen.
P1110457  P1110458
Ein fin kulp i elva kunne fort ha blitt nytta til eit bad, men det var litt vanskeleg å kome seg bort.
P1110465 Solli, ein fråflytta gard lengst opp i lida.
Turen går vidare på fin skogsveg. Her er beitande dyr så husk å lat att leda/grindene. Ein vinn fort høgdemeter. Skogsvegen går i varierande stigning opp bakkane. Somme tider i bratte bakker og av og til i slakare terreng.P1110467
Langs turvegen opp dalen ser ein mange namneskilt.  Kjiegjølet er eit gjøl i Fureelva. Det var god snøsmelting den dagen eg gjekk så elva dura godt langt der nede.
P1110468 P1110469
Eit lite stykke før vegenden er der ei utviding. Der stod det ein fin stol, så her var det moglegheiter for å ta ein pust i bakken. Og det kunne trenges, for den siste bakken før ein kom opp vegenden var bratt. Og som skiltet seier så er ein da komt opp på Flatene. Ikkje stor, men ei flat likevel. Her i fra gjekk ferden vidare i rås til setra. Råsa er ikkje merkt, men det er ikkje problemer å følge den. Det har vore køyrt med traktor eit stykke oppover. Elva lenger oppe har fått skade i flaumen og opprenskningsarbeid har vore utført.
P1110472    P1110487
P1110476    P1110565
I følge boka «Setrar i Oppstryn og Nedstryn» av Kjell Råd, så melka dei kyrne her ei tid på året.P1110482Det er fin utsikt  på deler av oppstigninga fra Veslebygda. Her som så mange andre plasser, veks det til med skog, men når ein kjem til ei lysning så er utsikten upåklageleg. Her ser ein Tunoldsvikja med Knarteholmane utføre, Brekke, Fosnes og Erdalen. Midt i bildet ser ein Brekkefjellet med Storskredfjellet bak. Til venstre i bildet ser ein Hjellehynnja.P1110490Det er stille og roleg opp Furedalen.  Lyden av beitande sauer og lamb er ein koseleg lyd å høyre når ein er i fjellet. Dette lambet tok livet med ro sjølv om det kom ein turgårer forbi.
P1110560  P1110563  Fin og god rås å gå i.P1110558Furesetra ligg på ca 700 moh. Ein ser tydeleg at det har vore mange sel og fjøser i tidlegare tider på setra. Dei fleste har blitt borte pga alder, men også pga ras. Ein lokalkjent fortalde at det i alt hadde der vore 14-15 bygninger på setra. Det vart slutt på setring ca 1947. I dag står det att fire bygninger.
P1110503  P1110548
Bak setra går det fin rås vidar til Reset og Botnavatna. Ein krysser Dosaelva, den kan sjå stor ut, men er enkel å kome over litt høgar oppe enn dette bildet er tatt.
P1110524        P1110529
Sjølv midt i juli var der mykje snø og is ved og på vatnet. Botnavatnet ligg på 841 moh.P1110535Det er fire hytter ved vatnet, og dei som er så heldige at dei har hytte her i den totale stillheita kan nyte ein luksusferie av dei sjeldne. For stillheit er ei luksusvare i våre dager.P1110550Turen fra parkeringsplassen der skogsvegen starter og opp til Botnavatnet er 5 kilometer.

Kart over turen med innteikna rute finn du  på ut.no: Furedalen – Botnavatnet

PRØV EIN NY TUR I NÆROMRÅDET !

Kulturløype på Ulvedal

P1110322Denne gangen vil eg skrive om ein fin tur i kulturparken på Ulvedal. Her får ein sjå og lese om mykje gammal kulturhistorie.

For å kome seg til utgangspunktet køyrer ein Panoramaveien på Nordsida av Nordfjorden til Ulvedal. Der parkerer ein ved Sagedammen. Der er satt opp kasse for bompenger og eg oppfordrer alle til å betale dei 20 kronene som det koster.
Nordsida Utviklingslag har lagt ned eit stort arbeid med å gjere alle kulturminna  og turveiane på Nordsida tilgjenngelege.

Kulturløypa er ei rundløype på ca  6 kilometer og kan sjølvsagt gåast begge veier.
P1110296  P1110297
Ei stor tavle er sett opp ved parkeringsplassen ved Sagedammen. Der kan ein lese litt om dei forskjellige attraksjonane som ein finn langs kulturløypa og ellers på Nordsida. Ta deg tid til å studere oppslaga og få med deg litt av historia om dei forsjellige plassane.

Ein kan også lese om plassane her

Turen eg skriv om går fra Sagedammen til Tjærehjellen, Lunden, Rabben, Gardfjøsane, Vetestova, Koparminene, rundt Sagedammen og ned Kvernhusdalen. Ei runde som blir ca 6 kilometer.

Start med å gå på asfalten mot Stryn. Gå ca 300 meter til du kjem til skiltet som viser veien til Ulvedalstunet. Ta av og gå grusveien ca 300 meter motebakka før du tar av mot skogen. Akkurat der ein tar av fra grusveien var det litt dårleg merka, men eg legg ved eit bilde som viser kor det er henn.
P1110406  P1110407
Ta av fra asfalten til Ulvedalstunet og fra grusveien ved denne store tanken.
P1110409  Der heng raude merker ved grinda.
P1110410  Tjærehjellen
Tjærehjellen er ein gammal produsjonsplass for tjære. Råstoffet for produksjon var kløyvd tyrived og røter. Desse vart plassert i ein haug opp på hjellen og dekt med torv. Dette for å redusere lufttilgangen når dei sette fyr på veden. Veden brann da seint og tjæra vart kokt ut. Tjærehjellen på Ulvedal er nyrestaurert.

Turen går vidare til venstre for tjærehjellen og opp i skogen. Ein kjem etterkvart til Lunden, eit naturleg amfi og tidlegare stemneplass like ved den 450 år gamle garden Ulvedal.
IMG_20150630_184314  Lunden, ein gammal stemneplass.
Vidare går turen forbi husa i Ulvedaltunet. Dette er eit levande og hektisk gardstun så vis respekt for privatlivet og arbeidet som føregår der.  Ein går mellom nokre uthus og litt på baksida av sjølve tunet innover mot Rabben.

Rabben er ein husmannsplass frå tidleg på 1800- talet. Her får ein sjå ein komplett husmannsplass som er fint restaurert og helde vedlike. Vi som gjekk turen som ein tirsdagstur var så heldige at vi hadde ei avtale med eigaren, og fekk kike inn i huset. Det var ikkje store plassen dei hadde å boltre seg på. Men veldig koseleg.IMG_20150630_184907Fra Rabben går turen vidare motebakka, eit lite stykke på skogsvei, før ein tar av fra veien og tek til høgre opp langs gjerdet. Da kjem ein til dei gamle gardfjøsane som høyrer til garden Ulvedal. Her har nok mang ei kyr gitt fra seg mykje god fersk melk.P1110314 Gamle gardfjøser som høyrer til Ulvedal.

P1110312    P1110316 Enkel sti å følge.
Frå gardfjøsane går råsa vidare til venstre for gardfjøsane. Ein går gjennom eit hogstfelt og føl råsa som svinger til høgre og opp bakken. Vidar går råsa i skogen eit stykke før ein kjem til Vetestova som ligg 450 moh.P1110318Vetestova på Ulvedal er ei 1000 år gammal vakthytte frå det gamle vetesystemet. Denne hytta er den einaste av sitt slag som står på sin opprinnelege plass. Når fienden kom inn frå havet, vart vetane langs kysten kveikte og vaktmannskap sytte for at det same skjedde innover landet. Ved vetestova på Ulvedal hadde dei som oppgåve å halde auge med veten på Dimma i Gloppen. Når eld og røyk steig opp frå Dimma, vart bålet kveikt på haugen ved denne vetestova. Dermed gjekk meldinga vidare til Bergsida ved Stryn og vidar derifrå. Meldinga om ufred i landet gjekk frå sør til nord på 7 dagar, gjennom vetesystemet med sine 800-1000 vetestader.P1110320 Info om Vetestova. Klikk på bildet og zoom.
Frå Vetestova går ein vidar i merka rås mot Koparminene.  Enkelte plasser kan det være vanskeleg å sjå dei raude banda, men ta deg god tid å sjå godt etter så finn du fram. Råsa er ganske tydeleg.
P1110329
P1110330 Dei fleste banda er tydeleg å sjå.
P1110331  No veks det ei furu på toppen av ei av koparminene.
Fra koparminenen går råsa til venstre over myra. Terrenget blir no meir myrete, men enktlt å følge merkinga.
P1110332  P1110333
Etter kvart  ser ein ned på ein grusveg. Dette er grusvegen som går opp fra Roset og til dyrkafelta og vidare mot Demmene. Du kan velge om du vil gå ned på grusvegen med ein gong eller fortsetje på råsa eit stykke til.P1110339
Framme ved grusvegen ved dette skiltet  er det berre å følge skiltinga mot Demmene. Denne grusvegen går rundt Ulvedalsdemmene og nedatt til Sagedammen. Eit lite stykke av den er smalere så det går ikkje ann å køyre bil rundt.
P1110347  P1110350P1110348Her kan ein nyte stillheita og roen mens ein vandrer langs Demmene. Fisken vaker og er ikkje umulig å fange. Om ein har tenkt å fiske så husk å kjøpe fiskekort før du legg av gårde på tur.

Når ein har gått rundt Demmene og komt til nederste enden ser ein det fine grindebygget til Varden 4H. Ein idyllisk plass for mange slags aktiviteter. Og når ein les plakaten så kan ein sjå at det er muligheiter for å  leige huset.P1110359 Grindebygget til Varden 4H med fin uteplass.
P1110357  Trykk på bildet og zoom så kan du lese plakaten.P1110356  Også eit toalettbesøk er mulig.
Ved den nederste enden av Demmene er der også ein fin plass for ein rast. Her er det plass for heile storfamilien å ta ein pause og ete nista si. Nordfjord fritidssenter har kano som dei leiger ut. For nokre år sia vart det laga til fiskebrygge ved enden av Demmene. Desse har nok sett sine beste dager, men er ein forsiktige kan ein bruke deler av dei. Alt skjer på eige ansvar.
P1110363 God plass for piknik.
P1110365  Fiskebrygga.

Når ein fortset turen fra Demmene så står neste høgdepunkt for tur. Kvernhusdalen. Langs elva Ulva er det eit unikt kvernhusmiljø. I alt sju kvernhus står langs elva med ganske tett avstand. Dette er truleg den største kvernhussamlinga i landet. Kvernhusa har namn etter kva gard dei høyrde til. Før i tida vart det brukt namn på gardane etter bondens namn som gjerne gjentok seg i generasjoner.

Mattiskvernhuset: høyrer til på Roset

Jakobkvernhuset: høyrer til på Roset

Markuskvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Teigakvernhuset: høyrer til i Teigen

Tunakvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Kollbenkvernhuset: høyrer til på Roset

Antonskvernhuset: høyrer til på Ulvedal

Les meir om denne fantastiske kulturhistoria her :Kvernhusdalen

Når ein går ned over grusvegen så ser ein snart dei flotte bygningane langs elva. Om ein går forbi det første så er der fin trapp ned til det andre kvernhuset i rekka. Da kan ein gå på fin sti vidare langs elva og få sjå alle kvernhusa på nær hold.P1110373P1110370  P1110371
Rett før du kjem til det siste kvernhuset går stien opp bakken og ein er komt tilbake på grusveien. Da er det berre å følge den unnabakken så er ein snart komt tilbake til Sagedammen.

Velger ein å ta med bilen opp til Demmene så er det  bomvei.  Betal dei kronene med glede.
P1110394 Bomavgift kr 20 for veien til Demmene.

Om ein velger å ta turen fra Sagedammen til Demmene og vidare på grusveien så er det fint å ta med sykkel. Også barnevogn/sportsvogn og trøtraktor er fint å ta med. Her kan heile familien være i lag på tur.

Kart over turen finn du her: Kulturløype på Ulvedal

UTFORSK NÆROMRÅDET OG SJÅ DETTE FLOTTE KULTURHISTORISKE OMRÅDET.

 

 

 

Høgefossen – Långhamrestova

P1110212Ein ny tur er utforska og denne gangen har turen gått til Høgefossen og Långhamrestova i Innvik. Ein enkel og lett tilgjengeleg attraksjon som er verdt eit besøk.P1110172Ein startar turen på Drageset, 380 moh. Utgangspunktet for turen er på den store parkeringsplassen like ved der bomvegen inn Innvikdalen starter. Turen til Høgefossen og Långhamrestova går på skogsvegen til venstre på parkeringsplassen.  Som ein ser av skilta så er her fleire turalternativer med forskjellige lengder.
P1110181  P1110182
Første stykket går på fin grusveg. Her som ellers må ein huske å late att leda/grindene etter seg.
P1110184
Etter ca 300 meter,ved ein garasje/vedlager, tek ein til venstre. Føl ein vegen til høgre kjem ein til Remestøylen.
P1110183  P1110185
P1110186
Terreng er slakt og underlag mjukt å gå på. Her er mykje granskog så det er lite med utsikt. Men av og til kjem ein til ei lysning i skogen og da har ein fin utsikt nedatt til Innvik, over fjorden til Blakseter og ut fjorden mot UlvedalsnesetP1110187P1110189  P1110190
Fine og tydelege skilt viser vegen vidare og at det er andre turalternativ i området. Når ein ser dette skiltet skal ein ta av fra skogsvegen og gå over i rås på venstre side av vegen. Råsa ned til fossen er tydeleg og godt merka med raude band.
P1110193  P1110197 Fin sti og godt merka.
P1110195  Jørnladene er eit anna turalternativ.
P1110198  P1110202
Terrenget ned til Høgefossen er spennande, med mange høge berg og overheng. Bruker ein fantasien kan ein kansje også sjå troll…..Eit eldorado for unge turgåare.
P1110205Her kan ein sitje i skuggen om sola er for varm eller sitje tørt om du har valgt ein regnveirsdag å gå på tur i.

P1110207  P1110220  P1110233 P1110240  P1110242
Om ein vil ha med seg Långhamrestova går ein råsa tilbake til skogsvegen og fortset på den til ein kjem til nye skilt. Da går stien opp gjennom granskogen, følg merka sti.P1110248

P1110253 Nokre hindringer på stien,men det går fint å kome forbi.P1110258  P1110259
Långhamrestova. Naturens eige byggverk under berg og store steiner. Ein liten vegg oppbygd av stein er lagt opp for å lage det lunare i stova. Inne i stova er det laga til eldstad og moglegheiter for å setje seg rundt bålet.P1110264Her står eg på «taket» til Långhamrestova.

Frå Långhamrestova går det merka sti vidare til Dryppsteinhola. Vær nyskjerrig og ta turen og undersøk hola. Ta gjerne med ei strek lykt for å få utforska litt.
P1110273  P1110256

Kart over turen finn du på ut.no: Høgefossen – Långhamrestova i Innvik

GOD TUR!!

Fladalen til Movatnet

P1100945Fladalen går fra Storsetervatnet og innover til  Movatnet. Utgangspunktet for turen er ved parkeringsplassen ved Stigedalshytta på Stigedalen.

Fjellet som ein ser heilt til høgre på bildet, er vestsida av Eidskyrkja. Dette fjellet ser ein heile vegen innover til Movatnet.

Denne turen går for det meste på grusveg. Berre dei siste ca 400 meterane fram til vatnet går på sti. Eg anbefaler å ta turen til fots eller sykkel.  Om ein velger å ta med bilen så må ein være klar over at det er bomveg innover  og oppfordringa er at sjølv om bommen er åpen så betaler ein dei 30 kronene.
P1110019  P1110018
Da det skulle byggast kraftlinje gjennom Fladalen i 1964 kom også grusvegen. Grusvegen er fin og  det moglegheiter for mange å ta turen uten å ta med bilen. Sykkel, barnevogn, rullestol,rullator og trøtraktor er gode alternativ. Så her kan heile familien fra dei yngste til dei eldste være med. Det er  gode moglegheiter for å ta ein piknik på ein av setrevollane som ein fær forbi. Turen starter ca 270 moh og Movatnet ligg på 422 moh. Så dette er ein fin tur med ca 150 meter stignig. Heile turen fra parkeringsplassen og til Movatnet er på 6 kilometer, så fram og tilbake tilsammen 12 km. Har ein bil framme på parkeirngsplassen kan ein sende den sprekast framatt etter den.
P1100949  P1100957 Fin grusvei.P1100950Utsikt tilbake til parkeringsplassen, Stigedalshytta og over Storsetervatnet.

På Storesetra er det ikkje så mykje som viser igjen etter seterdrift.  Rett etter Stigdalshytta, på venstre sida når ein går innover,  kan ein sjå to gamle fjøsar. Ellers er det nyare hytter som står langs vatnet.P1100952Her ser ein Bakkesetervatnet med Bakkesetra ved enden.P1110013 Bakkesetra.P1100960 SagesetraP1100963Sagesetra har namnet sitt etter sagbruket som ligg på andre sida av elva. Saga vart bygd i 1836 og var ei sirkelsag. Saga vart restaurert i 1990 og fekk da nytt vasshjul.

På Sagesetra er det fremdeles drift om sommaren. Så i dalen kan ein møte beitande kyr og  aktivt seterdrift.

Elva har du som selskap på heile turen innover dalen. Og går ein tom for drikke er det gode moglegheiter for å få fylt flaska si igjen. Det er ein stille og roleg dal. Sjølv om det er bilveg er det ikkje store trafikken.

Eg var tidleg ute og snøen var ikkje smelta heile vegen. Men den søen som låg var fast og fin å gå på. Vegen blir brukt som trasee for skiløyper om vinteren.
P1100968  P1100970
Tidleg i juni og fremdeles snø.
P1100966
Også kraftlinja gjennom dalen ser ein heile tida. Kraftlinja som vart bygd i 1964 skal rivast når den nye er oppe å går. Etter det eg har forstått så skal ikkje den nye gå heilt nede i dalen.
P1100974  Leivdalsetra / Langevatnsetra

På turen går ein forbi fire setrar. Alle høyrer til gardane i Leivdalen. Dei to fremste setrane vart brukt som vårseter, og fleire av bruka har derfor seter på fleire plasser.P1100977Langevatnet 404 moh og fremdeles is på den 6 juni.
P1100983  Ved vegenden er der fin rasteplass.
P1100984  Oppslag fortel om andre turmål i området.
Fra vegenden til Movatnet går turen over til sti/rås. Den går delvis over myr og kan til tider være ganske våt. Litt tilrettelagt med planker på enkelte stader.
P1100985  P1100986P1100987P1100997Framme ved Movatnet er det stillheita du møter. Her kan tankane vandre fritt. Dei er heldige dei hytte eigarane som har sine perler langs vatnet. Midt i bildet ser ein fjellet Skardhornet 1043 moh og til venstre ser ein vestsida av Eidskyrkja 1243 moh.

Det er mange fine vatn innover dalen. Og løyser ein fiskekort er moglegheitene store for å få fisk på kroken. Fiskekort kjøper ein framme ved bommen.

Fra Movaten kan ein finne fine turer vidare. Går ein gjennom Rinddalen kjem ein til slutt ned i Høydalen i Austefjorden.

Kart over turen finn du: Fladalen til Movatnet

TA TUREN OG UTFORSK DENNE STILLE  FLOTTE DALEN.

Postvegløpet i Markane

Markane Ungdomslag sitt bilde.
Markane i.l er arrangør av Postvegløpet. Dette løpet går i Den Tronhjemske postvegen og blir arrangert tidleg i juni kvart år.Det er ope for både trimklasse og konkuranseklasser. Løpet går i fint og lett terreng, delvis på grus og på skogsbotn og er 6 kilometer.

Traseen til Den Tronhjemske postvegen kjem opp fra Faleide til Langeset. Fortset på sørsida av Langesetvatnet til Skogtun og Myrhaug og går vidare ut Sør-Markane på bygdevegen. Postvegløpet går i deler av denne traseen.

Det at det er moglegheiter for trimmarar å stille i eit slikt løp, gjer at det er lavere terskel for å delta. Det er ikkje for alle å springe/jogge ein slik distanse. Som trimmer kan ein ta tida til hjelp og bruke den tida ein vil. Det er også moglegheiter for å gå med  sportsvogn.

Start og mål er ved ungdomshuset Skogstjerna. Første del av løypa går på bygdevegen til sagbruket  ved Myrhaug.
P1100845    P1100846
Der tar traseen av til venstre. Ein er da komt inn på traseen til den Trondhjemske postvegen. Den går gjennom tunet og beitet i «Maurhåjen» før den går over dyrka mark på Skogtun og inn i skogen.
P1100847  P1100848
Traseen går vidare i postvegen. I 2018  har trasen blitt lagt om og går no over i den gamlaste trasen, ned til Vegtun og inn på postvegen som kjem opp fra Faleide. Den føl postvegen tilbake til  Skogtun.P1040810På Skogtun svinger løypa opp mellom huset og dukkehuset og vidare gjennom tunet  før ein nærmer seg mål. 

Løypa er godt merka med sagflis og band. Løypa er 6 kilometer. Det kan høyres langt ut, men når ein er fleire ute så går det som ein drøm. Og om det blir travelt kan ein setje seg ned og kvile. Langs traseen er der tre plasser det er benker. Så det er berre å ta ein pause. Ein passerer desse kvileplassane både på famovertur og tilbake mot mål.
P1100849 Denne benken står på ein bakke som heiter Kvile.
P1100853 Denne kvileplassen gir fint utsikt over Langesetvatnet.

Ta med ei venninde eller venn, ein kollega eller nabo. Kansje blir det deltakerrekord i år.

BLIR DU MED??

Sindresetra

P1100816Sindresetra er setra til garden Sindre som ligg lengst vest i Sør-Markane.  På denne setra var det setring fram til 1949. Da fekk dei seg kulturbeite nærmare garden og det vart slutt på turane med krøter til seters.  Også Nybø har hatt seter her.

Om du vil gå til Sindresetra er der to alternativ. Utgangspunket er det same. Ein kan velge å gå skogsbilvegen (Randaskogvegen) eit stykke for så å gå over i råsa/stien ved lunneplassen eller ein kan velge å gå ein ny skogsvei + sti for så å gå over i rås/sti ved lunneplassen.

Sindresetra ligg ca 600 moh og turen fra parkeringsplassen og fram til setra er 2,5 kilometer når ein går alternativ 2. Litt lenger når ein går alternativ 1.

Det er gode parkeringsmoglegheiter på høgre sida av bygdeveien. Skogsbilvegen går opp til venstre. Der er bom og ikkje lov å køyre. Veien er også fin å sykle på. Har tidlegare skreve innlegg om den her: Sykkletur

P1100784 Skogsbilveien (Randaskogveien)
P1100785
Slik ser det ut der som skogsbilvegen starter. Vegen ligg fint i terrenget og ein plukker lett høgdemeter mot Nybøkleiva.
P1040598
På vei opp bakkane er det viktig å stoppe og sjå seg tilbake.Her ser ein  Navelsaker og Eidskyrkja.P1040515P1040549Vegen flater ut når ein er komt opp bakkane og her kan det være godt med ein pust i bakken. Her er det sett opp benk så ein kan ta ein velfortjent kvil og nyte utsikten over Nybøtjønna og fjella i Nord Markane.P1040552
Slik ser utsikten ut fra lunneplassen. Heilt til høgre i bildet kjem skogsveien opp og til venstre kjem stien/råsa opp.

Alternativ 2: Ny skogsvei/rås.
P1100787
Om ein vel å gå stien/råsa fra parkeringsplassen, går du bygdevegen til Nybøsaga. Etter brua tek ein til venster opp bakken. Der er det no komt ein ny skogsvei. Gå den eit stykke oppover og ein vil sjå ein tydeleg sti/rås på venstre sida.
P1100793  P1100795
P1070428  P1070476
Stien opp til Nybøkleiva er tydeleg. Den går gjennom granfelt og over ein del myrseg.
P1070434  P1070433
Her på lunneplassen på Nybøkleiva møtes dei to alternativa. Og her går stien/råsa vidare til seters. Rett etter at ein er komt inn på råsa kjem ein til eit svad. Halvgjengesvadet. Det var i frå gammalt, når ein gjekk skogen heilt fra Sindretunet, halvveis til setra.
P1070435  Halvgjengesvadet.
Stien/råsa er tydeleg og går i slakt terreng vestover. Enkelte plasser finn ein eit hinder, men ikkje verre enn at ein kan gå forbi.
P1100803  P1070436
P1070447  P1070439
Etter kvart kjem ein opp på meir myrlendt terreng og der kan det være vansklegare å holde råsa. Den er stedvis merka med orange maling, men følger ein litt ekstra med på myrane er det mulig å sjå kor det har vore gått før.P1070440P1080545  
Ein varde langs stien/råsa er aldri feil. Da veit ein at ein er på rett vei. Her på bildet ser ein Glitreggja langt i vest.
P1070445
Langs stien er det også moglegheiter for å finne drikkevatn eller å dyppe tærne på varme dager. Ta deg tid til å sjå deg rundt når du er ute å går. Det er mykje av naturens vakre skaperverk er ute.
P1070442  P1070468
Over dei siste myrene før ein kjem til elva Kvithella er det merka med orange maling på treleggar.
P1100808  P1100809
P1070451  P1070452
Når ein nærmer seg elva, Kvithella, krysser ein den tidlegare traseen til Holmøyskarrennet.  Under flaumen i 2013 vart det gjordt store skader på elva Kvithella. Enorme steinmasser har flytta på seg. Følg den orangemerkinga for å finne rette leia over elva.
P1100818 Elva Kvithella etter flaumen.

P1070455  P1070457P1070448P1070462Dette er selet som står på Sindresetra. Eit gammalt og eit nyare sel som er bygd i hop. Fjøsen står ikkje lenger.

Markane i.l har ein av sine trimposter på setra.P1070474På veg nedatt får ein fin utsikt austover mot nokre av gardane i Markane, Kyrkjenibba, Gryta, Storskrdfjellet og Skåla.
P1100786
Når ein er komt nedatt på vegen og nærmer seg parkeringsplassen kan ein setje seg på benken og puste ut. Og utanfor bildekanten på venstre sida er der ein dam i elva. Der kan det være kjekt for noken å kjøle seg ned.

Dette er turen til ei av dei ca 100 setrane/støylane i Stryn kommune. Absolutt vert å plukke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sindresetra

Sørsida av Lovatnet

P1100010Tidleg i april tok eg turen til Loen og Lodalen. Ville finne nytt turterreng og tidleg vår. Eg hadde studert kartet og funne ut at på sørsida av Lovatnet var der ein gammal ferdselsveg eller ein skogsveg. Eg viste ingenting om veien før eg starta, men syns det er spennande å utforske.

Lodalen er eit kjent turmål. Dei fleste har vel vore på biltur eller sykkeltur opp dalen og sett dei fine gardane som ligg der under dei høge fjella,  vatnet og kulturlandskapet på setra Breng.  Lengst opp i dalen ligg Bødalen, Kjenndalen og Nesdalen. Dette har vore flotte turistmål i mange mange år, men det er også grender der det  har det  vore mykje dramatikk og tragedier.

Eg parkerte ved vassenden på Sæten, der var det godt skilta, både til turen eg hadde tenkt å gå og andre turmål. Når ein parkerer for å gå på tur, så tenk litt etter kor og korleis ein parkerer bilen.

Når ein er ute på tur må ein ha i tankane eventuelle farer som lurer. Som her i Lodalen. Tidleg om våren er det fare for ras i dette terrenget. Folk fra Lodalen har sett fonn ved Nesbøen heilt fram til midten av mai. Denne turen bør nok takast når det lir mot sommar og eventuell snøras er komt ned. Det er også lurt å prate med lokalbefolkninga om ein er usikker på om det er trygt terreng å ferdast i.
P1100006 Bilde: Godt skilta til turmål på sørsida av Lovatnet.
P1100010Utsikt fra brua mot Vassendeholmane og opp dalen.
P1100013
Parkerer  ved brua og gå bygdevegen eit stykke til desse skilta. Da er det enkelt og greit berre å følge vegen. Vegen er 6 kilometer lang, MEN ein kjem seg ikkje heilt til endes. Det har gått ein del ras, så der er ein del jord,skog og stein som ligg i vegen. Kvar og ein får finne ut kor langt ein vil utforske.

Det som var teikna inn på kartet var ein skogsveg, bygd ein gong på 80-talet. Første del av veien er skogsbilveg som også blir brukt av store tømmerbiler. Til lenger innover ein kjem til mindre er veien brukt og det er behageleg underlag å gå på. Her er også veldig fint å  sykle. Stille og fredeleg og ingen trafikk. Ein av grunneigarane fortalde meg at han brukte å setje ut eit par benker langs veien. Så da er der fine moglegheiter for å ta ein pust i bakken og finne roen.P1100017  P1100016
Etter lunneplassen er der eit turalternativ som har blitt anbefalt. Det er å gå Kleppveien. Ein avstikker på skogsveien, 3 kilometer motebakka. Vart fortalt at det da blir flott utsikt over Loen.
P1100069
P1100018  P1100027
P1100021  P1100023
Det er stille og roleg å gå denne vegen. Ta deg tid til å studere på naturens mange kunstverk.
P1100025P1100029P1100030 P1100033
Omlag halvvegs på turen kjem ein til ei nedlagt seter, Nesbøen. Dette var seter til fire bruk på Sæten. Dei hadde også seter på Breng. På den tid da begge setrane var i bruk, jaga dei først buskapen til Breng om våren. Når det var slutt på beite der, var det å jage buskapen heile vegen til Vassenden og oppatt langs sørsida til Nesbøen. Ein avstand på ca 7,5 kilometer. Når det så var slutt på beite på Nesbøen, var det å jage buskapen tilbake til Breng.P1100035  P1100037 Selet på Nesbøen.P1100042  P1100045
Etter å ha passert Nesbøen vart det vansklegare å ta seg fram. Her må kvar enkelt sjølv finne ut kor langt ein vil gå. Eg er nyskjerrig av meg og hadde lyst til å sjå litt meir, så eg klatra over raset og fortsatt eit stykke til.P1100049  P1100050
Eg kom etter kvart til eit elvefar, Helseteina, som hadde fått hard medfart. Her hadde store mengder stein komt ned og tatt med seg heile vegen. Enorme naturkrefter som har vore i sving. Bak fjelltoppane på bildet ligg Ramnefjellsbeen.
P1100052  P1100055
Da eg fann det for godt å avslutte turen pga ras i vegen, fann eg ei lita bortgjøymt sandstrand. Her var det berre å setje seg ned og nyte stillheita og lyden av bølgeskvulpet.P1100058Turen fra Vassenden og til der eg avslutta var ca 6,5 kilometer, så 13 km tilsammen. Ein fin og lett tur der ein også kan bruke sykkle og sportsvogn eit langt stykke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sørsida av Lovatnet

TA TUREN OG SJÅ LOVATNET OG DALEN FRA SØRSIDA.

 

Kårstadnausta – Skåra

P1100132Denne våren har eg vandra mange turer i terrenget på Nordsida. I dei bratte lidene på nordsida av Nordfjorden, fra Faleide til Lote, blir det tidleg vår. Og her kan ein finne mange fine turer. Mange av dei er merka og innteikna på kart. Ikkje alle turane går fra bygdene og ned til fjorden, her er også mange som går langs etter lidene og etterkvart som snøen trekker seg opp er der mange fine turer i høgare i terrenget.

Nokre av turane har eg skreve blogginnlegg om før:

Nordsida skule – Ulvedalsneset,

Tvinnefossen – Tvinnekråna,

Lotsberg – Indre Åsane,

Bergsetnausta – Sølvbergnausta

Baggehola – Ulvegjølet – Botanisk hage

På tur over Nosakleiva, ein flott familietur

Eg er fasinert av det godt bevarte kulturlandskapet som finst i heile området på Nordsida. Setrane i fjellet og naustmiljøe ved fjorden vitnar om tider som var. Då alle resursar måtte utnyttast. Enten det var fjellbeite om sommaren eller ved,tømmer og tønneband for sal eller eige bruk om vinteren, ved fjorden. Produkta som vart laga for sal vart ført med båt til Bergen om våren.

Dei største gardane hadde naust ved fjorden, enten åleine eller ilag med andre. Når dei skulle til kyrkje i preike, gravferd, bryllaup eller barnedåp, gjekk folk ned sjøvegen til fjorden. Der sette dei ut kyrkjebåten og rodde til andre sida.  På mange av gardane var det kvinnfolka som rådde grunnen heime på gardane medan mannfolka var i skogen. Mange av nausta hadde mogelegheiter for overnatting, så i perioder var mennene heimanfrå i fleire dager.

Ein kan enda sjå restar av frukthagar som dei hadde langs med sjøvegen fra gardane og ned til fjorden. Mykje er attgrodd og hjorten har rasert mykje av det som ein gong var.
P1090467  P1090469
Turen til Skåra og Kårstadnausta starter mellom Skår og Rosenlid,  ca 400 moh.  Ein køyrer forbi Skår, til  nokre graner og ei utviding før siste bakken til Rosenlid.  Sjøvegen starter med granene og går over dyrka mark, delvis oppmura, til innerste hjørnet på dyrka marka. Om du er i tvil om traseen gå heilt i kanten på den dyrka marka.P1100074 Stien går innerst i hjørnet ved muren.
P1100076 Fine mur mellom innmark og utmarka.
P1100078    P1100080
Stien er tydeleg når ein kjem ut av innmarka. Det heng raude band stedvis langs med stien. Der er mykje skog så ikkje så mykje utsikt før ein nærmer seg fjorden. Denne dagen var det vått i terrenget. Når det da i tillegg er bratt så kan turen være ei utfordring, men det er berre å bruke god tid. Ta inn stemninga og prøv og forestill deg korleis dei før i tida streva med bører både opp og ned bakkane.
P1100082  P1100086
Av og til flater stien/råsa ut og terrenget blir enklare å gå i.
P1100090  P1100106P1100092

P1100100   P1100102
Ein ser tydelege spor av at det er lagt ned mykje arbeid på sjøvegen. Her er det lagt opp trappetrinn med stabbesteiner og det er mura opp med stein der stien går over kløfter i terrenget.
P1100101  P1100138
Ein ting vi såg mykje av var ramsløk. Dette var ukjent plante for meg, men dei som var med på tur var forberedt og hadde tatt med plastposer. Alle fekk ein fin fangst med seg heim.
P1100096
Her står vi ved Jyttene, ein liten hilljer som det går ann å sitje tørr under.
P1100107  P1100108
Eit godt stykke ned i berget kjem ein til eit stidele. Her kan ein så vidt skimte den gamle garden Kårstadskåra  som ligg ca 200 meter fra stidelet.

Stien/råsa vidare til Kårstadnausta går no i litt slakare terreng inn og nedover mot fjorden.P1100109P1100116      P1100117
Ved Kårstadnausta står det tre naust no.  Det er nausta til gardane på Heimlid, Fjellkårstad og Gald. Naustet som høyrde til garden Skår, låg på ein plass dei kalla for Kårstadtrynet. Det naustet for med isen sist det låg is på fjorden. Som ein ser av bildet så er det ikkje så veldi god plass til å plassere eit naust. Det er bratte berg som går rett i fjorden. Likevel har dei funne plass.  Her står to naust. Eit rett bak det som vi ser på bildet. Det tredje naustet, som høyrer tilGald, ligg litt lenger ute.
P1100125           P1100126
Her ser vi ei trapp som går opp mellom nausta til ei hylle i fjellet. Var litt usikker på den trappa så prøvde den ikkje. Dei siste åra har grunneigarane restaurert området heilt i fjæra. Også eit av nausta er restaurert.P1100132Ein gammal robåt som har gjordt nytta si  ligg der og vitner om aktivitet på fjorden i tidlegare tider.

KÅRSTADSKÅRA 140 moh.

Ein gammal nedlagt fråflytta gard som ligg i lida mellom Skår/Heimlid/Fjellkårstad og fjorden. Ein kan tenkje seg kor strevsamt livet på ein slik gard var. Men dei var flinke til å være sjølvberga før i tida. Dei utnytta aller resursane som fantest i nærheita. Og dei var arbeidsvillige. Når ein ser seg rundt om så ser ein at det er oppmura fine murer til veg på eigedomen, og for å få litt flater  i terrenget. Om ein tek turen fram til husa så vis hensyn, dette er privat eige.  Når ein står nede ved garden kan ein så vidt skimte hus på Rosenlid opp på kanten av berget.  
P1100143Kor lang tid ein bruker på denne turen er avhengig av mange faktorer. Den dagen vi gjekk turen var det vått og sleipt og vi brukte ca 3 timer ned og oppatt. Da hadde vi pauser med ramsløkplukking.

Distansen er vel 5.5 kilometer ned og opp.

Link til kart finn du på: Kårstadnausta – Skåra

GOD TUR!!

Tvinnefossen – Tvinnekråa

P1100199Å være turist i eigen kommune er heilt fantastisk. Utforske nærområdet, bli kjent og sjå den flotte naturen vi har rundt oss. Og ein treng ikkje reise så langt. Eg har vandra mange turer i dei fleste bygdene i kommunen, men likevel er det enda mykje å oppdage. Og om ein har vore der før så forandrer naturen seg over tid. Det fekk eg sjå på min tur på Hopland. Eg fekk sjå korleis naturen forvandla ei perle til eit inferno av stein og tre. Og dette skjedde ei natt da store vannmasser tok nye veier.

TVINNEFOSSEN

Namnet kjem av at elva eit langt stykke fossar eller kvervlar rundt, som når ein tvinner garn. Det vert sagt at dette er den einaste fossen i Nord Europa der folk og dyr kan passere under sjølve fossefallet. I gamle dager var dette vegen dei brukte når dei skulle frakte dyra ned til fjorden.

Utgangspunktet for turen er Rand skule på Hopland. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.
P1100154
 Skilt viser utgangspunktet.
Fra skulen til Tvinnefossen er det 1400 meter i flatt terreng. Dette er overkomeleg for både små og store. Vegen er fin å gå på og det er mykje fint å sjå. Utsikten er upåklageleg.
P1100156  P1100157
Her ser ein første stykke av turen. Det går på grusvegen som går til gardane på Skrede og Rand. Når ein går langs veien så må ein studere på korleis det er for bøndene på slike plasser. Bøane er bratte som fy. Her på bildet ser ein at ein bonde har gjordt klart til vårens vakraste eventyt, gyllinga. Ei nødvendigheit for bøndene og for oss andre som også skal ha mat.
P1100159P1100161  P1100165
P1100162 På veg innover går ein forbi gamleskulen i bygda. Den var i bruk til midten av 70-talet.  Vidare går gardsveien under låvebrua. Og når ein går langs fjøsveggen ser ein desse flotte melkehølkja. Desse er kanskje i bruk enda. Og ein blir så glad når ein ser kor det er pynta ved fjøsveggen.
P1100167  P1100170
Når ein er komt forbi siste garden på Rand, «Gamlegarden», går vegen vidare innover bøen. Underlaget er mjukt å gå på og ein kan berre konsentrere seg om å nyte turen. Når ein kjem til utmarka og grinda er det skilta så det er ikkje tvil om kor vegen går vidare.
P1100172   P1100177
Rett før fossen er der sett opp benker og bord så ein kan ta ein pause. Kansje passer det ikkje for alle å gå siste stykket til fossen. Det er ca 100 meter fra rasteplassen og til fossen. Der er sti, litt steinete, men greit å gå. Ein må være obs på at steinane kan være glatte. Plassen er sikra med kjetting og alle går på eige ansvar. Mellom rasteplassen og fossen er der bygt eit utsiktsplatå. Da er det berre å stille opp og posere for fotografen.
P1100209  P1100184P1100205P1100186  P1100189

P1100193  P1100194
Fossen, Fjorden og blankskura elv.P1100195Når ein har vore inn og bak fossen så kan ein velge om ein vil gå same vegen tilbake. Da blir det ein tur full av inntrykk på knappe 3 kilometer. Har du lyst til å gå ein lenger tur så bli med ned til fjorden og Tvinnekråna.

TVINNEKRÅNA

Tvinnekråna er eit gammalt sagbruksmiljø som høyrer til garden Hammer. Bandsaga vart teken i bruk i 1920. Her blei det produsert ferdige tynner, tynnestavar og tynneband. Det var om våren og fram mot jonsok og om hausten der var nok vatn i elva til drift av saga. Kvernhuset, som inneheld kvernstein og tørkeheller, vart bygd i 1928. Same året kom det straum til bygda og bandsaga vart flytta opp i tunet. Sirkelsaga vart same året sett opp i Tvinnekråna. Då vart det tradisjonell sagdrift. Saga var i bruk fram til 1952-53.

Fra rasteplassen der det står benker og bord går det ein sti/rås ned til Hammerstunet. Dette er ein bratt men fin sti. Når ein er komt til Hammerstunet kan ein, om ein vil, avbyte turen og gå bilvegen tilbake til utgangspunktet. For å kome til Tvinnekråna, går ein vidare austover fra tunet og ned mot fjorden.
P1100178  Bratt, men fin sti til Hammerstunet.
P1100212     P1100214
P1100215     P1100221
Når ein har gått unnabakke ei stund kjem ein ned på ein traktorveg/skogsveg. Føl den og ein kjem etterkvart inn på dyrka mark. Her er det viktig at ein held seg på traktorvegen. Det er ikkje lov å  trakke på innmark. Ikkje berre enkelt å være bønder i slike bratte bakker. Må nesten sjå det for å forstå kor bratt det er. Vi såg mange utelader. Mange av dei stod på høge murer. Eit kunstverk i seg sjølv.
P1100222    P1100230
P1100232  Sikre vårteikn.
Når ein er komt fram til låven i Hammerstunet, går der ein traktorveg inn og nedatt mot fjorden. Der står skilt på låveveggen. Også denne vegen er fint underlag å gå på. Den er ikkje så bratt der den svinger seg ned mot fjorden.P1100235   P1100236P1100237
P1100241   P1100244
Nede ved fjorden ser ein kva slags ødeleggelser flaumen har gjordt. Her var det ei idyllisk perle med eit gammalt sagbruksmiljø. Og no er det eit stort rasområde. Enorme krefter har vore lause og reve med seg mykje stein, jord og tre. Eit under er det at saga fremdeles står på murane sine. Elva har delt seg og latt saga stå, men store mengder stein og jord har blitt lagt att inn i saga. Eigaren har litt av eit arbeid med å få plassen tilbake slik den var.  Nyt stunda ved fjorden. Her er det stilt og fredeleg.  Når ein er klar for å starte på oppstigninga igjen så går turen tilbake til Hammerstunet. Da kan ein velge om ein vil gå tilbake same vegen som ein kom fra Tvinnefossen eller om ein vil gå bygdevegen opp att til parkeringsplassen ved skulen. Turen langs bygdevegen er ein flott tur, der ein tek høgdemeter for kvart skritt opp bakkane.
P1100255   P1100256

Denne runden er på ca 7,5 kilometer.

Kart med innteikna rute finn du på: Tvinnefossen – Tvinnekråna

GOD TUR OG NYT VÅREN!

 

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑