Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Dovre

Viewpunkt Snøhetta / Tverrfjellhytta på Dovrefjell

 ©Ketil Jacobsen  Foto:Kjetil Jakobsen, kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/)

Køyrer ein over Dovrefjell eller er i nærheita anbefaler eg ein kort, men kjempefin tur til Viewpont Snøhetta eller Tverrfjellhytta som den også vert kalla.

Ta av fra E6 ved Herkinn og følg skilting til Viewpoint Snøhetta. Ein køyrer på grusveg motebakka til ein stor parkeringsplass med informasjonsopplegg og sanitærbygg. Denne parkeringsplassen ligg der den tidlegare Tverrfjellgruva låg.
Les meir om gruvedrifta her: Tverrfjellet gruve.
3 mil fra Hjerkinn ligg Folldal og der er det opparbeida eit museum rundt eit gammalt bergverksamfunn. Les meir  om det :Folldal gruver.

Frå parkeringsplassen blir ein leda inn på turstien/grusvegen, ein 1,5 kilometer lang gang- og rullestolveg. Langs stien er det felt ned informasjonstavler av skifer. Tavlene viser ei tidslinje med opplysninger frå istid til i dag.P1130292Her står vi ved starten av turstien. Mange informasjonstavler er sett opp for å informere om historia.
Moskus beiter i området heile året og er ein heldig kan ein sjå den «live».
Det blir anbefalt at ein aldri går nærmere enn 200 meter.P1130299Turvegen til Tverrfjellet er tilrettelagt for handikappa og det er kjempefint å ta med barnevogn. ©Kristian Voldheim Foto: Kristina Voldheim,Kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/

Når ein kjem opp på Tverrfjellet ca 1250 moh, har ein praktfull utsikt til Snøhettamassivet og Grisungdalen. Naturen er mektig og her må ein ta seg god tid. Den spessielle hytta på Tverrfjellet, som vart åpna i 2011, er teikan av arkitektfiirmaet Snøhetta på oppdrag fra Norsk Villreinsenter Nord. Trearbeidet er utført av Djupedal Båtbyggeri.  Hytta inneheld eit samlingsrom med panoramautsikt mot Snøhetta og der er plass til ca 30 personer. ©Ketil Jacobsen Foto: Kjetil Jacobsen, kilde: http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/

Tverrfjellhytta/Viewpoint Snøhetta slik den  ligg i landskapet. Når ein kjem inn i hytta og ser arkitekturen og utsikten så er det berre overveldande. ©Ketil Jacobsen Foto: Kjetil Jacobsen, Kilde nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/ ©diephotodesigner.de Foto: Kjetil Jakobsen , kilde http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/
Både Viewpoint og vegen opp til parkeringsplassen er vinterstengt. Anlegget åpner i juni og er gjennom sommeren åpent heile døgnet.

GOD TUR!

Vårstigen på Dovrefjell

P1130248Historia til Vårstigen er eldgammal.  Vegen er nemnd allereide i 1182 som ein del av pilgrimsleia til Nidaros.

Drivdalen var trang og farleg og med stor elv i dalbotnen. Når vårflaumane kom og Driva gjekk stor var det umuleg å bruke vegen som gjekk i dalbotnen og ein alternativ veg måtte byggast.
Vårstigen er ein spennande , dramatisk og variert tur. Dette i stor kontrast til turen som vi gjekk i den gamle Kongeveien fra Hjerkinn til Grønbakken, som går i slakt terreng og i beine strekk.

Utgangspunktet for turen i Vårstigen, enten ein kjem fra sør eller nord, er godt skilta. Store parkeringsplasser er opparbeida og det er godt tilrettelagt for ein fin tur i Vårstigen.

Vi kom fra sør og køyrde  ca 3 kilometer forbi Kongsvoll fjellstove  før vi kom til parkeringsplassen. Det er tillaga med undergang for å kunne kome seg trygt på andre sida av  E6.

Vårstigen ligg innanfor Kongsvoll og Drivdalen landskapsvernområde og er på den måten gitt vern.
Oppdal historielag har sett opp informasjonstavler om Vårstigens historie som ferdselsåre, den gamle gruvedrifta, sætrene, flora og fauna.

Eg har tatt bilde av informasjonstavlene, og ein kan lese om historiene der. (Trykk på bildet og zoom)
P1130202    P1130205P1130211Vårstigen er ein godt bevart vegstrekning. Den var fra først av berekna berre for gåande og ridande. Mange plasser var den så smal at to ryttarar knapt kunne møtast. No er det bygd stødige og gode bruer der stien krysse elver.

Det er mykje informasjon på opplagstavlene som Oppdal historielag har sett opp. Om ein trykker på bildet og forstørrer kan ein lese litt om historia om denne viktige ferdselsvegen mellom sør og nord.P1130212P1130215 Litt stigning opp til Tingsvadet.
P1130218  Tilbakeblikk mot Drivdalen i ettermiddagssola.P1130223P1130237P1130247P1130229   P1130240  Nydeleg hausttur.P1130246Tilbakeblikk før nedstigninga til NestasvollenP1130248  Spor etter farne tider.P1130250P1130253  P1130255
Nedstigninga til Nestasvoll er tidvis bratt, men ikkje vanskeleg å ta seg fram no. Verre var det før i tida når storfolk skulle over med hest og vogn .  Ein  får fin utsikt nordaust over Drivdalen.P1130256I 1850- åra vart arbeidet med vegomlegginga starta opp. Fleire hundrede menn arbeidde på anlegget. Ein del små hytter vart bygde for å huse anleggsarbeidarane. Mange brukte også  meir provisoriske tilholdsplasser og fann seg ly under berghammarane. Ein kan enktelt plasser sjå spor etter slike plasser.
P1130257 P1130258  Siste stykke ned mot Nestasvollen.
P1130273 Ei glad jente har gått ein av draumeturane.P1130251

PRØV DENNE TUREN I NYTT OG UKJENT TERRENG.
GOD TUR !

Kongeveien og Pilgrimsleia over Dovrefjell

Frå Hjerkinn til Grønbakken

P1130140I oktober hadde vi ein flott tur over Dovrefjell, fra Hjerkinn til Grønbakken og vidare til Nestavollan. Sjølv om det var midt i oktober var det nydeleg veir, vindstille og god temperatur på fjellet.
Foranledningen til turen var turgåvekort fra jula 2014 fra mine nærmaste.  Ei gåve som eg sette utruleg stor pris på og som eg har minner fra resten av livet.

Denne turen er enkel å gå og alle i familien kan være med på denne turen. Vi var ei samansatt gruppe på 6 personer. Fra bestemor til datterdatter. Nora var 2,5 måned og sat trygt og godt i bæresele med mammaen sin.

Vi fann eit godt overnattingstilbud  ved : Hjerkinn Fjellstue, der har dei store og flotte leiligheter så heile turfølget kunne være ilag.
P1130077 God frukost med nydeleg utsikt.
P1130086    P1130088 Klargjering, alle skal med.
Heilt sia siste istid har menneska ferdast på Dovrefjell. Dei første var fangstmenn i steinalderen og seinare kom dei i flokk og følge: konger og hærmenn, embetsmenn, handelsfolk, pilgrimar og heilt vanlege folk som var ute etter arbeid på den andre sida av fjellet.

Da Eidsvollsmennene undertegna Grunnlova i 1814, tok dei kvarandre i hendene og sverga:  ”Enig og tro til Dovre faller”!  Eidsvollsmennene gjorde fjellområdet til Norges nasjonalfjell. Arkeologiske funn har avslørt at våre forfedre gjennom årtusener har utnytta fjellet sine ressursar her oppe. Omfattande fangstanlegg for villrein finst mange stadar i fjellet, og det er også funne gravplassar som er datert frå år 300 til 1700 e.Kr.  Dovrefjell har også ein historisk kongelig sus over seg. Mange kongar har tatt denne vegen på sine kroningsreiser til Nidaros i Trondheim.

Pilgrimsleia kjem frå mange himmelretningar med felles mål, Olav den Helliges gravkyrkje, Nidarosdomen.  Pilgrimsleia og Kongevegen over Dovrefjell er ein del av Gudbrandsdalsleia. Det er den lenste pilgrimsleia i Norge, og var hovudveien til Nidaros.
Kong Øystein Magnusson (1088-1123) var den første som bygde fjellstover for farande folk på Dovre.P1130094P1130093 P1130097
Vegen ligg tydeleg i terrenget og er merka med pilgrimssymbolet. Turen fra Hjerkinn til Grønbakken er ca 7 kilometer.
Turen går i slakt stigning til ein er ved Hjerkinnshøe ca 1200 moh.  Dette er turens høgaste punkt. Langs heile turen har ein utsikt mot fleire kjente fjellformasjoner.

Arbeidet med å kartfeste, rydde og merke pilgrimsleia starta i 1994. Den første leia, frå Oslo til Trondheim og Stiklestad, blei åpna i 1997. Den ruta er 650 lang.P1130106P1130114  P1130116 Rette strekninger.
Vegen er i god stand og her kan ein lett bruke  både terreng sykkel og  sportsvogn.  Når ein har passert det høgaste punktet er der eit parti som er litt dårlegare. Ekstremveiret sommaren 2013 gjorde store skader på vegen.P1130127 208 km igjen til Nidaros, som var målet for pilgrimane.
P1130137 Vannskade i veien når ein har passert høgaste punktet.
P1130132Iniativtakarane og arrangørane av turen. P1130181Ein matpause i lyngen gjere godt for store og små.P1130149Her ved Porten går vi fra Oppland til Sør-Trøndelag fylke.
P1130197 Mange andre turforslag også.
Dovrefjell er muskusane sin arena, og sjølv om kikkerten var i flittig bruk fekk vi aldri sjå dyra.
Skilta fortel turgåere at her er mange fleire turalternativ.
Denne turen avslutta vi på ein parkeringsplass ved Grønbakken like ved E6. Der hadde vi på forhand parkert ein bil så det var enkelt å ta seg tilbake til utgangspunktet. Om ein vil kan ein snu og gå tilbake også. Da blir turen 14 kilometer.

PRØV EIN LETT TUR I HISTORISK TERRENG.
NYT NATUREN.

P1130140

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑