nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Familieturer (side 1 av 14)

Innvik – Olden via Hestehytta og Hornvasshytta.

Utgangspunktet for denne turen er ved parkeringplassen på Drageset, like før ein køyrer inn bomvegen i Innvikdalen.
Der er det god plass til mange biler.
Første stykke går på skogsveg, merka mot Remestøylen. Hold til høgre i kryssa på skogsvegen som går inn Dragesetmarka.
Etter vel 1500 meter på skogsvegen hold utkikk etter rås og raud sløyfe i venstre vegkant. Der skal ein ta av og gå over i råsa.

Råsa går no motebakka og gjennom eit granfelt. Den er merka så ikkje vanskeleg å følge den. Ein vinn fort høgdemeter og da kjem også utsikta.

Ved Nobba ligg råsa heilt på kanten.

Når ein kjem opp om skoggrensa ligg råsa heilt på kanten. Da har ein utsikt inn Innvikdalen til alle støylane.

Hestehytta ligg der fint ved det vesle vatnet.

Hestehytta ligg på 870 meter over havet og der er det panoramautsikt.
Svartkruttgjengen, ein gjeng jegere om ville ha eit krypinn, bygde hytta ca 1957-58. Den vart restaurert i 2015. Hytta står åpen og kan nyttast av alle. Vil ein overnatte er det lurt å ta kontakt med primus motor for hytta, Oddvin Drageset.
Tek ein pausen på sørsida av hytta er det fullstendig ro, med vatnet og fjella som selskap. Set ein seg på nordsida av hytta har ein heile distriktet som selskap, frå Ålfotbreen til Skålatårnet.

Fin utsikt mot Veslelogen, Storelogen og Storelogpiken.

Vidare går turen i god rås. Ved stidele aust for Hestehytta hold til venstre. Eg heldt for høgt opp mot Skarsteinfjellet og måtte seinar forsere ei stor steinur.

Terrenget er lett å gå i og snart har ein Agjeldsvatnet og Hornvasshytta i sikte. Hornvasshytta er privateigd. Olden i.l har trimpost ved hytta.

Agjeldsvatnet og Hornvasshytta. Eidskyrkja lengst bak med snø på toppen.
Ei privat hytte med panoramautsikt.

Vidare går no turen unnabakken, forbi ei privat hytte og vidare mot Skarsteinsetra. Flotte store varder og tydeleg rås viser veg. Det er berre å nyte utsikta mot det flotte landskapet som ligg framfor ein.

Skarsteinsetra med sine mange flotte setrehus. Frå setra og ned til bebyggelsen er det grusveg.

Skarsteinsetra med bla. Huaren, Skåla og Storskrefjellet bak.

Utfordringa på denne turen er logistikken. Om ein ikkje har mogelegheit for å ha to biler så bruk bussen eller kjentfolk som køyrer forbi for å kome tilbake til bilen ved utgangspunktet.
Turen er ca 15 kilometer frå Drageset og heilt ned til RV 60 på Skarstein. Der er nokre få parkeringsplasser på Skarstein der skogsvegen kjem ned til frå setra.

På ut.no ligg ein variant av turen der ein går via Remestøylen: Innvik-Olden (Remestøylen-Skarsteinsetra)

GOD TUR I NYDELEG TERRENG.

Goaldet, toppen av Lepsøya

Turen til høgaste punktet på Lepsøya gir fantastisk utsikt over øyane som ligg ved utgangen av Romsdalsfjorden og øyane i Vigrafjorden og i Giskesundet. Goaldet, som toppen heiter, ligg 491 meter over havet.

For å kome til utgangspunktet ta ferge frå Skjeltene til Kjerstad på Lepsøya. Frå fergekaia tek det ca 20 minutt å gå på asfalt til Sanitetsbygget, som ligg i Lyngstadvegen, der turen starter.
Første del av turen går på gammal traktorveg så over i god og tydeleg rås. Etter få høgdemeter får ein flott utsikt mot havet og øyane.

Lepsøya idrettslag og frivillige har bygd steinhytta som ligg like under toppen av Goaldet.
Hytta er åpen og her kan alle nyte medbrakt kaffi og niste medan ein studerer utsika inn Romsdalsfjorden og fjellheimen rundt. Ein kan også overnatte gratis der, då er det førstemann til hytta prinsippet som gjeld.

Steinhytta står åpen og kan benyttes av alle.
Ein liten snik titt inn i hytta.

På toppen er det ein fin varde med peileskive som gir informasjon om fjella og havet rundt. Utsikten er uslåeleg.

Varden på toppen av Goaldet
Utsikt mot Haramsøya og litt av Flemsøya.
Utsikt nedatt til bygda. Med kikkert kan ein sjå til Hornindalsrokken.

Turen til toppen er ca 2 kilometer. Har ein meir krefter kan ein kombinerer det med turen til: Rønstadhellaren

GOD TUR I HAVGAPET

Rugsundøy på langs.

Rugsundøy ligg i Bremanger kommune ved inngangen til Nordfjorden.
I 2002 kom Rugsundbrua som bind bygdene Skatestraumen og Rugsundøy til fastlandet og Skatestraumtunnelen som bind Rugsundøy til Bremangerlandet. Skatestraumtunnelen er Sogn og Fjordane sin einaste undersjøiske tunnel.

Bygdene Rugsund, Leirgulen, Rugsundøy og Skatestraumen høyrer til Kolset krins og har tilsaman ca 240 innbyggjarar.

Rugsund er kjent som ein gammal handelstad frå 1600 -talet og denne ligg på Rugsundøy. Handelsstaden vart restaurert frå 1990 og i åra framover og er eit attraktiv mål for turistar som kjem både landevegen og sjøvegen. Der finst både landhandel, kafè, selskapslokaler, utleigerom og gjestebrygge.

Turen over øya byr på mange fine opplevelsar, flott terreng å gå i og nydeleg utsikt i alle retningar.
Utfordringa med å gå øya på langs er logistikken, men det ordner ein enten med å ha to bilar eller å ta med sykkel. Velger ein alternativet med sykkel så husk refleksvest og lykt, da ein må gjennom to tunnelar for å kome tilbake til bilen.

Utgangspunktet i Hamnen.


Utgangspunktet for turen er ved Hamnen like vest for inngangen til Skatestraumtunnelen på Rugsundøy. Parker godt på vegskuldra så ein ikkje hindrer anna trafikk.
Første del av turen går på grusveg, ta av og gå på ovanforsida av det siste huset så vidare langs strandkanten i god og tydeleg rås. Følg merking, stikker med grønn måling.
Ved Tangane, på vestspissen av Rugsundøy, ligg Nordvestlandets største kystfort. Mange av instalasjonane er relativt godt bevart. Les meir om fortet her: Kystfortet på Tangane

Frå eit parti ved kystfortet.

Ved kystfortet er der opplagstavle som viser oversikt over korleis fortet såg ut. Turen går vidare frå fortet etter raude merkingar. Enkelte plassar er det små vardar som viser vegen.

Raude merkinger viser vegen vidare.

Etterkvart som ein vinn høgdemeter kjem også utsikta. Mot søraust ser ein det tronge Rugsundet, Skatestraumen ligg i sørvest mot Bremangerlandet. Nord Europas høgaste sjøklippe, Hornelen (865 moh) ruvar midt i mot i sørvestleg retning. Mot vest ser ein Risøya, Gangsøya og Husevågøy med fastlandet i Vågsøy og Bremangerlandet på kvar side.
Turen går via Kalsenykjen, 375 moh før nedstigning mot Gloføykvatnet som ligg på 226 moh.

Gloføykvatnet til høgre.

Ved Gloføykvatnet er det fint å ta ein pause. Opp i lida, til høgre før vatnet, ligg Nygårdsetra.
ut.no ligg denne turen med eit anna vegval.
Min tur går mellom vatna som ein ser på bildet og dreier mot venstre og følger ryggen til toppen av Sundstua 549 moh. Dette er også den merka stien.
Frå Sundstua går den merka stien ned mot Rugsund handelsplass.

Panoramabilde av utsikta mot vest og nord.
Panoramabilde av utsikta mot aust og sør.

Turen over øya er ca 9 kilometer og ein må berekne 5-6 timer.

GOD TUR I FLOTT KYSTLANDSKAP!

Rønstadhellaren på Lepsøya

Lepsøya er ei øy i Haram kommune. Den er den sørlegaste øya i øygruppa Nordøyane, som ligg nord for Ålesund.
Øya er forbunde med ferge til fastlandet over Lepsøyrevet og hurtigbåt til Ålesund.
Nordøyvegen, planlagt ferdig 2022, skal gje fastlandsforbindelse til innbyggjarane på Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya.

Rønstadhellaren er 14 meter høg, 20 meter brei og 77 meter lang og dermed ein av dei største sjøhellarane i Norden. Den ligg 56 meter over havet og må ha blitt til i ein epoke då havnivået var mykje høgare enn det er no. Hellaren knip seg saman til eit trongt hol som er delvis attmura.
Rønstadhellaren har vore brukt som sommarfjøs for sau og geit, kanskje også for kyr og hestar like sidan folk busette seg på øya.
Arkeologiske utgravningar har avdekka eit kulturlag av skjell og dyrebein med iblanda neverstykke . Det er også avdekka ein ildstad. I nærheita av dette blei det funnet ein forseggjort beinkamb, som er datert til tida 200 e.Kr.  Denne kamben er i dag oppbevart i Bergen Museum.
I tillegg til Rønstadhellaren er der 5 andre hellarar på sørsida av øya. På nordsida er der 3 hellarar. (Kilde: Haram bygdebok).

For å kome til utgangspunktet køyrer ein rett fram etter ferga. Ta til venstre og følg Rønstadvegen til endes.
Det første stykke på turen går på privatgrusveg, forbi ei hytte og vidare til enden på grusvegen. Vidare over i tydeleg rås.

Utsikt mot havet frå garden Rønstad.

Råsa går langs strandkanten i trygg avstand frå havet. Ein har ei flott utsikt over Vigarafjorden og mot øyane i Giske kommune.

På avstand kan ein tydeleg sjå eit ansikt som ikkje er heilt i godlage i dette berget. Ansiktet og den smalkanta bergveggen kallast Smalhans. Namnet kjem kanskje av at råsa er smal her.
Det kan kjennes trygt å støtte seg på Smalhans når ein går forbi, men er ein overtruisk bør ein helst ikkje gjere det. Før i tida var folk redde for å bli råka av ulykke om dei hadde klappa han Smalhans. (kilde:Haram bygdebok).

Columbinebukta

I Columbinebukta/Støylsvika er ei minnetavle på ein stein. Dette er minnetavle over dei omkomne etter forliset av S/S Culumbine. Den 50 fot lange slepefartøyet forliste i 1886 etter å ha vore i drift i 9 dagar frå Durossness på Shetland.
Den 59 år gamle Betty Mouat var den einaste som var ombord då fartøyet vart funne. Redningsmennene, dei fleste frå Rønstad, fekk kvar si medalje frå den Britiske stat for redningsdåden.

Turen frå parkeringsplassen til hellaren er ca 1.5 kilometer. Undervegs er der skilta til andre turmål.

Dette er ein enkel tur å plukke om ein er på øyhopping på Mørekysten.

GOD TUR!!

Rundtur i Innvik

Denne turen i Innvik er innhaldsrik på terrengtypar. Du går på fine skogsvegar, bratte oppstigning, flatare terreng med stor furuskog, høge hamrar og utsiktspunkt, store myrområder med tjønner, utsikt til fjorden og bygdene rundt. Eg skal prøve å guide dokke gjennom turen som er ca 9 kilometer. Som de ser av bildet under, er her mange andre turer å velge mellom. Vær nyskjerrig og utforsk nytt terreng.

Kart med innteikna turstier på Innviksida av Hildahalsen.

Merking og skilting på denne turen, og dei andre turane i området er utført av ildsjeler i bygda. Sjå etter små brune skilt langs turen. Du finn både retningsskilt og namneskilt på plasser du passerer.

For å kome til utgangspunktet for denne turen, ta av til venstre i Innvik sentrum. Følg Dragesetvegen til ein knapp sving etter Langvin. Parker ved starten på skogsvegen.
Følg den øverste skogsvegen i lett og slakt terreng. Du går forbi Meelva og Hildaelva før du skal sjå etter skilt i vegkanten på høgre sida, merka Gaddane. Her går turen over i rås og terrenget blir brattare. Etter kvart som ein vinn høgde kjem også utsikta der det er lysningar i skogen.
Etter ein del stigning krysser ein ei lita elv oppunder høge hamrar og fortset råsa til høgre. Her er det fin utsikt nedatt i deler av bygda.
Fremdeles litt stigning før ein kjem til stidele der ein skal følge skilting til Tjønnane. No endrere terrenget seg og det blir slakare. Ein går i stor furuskog mot Åsefjellet.

Frå Gaddane til Åsefjellet går ein i stor furuskog.

Utsikta frå Åsefjellet og over store deler av Innvikbygda er storslagen. Ein ser også over til Ulvedalsneset, fjella mot Gloppen og Bergsetnakkjen.

Innvik og Innvikfjorden sett frå Åsefjellet.

Frå Åsefjellet går turen bakover til Tjønnane og Geitaberget som er turens høgaste punkt, 580 moh. Ein kjem opp i eit stort myrområde med mange tjønner. Råsa går i venstre kant av myra. Ta av frå råsa og gå innover eit stykke så ser ein fleire tjønner. Dette er eit naturreservat og freda for å ta vare på ein sjeldan kombinasjon av myrtypar og det naturlege plante- og dyrelivet i området.

Store myrområder ved Tjønnane. Fin utsikt i alle himmelretninger også. (Foto: B.Svarstad)
Utsikt til Stryn sentrum og fjella bak.

Frå Tjønnane går råsa til Geiteberget og vidare i god rås framover Hildahalsen. No er det lett terreng og ein får god tid til å studere landskapet på andre sida av fjorden. Ein ser Blaksæter, Sætren, Robjørgane, Faleide og ein del av Markane.
Etter ca 1 kilometer kjem ein fram på skogsvegen gå den vidare ca 1 kilometer. Sjå etter blå merker/sløyfer på venstre side. Følg den blå merkinga unnabakka og vidare inn lia i god rås. Terrenget ein no går i varierer mykje, frå stor furuskog, gammal lauvskog, høge hamrar, store steiner, granskog. Heile tida med gode merkinger å gå etter.

Kan sjå vanskeleg ut, men det går fint.

Eit stykke etter Klypesteinane kjem ein til eit nytt stidele. Her står det mange skilt på treleggen. Følg merking til Bolljeberget. Ved toppen av bakken ta ein avstikker gjennom granfeltet til Holenova. Der er fin benk å ta ein pause på for å nyte stillheita eller aktiviteten i jordbruksbygda.
Vidare går turen i tydeleg rås gjennom flott granfelt til Bolljeberget. Ein ser tydeleg at entusiaster har jobba med å få til ei fin rås til glede for andre turgåere.

Det skal ikkje være vanskeleg å kome seg fram. Foto: S.Frøholm

Etter å ha klatra stigen kjem ein fram på Bolljeberget. Ein nydeleg plass å ta ein pause. Og ildsjelene har virkeleg laga det fint til. I tillegg til desse stolane er der bord og benkjer. Heile familien kan ta ettermiddagskaffien her.
For no er det ca 200 meter til ein kjem innatt på skogsvegen igjen. Så om ein vil gå ein kortare tur, følg skogsvegen til rundkøyringa og gå dei siste meterane i rås til Bolljeberget.

Flotte stoler å kvile i.

Turen er ca 9 kilometer og med ein høgdeforskjell på 450 meter.
Kart over turen finn ein på ut.no: Rundtur i Innvik

GOD TUR!!!!


Skårsetra i Nedstryn

Utsikt til Storesunde og Mindresunde frå Nymarkvegen.

Stryn kommune har ca 100 setrar og Skårseta i Oppstryn er ei av dei. Setra ligg på ca 650 moh og høyrer til gardane Skår, Garlid og Bakkelid.
Som ved mange av dei andre setrane rundt om i kommunen er den gamle setreråsa blitt erstatta eller avskoren av skogsvegar, eller ein har valgt å legge utgangspunktet for turen til setra utanom tuna som der folk lever og bur.
Denne turen til Skårsetra startar ved Nymarkvegen, ein skogsveg som tek ein enkelt opp i terrenget, og som også er utgangspunkt til andre turmål.
For å kome til utgangspunktet tek ein vegen frå Storesunde mot høgdegardane Skår og Garlid. Etter ca 1.5 km kjem ein til Nymarkvegen. Der kan ein betale bomavgift og køyre vidare ca 1.5 kimometer. Eg anbefaler å parkerer bilen å gå heile vegen til setra. Det er 3 kilometer, delvis på skogsveg og delvis i rås.

Mange turalternativ ved starten av Nymarkvegen.

Ved starten av Nymarkvegen er det godt skilta til setra og mange andre turmål i området.
Følg skogsvegen i svinger opp lia. Vær obs i kryssa. For turen til Skårsetra følg merking til Kyrkjenibba. Etterkvart kjem ein til skilt på venstre side som viser veg til Kyrkjenibba/Skårsetra. Der går ein over i rås.

Etter litt stigning i rås kjem ein fram til Bjønnstejen. Dette er etter gammalt eit naturleg kvile når det var setring på setra. Her i frå flater råsa ut. Det er sett opp mange skilt med namn på plasser langs råsa.

Garlidmyrlada, ei fin lita bu på gamle murer.

Litt forbi Garlidmyrlada kjem ein innatt på skogsveg. Råsa til setra, som fremdelse blir nytta for å føre beitedyr til fjells, rasa ut under ekstrem veir. Denne skogsvegen vart laga for å få maskiner fram for utbetring av råsa.

Skogsvegen ligg fint i terrenget og gror snart fint til.

På vegen opp til setra kan ein sjå over til Kopasetra, setra som høyrer til Gjørven. Der er hengebru over elva, ca der ein kjem innatt på skogsvegen forbi Garlidmyrlada.

På Skårsetra står det tre sel og to fjøser, alle godt vedlikehaldne. Det var slutt med setring rundt 1955.
Vil ein gå vidare mot Kyrkjenibba er der bru over elva ca 150 meter bakanfor setra.

Turen til setra er ca 3 kilometer og med ei stigning på ca 450 høgdemeter frå bomavgiftskassa ved Nymarkvegen.

GOD TUR TIL SETERS.

Otterdalsetra/Otterdalskaret

Otterdalsetra eller Otredalsetra, som blir brukt i daglegtalen, er setra til dei fem bruka i den vesle bygda på nordsida av Hornindalsvatnet.
Dei to yste bruka, «Ut i gara» og «Nord på Markjene» blir kalla «Utigar».
«Inigar» er felles namn for bruka «Inn på Markja», «Ut med Persen» og «Nyestovene». Det er vanleg frå gammalt av at tun rundt om i bygdene har slike kallenamn.

Utgangspunktet for turen til setra og til skaret er ved krysset ved postkassestativet, der skilta står. Der er det plass for 2-3 biler å parkere. Følg grusvegen mellom tuna og ein kjem til skogsvegen.

Frå tuna går det skogsveg opp dalen til setra. Denne vart truleg bygd på 1930-talet, den har blitt rusta opp for ein del år sia. Frå gammalt av var det eit kvile, Hillegrova, der elva kryssa råsa. Der kunne dei kvile og drikke av den kalde elva. Om det er same plassen som vegen no krysser ei elv veit eg ikkje, men der kan det være godt med ein kvil på brua. Det er ein bratt men fin veg å gå.

Fin men bratt veg til setra.

Siste stykke, over setrevollen, går ein på gras- og myrterreng.
Det er fin utsikt frå setra.

Selet og fjøsen som høyrer til Inigard.

Bruka som høyrer til «Utigar» slutta med setring i 1948. I «Inigar» slutta dei med mjølkekyr på setra i 1965.

Frå setra (400 moh)er det merka rås til Otterdalskaret. Følg merkinga som går til venstre ut frå setra. Der er også merka til Ytrehornsnakken frå Otterdalsetra. Dei merkingane går bak og mot høgre for setra.
Dette er ein del av løypa til ultraløpet Hornindal Rundt. Det er lett å følge dei kvitmåla steinane og treleggane bak gjennom dalen til skaret.
Frå Otterdalskaret (770 moh) ser ein over til Kalvatn.

Fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Kjøsahalsen, Holmøyvik og Blåeggene.

Turen frå Otterdal og bak til Otterdalskaret er 5 kilometer.

GOD TUR I VAKKER NATUR.

Husevågøy

Å ta turen til ukjende plasser er spennande og lærerikt. Ein treng ikkje reise langt før ein er i bygder som ein ikkje har besøkt før.
Å pakke bilen og legge avgårde, for overnatting eller dagstur, utvidar horisonten og ein blir betre kjent i eigen kommune og fylke.

Eg tok tidlegare i mai turen til Husevågøy. Ei perle midt i skipsleida, der Vågsfjorden ligg på nordsida av øya og Fåfjorden på sørsida.
Tek ein ferga mellom Måløy og Oldeide har ein mest sannsynleg lagt til kaia i Verpesvika på Husevågøy. Fergekaia og området rundt ser dødt og stusseleg ut, men ta turen på land og opplev små idylliske grender på begge sider av øya.
Sjølv har eg berre fått utforska nordsida av øya der Husevåg er tettstaden. Eg skal fleire turer ut på øya for å utforske Tytingvågen og Krabbestigen.

Fint å campe med slik utsikt.

Husevågøy har ei rik historie. Ta deg tid til å lese om den på denne linken: Den spennende historien om Husevåg og Husevågøy

Det er ikkje spessielt utbygd for turister på øya, men eg opplevde ein gjestfriheit som eg aldri før har opplevd når eg har vore på mine utflukter. Invitasjon på terassen, teltplass på innmaka og tilbud om å nytte både toalett og dusj. Enkelte plasser på øya kan ein finne parkeringsmogelegheiter for bobil. Ta kontakt med bygdefolket og spør om råd.

Husevågøy har tre jamnhøge toppar. Rønelden 321 moh, Rauddalseggja 318 moh og Krabbestigheida 330 moh.

Råsa til Hovdeneset der fyret har stått. No er der ei automatisert fyrlykt.

Rønelden, eller Kletten som den blir kalla av dei fastboande, ligg 321 moh og har utsikt i alle himmelretningar. Utgangspunktet for turen er midt i bygda og er skilta. Turen er merka med raude stikker og raudmåla steiner. Til toppen er det ca 1,5 kilometer.
Rønelden var mest truleg brukt i varslingssystemet med å tenne eld på fjelltopper for å varsle fare/ufred.

Utsikt frå Rønelden

Utsikt frå Rønelden mot Vågsvåg, Holvika og Måløy

Trollhola ligg på sørsida av Husevågøy. Ytre Nordfjord Turlag hadde organisert tur den dagen eg var der ute og det var ein flott gjeng på ca 35 personer, små og store, som fekk oppleve denne spennande hola.
I trollhola er det funne kulturlag med skjel og bein, trolig frå jernalderen.
Turen til Trollhola starter midt i bygda Husevåg og går første stykke i same trasse som til Kletten/Rønelden. Det står skilt ved vegskille. Frå vegskille går turen vidare til Færeldemyra. Der kan ein sjå spor etter helleristninger. Turen til Trollhola er på ca 2,6 kilometer ein veg.

Trollhola
Utgangspunkt for turen til Rønelden/Kletten og Trollhola. Like ved skulehuset/bygdehuset
Fiskehus og sjøboder var den første bebyggelsen på øya.
Klovningen, eit freda naturreservat.

Ta ein tur til denne fredlege perla i havgapet. Eit tips er å parkere bilen i Måløy, ta sykkelen med på ferga og utforsk øya. Frå ferjekaia til vegenden i Husevåg er det ca 5 kilometer.

GOD TUR!

Den Trondhjemske postvegen ved Paulsvatnet i Jølster.

Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postgang kvar veke mellom det som den gang var landets to største byar Bergen og Trondheim. Postvegen gjekk delvis etter gamle ferdselvegar.
Frå Skei i Jølster og vidare nordover gjekk vegen mellom stupbratte fjell til Førde, i daglegtalen Førs, ved Breimsvatnet.
Mykje av den gamle postvegen er vekke, dels av ras og dels av at ny bygdeveg er lagt der den gamle postvegen låg.
Ved Paulsvatnet er der fremdeles eit stykke av den gamle postvegtraseen. Den har i seinare tid blitt rydda og restaurert og er no ein fin turveg.

For å kome til utgangspunktet for turen tek ein av E39 ved Grungen, mellom Klakegg og Skei. Avkjøyrsla er merka med Breimsvatnet.
Køyr til nederst enden av vatnet og parker like ved ei ferist.
Turen langs vatnet er idyllisk og stille og den går til ein møter bilvegen igjen, ca 1 kilometer.

Diktaren Henrik Ibsen utlate i 1862, då han var på folkeminneinnsamling «Dalføret er igrunden ikke andet end en Revne mellom de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmurer, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel domkirke i mange en af dem».

Garden som ein ser på andre sida av vatnet er Paulen, ein fråflytta gard mellom dei steile fjella. «Paulsmusikken», eit omgrep i folkemusikken i Sogn og Fjordane, stammar frå denne garden. Ein syskenflokk på ni vaks opp her og alle var veldig musikalske. Alle 6 brørene spelte fele.
I vatnet er det mykje fisk, men har ein planer om fiske må ein forhøyre seg om det er regulert med fiskekort.

Frå vassenden går postvegen i slakt terreng mot den restaurerte kvelvingsbrua som ligg like før ein kjem fram til bilvegen igjen.
For å gjere turen lenger og som ein rundtur, kan ein fortsetje over bilvegen og gå den gamle gardsvegen til garden Paulen og nedatt til der bilen er parkert.

Anbefaler også å ta turen heilt til Førde/Førs. Ei lita grend med 6 gardsbruk og ca 40 innbyggere. På bilturen ned til bygda kan ein ,om ein ser godt etter, sjå enda litt av postvegen. Ein sving som vart kalla Prestekona.
I den vesle bygda var det tidlegare skysstasjon og hotell. Frå Førde vart posten rodd vidare over Breimsvatnet til Reed i Gloppen. Hotell eventyret tok ein brå slutt då vegen gjennom Våtedalen kom i 1889 og all trafikk nord-sør vart ført over der.

Tjønnane på Hildahalsen

Innvik har mykje fint turterreng. Denne turen går på skogsveg  frå Hildaneset til Tjønnane. Ein tur som er knappe 7 kilometer ein veg og som har ei stigning frå 0 til ca 580 moh. Utgangspunket for turen er ved skogsvegen på Hildaneset. Der er plass for parkering til nokre få biler. Skogsvegen ligg på nordsida av Hildahalsen og utsikta til Nordfjorden, fjella og bygdene på nordsida av fjorden er flott. Bygdene ein ser er Robjørgane, Sætren, Svarstad, Faleide og Bergsida.

Når ein kjem endå lenger opp i høgda får ein flott utsikt ut fjorden. På venstre sida ser ein dei siste gardane i Innvik og deler av Utvik, Ulvedalsneset med gardane på Ulvedal og Roset på høgre sida.Frå Hildahalsen er det mange merka ruter ned til bygda. Terrenget er hylleforma og det er viktig at ein føl dei merka stiane. I siste del av innlegget har eg lagt med eit kart der dei forskjellige rutene er teikan inn og med beskrivelse av turane.
    

Dei første 3 kilometerane av denne turen er skogsbilveg deretter går det over til skogsveg med litt grovare underlag, men likevel enkelt å ta seg fram.Ved skogsvegenden,  ca 450 moh, er der fin plass å ta ein rast før ein går over i rås den siste kilometeren. På denne turen møter ein ikkje så mange turgåarar, men absolutt eit område å anbefale fleire å utforske. Nydeleg og lett terreng innover Hildahalsen mot Tjønnane.
Tjønnane er eit naturreservat.  Tek ein eit googelsøk på Tjønnane naturreservat får ein straks utvida horisonten om myr- og torvartar.Utsikt mot Stryn sentrum med Gryta og Årheimsfjellet.Frå Geitaberget (der trimposten står) går det merka sti vidare mot Drageset. Har ein mogelegheit så kan ein parkere ein bil der og ta heile turen frå Hildaneset til Drageset. Tek ein den turen passerer ein råsa som går til Høgefossen. Ein foss som ein kan gå bak om. (arkiv: Høgefossen og Langhamrestova).
     

Området ved Tjønnane er dominert av forskjellige myr og torvarter. Det særmerkte med Tjønnane naturreservat er at der er både strengmyr (som er knytt til innlandsklima) og terrengdekkandemyr (som krev kystklima). Les meir om naturreservatet her.November kan være ein fin månad å utforske nytt terreng på.  All slags veir og årstid har sin sjarm og det kan ikkje alltid være knall blå himmel og sol. Det var ein flott opplevelse å sitje her og sjå på den speilblanke tjønna og korleis vinden kom i kraftige kast og laga mønster i vasskorpa.

Bilde med innteikna turruter og beskrivelse av turane laga av lokalkjent mann frå Innvik. Mange alternativ til fine turer i denne delen av kommunen.Turen frå Hildaneset til Tjønnane er knappe 7 kilometer ein veg.
Kart over turen ligg på Ut.no: Tjønnane på Hildahalsen

GOD TUR I NYDELEG TERRENG.

 

 

 

 

« Eldre innlegg

© 2019 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑