Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarer) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe.
Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over.

Fleire av rutene blir no brukt som turstiar og er på den måten enno i bruk utan at folk kanskje er klar over at dei går på ein drifteveg.

Les meir om driftevegane gjennom Sogn og Fjordane: HER

Ein av desse driftevegane har eg no vore og utforska. Ein fin tur frå Dalsfjorden til Nordfjorden.

Utsikt tilbake til garden Vassbakkane.

Utgangspunkter er Steinsvika innerst i Dalsfjorden. Køyr til sørenden av Vassbakkevatnet. Der er ein stikkveg frå anleggsvegen mot vatnet. Eit lite skilt står i vegkanten, merka med Brøten.
Første stykke går på grasgrodd veg forbi Fremstevatnet og til Støylen. Frå Støylen går ein i rås og ein del skog. Ein kan tydeleg sjå at dette er ein gamal ferdselsveg.

Råsa frå Støylen og vidare opp Vassbakkedalen er ikkje merka, men den er ikkje vanskeleg å følge. Ein kjem etter kvart til to hytter/sel. Eg har ikkje funne namn på desse. Turen går vidare opp dalen, krysser elva på ei bru og vidare opp i skaret.

Når ein har tatt alle motbakkane og runda terrenget i skaret åpner landskapet seg. Råsa går langs eit lite vatn og vidare mot Bauvatnet.

Frå det første vatnet og fram til Bauvatnet går råsa i eit trangt skar. Råsa deler seg ved vassenden på Bauvatnet. På kartet er det teikna inn rås på begge sider av vatnet. Eg tok råsa til høgre, der var det enkelte plasser vanskeleg, men ikkje umulig å kome fram.

Etter Bauvatnet er råsa tydeleg og går i slak stigning til ca 500 moh. før turen går unnabakken til Signora, seter som ligg øverst i Stårheimsdalen. Det er bilveg fram til denne setra.
Når ein skal ta denne turen, kan det være utfordrande med logistikken. Men er det noke ein vil så får ein det til.

Turen er vel 8 kilometer.
Ein starter ca 30 moh og kjem opp i ca 500 moh.

Det er lite mobildekning på denne turen.


PRØV TUREN PÅ DENNE GAMLE DRIFTEVEGEN.