Kjerag og Kjeragbolten er ein turistattraksjon i Forsand kommune i Rogaland. På denne turen får ein oppleve vill, vakker og ekte vestlandsnatur.
P1070138
På denne tavla er det mykje nyttig informasjon om turen.

Utgangspunktet for turen er Øygardstølen, eller Ørnerede som det også blir kalla. Dette har vore ein støyl som no er ombygd til serveringsstad.

Ein har to alternativ for å kome seg til Øygardstølen. Ein kan ta ferga fra Laukvik eller Forsand  til Lysebotnen. Der frå tek ein seg dei 27 hårnålsvingane opp til Øygardstølen. Eller ein kan kome med bil fra Suleskardet. Lyseveien er ein flott, smal og svingete fjellvei på 32 km. Denne veien har sitt høgaste punkt på vel 900 moh og er vinterstengt.
P1070209
Bilde: Oversikt over Øygardstøl, eller Ørnerede.
P1070141
Bilde: Ørnerede ligg heilt på stupet til Lysebotn.
P1070139
Bilde: Skilt gir god og nyttig informasjon.

Utgangspunktet for turen ligg på 640 moh. Turen fram til Kjerag er 6 kilometer og er rekna for å være ein krevjande tur.
P1070142
  P1070144
Oppstigninga fra Øygardstøl er bratt og går på blankskura svaberg.  Som ein kan sjå av bilda så er det sett ned bolter med kjetting der stien/råsa går. Detter for å lede fotturisane på rett vei og for at det skal være ei hjelp om svaberga er glatte.
P1070145
Bilde: Litle Storedalen.
P1070207
  P1070208
Terrenget er kupert og fra første toppen går stien unnabakken og ned i Litle Storedalen. Ei nedstigning på ca 75 meter. Her er det grønt og frodigt og gode muligheiter for å telte. Her er små vatn og elver. Enkelte plasser er det ganske vått der stien går, men det er fint tilrettelagt med planker. Fra Litle Storedal er det igjen ei bra stigning opp mot 890 moh før ein igjen må nokre meter ned. Da er ein i Storedalen. Her renn det ei god elv og det er lurt å fylle vannflaskene sine før siste stykket opp på sjølve Kjeragmassivet som ligg på ca 1020 moh.
P1070148
P1070206Det er mykje folk som går denne turen og på bildet kan ein tydeleg sjå kor nedslitt fjellet er. Ein ser også boltane med kjetting som er sett ned i den bratte stigninga. Desse kom godt med både på oppstigninga og nedstigninga.
P1070156
  P1070152
Bilde:  Veiret skifter fort. Sol, regn, skodde.
P1070153
Bilde: Stien går luftigt somme plasser. Her ser ein rett ned til Lysebotn.
P1070161
Bilde:Her er ein på sjølve Kjeragmassivet. Veiret skifta fort og det er veldi viktig å halde seg til den merka stien.

Når ein er komt opp på sjølve Kjeragmassivet går stien i åpent og lett terreng i ca 2 km innover mot Nesatind og Kjeragplatået.
P1070163
  P1070181
Nesatind
Inne på platået har Stavanger turistforrening bygd ein varde med skilt som viser vei til dei forskjellige attraksjonane. Sjølve Kjeragplatået og Kjeragbolten ligg ca 300 sør for denne varden.
P1070175  P1070188
Utsikt fra Nesatint ut Lysefjorden.  Det er ikkje berre fotturistane som let seg fasinere av Kjeragmassivet.
P1070190
  P1070191
Bilde 1: Sjølve Kjeragplatået. Bilde 2: Nedstigninga til platået går gjennom ei smal sprekk i berget.
P1070193
  P1070196
Bilde: Sjølve Kjeragbolten. Der er det 1000 meter rett i Lysefjorden.
P1070203
Bilde: Slett ikkje alle treng å gå ut på bolten.
P1070211
Etter turen på Kjeragplatået anbefaler eg å ta turen ned til Lysebotn og  turistferga ut Lysefjorden. Da får ein sjå Kjeragbolten fra fjorden. Ein får også med seg guiding på turen.

GOD TUR!!