Ingen ting slår følelsen når ein har funne ei perle av eit turmål. Då gjer det ikkje noke at veiret ikkje spelar på lag, for ei perle er ei perle uansett.
Eg var spent på turen til Sunndalssætra og Sunndalssætrevatnet. Hadde høyrt rykte om at der skulle være flott. Og eg vart ikkje skuffa.
Turen tok eg ein regnveirsdag og det var ganske mykje vind ved vatnet. Men har ein med rikeleg med kle, hue, votter og buff, sjølv midt på sommaren, blir turen fin.

Etter at Kvivsvegen kom har nye turområde blitt meir tilgjengeleg. Denne turen til Sunndalsætra og vidare til Sunndalssætrevatnet ligg i Volda kommune.
Utgangspunktet for turen er i Sunndalen i Austefjorden. Ta av frå Kvivsvegen like ved Damfosstunnelen og køyr vidare på Gjersdalsvegen. Etter kvart innpå Sunndalsvegen. Finn høveleg parkering ved Høybakk inst i Sunndalen ved krysset der annleggsvegen starter.
Annleggsvegen er privat og køyrer ein bil opp så er det på eige ansvar. Vegen er veldig bratt.
Eg gjekk den gamle sætreråsa.
Oppgangen til råsa finn ein ved å følge Sunndalsvegen over brua og vidare ca 100 meter, ta så av til traktorvegen.

Stien er enkel å følge, og merka med raude treklosser som heng på treleggane. Råsa går i jamn stigning frå ca 75 moh til ca 360 moh på sætra. Heile tida høyrer du Sunndalselva bruse like ved råsa. Der er også nokre fine kulper i elva, men ikkje la deg friste til å bade. Elva er drikkevannskilde.

Heile vegen kan ein også sjå høge spisse fjelltopper. Det er Sunndalsnipa som ruver 1396 moh.
Det er også mogelegheiter for å gå denne turen vidare til Skarevatnet, Bygdaskaret og ned til Grøndalsstølen som ligg i Heggjadalen/Osdalen.

Like i nærheita av sætra krysser ein elva på ei flott steinbru og ein ser ei flott raud hytte som ligg der i den storslåtte naturen. Kikar ein nærmare etter er der enda eit gammalt sel og fleire tufter etter andre bygninger.

Turen går vidare på god rås opp lia bak sætra i ca 80 høgdemeter. Oppe på høgda får ein det føste inntrykket av kva som venter.
Landskapet åpner seg og der ligg heile Sunndalssætrevatnet som ei perle. På kartet står det også namnet Grønevatnet. Eg har ikkje funne noke forklaring på kvifor det har to namn.
Føl råsa eit stykke innover og snart kjem ein fram til eit flott naust. Nyt stillheita.

Returen går same vegen tilbake til Sunndalssætra. Der frå kan ein velge om ein vil ta setreråsa tilbake til bilen eller om ein vil gå til høgre ved steinbrua, og følge råsa til ein kjem fram til anleggsvegen. Den er grei å ta unnabakken.

Turen opp til Sunndalsætrevatnet er ca 3 kilometer.

DETTE ER EIN TUR Å ANBEFALE.

GOD TUR!