Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Bremanger

Askevika ved Ålfotefjorden

Å studere kart og finne nye turmål er spennande og eg blir inspirert og nyfiken når eg høyrer og les om avsides liggande gardar og plassar, og som gjerne har ei spesiell historie.

Askevika i Ålfoten er ein slik plass. Ein gammal fråflytta gard med ei historie om ei tragisk hending i 1751.

Askevika er eit turmål som ikkje så mange vel eller veit om. Det ligg ved munningen til Ålfotefjorden. Eg fekk sjølv høyre at det var vanskeleg å ta seg fram der til fots. At ein helst kom båtvegen til denne plassen.
No har eg utforska og dette var ein variert og fin tur. Har ein evna til å følge ei rås, sjølv om den ikkje er tydeleg heile vegen, lese terrenget og har kart så finn ein fram.

Utgangspunktet for turen er Vika i Ålfoten. Parker nede ved fjorden på ein eigna plass. Gå Vikavegen opp bakken og ta til venstre ved gardstunet. Fortsett den forbi bolighusa og vidare på traktorvegen.

Traktorvegen går til ei dyrka mark. Gå til (nesten) øverste høgre hjørne og vidare til to gardfjøsar. Frå gardfjøsane føl ein terrenget nordaust over langs ei lita elv. Der er ein del hjortetrakk, men stien går opp slak bakke og inn mellom bratte berg.

Terrenget og atmosfæra gjennom Kloven er frodig, stille og magisk. På stien ved dette bratte berget, der alt er grønt og frodig må ein berre stoppe opp og la inntrykket synke inn. Ein spesiell følelse når ein går der.

Stien er delvis merka med raude merker på treleggar. Etter å ha runda det spesielle berget går turen unnabakken heilt til fjorden. Ein får då eit lite glimt av holmane som ligg utanfor Askvika.

Langs fjorden er det lett å følge råsa. Ein går stedvis mellom store steiner. Under ein stor stein med overheng var der laga til ein plass for ein rast.

Langs fjorden har ein fin utsikt til Gjegnen og Bukkenibba.
Holmane som ligg utanfor Askevika heiter Storholmen og Litleholmen.
På andre sida av fjorden kan ei sjå Gjegnalunden, eller Lunden som det blir kalla i daglegtalen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Vik i Ålfoten. Her budde folk til like etter 1900. Under bygginga av Yksenelvane kraftverk vart det bygd boligar til ingeniørane og arbeidarane i Lunden.

I Askevika står det no ein bygning. Ein ser ellers murer etter store bygninger. På bildet under ser ein naustet.

Gammalt bilde frå Askevika.

Her er historia om Epledrapet i Askevika.
Henta frå :
Ei kulturhistorisk rundreise langs etter vegane i Bremanger kommune
av Årstein Svihus

Den 25. januar 1751 dreiv liket av ei kvinne i land ved Flòtøyna. Kvinna heitte Abelone Kristine Limrup, og det vart snart klart at ho ikkje hadde hamna i sjøen ved eit ulykkestilfelle. Skallen var nemleg knust, og ho var merkt med 11 knivstikk.
Abelone hadde sidan 1739 budd på Ystevikja, ein plass under Askevikja. Tidlegare hadde ho og mannen, Nils A. Tyndgreen, drive gjestgjevarstaden Hestenesøyra. Nils sørgde etterkvart for å setje denne verksemda over styr med drikking og slåsting, før han til sist stakk sin veg. Abelone flytte då til Askevikja der ho hadde eit lite øltapperi og ei einsleg ku. Sjølv om det i sesongane nok var ein og annan jekteførar og fiskarlag som var innom for å leske seg på vegen ut fjorden, vart det ikkje rare fortenesta av denne verksemda. Det var likevel ikkje sviktande ølsal som vart hennar bane, men ein konflikt med jordeigaren Elling Oleson. Elling og kona Anne kom ikkje godt ut av det med Abelone, og det var Elling som sendte ho ut av
denne verda.
Sjølv om Ystevikja ikkje nett var nokon edens hage var det også her eit spørsmål om forbodne frukter som fekk fatale følgjer. Abelone tok eple frå ein apal og Elling meinte at han som grunneigar hadde rett på halvdelen av desse, men Abelone ville ikkje gje i frå seg eit einaste eple. Det var ikkje store verdiane det var snakk om, epla var berre verdt 8 skilling (det gjekk 96 skilling på ein dalar). Kanskje hadde dei krangla om dette heilt sidan epla vart hausta, og no, i januar, utvikla krangelen seg i retning. Korleis ting skjedde vidare og kva som vart sagt veit ein ikkje. Det som derimot er klart er at enden på saka vart at Elling til sist gøyv laust på Abelone. Først tok han ein årekjepp og slo ho over nakken slik at ho falt overende. Deretter gjekk han laust på henne med kniv og stakk på nytt og på nytt. Av dei 11 knivstikka ein fann spor etter, hadde fire ramma kroppen, spreidd frå halsen til mage. Då illgjerninga var utført kasta han liket på sjøen. Det er fortalt at Abelone deretter rak til Flotøyna, motstraums og mot ein forferdeleg storm. Elling vart teken i forvaring hjå bygdevaktaren Kristoffer Rønning. Sidan klarte han å komme seg ut og springe på elva der han drukna seg. Buet etter Elling vart deretter overteke av kongen.

Askevika var i følge Bremangerboka i privat eige fram til 1948 då det vart seld til L/L Firdakraft.

Turen til Askevika er knappe 4 kilometer ein veg.
Her er også fint å legge til med båt og fine plasser for å slå opp telt.

PRØV DENNE FINE TUREN.

GOD TUR.

Kårnyken i Ålfoten

Kårnyken er eit fjell i Bremanger kommune. Turen er lang, men fin å gå.
Når ein er på toppen er det utsikt i alle retninger.
Terrenget i Ålfoten og nærområda er kjent for sine spesielle fjellformasjoner. Dette ser ein tydeleg i sør. Når ein nærmer seg toppen av Kårnyken, er også terrenget der spesielt, med jøl og taggete topper.

Ålfotbreen og den nærliggande Gjegnalundsbreen, er dei vestligaste isbreeane i Norge. Området er eit av dei områda som blei sist utforska og kartlagde i Norge. Breeane og dei nærliggande områda er verna landskapsområde, og er inngrepsfrie, medan så godt som alle vatn, innsjøar og fossefall runddt dette igjen, er regulert til kraftproduksjon.
Terrenget i området er karakterisert av det unike og spesielle hullelandskapet av devonsk konglomerat-sandstein, der ein kan begynne å lure på om ein ikkje har forvikka seg til ein heilt anna planet enn Jorda. Det er over 200 slike hyller frå Svelgen-området i vest, til Hyen i aust.
(kilde: Turistinformasjon Bremanger)

Her ser ein Kårnyken (under den store skya) frå Bjørneskarnakken.

Utgangspunktet for turen er på Ålfotfjellet/Myklebustdalen. Der er god parkeringsplass ved Fv 614, like nord for Myklebustsætra.
Ein starter turen på 260 moh og toppen av Kårnyken ligg på 1060 moh. Tur/retur er turen 15 kilometer. Estimert tid på denne turen er 6-7 timer.

Utsikt tilbake til Myklebustsætra.

Første del av turen går i rås i myrlendt terreng. Ved Korshylla, etter ca 30 minutters gange, blir terrenget tørrare og det er mindre skog. Her ifrå kan ein også nyte utsikten tilbake til Myklebustsætra.

Sætredalsvatnet.

Ved Sætredalsvatnet (595 moh) krysser ein elva ved utløpet av vatnet. Turen går vidare eit stykke langs vatnet før ein tek motebakken og går rett fram langs elva i dalsøkket.
I dette terrenget er råsa vanskeleg å følge, men det er enkelt å gå stigninga på «laust». Ein vil finne råsa igjen ved den store lyse steinen ca midt i bakken.

Utsikt tilbake til Sætredalsvatnet og Ørnereidsvatnet.

Det er sett/lagd opp steiner (varder) enkelte plasser for å vise retninga ein skal gå. Råsa er også innteikna på kart, og bruker ein gps kan ein lett følge råsa eller ta seg innatt om ein har tatt eit anna vegval.

Etter oppstigninga frå Sætredalsvatnet er ein komt opp i 800 moh og terrenget blir no lettare å gå i. Slak stigning til 850 moh før ein går unnabakken og krysser elva på ca 820 moh. No går turen mot Småvotna. Råsa er ikkje så enkel å følge, men grasbakken er fin å få i.

Tilbakeblikk frå oppstigninga etter Småvotna.

Frå Småvotna går ein sørover oppunder fjellet og der er råsa tydeleg. Første utsiktspunkt nedatt til gardane i Ålfoten dukker opp i jølet.

Deler av Ålfoten og Sigdestadnakken.
Spesielle tagger og revner i fjellet.

Siste stykket mot toppen går råsa i slak stigning i steinlandskap, men i god avstand frå bratte stup.

Siste stykke mot toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg. Fjorder, fjell, bygder, små vatn, breer og elver. Ta med kikkert og studer landskapet.

Frå toppen av Kårnyken ser ein denne spesielle fjellryggen.
På tilbaketuren ser ein landskapet i anna lys.

PRØV DENNE TUREN I DETTE SPESIELLE LANDSKAPET.

Rugsundøy på langs.

Rugsundøy ligg i Bremanger kommune ved inngangen til Nordfjorden.
I 2002 kom Rugsundbrua som bind bygdene Skatestraumen og Rugsundøy til fastlandet og Skatestraumtunnelen som bind Rugsundøy til Bremangerlandet. Skatestraumtunnelen er Sogn og Fjordane sin einaste undersjøiske tunnel.

Bygdene Rugsund, Leirgulen, Rugsundøy og Skatestraumen høyrer til Kolset krins og har tilsaman ca 240 innbyggjarar.

Rugsund er kjent som ein gammal handelstad frå 1600 -talet og denne ligg på Rugsundøy. Handelsstaden vart restaurert frå 1990 og i åra framover og er eit attraktiv mål for turistar som kjem både landevegen og sjøvegen. Der finst både landhandel, kafè, selskapslokaler, utleigerom og gjestebrygge.

Turen over øya byr på mange fine opplevelsar, flott terreng å gå i og nydeleg utsikt i alle retningar.
Utfordringa med å gå øya på langs er logistikken, men det ordner ein enten med å ha to bilar eller å ta med sykkel. Velger ein alternativet med sykkel så husk refleksvest og lykt, da ein må gjennom to tunnelar for å kome tilbake til bilen.

Utgangspunktet i Hamnen.


Utgangspunktet for turen er ved Hamnen like vest for inngangen til Skatestraumtunnelen på Rugsundøy. Parker godt på vegskuldra så ein ikkje hindrer anna trafikk.
Første del av turen går på grusveg, ta av og gå på ovanforsida av det siste huset så vidare langs strandkanten i god og tydeleg rås. Følg merking, stikker med grønn måling.
Ved Tangane, på vestspissen av Rugsundøy, ligg Nordvestlandets største kystfort. Mange av instalasjonane er relativt godt bevart. Les meir om fortet her: Kystfortet på Tangane

Frå eit parti ved kystfortet.

Ved kystfortet er der opplagstavle som viser oversikt over korleis fortet såg ut. Turen går vidare frå fortet etter raude merkingar. Enkelte plassar er det små vardar som viser vegen.

Raude merkinger viser vegen vidare.

Etterkvart som ein vinn høgdemeter kjem også utsikta. Mot søraust ser ein det tronge Rugsundet, Skatestraumen ligg i sørvest mot Bremangerlandet. Nord Europas høgaste sjøklippe, Hornelen (865 moh) ruvar midt i mot i sørvestleg retning. Mot vest ser ein Risøya, Gangsøya og Husevågøy med fastlandet i Vågsøy og Bremangerlandet på kvar side.
Turen går via Kalsenykjen, 375 moh før nedstigning mot Gloføykvatnet som ligg på 226 moh.

Gloføykvatnet til høgre.

Ved Gloføykvatnet er det fint å ta ein pause. Opp i lida, til høgre før vatnet, ligg Nygårdsetra.
ut.no ligg denne turen med eit anna vegval.
Min tur går mellom vatna som ein ser på bildet og dreier mot venstre og følger ryggen til toppen av Sundstua 549 moh. Dette er også den merka stien.
Frå Sundstua går den merka stien ned mot Rugsund handelsplass.

Panoramabilde av utsikta mot vest og nord.
Panoramabilde av utsikta mot aust og sør.

Turen over øya er ca 9 kilometer og ein må berekne 5-6 timer.

GOD TUR I FLOTT KYSTLANDSKAP!

Kjerringehalsen fyrlykt på Frøya

Kjerringehalsen fyrlykt ligg på vestsida av Frøya og sikrar innseglinga til Steinset og farvatnet vidar sørover mot Frøysjøen. Fyrlykta vart satt opp i 1904. Lykta vart noko endra i 1934 og ombygd til solcelledrift i 1994.

Bremanger kommune har mange flotte turer å by på.

Utgangspunktet for turen til Kjerringehalsen fyrlykt kan være i Kalvåg sentrum eller ved Småvågane like i nærleiken av Steinset.
Starter ein i Kalvåg sentrum går ein vegen som går til Steinset.  Ein asfaltert veg gjennom eit boligområde. Etter det høgaste punktet på vegen kjem ein til ein benk og eit skilt med kart over området. Der starter turen til Kjerringehalsen og andre turar i området. Turen går i lett kuppert terreng og er merka med grønne stikker langs råsa. Det kan være enkelte våte parti. Det er litt stigning ved starten av råsa i Småvågane der turen går over eit berg.   Dette er ein spennande tur der ein kan få oppleve havørn og oter om ein er heldig.
Frå ein tek av frå den asfalterte vegen like ved Steinset og ut til fyrlykta er det 2,2 kilometer. Når ein nærmer seg fyrlykta er råsa sikra med smijern som er bolta fast i fjellet  Dette for at det skal være ein tryggare veg, for rett utfor råsa ligg storhavet mot vest.   
Det siste stykket opp mot fyrlykta er litt bratt men også der er det  rekkverk og godt å gå. Og vel framme er det berre å setje seg ned og nyte havet og utsikta mot Mulehaudet i vest.Mot sør ser ein mot Florø og øyane utanfor. Frøysjøen er full av øyer, holmer og skjer.  Nærmast Kjerringehalsen  fyrlykt ligg Havrøya og Håøya. Det seiest at det i Frøysjøen ligg like mange holmar, skjer og fluer som det er dagar i året.Utsikt mot bygda Steinset.
Utsikt mot vest, Havrøya til venstre og Mulehaudet til høgre.Ei fyrlykt ytterst på halsen som skal vise veg og gje tryggleik for alle som ferdes langs kysten.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kjerringehalsen fyrlykt på Frøya

Vetvika, perla på Bremangerlandet

Vetvika er grenda som vender beint ut mot storhavet på nordvest sida av Bremangerlandet.  Den mjuke og kvite silkesanden langs den hesteskoforma bukta er noke av det nærmaste ein kan kome sydenstemning her på berget. Vetvika har høge fjell på tre kantar og nedetter desse fjella stuper kastevindane seg brått og uventa. Nåde den som då ligg ut på vika i liten båt. Tragediane har vore mange i denne vesle bygda. Store bårer, kastevind og snøskred har tatt mange menneskeliv.
Det har vore tre gardsbruk i Vetvika. Solheim, Vetvik og Vollen. Dette var storgardar i Vestlands målestokk. På det meste var det mellom 30-40 personar som budde her. Folket måtte arbeide for føda. På markane var det mest like mykje stein som strå. For å få avlinga i hus var alt gardfolket og sju-åtte tenarar i sving frå tidleg i juli til seint i oktober. Det var lang veg til meieri, anten dei rodde eller for over fjellet, så all mjølka måtte kinnast og ystast til smør og ost. Meieriprodukta vart sendt til Bergen og produkta hadde særs god kvalitet.
På garden Solheim hadde dei 120 mål innmark, og i fjøsen hadde dei tjue kyr og eit hundretals småfe.
Havet gav også matauk. Om sommaren fiska dei laks og om vinteren gjekk torskestimen tett utanfor stovedøra. Men med storhavet som nærmaste nabo var det farefult på fiske.
I 1890 vart det av amtet løyvd pengar til bygging av naudhamn med molo i Vetvika. Moloen stod ferdig tidleg på 1900-talet. Ein kan i dag sjå restar etter denne på sørsida av bukta.
Med den lange vegen over fjellet og den lunefulle sjøvegen var bygda ofte isolert fra omverda. Ein gong var folket i Vetvika isolerte i heile 16 veker.
Husa blir no nytta til fritidsboliger.

Turen til denne vekkgjøymde perla startar ved Svarstad på Bremangerlandet. Eit lite skilt i vegkanten når ein køyrer Rv 616 langs Dalevatnet viser veg til merka parkeringsplasser som ligg like forbi bolighusa.
Første del av turen går på grusvegen som går til tv-sendaren på Steinfjellet.  Føl grusvegen dei første 3 kilometerane og til ca 420 moh.
Etterkvart som ein plukkar høgdemeter opp Svarstaddalen får ein fin utsikt tilbake til bygda Svarstad og Dalevatnet.Når ein nærmer seg himmelsjå og har passert eit par knappe svinger tek ein av til venster ved skilt og går vidare  forbi ei hytte.  Stien, som er tydeleg i terrenget, er no merka med raude stikker over eit myrlendt terreng. Etter ca 1 kilometer deler stien seg. Det mest vanlege  er då å ta til venstre, og gå over høgda nord for Karihaugen.

Vi hadde lenge snakka om å ta denne turen og denne dagen var vi spente og klare for å endeleg kome oss til Vetvika. Vi var så ivrige og nyskjerrige at vi gløymde alt vi hadde lese om vegbeskrivelse og stidele.
Så i god fart i det lettgådde terrenget og den tydelege stien såg vi ikkje stidelet og fortsette over bakkekanten til vi såg det flotte Fåvatnet. Da vi oppdaga at vi hadde gått forlangt vart vi einige om at vi tok turen motsatt av det som er mest vanleg.
Fåvatnet (393 moh), eit aldeles nydeleg vatn med mange mogelegheiter for teltliv og fisking. Utsikta var flott. Her ser ein mot Vågsøy og Stadlandet. Turen går vidare mot Hellerane. Her står det tre sel og ein ser murer etter fleire bygninger.Fra Hellerane går stien litt nordaustover før ein går ned Fonneskaret og Setredalen. Siste nedstigninga går gjennom Ura. No ser ein storhavet og Solheimsvatnet som nesten går i eit. Solheimsvatnet ligg ca 4 moh. Vi gjekk turen tidleg på dag i slutten av august og da er skuggane lange av dei høge bratte fjella.

Eit speilblankt Solheimsvatn og tilbakeblikk mot Ura. Langs Solheimsvatnet er terrenget stedvis vått. Nyt opplevelsen av all fisken som vaker i vatnet.Nede ved Osen ser ein Nordsjøen som var folka i Vetvika sin nærmaste nabo i storm og stilla. Om sommaren kan ein kome til Vetvika også via sjøvegen og mange fritidsbåterer  ankrer opp for å nyte denne perla.Vel framme i Vetvika er det berre å setje seg ned og nyte plassen, havlufta, stillheita og sola. Om ein ikkje har for høge krav til badetemperaturen har ein ei sydhavsliknande badestrand å boltre seg på.
Bildet under er teke fra Vollen og ein ser bolighuset på garden Vetvik som ligg heilt på sørvest sida av bukta. Litt forbi Vetvik ligg gravplassen og enda lenger ute ligg moloen.
Mange tek turen til Vetvika om sommaren og har med telt for overnatting.
Veiret var ei viktig årsak til at Vetvika i 1923 fekk eigen gravplass. Dette er ein av dei minste gravplassane i landet. Etter at dei fekk gravplass kunne folket i Vetvika sjølve ordne med gravlegginga, mens presten stod for jordpåkastinga når det høvde for han.  Berre eit par ti-år etter at gravplassen vart teken i bruk, flytte folket fra Vetvika. Derfor er berre ni mennesker gravlagde der ute og alle er menn.
  
Etter å ha nytt nokre timer i sola er det på tide å tenkje på heimvegen.  Vi får no ei oppstigning på ca 500 høgdemeter. Turen starter rett bak huset på Vollen og går i grasdekte bakkar og steinur opp Vikabakkane. Stien er merka med raude stikker.Oppstigninga er bratt og travel og pauser er påkrevd. Då har ein rikeleg anlednig til å nyte synet av vika før ein fortset i slakare terreng inn Vetvikdalen.
På bildet under ser ein ned til eit av sela på Hellerane og til der stien går når ein går til Solheimsvatnet. Også fin utsikt mot Måløy og Holvika på andre sida av Fåfjorden og Vågsfjorden.Terrenget er lett å gå i når ein er komt opp bakkane. Stien fra Vetvika går innover på nordsida av Karihaugen og snor seg ned til stidele som ligg i høgre hjørne på bildet under. Grusvegen tilbake til Svarstad er enkel. 

Turen fra Svarstad til Vetvika er ca 8 kilometer kvar veg.
Kart over turen (motsatt veg) ligg på Ut.no: Vetvika, eit naturhardt paradis.

GOD TUR!!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑