Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Lokasjoner (Side 1 av 17)

Støylstur i Gloppen

DEI LIGG DER SOM PERLER PÅ EI SNOR.

32 støylar, i Gloppen kommune, frå Føleide til Utvikfjellet. Alle på vestsida av Rv 60.
Ideèn til denne turen kom da ein deltaker på tirsdagsturane nemde alle støylane som ligg i lida vest på Utvikfjellet. Interessa var tent og kart vart studert. Nytt terreng skulle utforskast.

I planlegginga målte eg distansen til ca 45 kilomerter og utgangspunktet var å ta turen over 3-4 dager med full oppakning og overnatting under åpen himmel, midtsommars. Men planar kan ofte være litt for ambisiøse og må endrast. Eg fant ut at eg ikkje kunne utsetje helsa mi for påkjenninga med å gå med tung sekk over så lang tid.
Turen vart gjennomført med dagstursekk og over to dagar. Eg var så heldig at eg kunne planlegge med overnatting i bobil ca halvvegs.

I planleggingsfasen såg eg at dei fleste av støylane låg på ca 500-600 moh. Der er mange skogsvegar og eg planla å bruke dei der det vart det enklaste vegvalet.
Utsikt er kjekt når ein går på tur. Denne turen gjekk i ein del skogsterreng, men på Haugsvarden 862 moh og Himmelsjå 843 moh hadde ein fin utsikt mot bygdene, fjordane, vatna og fjellheimen rundt. Også frå Kålsstøylen og resten av turen vart det fin utsikt.

Dei fleste av støylane har namn etter gardane som dei høyrer til. Når ein køyrer igjennom bygda etter turen og følger med på kartet så veit ein kva støyl som høyrer til kvar einskild gard.
Det var slutt med støylsdrift på dei fleste støylane rundt 1950-60 talet.
Ein kan lese om dei einskilde støylane på Kulturhistorisk leksikon.

Eg har valgt å ha med berre eit bilde frå kvar støyl. Det beste inntrykket av støylane og utsikta får ein om ein besøker plassen.

Frå bygda er det til mange av støylane heilt eller delvis skogsbilvegar (bomvegar) og derfor mykje enklare å ta seg fram til støylen no enn då det var aktivt støylsdrift.

Utgangspunktet for turen min var Føleide ca 210 moh, der skogsvegen til Dimma starter.
Dei to første støylane var Ryestøylen og Føleidestøylen. Desse to støylane ligg tett og ikkje med noko skilje mellom.

NEDRE DIMMA.

ØVRE DIMMA.

Turen frå Dimma gjekk vestover for å treffe stien til den populære toppen Haugsvarden 862 moh. På denne toppen er det fott utsikt nordvestover mot der Gloppefjorden og Nordfjorden møtes og vidare ut Hunvikfjorden. Vi ser tydeleg Anda flyplass, Devik og Hestenesøyra og Indre Åsane på nordsida av Nordfjorden.

Frå Haugsvarden gjekk turen unnabakke i tydeleg rås. Denne blir også nytta som sykkelsti og ved Lomvatnet kjem ein seg enkelt over myrane på oppbygd sti.

Frå Skorstøylen til Almsstøylen (565 moh) er det fin skogsrås og det er lite høgdeforskjell.

VAMBESETSTØYLEN.

Frå Austreheimstøylen gjekk turen vidare til Holvikstøylen. Holvikstøylen låg tidlegare i Bjørndalen. Segna seier at dei flytta fordi dei var så sterkt plaga av bjørn.

Neste støyl på ruta er Leirstøylen som ligg i lavlandet, ca 310 moh. Dette er ein nydeleg støyl som ligg ved Leirelva. Støylen høyrer til garden Evebø.
Nokre år rundt 1900 hadde dei kyrne sine på Åsane på nordsida av Nordfjorden. Då rodde dei dit og henta mjølka. Seinare hadde dei kyrne sine på Holvikstøylen.
Gamlevegen frå Breim gjekk her når dei ikkje brukte båt på vatnet.

Første dag av turen vart avslutta i Bjørndalen. Fram her er det fin veg og eg var så heldig at eg kunne planlegge med overnatting i bobil. Det gjorde godt for ein sliten kropp å kome i «hus» og få dusj og mat.
Spenninga var stor for neste dag, då hadde veirmeldingane snudd og det var meldt regn.

DAG 2 AV STØYLSTUREN

Dag to av turen starta med regn og regnbyger. Det var likevel ikkje eit alternativ å avbryte turen. Har ein varme og tette klede er det ikkje noke problem å gå på tur i regnveir. Eg var heldig, bygene gjekk rundt meg og eg fekk ikkje regn før siste kilometeren.
Frå parkeringsplassen i Bjørndalen gjekk turen først på skogsveg, etterkvart tok eg av til stien som går over Himmelsjå. Det vart nokre høgdemeter eksta, men likevel det beste vegvalet. Stien over Himmelsjå var fin å gå. Og wow for ein utsikt.
Det var spesielt å sjå bygeveiret som gjekk alle andre plasser enn der eg var.

Den første støylen eg plukka på dag to, var Hunskorstøylen. Etter Himmelsjå følgde eg stien eit stykke mot Storevarden. Etterkvart dreia eg unnabakken «på laust» og fann støylen ved elva uten problem.
Eg bruker Norgeskart Friluftsliv og då har ein god kontroll på kor ein er i terrenget.

HUNSKORSTØYLEN.

Frå Dalsstøylen til Kålsstøylen var der sti, sjølv om den ikkje var teikna inn på kartet. Ein går omtrent i same høgd heile tida.

DALSSTØYLEN.

KÅLSSTØYLEN.

På Hetlastøylen møtte eg Norunn, ho som gav meg ideèn til turen. Det vart ein lang og koseleg prat med ein slektning. Frå Hetlastøylen og vidare mot aust åpna terrenget seg og det vart meir utsikt. Eg brukte skogsvegane og det vart berre små avstikkara i terrenget for å kome innom støylskviene.

FLØLOSTØYLEN.

ØVRESETSTØYLEN.

Den siste støylen på denne turen var Moldestadstøylen som ligg like ved Rv 60 over Utvikfjellet.

Tilsaman vart det etter mine målinger 47 kilometer på desse to dagane. Eg heldt meg etter mi planlagde rute. Men der er mange vegval. Takk til Dag Arne for god hjelp i planlegginga.

32 støylar, store og små. At Gloppen er ein landbrukskommune er tydeleg å sjå. Fremdeles er det mykje husdyr å sjå i terrenget sjølv om ikkje støylane er i aktiv bruk.

Kilde: Kulturhistorisk leksikon.

Lag deg eit prosjekt/ finn deg ein tur og utforsk ukjent terreng.
Prøv gjerne denne turen.

GOD TUR!

Henneskarsvatna/Henneskaret

Eg er fasinert av turar som går mellom bygder og som har blitt brukt til fedselsvegar. Deler av denne turen har blitt nytta både som friarveg og når folk skulle korte ned reisetida til forskjellige aktiviteter i andre bygder.

Henneskarsvatna ligg høgt og fritt i eit stille og roleg turterreng. Det er fleire utgangspunkt for å nå dette terrenget, denne turen tek utgangspunkt i Hennebygda.

Det kan være utfordrande med logistikken når utgangspunkt og sluttpunkt er forskjellig . Eg løyser det ofte med å kombinere bil og sykkel.
På denne turen plasserte eg sykkelen på enden av skogsvegen ved Initunstøylen på Hopland (bomveg). Så vart det ein fin sykkeltur tilbake til Hennebygda etter fjellturen.

Lahaugen er dei to høgstliggande gardane i Hennebygda.
I tidlegare tider var Lahaugen eit klyngetun, men etter ein storbrann tidleg på 1700-talet vart gardane delt og tuna ligg no med litt avstand mellom.
Kjende profilar som Alfred og Toralf Maurstad har aner frå Lahaugen.

Turen går mellom to nabobygder og med utgangspunkt i Hennebygda. Den ca 8 kilometer lange turen går til Indre Hennestøylen (450 moh), Henneskarsvatna/Henneskaret(650 moh), Kvanndalen (600 moh), Mosehaugane (750 moh) og til vegenden ved Initunstøylen (470 moh) på Hopland.

Turen til Henneskarsvatna er også beskreve i turboka Opptur Stad. Der tek turen ei anna rute og går via Bakkestøylen, Dalesætra og Fossestøylen.


Utgangspunkt for denne turen er krysset Panoramavegen og gardsvegen til Lahaugen.
Første stykke går på gardsvegen. I siste sving før tuna går ein gjennom ei grind og føl traktorvegen opp langs elva. Ein kjem då inn på den gamle støylsvegen etterkvart.

Langs den gamle støylsråsa passerer ein både smie, gardfjøs og kvernhus.

Gammalt kvernhus.

Støylsråsa er tydeleg og fin.
I elva som ein går langs er der to høler. Drengevadshølen var ein av dei. Den vart brukt til bading i slåtten. Det var langt til fjorden for dei som ville kjøle seg ned mens det var middagskvild.

Ta ein avstikker til Indre Hennestøylen ( ca 200 meter). Ta til høgre, gå over ei bru og der ligg tre sel og to fjøs. Der er også ein fin steinfjøs. Der har taket delvis ramla ned, men likevel eit flott fotomotiv.
På Indre Hennestøylen vart det drift til tidleg på 60-talet.

Det er ei segn knytt til denne støylen:

Det kom ein bjørn og prøvde å bryte seg inn i fjøsen der kyrne stod på bås for natta. Budeia treiv ei vedaskide ut av omnen og sette i bjørnepelsen som tok fyr. Bjørnen la på sprang inn oppover og utav kvia og til eit lite tjern som ligg nokre hundre meter lenger aust. Der heiv bjørnen seg uti og sløkte flamane.

Tjernet heiter Bjørnalauget.

Terrenget er i følge kjentfolk idyllisk og det er fint å gå oppover mot Raudgrøt og inn til Utitunstøylen på Hopland. Denne ruta har også blitt gått når folk frå dei to nabobygdene har vore på friarføter.

Støylen høyrer til Jobruket, Eljandebruket og Jakobbruket i Hennjane.
Steinfjøsen har ikkje tett tak, men fint fotomotiv.

Etter besøket på Indre Hennestøylen går same vegen tilbake over brua. Følg så stien vidare nordover. Terrenget går no i ein del myr og stien kan være noko utydeleg.
Stien er teikna inn på kart. Eg bruker å anbefale Norgskart som har ein fin app.

Den første hytta ein kjem til høyrer til Inste Lahaugenbruket og kom opp i 1942.
Den vart først bygd opp heime i tunet før den vart plukka nedatt og frakta til fjells.
Alfred Maurstad har uttalt at fela hans aldri har lete så fint som inne på den hytta.

Den andre hytta ligg ved det første vatnet. Den hytta høyrer til Hagenbruket i Hennebygda. Hytta er bygd inn i terrenget og ein ser den ikkje før ein er heilt framme.
Det er mykje småfisk i vatna så her er det mogelegheiter for å prøve fiskelykka.

Der er to vatn i Henneskaret. På kartet er stien teikna inn på venstre side av vatna. Eg passerte mellom vatna og fann ein sti på høgre sida av det siste vatnet.
I eit åpe landskap er det ikkje vanskeleg å ta vegval.

Den dagen eg gjekk turen var det både regn og skodde. Men likevel fint å gå. Terrenget viser seg ulikt med forskjelllig konturer og i forskjelligt lys.
På «kanten» rett før nedstigninga til Kvanndalen kom regnbuen tilsyne i Hornindalsvatnet.

Kvanndalen og Kvanndalsvatnet.

Fin utsikt mot Kvanndalen og Kvanndalsvatnet. Ei anna perle i dette området.
Må berre opplevast. Den idyllen kan også gåast frå Skredestranda.
Du finn beskrivelse av den turen her.
Frå Kvanndalen går turen vidare på tydeleg sti til Måsehaugane. Der er det på klare og fine dager ei fantastisk utsikt over Hornindalsvatnet og sørover mot Nordfjorden.

Utsikt over Hornindalsvatnet mot vest på ein finveirsdag.

Stien frå Mosehaugane ned dalen og til vegenden ved Initunstøylen er tydeleg og delvis merka.

Utsikt frå nedstigninga til vegenden ved Initunstøylen.

PRØV DENNE FLOTTE TUREN.
TA MED FISKESTANG.
NYYYYT.

Raudfjelldalen.

Nordsida av Nordfjorden har mange fine turområder. Eit av dei er Raudfjelldalen, eit område som ligg mellom Robjørgane i sør og støylen Raudfjell i vest. I dette området er det mange alternativ til turer, både lavt i terrenget og mot Blåegga, Kvanngrøskaregga og Holmøyskaregga som alle ligg på ca 1000 moh.
Eg har gått i området mange ganger, både sommer og vinter, likevel vart dette ein heilt ny tur. Det skal ikkje mykje til om ein går ut av den vante stien. Tek eit nytt vegval.

Panorama utsikt frå Dalehøgda

Raudfjelldalen er fin å gå både sommer og vinter. Det er fleire utgangspunkt for å nå dette terrenget, som Blakseter, Sætren, Robjørgane og Markane.
Uansett kva utgangspunkt ein vel er dette eit fint turterreng med utsikt innover og utover Nordfjorden og alle bygdene rundt.

Min tur tek utgangspunkt frå Blakseter og enden av bomvegen som går til støylen Raudfjell.
Køyr Panoramavegen (Fv 613/Fv 698) til Blakseter, ta av til Nygårdsvegen ved ungdomshuset Frendehall.
Like etter garden Nygård startar bomvegen og der betaler ein sjølvsagt bompenger.
Etter at snøen er smelta og grunneigarane har åpna vegen kan ein køyre til ca 640 moh. Parkering 1 km før støylen Raudfjell.
Om sommaren kan der være dyr på beite rundt parkeringsplassen.

Støylen Raudfjell.

I vest enden av Raudfjelldalen ligg støylen Raudfjell. Det er støylen til Hatlem, Nygård, Steinsåker, Teigen og Dokset.
Ifølge boka Støylar i gamle Innvik og Utvik sogn er Raufjell ein ung støyl.
Før 1877 hadde brukarane to støylar. Gamlestøylen (640 moh) og Skardet (900 moh).
I boka er det også skreve at det er noko tilfeldig at støylen ligg der den ligg.
Ein av brukarane hadde kjøpt eit lite hus på Faleide. Meininga var å frakte dette til Skardet og byggje det opp der. Seint ein kveld kom dei til Raudfjell med lasta og tok kvelden der. Men dei kom seg ikkje lenger og sette like godt opp huset der. Seinare flytta dei andre brukarane sine støylshus ned frå Skardet og Raudfjell vart den nye støylen.

Raudfjell er kanskje den einaste støylen som har gate.
Støylshusa ligg på ei flate og når mange dyr skulle gå til og frå fjøsen kvar dag vart det opptrakka og skjete. Det vart vanskeleg å gå tørrskodd mellom sela. Derfor vart det lagt ned store flate heller mellom sela så det vart ein fin veg. Steinane ligg der den dag i dag og ber namnet Gata.

Fleire plasser i dette området ser ein mykje av rustbrune kollar av ultramafiske bergarter som stikk opp i terrenget. Stadnamn som Robjørgane og Raudfjell har sitt opphav i desse raude kollane.
Les meir om bergarten her: https://geoforskning.no/geotags/raudfjell/

Frå støylen går turen austover. I dette terrenget er det fint å gå uten sti.
Min tur gjekk på laust nordaustover, forbi nokre fjellrabber som stakk opp, over ei elv og i svak stigning mot venstre og retning mot Botnatjønna som ligg på 780 moh.

Ved Botnatjønna kjem ein inn på fin sti. Følg den til dalbotnen. I botnen av dalen tek ein av frå stien og går mot sør til ryggen på sørsida av dalen. Der finn ein ny sti som går langs ryggen tilbake til Raudfjell.

Utsikt har ein heile vegen på turen. Mot aust ser ein heile indre Nordfjord med bygder, fjelltopper og isbreer. Sørover ser ein Innvik og Utvik og fjella mot Gloppen.

Timehaug ligg på sørsida av Raudfjelldalen.
Ein varde viser veg.

Etterkvart får ein utsikt mot Bergsetnakken i vest. Eit anna turmål og landemerke i indre Nordfjord.

Bergsetnakken i haustsol.
Robjørgedemma.

Ved Robjørgedemma er det fint å krysse elva der det er oppmura demning som ligg i høgre bildekant i bildet over. Her har gardane langs Storeelva på Robjørgane hatt si vannforsyning i tidlegare tider.

Robjørgedemma, ein gammal instalasjon.
Himmellys over Innvik og fjella i Gloppen

Lenger vest kjem ein til Rosentjønna. Nydeleg terreng og spesiell bergformasjon.
Spesielle bergartar og formasjonar finn ein mykje av på denne turen.
Heilt frå Gråberg, lenger aust på fellryggen,  går det ei åre av ein slag klebersteinsaktig bergart heilt ut til Hennebygda.

Rosentjønna.
Turen min i Raudfjelldalen.
Oversiktskart .

Terrenget og området mellom Nordfjord i sør og Hornindalsvatnet i nord har mange fine turalternativ. Både i lavlandet og til toppane sommer og vinter.
Det er eit område som er relativt lite nytta og ein går ikkje i kø.

Prøv denne turen i nydeleg terreng.

GOD TUR!

Askevika ved Ålfotefjorden

Å studere kart og finne nye turmål er spennande og eg blir inspirert og nyfiken når eg høyrer og les om avsides liggande gardar og plassar, og som gjerne har ei spesiell historie.

Askevika i Ålfoten er ein slik plass. Ein gammal fråflytta gard med ei historie om ei tragisk hending i 1751.

Askevika er eit turmål som ikkje så mange vel eller veit om. Det ligg ved munningen til Ålfotefjorden. Eg fekk sjølv høyre at det var vanskeleg å ta seg fram der til fots. At ein helst kom båtvegen til denne plassen.
No har eg utforska og dette var ein variert og fin tur. Har ein evna til å følge ei rås, sjølv om den ikkje er tydeleg heile vegen, lese terrenget og har kart så finn ein fram.

Utgangspunktet for turen er Vika i Ålfoten. Parker nede ved fjorden på ein eigna plass. Gå Vikavegen opp bakken og ta til venstre ved gardstunet. Fortsett den forbi bolighusa og vidare på traktorvegen.

Traktorvegen går til ei dyrka mark. Gå til (nesten) øverste høgre hjørne og vidare til to gardfjøsar. Frå gardfjøsane føl ein terrenget nordaust over langs ei lita elv. Der er ein del hjortetrakk, men stien går opp slak bakke og inn mellom bratte berg.

Terrenget og atmosfæra gjennom Kloven er frodig, stille og magisk. På stien ved dette bratte berget, der alt er grønt og frodig må ein berre stoppe opp og la inntrykket synke inn. Ein spesiell følelse når ein går der.

Stien er delvis merka med raude merker på treleggar. Etter å ha runda det spesielle berget går turen unnabakken heilt til fjorden. Ein får då eit lite glimt av holmane som ligg utanfor Askvika.

Langs fjorden er det lett å følge råsa. Ein går stedvis mellom store steiner. Under ein stor stein med overheng var der laga til ein plass for ein rast.

Langs fjorden har ein fin utsikt til Gjegnen og Bukkenibba.
Holmane som ligg utanfor Askevika heiter Storholmen og Litleholmen.
På andre sida av fjorden kan ei sjå Gjegnalunden, eller Lunden som det blir kalla i daglegtalen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Vik i Ålfoten. Her budde folk til like etter 1900. Under bygginga av Yksenelvane kraftverk vart det bygd boligar til ingeniørane og arbeidarane i Lunden.

I Askevika står det no ein bygning. Ein ser ellers murer etter store bygninger. På bildet under ser ein naustet.

Gammalt bilde frå Askevika.

Her er historia om Epledrapet i Askevika.
Henta frå :
Ei kulturhistorisk rundreise langs etter vegane i Bremanger kommune
av Årstein Svihus

Den 25. januar 1751 dreiv liket av ei kvinne i land ved Flòtøyna. Kvinna heitte Abelone Kristine Limrup, og det vart snart klart at ho ikkje hadde hamna i sjøen ved eit ulykkestilfelle. Skallen var nemleg knust, og ho var merkt med 11 knivstikk.
Abelone hadde sidan 1739 budd på Ystevikja, ein plass under Askevikja. Tidlegare hadde ho og mannen, Nils A. Tyndgreen, drive gjestgjevarstaden Hestenesøyra. Nils sørgde etterkvart for å setje denne verksemda over styr med drikking og slåsting, før han til sist stakk sin veg. Abelone flytte då til Askevikja der ho hadde eit lite øltapperi og ei einsleg ku. Sjølv om det i sesongane nok var ein og annan jekteførar og fiskarlag som var innom for å leske seg på vegen ut fjorden, vart det ikkje rare fortenesta av denne verksemda. Det var likevel ikkje sviktande ølsal som vart hennar bane, men ein konflikt med jordeigaren Elling Oleson. Elling og kona Anne kom ikkje godt ut av det med Abelone, og det var Elling som sendte ho ut av
denne verda.
Sjølv om Ystevikja ikkje nett var nokon edens hage var det også her eit spørsmål om forbodne frukter som fekk fatale følgjer. Abelone tok eple frå ein apal og Elling meinte at han som grunneigar hadde rett på halvdelen av desse, men Abelone ville ikkje gje i frå seg eit einaste eple. Det var ikkje store verdiane det var snakk om, epla var berre verdt 8 skilling (det gjekk 96 skilling på ein dalar). Kanskje hadde dei krangla om dette heilt sidan epla vart hausta, og no, i januar, utvikla krangelen seg i retning. Korleis ting skjedde vidare og kva som vart sagt veit ein ikkje. Det som derimot er klart er at enden på saka vart at Elling til sist gøyv laust på Abelone. Først tok han ein årekjepp og slo ho over nakken slik at ho falt overende. Deretter gjekk han laust på henne med kniv og stakk på nytt og på nytt. Av dei 11 knivstikka ein fann spor etter, hadde fire ramma kroppen, spreidd frå halsen til mage. Då illgjerninga var utført kasta han liket på sjøen. Det er fortalt at Abelone deretter rak til Flotøyna, motstraums og mot ein forferdeleg storm. Elling vart teken i forvaring hjå bygdevaktaren Kristoffer Rønning. Sidan klarte han å komme seg ut og springe på elva der han drukna seg. Buet etter Elling vart deretter overteke av kongen.

Askevika var i følge Bremangerboka i privat eige fram til 1948 då det vart seld til L/L Firdakraft.

Turen til Askevika er knappe 4 kilometer ein veg.
Her er også fint å legge til med båt og fine plasser for å slå opp telt.

PRØV DENNE FINE TUREN.

GOD TUR.

Vasstøylen og Skjerdalsvatnet, Gloppen

Vasstøylen høyrer til den veglause garden Skjerdalen som ligg på vest sida av, og i munningen til Hyefjorden. Støylen ligg ved Skjerdalsvatnet, ca 7 km inn i den tronge Skjerdalen. På vegen inn til vatnet går ein også forbi den andre støylen som høyrer til garden, Skjerdalsstøylen.

Det var ein stor dag for Gloppen kommune 1989 då Hyevegen kunne takast i bruk, men for folka i Skjerdalen var det vemodig. Då miste dei anlpøet av Hyefjerga og det vart slutt på all rutegåande transport. Så for å kome seg til Skjerdalen må ein leige båtskyss eller kome i eigen båt. Det er ikkje langt over fjorden frå Hestenesøyra. Ein pensjonist med namn Arne Eikenes tek på seg å skysse fotturistar/turgåare til Skjerdalen.

Tilbakeblikk til den gamle handelsplassen på Hestenesøyra.

Skjerdalen har frå gamalt av vore 3 bruk, no er der fast bostning med fleire generasjonar på eit bruk.
I 2007 vart Skjerdalen råka av ein voldsom flaum og elva gjorde stor skade på innmaka. Eit knapt år etter var restaureringsarbeidet ferdig og elva var flaumsikra. No går ein trygt over ny bru på veg mot dalen.
Skjerdalselva har vore viktig for bruka i Skjerdalen i alle år. Allereide på tidleg 1600-talet var der sag og kvernhus ved utløpet av elva. Den sikre vasstilførselen i elva gjorde at både kvernene og saga vart mykje brukt av bygdene som låg nærast. Ei av dei første oppgangsagene i distriktet låg ved Skjerdalselva.

Skjerdalselva ligg i eit landskapsvernområde og elva har vore freda. Vernet har Skjerdølene etter lang kamp fått oppheva, no har dei bygd ut elva og den forsyner 1200-1300 hushaldningar med straum.
Når ein går gjennom tunet og dalen ser ein lite til kraftutbygginga. Ein fin kraftstasjonsbygning glir fint inn i landskapet som eit gardshus. Kraftinntaket viser ikkje, og dei som går tur i dalen ser ikkje den tørrlagde delen av elva.

Tunet der dei fastbuande bur med utsikt mot Hestenesøyra.

Turen inn dalen går første stykke til Kræsteinen på bratt skogsveg så over i slakare traktorveg til Sjøkleiva ved ca 200 moh. Ved Sjøkleiva tek ein av til høgre og går over i rås og finn bru for kryssing av elva. Det er viktig å finne den brua. Går ein for langt inn dalen på venstre side av elva blir det vanskeleg å krysse den.

I fint driv på stien mot brua og kryssing av elva.
Solide bruer ved alle elvekryssinger.

Skjerdalsstøylen, også kalt heimestølen, ligg ca 3 km frå tunet ved fjorden. Selet på støylen var spesielt ved at to bruk bygde ilag. Der var sel i kvar ende, høylade i midten og fjøs under. Ein kan også sjå murer etter selet til det tredje bruket.
Dei to støylane ligg forholdsvis lavt og gav lang beitetid. På Skjerdalsstøylen er setrekvia stor og nærmast overflate dyrka. Dette viser at støylsslåtten var svært viktig. Høyet på støylen vart hesja seinsommaren og køyrd heim om vinteren.
Støylsdrifta tok slutt på 1960-talet og det same med slåtten på heimestøylen.

Skjerdalsstøylen.

På Skjerdalsstøylen beiter det hester. Nydelege angloarabere, varmblodsride hester. Om dette virker skremmande for turgåare, så var dyra rolege og godt vant med folk. Ikkje gje dyra mat, det finn dei sjølve.

Nydelege hester på beite.

Vidare frå Skjerdalsstøylen går ein på den gamle støylsråsa til Vasstøylen. Landskapet forandrer seg og det er magisk å gå inn dalen. Bratte fjellsider omkranser dalen likevel føles det som om landskapet åpner seg.

Skjerdalsvatnet.

I den store og lite påvirka dalen har alltid fiske og fangst vore viktig for garden. Det er på same måte i dag. Selet på Vasstøylen er sentral under hjortejakta.
Tidlegare hadde Gloppen hotell ei stor hytte ved Skjerdalsvatnet, Bjørnheim hotell. Der var gjestelista fylt opp med engelske og tyrske lordar. No står berre tuftene av hytta att, men det seier noko om at friluftsinteressene alltid har vore viktig i dalen.

Selet på Vasstøylen.

Det er vanskeleg å beskrive med ord denne perla av ein dal. Det må berre oppleves. Ta med fiskestanga, ein grunneiger fortalte at det var fritt fiske ovanfor innmarka. Og vi som var på tur såg verkeleg at det levde i vatnet.

Turen frå fjorden til Vasstøylen er ca 7 kilometer ein veg.
Skjerdalsvatnet ligg på 312 moh.

PRØV DENNE TUREN I EIT FLOTT DALFØRE.

GOD TUR.

Sunndalsætrevatnet i Austefjorden

Ingen ting slår følelsen når ein har funne ei perle av eit turmål. Då gjer det ikkje noke at veiret ikkje spelar på lag, for ei perle er ei perle uansett.
Eg var spent på turen til Sunndalssætra og Sunndalssætrevatnet. Hadde høyrt rykte om at der skulle være flott. Og eg vart ikkje skuffa.
Turen tok eg ein regnveirsdag og det var ganske mykje vind ved vatnet. Men har ein med rikeleg med kle, hue, votter og buff, sjølv midt på sommaren, blir turen fin.

Etter at Kvivsvegen kom har nye turområde blitt meir tilgjengeleg. Denne turen til Sunndalsætra og vidare til Sunndalssætrevatnet ligg i Volda kommune.
Utgangspunktet for turen er i Sunndalen i Austefjorden. Ta av frå Kvivsvegen like ved Damfosstunnelen og køyr vidare på Gjersdalsvegen. Etter kvart innpå Sunndalsvegen. Finn høveleg parkering ved Høybakk inst i Sunndalen ved krysset der annleggsvegen starter.
Annleggsvegen er privat og køyrer ein bil opp så er det på eige ansvar. Vegen er veldig bratt.
Eg gjekk den gamle sætreråsa.
Oppgangen til råsa finn ein ved å følge Sunndalsvegen over brua og vidare ca 100 meter, ta så av til traktorvegen.

Stien er enkel å følge, og merka med raude treklosser som heng på treleggane. Råsa går i jamn stigning frå ca 75 moh til ca 360 moh på sætra. Heile tida høyrer du Sunndalselva bruse like ved råsa. Der er også nokre fine kulper i elva, men ikkje la deg friste til å bade. Elva er drikkevannskilde.

Heile vegen kan ein også sjå høge spisse fjelltopper. Det er Sunndalsnipa som ruver 1396 moh.
Det er også mogelegheiter for å gå denne turen vidare til Skarevatnet, Bygdaskaret og ned til Grøndalsstølen som ligg i Heggjadalen/Osdalen.

Like i nærheita av sætra krysser ein elva på ei flott steinbru og ein ser ei flott raud hytte som ligg der i den storslåtte naturen. Kikar ein nærmare etter er der enda eit gammalt sel og fleire tufter etter andre bygninger.

Turen går vidare på god rås opp lia bak sætra i ca 80 høgdemeter. Oppe på høgda får ein det føste inntrykket av kva som venter.
Landskapet åpner seg og der ligg heile Sunndalssætrevatnet som ei perle. På kartet står det også namnet Grønevatnet. Eg har ikkje funne noke forklaring på kvifor det har to namn.
Føl råsa eit stykke innover og snart kjem ein fram til eit flott naust. Nyt stillheita.

Returen går same vegen tilbake til Sunndalssætra. Der frå kan ein velge om ein vil ta setreråsa tilbake til bilen eller om ein vil gå til høgre ved steinbrua, og følge råsa til ein kjem fram til anleggsvegen. Den er grei å ta unnabakken.

Turen opp til Sunndalsætrevatnet er ca 3 kilometer.

DETTE ER EIN TUR Å ANBEFALE.

GOD TUR!

Storesteinen i Gytridalen

Oldedalen har steile fjellsider, grønt vatn, brearmar, sidedaler og mange turmål.
Det Oldedalen ikkje har er sol kvar dag.
Eit av turmåla i dalen er til Storesteinen og Nedreholten i Gytridalen.
Denne turen gjekk eg ein dag det var veldi lavt skydekke og med yr i lufta. Likevel ein fin tur, men ikkje det beste fotoveiret.

Utgangspunktet for turen er ved Gryta Camping. Der kan du parkere bilen gratis mens du tek turen opp dalen. Når campingplassen er åpen har Linda mange godbitar i kiosken.

Utgangspunktet ved Gryta Camping.

Turen som eg skriv om her er ein rundtur til Storesteinen og vidare til Nedreholten.
Start ved campingen ligg på ca 50 moh. Storesteinen ligg på 385 moh og Nedreholten på 363 moh.
Stien til Storesteinen er fin å gå. Den dagen eg gjekk turen var det nyslått og minimalt med vegetasjon inn i råsa.

Første del av turen går på fin traktorveg. Senk skuldrane, nyt fuglesangen og duren frå elva.

Fin sti til Storesteinen.

Storesteinen er virkeleg stor. Om det regner set du tørt under overhenget på steinen.
Her kan du nyte duren av elva og Gytrifossen.

Frå Storesteinen er det fott utsikt mot Gytrifossen.
Om elva og fossen er stor kan du kjenne viberasjoner i grunnen når du set under steinen.

Utsikt til Gytrifossen frå Storesteinen.

Stien vidare til Nedreholten er ikkje like tydeleg og rydda som stien til Storesteinen. Der er stedvis merka med raude band i trea.
Nedreholten ligg ca 20 høgdemeter lavare enn Storesteinen.
Nedstigninga frå Nedreholten er enkelte plasser utfordrande med bratt sti. Ein kjem etterkvart inn på stien som går til Storesteinen.
Utsikta frå Nedreholten fekk eg ikkje oppleve på min tur, men den skal være flott.
Ta turen og sjå.

Då eg nærma meg dalbotnen igjen kom eg under skydekket og eg fekk litt utsikt mot Sunde.

Utsikt mot Oldevatnet frå stien ein regnfull dag.

Ta turen til denne bortgjøymde perla i Oldedalen.
Rundturen er ca 3 km.

GOD TUR!

Muldalsgardane – Muldalsfossen

Muldalslia naturreservat vart oppretta i 2003. Formålet med vernet er å ta vare på ei sers artsrik varmekjær lauvskogli med det naturlege plante- og dyrelivet.
Området grenser til Tafjord-Reindalen landskapsvernområde. Dette området har tidlegare blitt brukt til slått, beite, lauving av mellom anna alm samt ved hogst.

Muldalslia er det best studerte flaggermusområdet i Norge. Heile sju artar er påvist i naturreservatet.
Periodevis er det mykje hjort i reservatet. Desse gjer stor skade på almskogen og spessielt dei unge trea er utsett.

Dei to Muldalsgardane ligg på stupet 350 meter over Tafjorden. Gardane er gamle og den eldste dokumentasjonen av drift på gardane er frå 1526. Der var geitehald på gardane fram til 1970. Gardane vart fråflytta i 1955.

Utgangspunkt for turen opp Muldalslia til Muldalsgardane og Muldalsfossen er i Sørdalsvika/Muldalsvika.
Parkering er rett etter Heggurtunnelen på Tafjordvegen. Stien starter ca 100 forbi parkeringsplassen.

Vegen opp Muldalsbakkane blei etablert i samarbeid mellom Muldalsgardane, Norddal kommune og Turistforreninga i 1890. Den vedlikeholdes no av Muldalsbakkane Veglag. Vegen er åpen for alle.
Bakkane er bratte og krev iherdig vedlikehald, særlig pga vannerosjon.
Der står ein «vegvokter» i eit skur med bøsse for bidrag frå gjester.

Der er 13 hårnålsvingar opp lia og turen er overkomeleg for store og små som er glade i å gå. Alle svingane har namn.

Oppe på platået rett før ein skal krysse elva, på bru før tunet, er der tillaga eit rasteområde for gjester. Respekter at garden er privat, så trakk ikkje i hagen og dyrka marka.

Muldalsfossen er den største fossen på Sunnmøre med eit fritt fall på omlag 190 meter. På grunn av vasskraftutbygging på 1950-talet og framover har vassmenda i fossen minka mykje. For å sjå fossen skikkeleg må ein følge turvegen som går gjennom tunet og ned lia på andre sida av elva enn der ein kom opp.

Fossen har sidan 1880 -talet vore ein turistattraksjon og har også i tidlegare tider blitt kalla «Keiser Willhelms foss».

Stien ned til fossen er fin, enkelte plasser litt bratt, men med rekkverk.

Frå utsiktspunktet er det ei mektig skue til fossen.

Turen frå parkeinga og til Muldal gard er ca 2 km.

Kårnyken i Ålfoten

Kårnyken er eit fjell i Bremanger kommune. Turen er lang, men fin å gå.
Når ein er på toppen er det utsikt i alle retninger.
Terrenget i Ålfoten og nærområda er kjent for sine spesielle fjellformasjoner. Dette ser ein tydeleg i sør. Når ein nærmer seg toppen av Kårnyken, er også terrenget der spesielt, med jøl og taggete topper.

Ålfotbreen og den nærliggande Gjegnalundsbreen, er dei vestligaste isbreeane i Norge. Området er eit av dei områda som blei sist utforska og kartlagde i Norge. Breeane og dei nærliggande områda er verna landskapsområde, og er inngrepsfrie, medan så godt som alle vatn, innsjøar og fossefall runddt dette igjen, er regulert til kraftproduksjon.
Terrenget i området er karakterisert av det unike og spesielle hullelandskapet av devonsk konglomerat-sandstein, der ein kan begynne å lure på om ein ikkje har forvikka seg til ein heilt anna planet enn Jorda. Det er over 200 slike hyller frå Svelgen-området i vest, til Hyen i aust.
(kilde: Turistinformasjon Bremanger)

Her ser ein Kårnyken (under den store skya) frå Bjørneskarnakken.

Utgangspunktet for turen er på Ålfotfjellet/Myklebustdalen. Der er god parkeringsplass ved Fv 614, like nord for Myklebustsætra.
Ein starter turen på 260 moh og toppen av Kårnyken ligg på 1060 moh. Tur/retur er turen 15 kilometer. Estimert tid på denne turen er 6-7 timer.

Utsikt tilbake til Myklebustsætra.

Første del av turen går i rås i myrlendt terreng. Ved Korshylla, etter ca 30 minutters gange, blir terrenget tørrare og det er mindre skog. Her ifrå kan ein også nyte utsikten tilbake til Myklebustsætra.

Sætredalsvatnet.

Ved Sætredalsvatnet (595 moh) krysser ein elva ved utløpet av vatnet. Turen går vidare eit stykke langs vatnet før ein tek motebakken og går rett fram langs elva i dalsøkket.
I dette terrenget er råsa vanskeleg å følge, men det er enkelt å gå stigninga på «laust». Ein vil finne råsa igjen ved den store lyse steinen ca midt i bakken.

Utsikt tilbake til Sætredalsvatnet og Ørnereidsvatnet.

Det er sett/lagd opp steiner (varder) enkelte plasser for å vise retninga ein skal gå. Råsa er også innteikna på kart, og bruker ein gps kan ein lett følge råsa eller ta seg innatt om ein har tatt eit anna vegval.

Etter oppstigninga frå Sætredalsvatnet er ein komt opp i 800 moh og terrenget blir no lettare å gå i. Slak stigning til 850 moh før ein går unnabakken og krysser elva på ca 820 moh. No går turen mot Småvotna. Råsa er ikkje så enkel å følge, men grasbakken er fin å få i.

Tilbakeblikk frå oppstigninga etter Småvotna.

Frå Småvotna går ein sørover oppunder fjellet og der er råsa tydeleg. Første utsiktspunkt nedatt til gardane i Ålfoten dukker opp i jølet.

Deler av Ålfoten og Sigdestadnakken.
Spesielle tagger og revner i fjellet.

Siste stykket mot toppen går råsa i slak stigning i steinlandskap, men i god avstand frå bratte stup.

Siste stykke mot toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg. Fjorder, fjell, bygder, små vatn, breer og elver. Ta med kikkert og studer landskapet.

Frå toppen av Kårnyken ser ein denne spesielle fjellryggen.
På tilbaketuren ser ein landskapet i anna lys.

PRØV DENNE TUREN I DETTE SPESIELLE LANDSKAPET.

Glimmerdalshytta.

Glimmerdalshytta vart bygd av Osdalen Gruvecompani i 1907. På den tida var glimmer , eller moskovitt ettertrakta.
Dette gjennomsiktige mineralet likna stiv plast, men kan delast i tynne flak. Det isolerer og tåler sterk varme, noke som gjorde de veleigna i elektirske utstyr. Det var også brukt i glasdører i ovner.
No har moskovitt mista nytteverdien.

Utvinninga vart først driven uten bustad i fjellet. Det var ikkje rasjonelt og det måtte være eit blodslit å bære glimmeren sju hundrede stupbratte meter ned i Osdalen.
Då ingeniør Jordan frå Bergen overtok drifta fekk han bygd hytta og taubane, men lønsnemda vart aldri bra, og etter fleire eigarskifte var det slutt rundt 1920.

Glimmerdalshytta, utedoen og dagbruddet.

Hytta fall saman, så berre dei fine murane stod att då ungdomar frå Austefjorden bygde den oppatt i 1982. Ti år seinare vart stiftelsen «Osdalen Glimmercompani» oppretta og restaurerte hytta til ein enkel standard.
No er det grunneigarane som eig hytta.

Osdalsætrevatnet

Utgangspunktet for turen er på sør sida av veg 5794 (over Heggjadalen)like ved krysset som går til Grøndalstøylen. Der står eit skilt på vegskuldra.
Råsa er tydeleg første stykke, men enkelte plasser litt utydeleg i det myrlendte terrenget.
Ein går forbi nokre hytter og eit stykke langs Melheimsdalselva før ein krysser den på bru. Vidare på venstre side av Melheimstjønna/Botnatjønna og opp bakkane til Navledalstjønna.
Utgangspunktet for turen ligg på ca 420 moh.
Navledalstjønna ligg på 590 moh.

Botnatjønna/Melheimtjønna

Terrenget og utsikten er nydeleg med mange små vatn og tjønner.

Glimmerdalshytta ligg på 935 moh i enden av Glimmerdalen og turen til er estimert til ca 3-4 timer.
Dagbruddet/gruva ligg sørvest for hytta.
Hytta og utedoen står åpen og kan nyttast av turgåere.

Glimmerdalshytta ligg i enden av Glimmerdalen.
Glimmerdalen lever opp til namnet denne ettermiddagen.

Denne ettermiddagen gjekk turen vidare i det flotte landskapet. Ønsket var å gå fjellrekka frå Jolgrøhornet, Snøtuva, Høgefjellet, Navletua og Navelsakerfjellet, men det er korte dager på denne årstida, så vi måtte avbryte den planen.
Denne turen gjekk fram på fjellryggen bak Navlesaker og tilbake nordvest over til stien igjen.

Utsikt mot Hornindalsvatnet og Holmøyane.
Utsikt mot Kjøs og Holmøyane.

Mange små vatn og tjønner. Utsikt tilbake til Grøndalsvatnet og til fjella i Stad og Bremanger.

Kart over turen til Glimmerdalshytta og til fjellryggen bak Navelsaker. Denne runden er på 15,5 kilometer og med eit tidsforbruk på 6 timer inkl. pause.

TA TUREN I DETTE FLOTTE TERRENGET.

« Eldre innlegg

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑