Nordsida av Nordfjorden har mange fine turområder. Eit av dei er Raudfjelldalen, eit område som ligg mellom Robjørgane i sør og støylen Raudfjell i vest. I dette området er det mange alternativ til turer, både lavt i terrenget og mot Blåegga, Kvanngrøskaregga og Holmøyskaregga som alle ligg på ca 1000 moh.
Eg har gått i området mange ganger, både sommer og vinter, likevel vart dette ein heilt ny tur. Det skal ikkje mykje til om ein går ut av den vante stien. Tek eit nytt vegval.

Panorama utsikt frå Dalehøgda

Raudfjelldalen er fin å gå både sommer og vinter. Det er fleire utgangspunkt for å nå dette terrenget, som Blakseter, Sætren, Robjørgane og Markane.
Uansett kva utgangspunkt ein vel er dette eit fint turterreng med utsikt innover og utover Nordfjorden og alle bygdene rundt.

Min tur tek utgangspunkt frå Blakseter og enden av bomvegen som går til støylen Raudfjell.
Køyr Panoramavegen (Fv 613/Fv 698) til Blakseter, ta av til Nygårdsvegen ved ungdomshuset Frendehall.
Like etter garden Nygård startar bomvegen og der betaler ein sjølvsagt bompenger.
Etter at snøen er smelta og grunneigarane har åpna vegen kan ein køyre til ca 640 moh. Parkering 1 km før støylen Raudfjell.
Om sommaren kan der være dyr på beite rundt parkeringsplassen.

Støylen Raudfjell.

I vest enden av Raudfjelldalen ligg støylen Raudfjell. Det er støylen til Hatlem, Nygård, Steinsåker, Teigen og Dokset.
Ifølge boka Støylar i gamle Innvik og Utvik sogn er Raufjell ein ung støyl.
Før 1877 hadde brukarane to støylar. Gamlestøylen (640 moh) og Skardet (900 moh).
I boka er det også skreve at det er noko tilfeldig at støylen ligg der den ligg.
Ein av brukarane hadde kjøpt eit lite hus på Faleide. Meininga var å frakte dette til Skardet og byggje det opp der. Seint ein kveld kom dei til Raudfjell med lasta og tok kvelden der. Men dei kom seg ikkje lenger og sette like godt opp huset der. Seinare flytta dei andre brukarane sine støylshus ned frå Skardet og Raudfjell vart den nye støylen.

Raudfjell er kanskje den einaste støylen som har gate.
Støylshusa ligg på ei flate og når mange dyr skulle gå til og frå fjøsen kvar dag vart det opptrakka og skjete. Det vart vanskeleg å gå tørrskodd mellom sela. Derfor vart det lagt ned store flate heller mellom sela så det vart ein fin veg. Steinane ligg der den dag i dag og ber namnet Gata.

Fleire plasser i dette området ser ein mykje av rustbrune kollar av ultramafiske bergarter som stikk opp i terrenget. Stadnamn som Robjørgane og Raudfjell har sitt opphav i desse raude kollane.
Les meir om bergarten her: https://geoforskning.no/geotags/raudfjell/

Frå støylen går turen austover. I dette terrenget er det fint å gå uten sti.
Min tur gjekk på laust nordaustover, forbi nokre fjellrabber som stakk opp, over ei elv og i svak stigning mot venstre og retning mot Botnatjønna som ligg på 780 moh.

Ved Botnatjønna kjem ein inn på fin sti. Følg den til dalbotnen. I botnen av dalen tek ein av frå stien og går mot sør til ryggen på sørsida av dalen. Der finn ein ny sti som går langs ryggen tilbake til Raudfjell.

Utsikt har ein heile vegen på turen. Mot aust ser ein heile indre Nordfjord med bygder, fjelltopper og isbreer. Sørover ser ein Innvik og Utvik og fjella mot Gloppen.

Timehaug ligg på sørsida av Raudfjelldalen.
Ein varde viser veg.

Etterkvart får ein utsikt mot Bergsetnakken i vest. Eit anna turmål og landemerke i indre Nordfjord.

Bergsetnakken i haustsol.
Robjørgedemma.

Ved Robjørgedemma er det fint å krysse elva der det er oppmura demning som ligg i høgre bildekant i bildet over. Her har gardane langs Storeelva på Robjørgane hatt si vannforsyning i tidlegare tider.

Robjørgedemma, ein gammal instalasjon.
Himmellys over Innvik og fjella i Gloppen

Lenger vest kjem ein til Rosentjønna. Nydeleg terreng og spesiell bergformasjon.
Spesielle bergartar og formasjonar finn ein mykje av på denne turen.
Heilt frå Gråberg, lenger aust på fellryggen,  går det ei åre av ein slag klebersteinsaktig bergart heilt ut til Hennebygda.

Rosentjønna.
Turen min i Raudfjelldalen.
Oversiktskart .

Terrenget og området mellom Nordfjord i sør og Hornindalsvatnet i nord har mange fine turalternativ. Både i lavlandet og til toppane sommer og vinter.
Det er eit område som er relativt lite nytta og ein går ikkje i kø.

Prøv denne turen i nydeleg terreng.

GOD TUR!