Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Hornindal (Side 1 av 2)

Otterdalsetra/Otterdalskaret

Otterdalsetra eller Otredalsetra, som blir brukt i daglegtalen, er setra til dei fem bruka i den vesle bygda på nordsida av Hornindalsvatnet.
Dei to yste bruka, «Ut i gara» og «Nord på Markjene» blir kalla «Utigar».
«Inigar» er felles namn for bruka «Inn på Markja», «Ut med Persen» og «Nyestovene». Det er vanleg frå gammalt av at tun rundt om i bygdene har slike kallenamn.

Utgangspunktet for turen til setra og til skaret er ved krysset ved postkassestativet, der skilta står. Der er det plass for 2-3 biler å parkere. Følg grusvegen mellom tuna og ein kjem til skogsvegen.

Frå tuna går det skogsveg opp dalen til setra. Denne vart truleg bygd på 1930-talet, den har blitt rusta opp for ein del år sia. Frå gammalt av var det eit kvile, Hillegrova, der elva kryssa råsa. Der kunne dei kvile og drikke av den kalde elva. Om det er same plassen som vegen no krysser ei elv veit eg ikkje, men der kan det være godt med ein kvil på brua. Det er ein bratt men fin veg å gå.

Fin men bratt veg til setra.

Siste stykke, over setrevollen, går ein på gras- og myrterreng.
Det er fin utsikt frå setra.

Selet og fjøsen som høyrer til Inigard.

Bruka som høyrer til «Utigar» slutta med setring i 1948. I «Inigar» slutta dei med mjølkekyr på setra i 1965.

Frå setra (400 moh)er det merka rås til Otterdalskaret. Følg merkinga som går til venstre ut frå setra. Der er også merka til Ytrehornsnakken frå Otterdalsetra. Dei merkingane går bak og mot høgre for setra.
Dette er ein del av løypa til ultraløpet Hornindal Rundt. Det er lett å følge dei kvitmåla steinane og treleggane bak gjennom dalen til skaret.
Frå Otterdalskaret (770 moh) ser ein over til Kalvatn.

Fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Kjøsahalsen, Holmøyvik og Blåeggene.

Turen frå Otterdal og bak til Otterdalskaret er 5 kilometer.

GOD TUR I VAKKER NATUR.

Maurset- Øyesetra-Maursetsetra-Maurset

I dei fleste bygder kan ein sjå setrar/støylar langs lidene, gjerne i skogvakse. Før var det setreråsa som var den faste vegen til setra, men mange av desse setreråsene er no øydelagde av skogsvegar. Ein kan framleis finne deler av dei gamle setreråsene.  Då det var setring rundt om på setrane var det også mange plasser reser mellom setrane som låg nær kvarandre. Budeiene brukte gjerne fristondene sine og helgane til å gå på besøk til nabosetra.
Om det var aktuelt mellom desse setraen som eg skal skrive om her veit eg ikkje, men der er ei gammal rås mellom Øyesetra og Maursetsetra.

Råsa mellom Øyesetra og Maursetsetra vart for ein del år sia rydda og merka. Denne turen er det ikkje så mange som går, sikkert fordi ein ikkje veit om at der er  rås.  Det er ein fin rundtur med mogelegheiter for å forlenge den mot Grendasetra, Holesetra, løypetrasen og bilvegen tilbake til utgangspunktet.
Eg har tidlegare skreve om turen fra Maurset til Øyesetra. I det innlegget står det beskreve utgangspunktet og første del av denne turen. Det innlegget finn ein her: Øyesetra, Markane. 
Fra Øyesetra går ein lida omtrent i same høgde mot Maursetsetra. Utgangspunktet fra Øyesetra er i øverst hjørnet på setrevollen mot aust.
    Tilbakeblikk til dei to sela og fjøsen. Råsa er ikkje like tydeleg alle plasser, men der er raude merkjer på steinar og treleggane.
   
Fine plasser for pause og med utsikt nedatt til gardane på Maurset. Fine haustdager, når det gjerne er skodde i lavlandet er det sol på denne turen.
  
Det er ein fin rundtur som også kan gjerast lenger. Fra Maursetsetra kan ein gå vidare mot Grendasetra og Holesetra. Da har ein plukka mange setrar på ein tur.
Maursetesetra er setra til gardane på Maurset og Ytre Hatledal. Her i fra har ein flott utstik mot deler av Maurset, Ullsheim skistadion, gardane i Grenda, Svingesetvatnet og mot fjella i sør. Fjorskodda ligg tjukk i lavlandet.Fra Maursetsetra kan ein ta råsa til Ullsheim (den går mot aust i nederste hjørne på setrevollen) eller den gamle setreråsa mot Maurset. Den går først vestover før den snor seg ned bakkane. Det er ikkje så mykje merking, men om ein les terrenget litt så finn ein fram. Enkelte plasser kan ein sjå små skilt som heng på trea. I myrområda er der raudmåla stikker.    
Etter å ha gått over ei stor myr med raude stikker ser ein eit stort rotevelte. Like bak det kjem ein fram på skogsvegende. Den er fin å følge tilbake til utgangspunktet.
 Denne rundturen som eg har beskreve her er knappe 6 kilometer og med ein høgdeforskjell på ca 360 meter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Maurset-Øyesetra-Maursetsetra-Maurset.

GOD TUR!!

Terdalssetra – Terdalsvatnet

Terdalen er ein av sidedalane i Hornindal og ligg nesten på grensa til Møre og Romsdal fylke og Stranda kommune.
Turen min inn Terdalen går fra garden Lyngvoll, ein fråflytta gard som blir godt vedlikehalden.
Like før siste huset før fylkesgrensa, ta av på grusveg og køyr ca 400 meter. Parker ved ei utviding like før dyrka marka på Lyngvoll. Gå grusvegen gjennom tunet og vidare på skogsvegen.Skogsvegen går langs dyrka marka eit stykke før ein kjem til utmarksledet. Det er beitande dyr i marka så lat att ledet/grinda.
  Følg skogsvegen så langt som den går og vidare i rås. Den er sporadisk merka med raude prikker men er tydeleg i terrenget så ikkje vanskeleg å finne rette vegen.
Etter knappe 1,5 kilometer kjem ein til Terdalssetra. I alt seks bygninger står på setra. På denne setra, som på mange setrer rundt om, er bygningane av varierande tilstand. Nokre av nyare dato andre til nedfalls.
Frå setra har ein fin utsikt mot gardane i Kjellstadlida og på Trondstad.Turen går vidare bak om setrevollen. Der kjem ein innpå skogsveg som kjem opp fra Muldsvor.  Føl skogsvegen til endes.
Ein er no komne inn på ein del av trasen for ultraløpet Hornindal Rundt. Løypa for det løpet kjem ned fra Muldsvorhornet (940 moh) og føl skogsvegen til Muldsvor.
Denne turen føl dei kvite merkingane eit stykke opp fra skogsbilvegenden til ein kjem til eit tydeleg stidele. Der held ein til venstre og går vidare på tydeleg sti først i åpe landskap deretter eit stykke i lav bjørkeskog.Snart åpner landskapet seg og ein går på tydeleg rås med stigning som ein nesten ikkje merker. Heile tida har ein Terdøla brusande på venstre sida.
Terdøla har sitt utsping i Fossevatnet (988 moh) og renn i nordleg retning til dalbotnen  øverst i Hornindalen. Her snur elva mot vest og renn ihop med Sætreelva og danner Honndøla, som fortset mot Hornindalsvatnet.    Terdalen ligg mellom Knutsdalen,  som ligg i Hornidal kommune og Røyrhusdalen, som ligg i Stranda kommune. I botnen på dalen ligg Holtafjellet (1479) og det fjellet er grensefjell mellom tre kommuner. Hornindal, Stranda og Stryn.
Terdalen er eit flott turområde både vinter og sommer, med sin slake stigning mot Terdalsvatnet. Også Røyrhusnibba er eit flott turmål fra denne dalen.Etter kvart kjem ein fram til Terdalsvatnet (900 moh). Ei einsleg hytte står ved vatnet godt forankra i bakken.  Her er det berre å finne roen og nyte stillheita. Sauene som beiter i lida og fisken som vaker i vatnet er med på å gjere turen fullkommen.
Ser ein mot nord ser ein blant mange fjelltopper Hornindalsrokken med sine 1527 meter.Turen kan ein gjere lenger ved å gå på venstre side av vatnet, opp på reset og inn til Fossevatnet (988 moh).På veg frammatt dalen ser ein tydeleg  fjella i nord, bla. Hornindalsrokken og  Rokkekjerringa.Turen fra Lyngvoll og inn til Terdalsvatnet er knappe 5 kilometer og med ei stignig på 520 meter.

Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnsetra

Rundturnen Kyrkjhornsbakkane – Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnssetra – Kyrkjhornsbakkane er ca 9 kilometer.  Høgdeforskjellen er på ca 700 meter.
Denne turen går på flott skogsveg fra utgangspunktet ,som er ved ein parkeringsplass øverst  i byggefeltet i Kyrkjhornsbakkane. Skogsvegen går heilt til Kyrkjhornsetra. I alle kryss er det skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram og det er angitt kor langt det er til andre turmål i området.
  
Kyrkjhornsetra ligg fint til i lida ved inngangen til Kyrkjhorndalen. Mange fine små sel og fjøser. Det er synd at skogen har vokse så til. Utsikten fra setra hadde vore fantastisk om det hadde vore tynna litt.Her på setra har Hornindal i.l trimpost og her kjem ein inn på traseen for ultraløpet Hornindal Rundt.  Turen vidare føl traseen til Hornindal Rundt og går på råsa som er tydeleg merka med kvite merker på steinar og treleggar. Råsa går no opp bakkane og over ei bru. Rett etter brua tek ein til høgre inn skogen.  Enkelte plasser får ein eit glimt av utsikten gjennom skogen.  Her ser ein så vidt Hornindalsvatnet og Kjøsahammaren. Råsa flater no litt ut og det blir meir luft mellom treleggane. Det er nydeleg rås å gå i, stilt og fredeleg, berre fuglesang og elvesus.
  
Ein krysser Kyrkjhornsdalen der traseen til kraftlinja går. I dette partiet er det litt myrlendt, men råsa er  likevel tydeleg i terrenget. På bildet ser ein Sætrehornet, Storehornet og Gulkoppen.
Sætrehornet er ikkje så markant fra denne vinkelen. Ser ein det fra nord- nord/aust blir den veldi markant.Bildet under er tatt der kraftlinja går ned til Tomasgard. Returen på denne turen går om Lønnssætra. Fra Sætrehornet og tilbake til kraftlinja blir turen den same som ein gjekk opp.  For å kome til Lønnsetra går ein råsa rett fram mot Hornindalsvatnet. Ein kan også gjere turen kortare og droppe Sætrehornet, berre runde av mot Lønnssetra.Sætrehornet 852 moh. med utsikt til deler av bygda langt der nede. Ein har også fin utsikt til fjella mot Møre, Blåbrehornet, Rokkekjerringa, Hornindalsrokken og Kviteggja.Vestover ser ein bla. Middagsfjellet, Glitereggja, Hornindalsvatnet, Navelsakerfjellet og Gløvrefjellet.På returen for denne rundturen går ein råsa tilbake til der kraftlinja krysser Kyrkjhorndalen. Vidare føl ein råsa rett fram retning Hornindalsvatnet.  Råsa er tydeleg og fin, men ikkje merka.

  
Her har naturen laga til kvilestol. Plass til fleire. Berre å prøve.Lønnssetra er setra for gardane på Lødøen. Rundt 1920 var det 30 melkekyr på setra. Det har vore to fjøsar, ein som var bygd av stein og ein av tre. ingen av fjøsane står no. Det har vore berre eit sel på setra og budeiene var samla der. Det var løypestreng til setra. Den vart brukt å  sende høy, lauvkjerr og blåbær heim til garden. Mjølka bar dei heim.
Det var slutt på setring på setra ca i 1944.
Selet er restaurert og like i nærheita kan ein sjå murane etter ein stor fjøs.
Råsa fra Lønnssetra går flatt ut fra setrevollen og fortset sørvest over. Råsa er tydele og merka. Etter ca 600 meter kjem ein nedatt på skogsvegen. Her har ein to valg. Ein kan gå same vegen som ein kom opp tilbake til Kyrkjhornsetra eller berre gå den skogsvegen som ein er komt ned på.  Begge alternativa fører til parkeringsplassen  i Kyrkjhornsbakkane
  

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kyrkjhornssetra-Sætrehornet-Lønnssetra

GOD TUR!!!

Bruasetra – Storesetra – Hjortedalsetra, Hornindal

p1000671I Hornindal kommune er det 21 setrar som det framleis står bygningar på. Tre av desse setrane ligg i Grendadalen. Grendadalen er ein vid og flat dal som  går fra Hjellbakkane og Engebø mot fjella som grensar til Møre. Der er mange turer som er lett tilgjengelege i  fjella som omkranser Grendadalen. Nokre av dei er skilta.
Det har vore store forandringar i dalen dei siste åra, og dette gjer at det er eit populært område å ferdast i både sommer og vinter.
Hornindal Skisenter med alle sine fasiliteter er eit nytt tilskudd av skianlegg i distriktet. Ny veg og stor parkeringsplass er på plass og gjer det enkelt å ta turen til Grendadalen til alle årstider. Grusvegen fra parkeringsplassen og  rundt setrane blir nytta som skiløyper om vinteren. Parkeringsavgift og vegavgift betaler ein sjølvsagt der det blir krevd.
p1000589  p1000593
På bildet under ser ein alle dei tre setrane med fjella og dalane bak. Fra venstre ser ein ein Nabben,1058 moh., vidare Lisjedalen med Lisjedalskaret bak.  Ytre Aksla,964 moh., framfor der.  Vidare Blåbredalen med Blåbreen bak, Indre Aksla, 1212 moh., og Hjortedalen med Tussa bak, 1377 moh.Denne turen rundt Grendadalen går på fin grusveg og er ei runde på ca 6 kilometer. Her er det stille og roleg natur. Terrenget er relativt flatt så her  ein er det fint med barnevogn, sykkel, rullestol og rullator. For dei minste er det mykje å oppdage i grøftekanten. Denne gjengen, som eg trefte på ein fin haustdag ,studerte ein  frosk som var på glattisen. Spennande for små og store.
p1000602  p1000608
Den første setra ein kjem til er Bruasetra, 400 moh. Detter er setra til gardane på Gausemel, Fannemel, Hjellbakk og Haugen. Setra er godt vedlikehaden og dei små sela ligg på rekk og rad.
I 1930 var det ca 54 kyr på setra og det var ein stor jobb for gjetarane å gjete buskapen. Gjetarjobben vart utført etter liste, nøye utrekna med gjetardager, etter kor mange kyr kvart av bruka hadde.
Det var slutt på setringa på Bruasetra tidleg på 1960 talet.p1000611Etter å ha passert Bruasetra går vegen vidare med slak stigning. Ein passerer skilt som viser råsa til Høgenibba, 1191 moh.  I vegkryss tek ein til høgre for å gå setrerunden.  Vegen som går rett fram går i Lisjedalen. Dette er ein anleggsveg som vart bygd da Tussa kraftverk bygde tunnelsystem for å leie vatn, hovudsakeleg fra Hornindal, over til Tyssevatnet. I Lisjedalen har Tussa kraft eit av sine tunnelinntak. Fra krysset og opp i botnen på Lisjedalen er det ca 3,5 km.Når ein fortset setrerunden passerer ein Lisjedalselva. Der er det bru med høge rekkverk. Dette fordi grusvegen rundt setrane blir brukt som skiløyper om vinteren.Storesetra, 440 moh, er setra til gardane på Lødemel. Det tok slutt med setring tidleg på 60-talet. Ved vegen på Storesetra har Hornindal i.l ein av sine fjelltrimposter. Denne trimposten ligg ute berre om vinteren.
Ultrafjelløpet Hornindal Rundt har ein av kontrollpostane på Storesetra.p1000617Godt vedlikehaldne sel og fjøsar ser ein på alle dei tre setrane i dalen. Hyttene som er sett opp i utkantane av setrevollane glir fint inn i terrenget. p1000622Mellom Storesetra og Hjortedalsetra er vegen flat og fin. Desse to setrane ligg omlag på same høgde i terrenget.p1000645På veg opp fra parkeringsplassen ved skisenteret ser ein bort til Hjortedalsetra på andre sida av dalen. På bildet ser ein og tydeleg vegen som går til botnen av Hjortedalen, ca 840 moh. Fra Hjortedalsetra til botnen av Hjortedalen er det vel 2 kilometer.Hjortedalsetra, 450 moh,høyrer til gardane Kroken, Engene, Espe, Dobakk og Rygg. Hjortedalsetra er, til liks med dei andre setrane i dalen, ei stor seter. Setrekviene vart slått og høyet vart oppbevart i setreladene for heimkøyring på skaresnø om vinteren, eller dei frakta tørrhøyet heim om sommaren. På det meste var det 10 budeier på Hjortedalsetra. Det var slutt på setringa sist på 60-talet.p1000655Fra Hjortedalsetra går denne turen på grusvegen mot Engebø før den går over i løypetraseen. Løypetraseen krysser elva Hjortedøla og etter brua føl ein lysløpetraseen mot skisenteret. Går ein denne turen med  vogn  må ein ta av til høgre på grusveg like før Hjortedalsetra. p1000662Ved Gamlesetra, (uten bygninger) ser ein skilt som viser der løypetraseen går mot Hornindalsetra. Her går det turløyper om vinteren. p1000669p1000678Etter at eg gjekk turen har det blitt bygt bru over elva. Den skal være godt dimensjonert og  det vart uttalt da brua var ferdig: «No toler bru den største trakkemaskina og ti elefanter».
Siste stykket mot parkeringsplassen/skisenteret går i lysløypa, i utkanten av dyrkamarka.p1000680p1000671

Kilde til fakta informasjon om setrane: Setrane i Hornindal av Kjell Råd.

Kart over turen ligg på Ut.no: Bruasetra – Storesetra – Hjortedalsetra, Hornindal

GOD TUR!

Øyesetra, Markane

p1000331Øyesetra høyrer til dei to gardane i Øyane. Den ligg i Markane, like over grensa til Hornindal kommune. Ein kan sjå setra fra bygda der den ligg høgt oppe i lida, under Øyenibba/Middagsfjellet.p1000303Utgangspunktet for turen til Øyesetra er på Maurset. Om ein kjem fra Stryn blir utgangspunktet ved den siste garden på høgre sida av vegen. Kjem ein fra vest blir det ved den første garden på venstre sida av vegen. Det er plass til å parkere i tunet ved gamle huset eller ved skogsvegen.Ein må ikkje parkerer slik at ein står i vegen for dei fastboande i tunet, i hyttefeltet eller for drift i skogsvegen. Ser ein folk i tunet så ta kontakt og spør om parkering.
p1000305Skogsvegen er fin og godt vedlikehalden. Når ein kjem til eit kryss skal ein ta den vegen som er i midten. Den går motebakka og i nordvestleg retning. Turen til setra er vel 2 kilometer og skogsvegen er ca 1.5 kilometer. Den siste delen av turen går i rås og terrenget blir brattare. Råsa er bra tydeleg og  delvis merka med raude merker på treleggane og steinar.p1000307p1000311 Ved enden av skogsvegen går turen over i rås. Ein går over ei elv og fortset opp bakkane. Råsa kan være litt utydeleg over ei myr, men der skal ein holde til høgre. Sjå etter raude merker.
p1000313  p1000314
Når ein går i skogen om hausten er det eit vidt spekter av farger. På turen til Øyesetra går ein forbi eit parti med ospeskog. Ospeskogen har både spessiell lyd, lukt og farge om hausten. Når ein kjem lenger opp i lida er det bjørkeskogen som dominerer.
Råsa flater ut på siste stykket og plutseleg ser ein sela på setra.p1000319På setra er det to sel og ein fjøs. Fjøsen eigde dei to bruka i lag.  Gamle selet og fjøsen vart restaurert i 1999.
Setrekvia er bra stor, men noke myrlendt. I tidlegare tider var den verdifull slåttemark. Ein husmann fra Maurset leigde denne kvia.  Han murte opp ein 100 meter lang steinmur på ovanforsida  av setrekvia og hadde risgard rundt ellers. Dette vart gjordt for at krøtera ikkje skulle ete opp avlinga. Denne steinmuren viser tydeleg i terrenget enda.p1000322p1000325Øyesetra ligg ca 600 moh og utsikta austover mot bygda og fjella i  aust og i sør er fantastisk. Markane i.l  har ein av i alt ni  setretrimpostane  her på denne setra. Fra Øyesetra er det rås vidare til  Øyenibba/Middagsfjellet.  p1000330

Kart over turen finn ein på ut.no: Øyesetra

GOD TUR!!

Øyenibba/Middagsfjellet fra Kongsvik til Ullsheim

20160818_13305820160818_134934Denne turen går i grensefjella mellom Markane og Hornindal. Utsikten er fantastisk i alle himmelretninger.

Totalt er turen på 10.5 kilometer.  Vil ein ha lenger tur kan ein starte ved hyttefeltet i Kjøs eller i Svorastranda og gå første stykke i Den Tronhjemske Postvegen.
Eg har tidlegare skreve om den turen : Den Trondhjemske Postvegen Kjøs-Svor
Velger ein å starte fra Kjøs eller Svor blir turen ca 2-2,5 kilometer lenger. Og vil ein ta ein rundtur eller det er problem med logistikken, kan ein plasserer ein sykkel på Ullsheim og sykle tilbake til utgangspunktet.

Eg starta på garden Kongsvik, eller Myra som bygdafolket kaller det.
Ca 500 m etter Kjøs bru, mot Hornindal, tek ein til høgre opp bakkane. Køyr ca ein kilometer til like ved gardstunet.  Der går ein grusveg til venstre. Der starta min tur.
Første delen av turen går på grusveg/skogsveg. Gå til Den Trondhjemske postvegen og fortsett rett fram.
Fra Kjøsahalsen føl ein same råsa som eg har skreve om i innegget: Kongsviksetra- Svorasetra.
Dette er same traseen som ultra fjell-løpet Hornindal Rundt går i.
20160818_120510  Grus- og skogsveg første stykke.
20160818_120810  Her krysser ein postvegen og går rett fram.
Råsa til setrane er bratt, men tydeleg og godt merka. Ein tar mange høgdemeter opp til setra. Svorasetra ligg på vel 400 moh. Øyenibba/Middagsfjellet ligg på ca 850 moh.
P1130889  P1130895
Bilde 1: Kongsviksetra.                                                    Bilde 2: Svorasetra.

Etter å ha passert Svorasetra er det fremdeles ein del skog og god stigning i terrenget.  Men etterkvart åpner landskapet seg og det blir flotte utsikta mot Hornindalsvatnet, Navelsaker og Otterdal. No er det fjellbjørk, kreklingebær og røsslyng i staden for lauvskog. No får ein meir følelsen av  høgfjellet.
20160818_130225Utsikt mot Glitreggja, Hornindalsvatnet, Furefjerdnig, Navelsaker og Otterdal.
20160818_131831  Flott på snaufjellet.
20160818_133649   20160818_134237
På bilda ser ein litt av merkinga til ultra fjell-løpet Hornindal Rundt. Øyenibba/Middagsfjellet er post to av i alt tjue kontrollposter som løparane skal innom.

Området rundt varden på Øyenibba/Middagsfjellet er nydeleg. Små vatn som ein kan stikke tærne i på varme dager. Der er tillaga fin sitjeplass med bord og benker av stein. Her er det berre å setje seg ned og nyte stillheita i fjellet.
Hornindal i.l har trimpost på Middagsfjellet.
20160818_134134Turen vidare innover går i tydeleg rås. Denne delen av turen er ikkje merka.  Eg heldt til høgre innover fjellet. Da har ein fin utsikt til bygda Markane og alle fjella i horisonten. Fleire små vatn ligg i terrenget innover, det finaste er Småskorvatnet. Her er det  laga til med fin sitjeplass  av steinheller og ein bålplass. Kanskje har dette vore her heilt sidan det var Småskorstemne på denne plassen.
20160818_144519Småskorstemne vart arrangert fra 1920 og framover mot 1955. Stemne var ein sosial møteplass for ein kameratgjeng fra Hornindal og Markane.  Det var både menn og kvinner som deltok. Stemnet var eit fast innslag tidleg i august kvart år. Dei hadde med seg mat og drikke.  Ei kokke hadde ansvaret  for å koke kaffi og servere mat.
Min oldefar var ein av dei som tok turen fra Markane. Han hadde med seg ein 15 liters ølkagge i sekken.

Det blir fortalt at der fremdeles skal ligge ein «skatt» etter desse stemna der oppe på fjellet. Det hadde seg slik at dei tok ikkje med seg heim drammeglasa/sølvbegera som dei brukte, men gjøymde dei i terrenget til neste sommar. Mange har leita etter denne «skatten», men ingen har funne den.
IMG_20160825_155827  Ølkaggen som  oldefar tok med på fjellet.
Fra Småskorvatnet kan råsa være litt utydeleg, men det er ikkje vaskeleg å orientere seg i det åpne terrenget. I horisonten er det kjente fjell i alle retninger. I aust ser ein blant anna Skåla, Årheimsfjellet, Avleinsfjellet, Skavteigfjellet,  Melheimsnibba, Strandanibba, Gjerdanibba, Skarsteinsfjellet og Storelogpiken.20160818_145559Vestover ser ein  Glitreggja, Sagtindane, Aasebønakkjen, Vedviknibba, Navelsakerfjellet, Kviteggja og Eidskyrkja.20160818_145956På veg austover mot Nordaelva passerer ein Ruksetjønna. Der skal det være fint å bade om veiret og temperaturen tillet det. Når ein kjem inn til elva finn ein også rås igjen. Følg den ned til brua.
20160818_150917Fra brua  kan ein velge om ein vil følge råsa  til Maursetseta eller gå over elva og gå til Grendasetra. Det er tydeleg og god rås til begge setrane og vidare til Ullsheim.20160818_15160520160818_151914Min tur gjekk til Grendasetra og vidare til Ullsheim. Alltid kjekt å ta turen innom setra, nyte utsikten og mimre litt.20160818_152954Grendasetra er eit populært turmål både sommer og vinter. Den ligg der lett tilgjengeleg fra Ullsheim. Både løypetraseen til Turløyper Stryn og råsa er fine alternativ til/fra setra. 20160818_153726Den gamle setreråsa  går unnabakken ved flaggstanga.  Råsa krysser løypetraseen ved Gamlesetra. Der er det sett opp benk og bord og det er ein fin kvileplass med utsikt til Hornindalsvatnet. Setreråsa går vidar ned bakkane til venstre for den store furua. Etter kvart kjem ein til Loppesteinen. Gamlesetra og Loppesteinen var faste kvileplasser for dei som i gamledager gjekk til seters. På heimvegen var det godt å kvile hylkja på dei gamle murane og på steinen.
20160818_155301  20160818_160042
Bilde: Gamlesetra og Loppesteinen.

Etter Loppesteinen går råsa gjennom eit granfelt. Rett før ein kjem ned på løypetraseen, passerer ein Rømesvadet. Der har det nok blitt søla røme i den tid dei gjekk til seters.
Gå rett over løypetraseen og følg råsa til ein igjen kjem til løypetraseen. Der i fra er det berre å følge traseen/rulleskibana til Ullsheim.
20160818_160449  20160818_160528
20160818_160702  20160818_161044
Strake vegen til Ullsheim.
Her ser ein tilbake til Øyenibba/Middagsfjellet fra Ullsheim. Heile turen fra Kongsvik til Ullsheim er 10,5 kilometer.20160818_161409

Kart over turen finn ein på ut.no; Øyenibba/Middagsfjellet fra Kongsvik til Ullsheim

GOD TUR !

Kongsviksetra og Svorasetra

P1130889Kongsviksetra.
Det er fleire veier som fører til desse to setrane. Mitt utgangspunkt er parkeringsplassen ved hyttefeltet i Kjøs.
Ta av fra Rv 60 på nordsida av Kjøs bru og køyr til parkeringsplassen ved hyttefeltet.
Kjem ein fra aust tek ein av fra Rv 15 ved Øyebakken og køyrer mot Kjøs.
P1050013    P1050019
Første del av denne turen blir det same som for turen: Den Trondhjemskepostvegen Kjøs- Svor.
P1050024      P1130883
Den tronhjemske postvegen er nydeleg å gå på. Her eit sommerbilde og eit vinterbilde.

Følg den Tronhjemske postvegen til ein kjem forbi garden Kongsvik.P1050033Etter ca 200 meter tek ein av til høgre og kjem inn på skogsvegen.  Skogsvegen er tydeleg og ryddig og godt merka.

Ein går no i trassen til fjell-løpet Hornindal Rundt. Ein vil derfor kunne følge merkinga, malte kvite firkanter, heilt til setra.
P1130884    P1130886
Fin skogsvei og rås, men no blir terrenget brattare.P1130885Utsikt til Navelsaker fra skogsvegenden.

Når ein går ut av skogsvegen blir terrenget brattare, men det er tydeleg og merka rås til begge setrane.
Den første setra ein kjem til er Kongsviksetra. Den høyrer til garden Hatlelid. Her har dei restaurert selet siste åra.P1130889Turen vidare til Svorasetra er enkel. Råsa er tydeleg og går opp rett bak selet. Det er ca 200 meter mellom desse to setrane, så enkelt å plukke begge når ein først er komt opp.
P1130891  Fin rås vidare til SvorasetraP1130895Svorasetra. Eit sel og ein fjøs. Ein kan så vidt skimte Hornindalsvatet  gjennom skogen.

Svorasetra ligg på 416 m.o.h og turen er ca 3 km fra parkeringsplassen og til Svorasetra.

Kart over turen ligg på Ut.no: Kongsviksetra og Svorasetra

VÆR NYSKJERRIG OG UTFORSK NYTT TERRENG

GOD TUR

Skjerneset

IMG_20150922_191221 (1)Skjerneset ligg ytterst på Kjøsahalsen. Ein idyllisk plass som er enkel å nå både for små og store, gamle og unge. Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren har vore ein flott turveg i mange år. I dei siste åra har det kjeme ein del steinblokker ned i vegen i den nordlegaste delen.  Det er derfor  ikkje  enkelt å kome seg fram fra Honrnindalssida. Det er høge og bratte hammarar  så ved store nedbørsmengder må ein vise ekstra stor forsiktigheit når ein går der.

Denne runden som eg har gått eit par ganger no i haust, starter ved hyttefeltet i Kjøs og ender opp ved sagbruket i Kongsvik. Om ein ikkej vil gå same vegen tilbake, er det litt logistikk  for å ha bil når ein kjem innatt til Kongsvik.

Dette er ein tur på ca 5 kilometer.

Følg den Tronhjemske postvegen til det høgaste punktet på Kjøsahalsen. Der har Hornindal i.l trimpost. Her  er også første post på løypa til norges tøffaste fjelløp, Hornindal Rundt
P1050019  Parker ved hyttefeltet i Kjøs.
Turen går i slakt og  fint terreng på mjukt underlag. Ein merker nesten ikkje stigninga når ein går mot Kjøsahalsen som ligg på ca 200 moh.
P1050021  P1050024
  Den Tronhjemske postvegen er utruleg fin å gå på.P1050025 Fra eit parti etter hyttefeltet.
Etter at ein har passert hyttefeltet kjem ein til ei lysning i skogen. Der går postvegen like ovanfor innmarka til garden Kjøs, og ein har fin utsikt til Hornindalsvatnet og Bjørnaholmen.
P1050036 Trimposten til Hornindal il på Kjøsahalsen.
Like før ein er komt til toppen på  Kjøsahalsen skal ein halde til venstre på ei rås/skogsveg. Den er ikkje merka, men tydeleg i terrenget. Ein går vidare i slakt skogsterreng nordvest over. Litt stigning før ein er på det høgaste punktet. Det er mykje stor furuskog, så utsikten er ikkje den beste, men enkelte glimt får ein av Grodås sentrum og bygda Otterdal.
IMG_20150922_182847  IMG_20150922_183014
IMG_20150922_183458  Nydelege haustfarger , Otterdal i det fjerne.
Etter å ha gått i rås eit stykke kjem ein ut på ein skogsveg. Der held ein til venstre og går ca 200 meter unnabakkjen før ein skal ta til høgre og ut i ei rås.  Eg sette opp ein lang staur som viser der som ein skal ta av fra skogsvegen.IMG_20150922_184446  IMG_20150922_184829
IMG_20150928_161712  Ved den lange stauren tek ein til høgre ut på rås igjen.
IMG_20150922_185018  Enkelte gamle merkinger i skogen.
Råsa slynger seg mellom store furulegger og ein kjem etter kvart til den gamle vegen som gjekk rundt Kjøsahammaren. Ta siste stykket i rås heilt ned til vatnet og nyt stillheita. Der kan ein finne ly for vinden fra dei fleste kanter. Er det sommer og temperaturen tillet det er der flotte forhold for bading. Eit alternativ er å ta med piknikkorga og nyte kveldsmaten ytters på neset.IMG_20150922_191221 (1)Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren er stille og roleg. Senk skuldrane og ta deg tid til å spasere ein tur på nord sida også. Gå så langt som ein føler for. Det bratte partiet  kan være ustabilt ved store nedbørsmengder og om våren når det er isfall.
IMG_20150922_191706  Fine stabbesteiner står der og vitner om ei faren tid.
IMG_20150922_192421  Otterdal i det fjerne.
IMG_20150922_192610  Steinblokker ligg i vegen på nordsida.
Hornindal i.l har også trimbok på Skjerneset. På den fine benken er det fint å sitje å filosofere og nyte stillheita.
IMG_20150928_162427  Hornindal il har trimpost på Skjerneset
Den gamle vegen rundt Kjøsahammaren egner seg godt både for å spasere på, bruke sykkel, trille barnevogn, rullestol eller ta med rullatoren.
IMG_20150928_162908  Stille og fredelegIMG_20150928_163429Utsikt fra Kongsvik over Hornindalsvatnet og litt av den gamle vegen som går rundt Kjøsahammaren.

Kart over turen finn ein på ut.no: Skjerneset

PRØV TUREN , NYT NATUREN!!

 

Over Kviven. Fra Kalvatn til Hornindal

Over Kviven har folk vandra i hundrevis av år.  Folk fra Austefjorden og Hondalen nytta råsa gjennom Kvivsskardet når dei skulle besøkje kvarandre til arbeid eller fest.  Alt i 1760 vart dette sambandet skildra som det kortaste vegen frå Sunnmøre til Sogn.
Mange har kjempa for  utbetring av denne traseen. Den første søknaden om støtte til veg over Kviven er fra 1877. Søknaden vart avslått mange ganger, men i 1884 vart det innvilga kr 50,- av Hornindal heradstyre.  Dette med forutsetning av at også Volda og Hjørundfjord heradstyre innvilga same beløpet. Det vart gjordt, og ei viss utbetring vart utført. Etter ca 135 år kom det tunnel gjennom fjellet og no køyrer vi Kvivssambandet fra Hornindal til Kalvatn på få minutter.

Eg vil anbefale å ta denne turen over fjellet. Det er ein forholdsvis lett overgang.  Høgaste punktet på turen ligg på 860 moh.  og distansen er ca 9 kilometer.
Ein kan sjølvsagt velge kva slags vei ein vil gå. Eg vil skildre turen fra Kvivsdalssetra og til Lillestøl.P1120121For å kome til utgangspunktet tek ein av mot Bjørke like ved Kvivstunnelen. Køyr  ca 1,5km til Bueide. Ta til høgre opp grusvegen, betal bompenger om ein ønskjer å køyre til setra.  Til setra  er det ca 2 kilometer.P1100778På Kvivsdalssetra ligg det sju små sel side om side. Her er også ein geitefjøs. Det er gode parkeringsmuligheiter om ein køyrer heilt fram.
Råsa finn ein når ein går over setrevollen, langs gjerdet mot dyrka marka. Råsa er tydeleg, lite merking første delen.
P1120122
P1120123  Fin rås fra setrevollen og innover Kvivsdalen.
P1120131  Fine kulper i elva som ein kan avkjøle seg i.
Første stykket inn dalen går råsa i slakt terreng. Opp Stegen blir det meir stigning, men enkelt å ta seg fram. Når ein vinn høgdemeter så kjem også utsikten. Her ser ein framatt dalen mot setra.P1120135På dei fleste turer eg har gått så har eg før eller seinare kjeme fram på trimposter. I nederste enden på Kvivsdalsvatnet står det også ein slik trimpost. Ta ein pust i bakken og nyt utsikten. Skriv namnet ditt i boka og sjå etter om kjent folk har vore der.P1120145Kvivsvatnet ligg på 680 moh. Og sjølv om kalenderen viste midten av august så var der fremdeles snøbreer.
P1120148     P1120149P1120152Her ser ein tilbake mot Møresida.  Denne dagen var vatnet blått blått.
P1120154   P1120157
Fra Kvivsdalsvatnet og opp siste stigninga til Kviven var råsa godt merka. P1120161P1120163  Oppe på Kviven var det snø både over og under vatn.
P1120164  Fine skilt som viser vegen vidare.
Som ein kan sjå av skilta så er her forskjellige turalternativ.  Høgenibba ligg på 1191 moh og Grendadalen på ca 400 moh. Ein slik fin dag kunne ein fortsett å gå i høgda. Utfordringa er logistikken for å kome seg heim. Når ein tek turen fra Kalvatn (Kvivsdalssetra) og til Lillestøl i Hornindal er det enkelt om ein har to biler. Parker den eine på Lillestøl og køyr vidare gjennom Kvivstunnelen. Kort vei og hente den som står ved startpunktet.P1120165Sol og snø ein sommerdag er ikkje feil. Dette bildet er tatt rett før høgaste punktet.P1120171Ingen ting å seie på utsikten mot Grodås når ein er på Kviven. Her ser ein også fjella på sørsida av Nordfjorden og nokre i Breim. Fra venstre nemner eg: Skarsteinfjellet, Ceciliekruna, Storelogpiken, Snønipa og Vora.P1120174
Nedstigninga fra Kviven mot Lillestøl er delvis merka. Ein må følge godt med for råsa er ikkje like tydeleg alle plasser. Ein skal gå på høgre side av elva som ein ser på bildet under. Og ein skal forbi denne store steinen med måling på som ligg der terrenget flater ut.
P1120176   P1120175
Når ein nærmer seg skogkanten kjem ein fram til ruinane etter Lillestølsetra. Denne setra har blitt rasert av snøskred to gonger. Første gangen var i 1944, da tok raset to av sela. I 1979 raserte eit snøras resten av bygningane.
Råsa går over setrevollen og i tidlegare tider da det vart arrangert Kvivsstemne, var det mange som tok turen forbi setra. Eg hadde litt problem med å finne råsa fra setrevollen. Men gå ned bakken mot ein steingard, da har du den.P1120179P1120181  Steingard i utkanten av setrevollen.
Fra Lillestølsetra og ned bakkane mot gardane  går råsa i skogsterreng. Råsa er tydeleg og etter kvart kjem ein inn på ein fin skogsveg. Den går heilt ned til Lillestøl. Det er beitande dyr i terrenget så lat alltid igjen grindene etter deg.P1120183     P1120184
P1120187  Oppslagstavle  med historia om Kvivsvegen.P1120191Her nærmer ein seg gardstuna på Lillestøl.
P1120193  Tilbakeblikk mot Kviven fra Lillestøl.
Om ein vil ta turen andre vegen, så køyr bygdevegen fra Grodås sentrum mot Ytrehorn. Køyr til du ser skilting mot Kviven.
Parkeringsplass for bilen finn ein ved eit lager like ved Kvivsbrua. Sett bilen slik at den ikkje står i veien for andre.P1120171

Kart over turen finn du på ut.no: Over Kviven. Fra Kalvatn til Hornindal

TA TUREN OG UTFORSK TERRENGET OVER TUNNELEN.

« Eldre innlegg

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑