p1000671I Hornindal kommune er det 21 setrar som det framleis står bygningar på. Tre av desse setrane ligg i Grendadalen. Grendadalen er ein vid og flat dal som  går fra Hjellbakkane og Engebø mot fjella som grensar til Møre. Der er mange turer som er lett tilgjengelege i  fjella som omkranser Grendadalen. Nokre av dei er skilta.
Det har vore store forandringar i dalen dei siste åra, og dette gjer at det er eit populært område å ferdast i både sommer og vinter.
Hornindal Skisenter med alle sine fasiliteter er eit nytt tilskudd av skianlegg i distriktet. Ny veg og stor parkeringsplass er på plass og gjer det enkelt å ta turen til Grendadalen til alle årstider. Grusvegen fra parkeringsplassen og  rundt setrane blir nytta som skiløyper om vinteren. Parkeringsavgift og vegavgift betaler ein sjølvsagt der det blir krevd.
p1000589  p1000593
På bildet under ser ein alle dei tre setrane med fjella og dalane bak. Fra venstre ser ein ein Nabben,1058 moh., vidare Lisjedalen med Lisjedalskaret bak.  Ytre Aksla,964 moh., framfor der.  Vidare Blåbredalen med Blåbreen bak, Indre Aksla, 1212 moh., og Hjortedalen med Tussa bak, 1377 moh.Denne turen rundt Grendadalen går på fin grusveg og er ei runde på ca 6 kilometer. Her er det stille og roleg natur. Terrenget er relativt flatt så her  ein er det fint med barnevogn, sykkel, rullestol og rullator. For dei minste er det mykje å oppdage i grøftekanten. Denne gjengen, som eg trefte på ein fin haustdag ,studerte ein  frosk som var på glattisen. Spennande for små og store.
p1000602  p1000608
Den første setra ein kjem til er Bruasetra, 400 moh. Detter er setra til gardane på Gausemel, Fannemel, Hjellbakk og Haugen. Setra er godt vedlikehaden og dei små sela ligg på rekk og rad.
I 1930 var det ca 54 kyr på setra og det var ein stor jobb for gjetarane å gjete buskapen. Gjetarjobben vart utført etter liste, nøye utrekna med gjetardager, etter kor mange kyr kvart av bruka hadde.
Det var slutt på setringa på Bruasetra tidleg på 1960 talet.p1000611Etter å ha passert Bruasetra går vegen vidare med slak stigning. Ein passerer skilt som viser råsa til Høgenibba, 1191 moh.  I vegkryss tek ein til høgre for å gå setrerunden.  Vegen som går rett fram går i Lisjedalen. Dette er ein anleggsveg som vart bygd da Tussa kraftverk bygde tunnelsystem for å leie vatn, hovudsakeleg fra Hornindal, over til Tyssevatnet. I Lisjedalen har Tussa kraft eit av sine tunnelinntak. Fra krysset og opp i botnen på Lisjedalen er det ca 3,5 km.Når ein fortset setrerunden passerer ein Lisjedalselva. Der er det bru med høge rekkverk. Dette fordi grusvegen rundt setrane blir brukt som skiløyper om vinteren.Storesetra, 440 moh, er setra til gardane på Lødemel. Det tok slutt med setring tidleg på 60-talet. Ved vegen på Storesetra har Hornindal i.l ein av sine fjelltrimposter. Denne trimposten ligg ute berre om vinteren.
Ultrafjelløpet Hornindal Rundt har ein av kontrollpostane på Storesetra.p1000617Godt vedlikehaldne sel og fjøsar ser ein på alle dei tre setrane i dalen. Hyttene som er sett opp i utkantane av setrevollane glir fint inn i terrenget. p1000622Mellom Storesetra og Hjortedalsetra er vegen flat og fin. Desse to setrane ligg omlag på same høgde i terrenget.p1000645På veg opp fra parkeringsplassen ved skisenteret ser ein bort til Hjortedalsetra på andre sida av dalen. På bildet ser ein og tydeleg vegen som går til botnen av Hjortedalen, ca 840 moh. Fra Hjortedalsetra til botnen av Hjortedalen er det vel 2 kilometer.Hjortedalsetra, 450 moh,høyrer til gardane Kroken, Engene, Espe, Dobakk og Rygg. Hjortedalsetra er, til liks med dei andre setrane i dalen, ei stor seter. Setrekviene vart slått og høyet vart oppbevart i setreladene for heimkøyring på skaresnø om vinteren, eller dei frakta tørrhøyet heim om sommaren. På det meste var det 10 budeier på Hjortedalsetra. Det var slutt på setringa sist på 60-talet.p1000655Fra Hjortedalsetra går denne turen på grusvegen mot Engebø før den går over i løypetraseen. Løypetraseen krysser elva Hjortedøla og etter brua føl ein lysløpetraseen mot skisenteret. Går ein denne turen med  vogn  må ein ta av til høgre på grusveg like før Hjortedalsetra. p1000662Ved Gamlesetra, (uten bygninger) ser ein skilt som viser der løypetraseen går mot Hornindalsetra. Her går det turløyper om vinteren. p1000669p1000678Etter at eg gjekk turen har det blitt bygt bru over elva. Den skal være godt dimensjonert og  det vart uttalt da brua var ferdig: “No toler bru den største trakkemaskina og ti elefanter”.
Siste stykket mot parkeringsplassen/skisenteret går i lysløypa, i utkanten av dyrkamarka.p1000680p1000671

Kilde til fakta informasjon om setrane: Setrane i Hornindal av Kjell Råd.

Kart over turen ligg på Ut.no: Bruasetra – Storesetra – Hjortedalsetra, Hornindal

GOD TUR!