Å studere kart og finne nye turmål er spennande og eg blir inspirert og nyfiken når eg høyrer og les om avsides liggande gardar og plassar, og som gjerne har ei spesiell historie.

Askevika i Ålfoten er ein slik plass. Ein gammal fråflytta gard med ei historie om ei tragisk hending i 1751.

Askevika er eit turmål som ikkje så mange vel eller veit om. Det ligg ved munningen til Ålfotefjorden. Eg fekk sjølv høyre at det var vanskeleg å ta seg fram der til fots. At ein helst kom båtvegen til denne plassen.
No har eg utforska og dette var ein variert og fin tur. Har ein evna til å følge ei rås, sjølv om den ikkje er tydeleg heile vegen, lese terrenget og har kart så finn ein fram.

Utgangspunktet for turen er Vika i Ålfoten. Parker nede ved fjorden på ein eigna plass. Gå Vikavegen opp bakken og ta til venstre ved gardstunet. Fortsett den forbi bolighusa og vidare på traktorvegen.

Traktorvegen går til ei dyrka mark. Gå til (nesten) øverste høgre hjørne og vidare til to gardfjøsar. Frå gardfjøsane føl ein terrenget nordaust over langs ei lita elv. Der er ein del hjortetrakk, men stien går opp slak bakke og inn mellom bratte berg.

Terrenget og atmosfæra gjennom Kloven er frodig, stille og magisk. På stien ved dette bratte berget, der alt er grønt og frodig må ein berre stoppe opp og la inntrykket synke inn. Ein spesiell følelse når ein går der.

Stien er delvis merka med raude merker på treleggar. Etter å ha runda det spesielle berget går turen unnabakken heilt til fjorden. Ein får då eit lite glimt av holmane som ligg utanfor Askvika.

Langs fjorden er det lett å følge råsa. Ein går stedvis mellom store steiner. Under ein stor stein med overheng var der laga til ein plass for ein rast.

Langs fjorden har ein fin utsikt til Gjegnen og Bukkenibba.
Holmane som ligg utanfor Askevika heiter Storholmen og Litleholmen.
På andre sida av fjorden kan ei sjå Gjegnalunden, eller Lunden som det blir kalla i daglegtalen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Vik i Ålfoten. Her budde folk til like etter 1900. Under bygginga av Yksenelvane kraftverk vart det bygd boligar til ingeniørane og arbeidarane i Lunden.

I Askevika står det no ein bygning. Ein ser ellers murer etter store bygninger. På bildet under ser ein naustet.

Gammalt bilde frå Askevika.

Her er historia om Epledrapet i Askevika.
Henta frå :
Ei kulturhistorisk rundreise langs etter vegane i Bremanger kommune
av Årstein Svihus

Den 25. januar 1751 dreiv liket av ei kvinne i land ved Flòtøyna. Kvinna heitte Abelone Kristine Limrup, og det vart snart klart at ho ikkje hadde hamna i sjøen ved eit ulykkestilfelle. Skallen var nemleg knust, og ho var merkt med 11 knivstikk.
Abelone hadde sidan 1739 budd på Ystevikja, ein plass under Askevikja. Tidlegare hadde ho og mannen, Nils A. Tyndgreen, drive gjestgjevarstaden Hestenesøyra. Nils sørgde etterkvart for å setje denne verksemda over styr med drikking og slåsting, før han til sist stakk sin veg. Abelone flytte då til Askevikja der ho hadde eit lite øltapperi og ei einsleg ku. Sjølv om det i sesongane nok var ein og annan jekteførar og fiskarlag som var innom for å leske seg på vegen ut fjorden, vart det ikkje rare fortenesta av denne verksemda. Det var likevel ikkje sviktande ølsal som vart hennar bane, men ein konflikt med jordeigaren Elling Oleson. Elling og kona Anne kom ikkje godt ut av det med Abelone, og det var Elling som sendte ho ut av
denne verda.
Sjølv om Ystevikja ikkje nett var nokon edens hage var det også her eit spørsmål om forbodne frukter som fekk fatale følgjer. Abelone tok eple frå ein apal og Elling meinte at han som grunneigar hadde rett på halvdelen av desse, men Abelone ville ikkje gje i frå seg eit einaste eple. Det var ikkje store verdiane det var snakk om, epla var berre verdt 8 skilling (det gjekk 96 skilling på ein dalar). Kanskje hadde dei krangla om dette heilt sidan epla vart hausta, og no, i januar, utvikla krangelen seg i retning. Korleis ting skjedde vidare og kva som vart sagt veit ein ikkje. Det som derimot er klart er at enden på saka vart at Elling til sist gøyv laust på Abelone. Først tok han ein årekjepp og slo ho over nakken slik at ho falt overende. Deretter gjekk han laust på henne med kniv og stakk på nytt og på nytt. Av dei 11 knivstikka ein fann spor etter, hadde fire ramma kroppen, spreidd frå halsen til mage. Då illgjerninga var utført kasta han liket på sjøen. Det er fortalt at Abelone deretter rak til Flotøyna, motstraums og mot ein forferdeleg storm. Elling vart teken i forvaring hjå bygdevaktaren Kristoffer Rønning. Sidan klarte han å komme seg ut og springe på elva der han drukna seg. Buet etter Elling vart deretter overteke av kongen.

Askevika var i følge Bremangerboka i privat eige fram til 1948 då det vart seld til L/L Firdakraft.

Turen til Askevika er knappe 4 kilometer ein veg.
Her er også fint å legge til med båt og fine plasser for å slå opp telt.

PRØV DENNE FINE TUREN.

GOD TUR.