Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Herøy

Muletua-Barmen-Børa-Okla

Ytterst mot Atlanteren, nordvest for Fosnavåg, ligg Nerlandsøya. Øya har eit fantastisk turterreng. Denne turen går over Mulefjellet til Muletua, Barmen, Børa og Okla. Det er ein fin og enkel tur på nordenden av øya. På denne delen av øya er det eit spessielt terreng. Store myrområder, steile klipper og med storhavet å kvile augene på. Turen kan ein ta til alle årstider.
Muletua er det vestlegaste punktet på turen og ligg 253 moh. Der er god rås, terrenget er lettgått og utsikta upåklageleg.

For å kome til utgangspunktet følg Fv 20 frå Fosnavåg til Nerlandsøya. Følg hovudvegen til Kvalsvik og ta til venstre der vegen deler seg i to.

Turen starter på høgaste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Der er ein liten parkeringsplass 50 meter før råsa og ein stor parkeringsplass på vegenden 300 meter etter råsa.

I dette området vart det før i tida tatt ut torv til brensel og ein kan framleis sjå spor etter denne aktiviteten. Der er også ein tydeleg torvveg.
Torvvegen er eit alternativ på turen tilbake til utgangspunktet. Vegen er tydeleg avmerka på kart.

Tydeleg spor etter gammal torvveg.

Du har ikkje gått mange høgdemeter før du får utsikt mot storhavet og øyane som ligg i området. I sørvest ligg øya Skorpa med Keipen (431 moh)som høgaste punkt i nordaust ligg Runde. Ut i havet ser ein Svinøy med Svinøy fyr.

Skorpa med høgaste punkt Keipen 431 moh.
I nordaust ser ein Runde.

Muletua er som ein veslebror til Runde. Færre fugler men også færre folk. Det bratte terrenget mellom sjøen og Muletua på nord, sør og vestsida er freda. Dette er Muleneset naturreservat og det er ferdsels forbod i det området frå 1 mai- 30 juli. Naturreservatet er bla.  ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna toppskarv, havhest, teist og måker.
Råsa opp til Muletua og vidare på turen innover fjellet ligg utanfor fredingsområdet.

Nær toppen av Muletua ligg ei restaurert torvskjå. Denne minner om bygdfolket sin tidlegare kamp for å skaffe brensel.

Utsikt mot Barmen, Børa og Okla. Fuglefjellet Runde lengst bak.

Frå Muletua og vidare austover er terreng lett og kuppert med tydeleg rås. Barmen er høgaste punkt på turen, 278 moh. Helleskardet ligg mellom Barmen og Børa (210 moh). Seideskardet ligg mellom Børa og Okla (149 moh.)

Her ser ein tilbake til Muletua.

Vidare går denne turen tilbake til Seideskardet og føl ei rås om går mot bebyggelsen. Du kan også velge den gamle torvvegen som er stipla på kartet.
Turen slik den er teikna inn på kartet er ca 6.5 kilometer.

Ta også turen til vegenden og Mulevika. Mulevika er ein av Sunnmøre sine skjulte perler. Her kan ein oppleve storhavet med bølger frå Atlanterhavet på nært hold. Mulevika er ein populær plass å ferdast heile året.

Mulevika ein populær plass heile året.

TA TUREN OG OPPLEV FLOTT KYSTLANDSKAP.

Rundtur på Runde

Runde er den største fulgeøya sør for polarsikelen. Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fulg. Fuglelivet har vore freda sia 1957, men i 1981 vart det vedteke nye verneregler som også omfatter geologi og botanikk.  Dette skulle gje betre vern mot større press frå aukande turistferdsel. Goksøyrmyrane naturreservat vart oppretta  i 1996.

Eg er ikkje spessielt intresert i fuglar og fuglelivet, men syns det var spennande og intresant å sjå dei fuglane som dukka opp. Ikkje har eg kamera som eigna seg for fuglefotografering, ei  heller kikkert som er av ein slik dimensjon at det hjelper.  Men vi fekk sjå både havørn og lundefulg på nært hold. Og så fekk vi nærkontakt med måsen, da vi eit lite øyeblikk snudde ryggen til under lunchen.

Når ein er komt ut til Runde, køyrer ein litt forbi Runde miljøsenter. Da kjem ein til ein parkeringsplass som er berekna for fotturistane. Der er det også toalett. Derifra går ein bilveien eit stykke forbi campingplassen. Da kjem ein til ein påle med skilt og der tek ein fatt på motbakken.
P1060687
P1060688Bilde: Ta deg tid til å lese informasjonen som står på skilta.

Opp den brattaste stigninga er stien asfaltert og med rekkverk. Det er god og tydeleg rås/sti på heile runden. Som det står på diverse skilt er det viktig at ein går på dei merka stiane. Dette for å ta hensyn til fuglelivet, gologien og botanikken.
P1060691
  P1060696
Ein kan godt ta med barn på denne turen. Når ein er komt opp dei første bakkane er terrenget slakt og fint. Om ein studerer kartet først i innlegget ser ein at der er forskjellige alternativ til ruter. Før du legg ut på tur så fyll drikkeflaskene med drikke, for ein finn lite ferskvatn langs stiane.

Skilta som er sett opp er litt utydeleg å lese, men går ein nær nok og tek seg tid er det enkelt å forstå.
P1060698
  P1060699
Det viser tydeleg i terrenget at her er mykje fotturister som går for stiane er godt trakka. Dei er også godt tilrettelagde. Der det er våte parti er det lagt ut planker.
P1060701
  P1060704
Utsikten er fantastisk. For meg som kjem fra dei store skoger i Markane er det storslått når ein kjem ut til havet. På denne turen ser ein havet og båttrafikken heile tida. Alt fra store turistskip til små joller.
P1060705
Når ein er komt opp stigningane så ser ein tilbake til bebyggelsen i Goksøyr.
P1060709
Stien går på ytterkanten av øya og utsikten mot storhavet er fantastisk. Det høgaste punktet på øya er 333 meter over havet, det ligg på aust sida. Den runden som eg beskriv her går på nordsida og vestsida. Det høgste punktet på den runden er 294 meter over havet. Vi gjekk først på nordsida og mot fyret og dreia over på vestsida for så å gå rett over øya og tilbake til utgangspunktet.

Når ein er komne til Raudetinden ser ein til Kvalneset der Runde Fyr ligg.
P1060715
Langs med stien er det sett opp tavler med informasjon om fuglar og fuglelivet. Som her i Skarveura på nordsida av øya.
P1060720
På turen såg vi også nokre få beitande husdyr. Så det er ikkje berre fuglar på øya.
P1060727
P1060728Bilde: Røsslyngen var i blomst alt. Eit teikn på at sommaren er komt langt…..
P1060732
  P1060733
Bilde: Stien er godt tilrettelagd både på flata og i bakkane.

Runde fyr er eit av 80 freda fyr i Norge. Detter er ei av DNT sine sjølvbetjente  hytter. Det er den nyaste fyrvokterboligen på fyrstasjonen som er gjordt om til DNT hytte. Her er 24 sengeplasser.
P1060737
Stien ned bakkane til fyret er bratt, men godt tilrette lagt med trappetrinn av stein og rekkverk. Her er det berre å bruke tid ned. Husk å løfte blikket og nyt utsikten.
P1060740
  P1060748
P1060752
Runde fyr vart i 1767 oppretta i privat eige som det femte fyret i Norge. I 1807 tok staten over fyret. Det var da mest som ei gryte som ein heldt fyr i. I 1826 vart det oppgradert til kolbluss fyr. I 1858 vart det bygd støypejernstårn ytterst på Kvalneset, og den nederste delen er bevart. I 1935 vart fyret vidare oppgradert til betongtårn som vart plassert lenger opp i bakken. Fyret vart etter kvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger nødvendig med menneskleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut. Pr 2005 bestod fyrstasjonene av 6 bygg. Sjølve fyrbygningen,smie, 2 bustadhus, kombinert fjøs og låve, olje- og vedbud. Det budde tidvis svært mange på fyrstasjonen. Fyrvaktarar, assistenter, koner, barn, gruvenanter, tjenestefolk og husdyr.

Heile fyrstasjonen vart verna i 2001.

Sia 2003 har Den norske turistforening nytta den nyaste fyrvaktarboligen som turisthytte.
P1060758
  P1060759
P1060761
 
P1060776  P1060779
P1060782
P1060786 Bilde: I 1826 vart Runde fyrstasjon oppgradert til kolblussfyr.
Etter besøket på fyret, gjekk turen motebakka igjen. Ta same veien oppatt fra fyret  som ein gjekk ned. Fortset vidare på vestsida av øya. Fremdeles med eit storslagent utsyn mot havet. Her har ein eit godt utsyn mot fuglekoloniane i Rundebranden. Krykkja og Havsula er dei mest talrike artane.
P1060789
P1060791 Bilde: Rundebranden, 294 moh
Eg har ikkje kamera som eignar seg til å få nærbilde av fuglelivet i fjellet. Ei heller kikkert som duger. For dei som er fugleintresert er her mykje å studere.
P1060793
Bilde: Fuglekikker

Turen går vidare fra Rundebranden til Kaldekloven. Her er det ein bratt sti ned til havet for dei mest ivrige fuglekikkarane. Nede ved havet kan ein gå inntil deler av Krykkje koloniane i Kaldeklova.
P1060814
P1060813Vidare går stien i slakt terreng mot Lundeura. Den beste tida på døgnet, for å sjå Lundefuglen, er klokka 21. Her har ca 100 000 hekkande par sitt tilhold sted fra februar/ marsl. I siste halvdel av august forlet lunden hekkeplassen og trekkjer mot ope hav i nord Atlanteren. For at fuglane skal få fred i hekketida er det forbode å ferdast utanfor dei merka stiane.

Det er mulig å ta båttur rundt Runde også. Den turen tar 2 timer.

Her ser ein tilbake til Goksøyr. Heilt i fjæresteinane ligg Goksøyr Camping. Eit godt alternativ om ein vil bruke fleire dager på ekspedisjonen. På campingplassen har dei oppstillingsplasser for bobiler, teltplasser og hytter. Der er også kiosk med diverse daglegvarer. Vertskapet var hyggelege og behjelpeleg med alle slags spørsmål fra forskjellige reisende.P1060703P1060848P1060850P1060843P1060838P1060840RUNDE LIGG I HERØY KOMMUNE PÅ SUNNMØRE. OG DETTE ER EI NATURPERLE SOM ER LETT TILGJENGELEG FOR MANGE. GOD TUR.

Kart over turen finn ein på ut.no: Rundtur på Runde

 

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑