Dollsteinhola ligg på vestsida av Sandsøy i Sande kommune i Møre og Romsdal. For å kome til Sandsøy tek ein ferge frå Årham til øya Voksa. Der i frå er det veg over til Sandsøya. Ta til venstre i første kryss og følg merking til Dollsteinhola.
På Skarshaugen er det parkeringsplass for nokre biler.  Frå parkeringsplassen ser ein garden Skare som ligg heilt i fjøresteinane. Vi gjekk turen i slutten av mars og vegetasjonen bar endå preg av vinter.

Ein ser fjellet Dollsteinen der den kjende Dollsteinhola ligg. Dette er ei av dei merkligaste grottene i landet, og er omtalt i fleire historiske skrifter frå langt tilbake i tid.Frå Skarshaugen går ein ca 100 meter tilbake til krysset som går ned til garden og føl gardsvegen til der er skilta til Dollsteinhola til høgre, like før tunet. Turen er merka med raude stikker og er enkel å følge.
   
Turen til Dollsteinhola er ein fjøretur, men enkelte plasser går ein over klipper og fjellnaser. Det blå havet er tett på heile turen.Langs råsa er det sett opp mange skilt med plassnamn. Som Storegjøtten, Flatmagevika, Grytevika og mange fleire.
Storegjøtten, Lisjegjøtten og Sandgjøtten er mindre grotter som er enklare å utforske enn sjølve Dollsteinhola.
    f
   
Dollsteinen og ruver 227 moh.  På austsida av fjellet er der merka overgang til Hellandsvågane som ligg nord for Dollsteinen.
Turen til Dollsteinhola er merka heilt til Steinstangen. For å kome til hola må ein gå dei siste 150 meterane i bratt, men fult farbar stigning til holeopninga som ligg ca 60 meter over havnivå.
    
Dollsteinhola er ca 180 meter lang og har fem rom som er skilt med lange, trange passasjer.
Det knytter seg mange sagn til Dollsteinhola og det er gjort fortidsfunn der.  Hola var først omtalt i tidsskriften Naturen i 1877.
   
Turen i fjøra, fra Skaret til inngangen av hola går i kupert og variert terreng. Dette er ein tur som passer dei fleste nivå. Vi var ikkje inn i hola. For å gå til botnen av grotta er det nødvendig med lokalkjent guide.

Turen er ca 3 kilometer kvar veg.

Kart over turen ligg på Ut.no: Dollsteinhola, langs fjøra til inngangen.

GOD TUR!