Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Selje

Stålet på Stadlandet

Ytterst i verden, Yttterst i vest
kan hende du seile di skute
kan hende du seile tilfeldig som gjest
-kanskje du går der i rute..

Teksten i Ola Bremnes sin låt kjem fort i tankane når turen går på Stadlandet.
På turen til Stålet går ein så langt mot vest som det går ann å kome, og storhavet blir ein følgesvenn på turen.

Utgangspunktet for turen er i bygda Honningsvåg, ved vegenden på Tårneset.
Der er ein liten parkeringsplass ca 200meter før dei siste husa i bygda.

Dette er ikkje noke topptur med sine 120 moh, men ein spektaktulær tur.
Det er knappe 2 kilometer frå start og ut til Stålet.

Som ein ser av skiltet så er der mange turalternativ frå parkeringsplassen.

Frå Vardane ser ein heilt til turmålet, Stålet. Ein ser da at det er eit skrålent terreng turen går i, ca 80 moh.

Litt til sides for stien kan ein sjå ein aldeles fantastisk mur. Eg såg ikkje andre instalasjoner i nærområdet så eg veit ingenting om denne muren.

Turen er T-merka der det kan være vanskeleg å sjå vegvalget.
På bildet under ser ein stien som går i det skrålente terrenget.
Det er ikkje anbefalt å gå turen når det er vått og sleipt i terrenget.

Her ute er det berre å nyte stillheita og studere utsikta. I sørvest ser ein Kjerringa på Stad, i aust til Kvamsøya og Sandsøya. Om sommaren går der beite dyr i dei frodige bakkane.
Eg vil ikkje anbefale turen for dei minste barna.

GOD TUR I FANTASTISK LANDSKAP!

Hovden på Stadlandet

Stadlandet har mange populære reisemål og eit av dei er fjellet Hovden.  Turen har utgangspunkt i Ervik, den vesle bygda som kan by på mange fine opplevelser.Turen ut til Hovden er enkel og fin å gå for store og små.  Det er to alternativ for utgangspunkt. Ein kan starte ved minnekapellet og gå  den kvite sandstranda til campingen og vidare på vegen til naustrekka på venstre sida av vika. Der i frå går ein opp bakkane til ein kjem til den gamle vegen. Eller ein kan ta av frå bilvegen i bebyggelsen og følge skilting til camping. Parkeringsmogelegheiter finn ein ved brua som krysser Lakseelva. Der er også snuplass for skulebussen så parker ikkje på snuplassen.Denne turen har vi gått som ein rundtur. Vi valgte å starte med å gå gjennom tunet på Aslakgarden, på returen gjekk vi ned bakkane til naustrekka og vegen tilbake til bilen. Totalt vart det ca 3 kilometer.Denne vegen har lege i terrenget i mange år. I 1932 vart det bygd flyvarslingsstasjon på Hovden og under andre verdskrig bygde tyskarane festning på fjellet.I det åpne landskapet får ein eit flott tilbakeblikk over Ervikbygda, Erviksanden, Lakseelva og Storevatnet.Tyskarane nytta russiske krigsfanger til å byggje dei store festningverka på Hovden. Ein tunnel, som vart nytta til b.l.a ammunisjonslager under krigen, går gjennom fjellet. Bygdafolket har pussa opp tunnelen og området rundt så det er fint å gå gjennom. Tunnelen som går rett fram fører til eit utsiktspunkt. Ei lykt er ein fordel å ha med om ein vil gå gjennom tunnelen.
   
Frå utsiktspunktet ser ein rett mot det lunefulle Stadhavet og Litlehovden.På veg inn tunnelen vil ein sjå fleire sidetunneler. På venstre side er ein tunnel der ein kan sjå ein stige i enden. Prøv den på tilbaketuren frå utsiktspunktet.  Klatre  opp stigen og ein kjem i dagslyset igjen.
   
Hytta som står ytterst på kanten på Hovden er ei gammal vakthytte.  Hytta vart bygd i 1942-43 av tyskarane. Det vart leigd inn norske arbeidara, på det som vart kalla Tysk anbud. Etter krigen overtok den Norske marinen vakthytta og brukte den i fleire år til overvaking av fly og båttrafikken. Sist på 1950 talet vart hytta seld til ein privatperson. Seinare (ca 1970) overtok Ervik Jakt og Fiskelag hytta. Dei har utført mykje restaureringsarbeid på dugnad.Hovden sett frå Erviksanden.

PRØV DENNE TUREN YTTERS MOT VEST.

Risnakken i Selje

Risnakken ligg rett ovanfor Selje sentrum og er ein kort og godt tilrettelagt tur. Dei 350 trappetrinna tek ein med til eit utsiktspunkt der ein ser Selje og områda rundt.
Denne turvegen som vart offisielt opna i 2010, er lyssett heile året.
Utgangspunktet for turen er i byrjinga av Skogavegen ved Doktorgarden. Parkering ved Selje skule eller idrettshuset.
   
   
Ved utsiktspunktet er det laga til platting med rekkverk. Der er også bord og benk. Ein fin plass å nyte medbrakt kveldsmat å sjå solnedgangen.Her ser ein over til Salt, Barmsundet, Barmøya.Vestover ser ein godt Seljesanden, Ersholmen, øya Selja og Fureneset.Litt bak utsiktspunktet ligg Risnakken aktivitetspark. Denne er under opparbeiding. Mange treningsapparat er montert i terrenget og har ein gått trappene opp er oppvarminga unnagjordt. Her er det trening med utsikt og frisk havluft.
Dagsturhytta til Selje kommune kjem  også i denne aktivitetsparken. 

PRØVE DENNE TUREN TIL UTSIKTSPUNKTET.

Revjehornet på Stadlandet

Revjehornet er ei havklippe på nordsida av Stadlandet. Toppen rager 426 moh og har fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein ser resten av Stadhalvøya, innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og i vest mot Stadhavet.  Namnet har havklippa fått på grunn av revjene som er i klippa. Desse er særleg godt synleg fra sjøsida.
På bildet over ser ein Revjehornet som det høgaste punktet til høgre. Bildet er tatt fra stranda før tettstaden Leikanger.
Har ein tatt turen til Stadlandet anbefaler eg også ein tur til Tungevågen og  Eltvik.  Vegen vestover fra Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg vart opna i 1936.  Vegen vidar til Eltvik vart opna i 1959. Statens Hamnevesen såg det da som tjeneleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å bygge eit kostbart hamneanlegg i Eltvik. Vegen er smal , kronglete og veldig fasinerande men godt framkomeleg. På skilt langs vegen er det anbefalt å ta turen til Eltvika berre i dagslys.

Bildet over er tatt på Storeneset og her ser ein Revjehornet fra vest.

På Storeneset bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.

Formålet med kystfortet var å sperre innløpet til Vanylvsfjorden, men også å sikre eigne skip og konvoiar i Vanylvsgapet. På neset er det restar etter stillingane til dei seks store feltkanonene, med tilhøyrande ammunisjonsrom og dekningsrom. Her står fleire grunnmurar igjen etter brakker og stillingar for mindre kanoner. Gjennom toppen av neset er det sprengt ut ein tunnel frå standplassen til 5. kanon og til ei forlegningsbrakke i andre enden. Eit stort område var inngjerda med piggtråd, og det var lagt ut 2.456 landminer. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonene vart selde som skrapjern, men framleis ligg bakre halvdel av kanonrøyret igjen i kanonstillingane. Kanonene var av same type som dei to som står igjen i Florø. (kilde: Fylkesarkivet)

Turen som blir skreve om her går fra høgaste punktet på vegen fra Borgundvåg til Tungevåg. Parker ved ei gammal grushole.
Stien er ikkje så tydeleg i starten, men terrenget er åpe og lett å lese.
Gå opp langs den gamle tilhengaren som står ved grushola og vidare opp på høgda bak den. Etter kvart blir  det fin utsikt over Tungevågen.
Tungevågen er ein saltvasspoll som er ein trekk- og overvintringslokalitet for vassfugl. Stadhavet er eit av dei mest verharde kystområda i landet og  i uversperioder har det vist seg at Tungevågen har ein særleg viktig funksjon for fugler som havelle, ærfugl, svartand og skarvar som søkjer ly i området. Årleg overvintrer 10-20 songsvaner i dette området.På første del av turen er det lite merking. Ein kjem opp langs eit gjerde og går over nokre småmyrar og lyngbakkar. Ein må finne ein nedgang for å kome forbi nokre hamrar. Gå litt i retning nordaust fra gjerde.Etter at ein har passert hamrane og gått over ei stor myr skal ein ta opp glenna til venstre på bildet. Etter det er stien merka med små varder og raude stikker. Stien ligg fint i terrenget og føl formasjonane i fjellet. På ein plass kan ein kome i stuss. Det er ein plass stien deler seg, der held ein til venstre.Underveis på turen har ein heile tida flott utsikt. På bildet under ser ein nedatt til Tungevågen med spesiell grønn farge på havet.  Terrenget er lett å gå i og stien er tydeleg etter første 300-400 meterane. Små vardar viser at ein er på rett veg.Utsikten taler for seg sjølv. Fantastisk. Den dagen vi tok turen var havet blått, himmelen var blå, vinden var still og temperaturen var god. Det er berre å setje seg ned og nyte utsikten i 360 grader.
Eit tips: Ta med kikkert.
Her ser ein bl.a vest i Stadhavet, resten av Stadhalvøya, Måsevatnet, Storeneset, Eltvika, Varaldsfoten 397 moh.

Turen til Revjehornet er 2,5 kilometer og toppen ligg 426 moh.
Der er også ein sti som går fra vegenden i Borgund. Den stien er merka med raude stikker og er ein brattare tur. Om ein vil kan ein lage ein fin rundtur med å kombinere desse to rutene. Stiane går i hop siste stykke på toppen av Revjehornet.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Revjehornet på Stadlandet

GOD TUR OG NYT HAVLUFTA!!

Berstad – Rimstad

P1080358Vegen over Berstadeidet var i mellomalderen pilgrimsveg for dei som skulle til heilagstaden på Selja. I tida fra kring 1820-1870 vart den også nytta som postveg. I nyare tid,fram mot siste verdskrig, har vegen vore nytta som kyrkjeveg for folket på Rimstad som skulle til kyrkje i Selje.

Logistikken kan være ei utfordring om ein vil ta denne turen. Men om lysta og viljen er der så er det mulig å få til. Er ein fleire i følge kan ein ha bil på kvar ende av turen. Eller ein kan reise kollektivt. Eg tok bussen til Almenningsfjellet og ny buss derfra til Berstad.
P1080351  P1080348
Utgangspunktet for turen er lett å finne. Køyr rv 618 mellom Selje og Almenningsfjellet. Lengst inn i bukta i Moldefjorden ligg Berstad, ca 8 km sør for Selje. På høgre sida av veien når ein kjem fra Almenningsfjellet ligg nokre fine kvernhus og like etter ei flott brå/turkis måla grind. Her er utgangspunktet for turen. Ein kan sjølvsagt også gå denne turen fra Rimstad til Berstad.
P1080352   Sunnivaleia
Utgangspunktet ligg på 35 moh. Det er 8,2 km til Rimstad. Som ein ser av dei flotte turskilta som Selje il har sett opp, så er turen til Rimstad merka med embletet for Sunnivaleia.P1080354Fra hovudveien og opp bakkane er det jamn og fin stigning. Stien er fin og godt merka.
P1080361   P1080362
Postvegen mellom Berstad og Rimstad var den første i ytre Nordfjord. Vegen stetta i si tid kravet til tjodveg, det vil seie at den skulle vere  minst to alen (1,3m) brei.P1080366Etter ca 1,5 kilometer kjem ein til Berstadvatnet. Dette ligg 159 moh.  Eit stort fint fiskevatn. Fiskekort får ein kjøpt på Berstad.

Som ein ser av bildet så er det lagt ned mykje arbeid i tidlegare tider, med heller  og bruer over elver. Dette for å gjere vegen fast og god å gå for hest og folk. I første del av turen er det ikkje så mange spor etter at det ein gammal fedselsveg, anna enn bruene. Men til lenger ein kjem mot Rimstad til meir viser det av den gamle vegen.
P1080367
Når ein er komt opp til Berstadvatnet forset ein vidare på austsida av vatnet. Ein kjem etterkvart til Pisanibekken. Ei kjelde som aldri frys. Den er oppattkalla etter Jakob August Pisani, som i mange år kring 1860 var postmann på ruta Ålesund-Vanylven-Eide-Bryggja-Utvik. Nær denne bekken er der også ein fin bålplass/leirplass. Fint plass å ta ein pust i bakken.
P1080380   P1080383
P1080388   P1080389
Turen går her heilt i vannkanten. Ein ser no fram til Fureneset og vidare opp mot skaret som ein skal over. (midt i bildet, under høgste toppen)P1080402Tilbakeblikk over Berstadvatnet. Det var utruleg stille i naturen denne dagen. Ikkje folk å sjå, berre litt bjølleklang fra nokre sauer på andre sia av vatnet.P1080405P1080409Ved enden av vatnet finn ein gamle ruiner. Kansje ei seter eller ein gammal gard.P1080412P1080411   P1080413
Det er litt stigning opp lida fra vatnet til ein kjem til det høgste punktet på turen, Løypinga som ligg på 275 moh. Namnet kjem turleg av at det har vore tømmerløype her.P1080417P1080418Turen er godt merka og det er fleire turalternativer i området. Når ein kjem over i Vågsøy kommune er det mindre merking, men ikkje vanskeleg å finne fram.
P1080425 Kaffi og sjokolade høyrer med når ein går på tur.
Når ein står ved det høgste punktet på turen, Løypinga, ser ein veien vidare mot Rimstad. Stien går over Futemyra, og historia fortel at ein dansk fut har mista livet her. Om han reid seg ned i myra eller vart slegen i hel  er uvist.P1080429P1080430   P1080431
Turen går over ein del myr, men det er sett opp stikker som er raudmåla så det er greit å finne veien. Det er tydeleg spor i elver og over diker etter arbeid som har vore gjordt i tidlegare tider. Turen går langs med mange vatn og det skaper liv i
terrenget. Ein går forbi Berstadvatnet, Vaulevatna, Fiskevatnet og Sammeltunvatna.
P1080435   P1080436
P1080464   P1080467
Den gamle ferdselsveien blir tydlegare i terrenget når ein nærmer seg Rimstadalen.
P1080474   P1080475
Ein kjem etter kvart fram til desse flotte gamle steinbruene. Imponernade å tenkje på at det her har vore ferdsel med hest.P1080477

P1080486  P1080487
Når ein nærmer seg gardane i Rimstaddalen kjem ein inn i eit beite da er det  viktig at ein held hundar i band og let att grinda etter seg.
Ein kjem ned i bygda på Rimstad.
P1080491P1080493 Utgangspunktet om ein starter turen fra Rimstad.
Rimstaddalen med sine store vide marker og eit kjent landemerke i horisonten.P1080495Denne turen er 8,2 kilometer og ein bør berekne 3-4 timer. Det er ein lett tur. Ein starter på 35 moh, høgaste punket ligg på 275 moh. Rimstad ligg på ca 100 moh.

Kart med innteikna rute finne ein på ut.no: Berstad – Rimstad

TA MED FAMILIEN, VENNER ELLER TA TUREN PÅ EIGA HAND.

 

Tusentrinnstrappa, Kjødepolljen

KJØDE – KYRNOSA – TOLVVASSEGGJA – NAVE

P1070886Denne gangen skal eg skrive om ein litt spesiell tur. Utsikten er upåklageleg. Det spesielle med turen er at ein går i trappetrinn.  Ikkje mindre enn 1000 stykker. Dette er ein tur både for den som vil teste kondisen sin, men også for dei som berre vil gå ein annaleis tur

Lengst inne i Kjødepolljen er der ein kraftstasjon og ei rørgate. Langs den rørgata er det bygd ei trapp. Der ligg Tusentrinnstrappa. På bildet øverst i innlegget ser ein veien som går opp til kraftstasjonen midt i bildet.P1070860Her er også andre turalternativ når ein først er komt opp trappa og opp i himmelsjå.  Det er åpe og fint turterreng.P1070861P1070864  Bilde: Skiltet taler for seg. Ein går på eige ansvar.
P1070866  Bilde: Langs trappa er det gode rekkverk. Fint både i motebakke og unnabakken.
Ein vinn fort høgdemeter i trappa og utsikten nedatt til kraftstasjonen og bygda er flott.P1070867  Bilde: Der er «lommer» med sti/rås mellom trappene.
P1070870  Bilde: Mellom trappene er det også nokre platå. Da kan ein stoppe opp og ha god plass for å nyte utsikten, fotografere og trekke pusten. Rekkverk også her.
P1070873  P1070874
Når ein har gått alle 1000 trinna (eg talte 1012, men lett å kome utavdet…..) er det flott utsikt ned att til fjorden. Det er i Kjødepolljen, Stad skipstunnelen skal ha innslag/utslag. Ein ser også veien som går over Mannseidet til Moldefjorden.

Det går ein bratt sti vidare oppover fra trappa. Når ein kjem heilt i himmelsjå åpner det seg eit flott turterreng med fleire veivalg og mange fiskevatn.P1070883Her ser ein Skorgevatnet som ligg på 357 moh, med Kyrnosa 617 moh midt i bildet.

Da vi planla denne turen var det meininga å gå vidare fra Tusentrinnstrappa og til Nave (Bryggja). På grunn av logistikken vart det til at vi tok dette som to turer og med forskjellige utgangspunkt.

Men eit tips når ein først er komt opp, er å gå vidare fra Skorgevatnet til Kyrnosa. Da går ein oppstigninga på venstre side av vatnet. Det er skilta og fin sti. Litt stigning men åpe og fint terreng. Fra Kyrnosa kan ein gå vidare mot Tolvvasseggja eller den merka stien som kjem ned i Heggedalen på Bryggja. Terrenget er så åpe at ein kan gå nesten kvar som helst. Ta med kart.

Andre dagen vi var i fjellområdet tok vi turen fra Nave/Øyehaug som ligg på ca 130 moh. Vi gjekk skogsveien som går fra Øyehaug og til Vassdalen (212moh) Ein går skogsveien til den svinger austover langs vatnet. Ta av og gå motebakka. Der er ikkje sti første stykket.P1070894P1070896Bilde: Fra oppstigninga til Tolvvasseggja. Ein ser tilbake til Vassdalen/Vassdalsvatnet. Ein ser også Nave og veien som går over Maurstadeidet.
P1070905  Bilde: Når ein kjem opp i høgda er utsikten upåklageleg. Hornelen i vest.P1070911  Bilde: Det er enkelte varder, men på denne turen er det lite merking.
Namnet Tolvvasseggja kjem av at der er tolv vatn rundt eggja. Mange av dei er fine fiskevatn så fiskestanga kan godt være med i sekken. Det var lite turgåere denne dagen men ein nyskjerrig skapning møtte vi på. Han fekk seg eit godt måltid.
P1070916   P1070963
P1070922   P1070929P1070967Her ser vi Skorgevatnet. Det viser tydeleg at det er regulert, og vatnet går i rørgata der Tusentrinntrappa går opp. (midt i bildet). Så her ser vi tilbake til der vi var da vi gjekk opp i himmelsjå bak Tusentrinnstrappa. Lengst bak på bildet ser ein Fiskå og litt av Åheim
P1070991   P1080042
Bilde: Det er mange fiskevatn på denne turen. Snøskarvatna/Kyrnosvatna og Mevatna.P1080045Bilde: Ved osen på Vassdalsvatnet, nesten ved utgangspunket igjen. Tolvvasseggja i bakgrunnen.P1070886På denne turen har vi vore innom to fylker. Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Og det vart tre kommuner, Selje, Vanylven og Vågsøy.

Eit godt råd er å ta med kart om ein skal gå i ukjent terreng. Gjer det kjent med kartet og turen du har tenkt å gå.

Kart over turen til Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet finn ein på ut.no: Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet

GOD TUR!!!

Vårtur til Vestkapp

I alt det fine veiret vi har hatt den siste veka så kom vårfølelsen.  Sola varmar, fuglane syng, snøen smelter og dagane blir lengre. Med våren kjem også utfartstrangen. Ut og oppleve nytt terreng og nytt landskap.

Turbøkene og kart er  flittig i bruk, blir lest og studert både framover og  bakover. Anbefaler absolutt boka «Opptur» av Anne Rudsengen. Der er mange flotte turforslag i alle kommunane i fylket. Og mange av dei ligg ikkje så altfor langt unna.

Eg og samboeren min liker godt å reise på tur. Både biltur og trimtur/fjelltur.  Dette er noko vi fint kombinerer og da kjem ein seg litt rundt og får sett nye områder.

Turen starta med avgjersla om at vi skulle på tur. Sia dette er første «langtur» i år, var vi litt ut av trening angåande pakkinga. Men vi fekk med det meste av det vi trengte. Vi rygga heim berre ein gong, vi var ikkje komt så langt avgårde. Middagen……  kyllinglåra stod att i kjøleskapet!!!!

Denne helga pakka vi bilen med god mat, rikeleg med varme klede,godt humør og kaffi i koppen 🙂

Når vi reiser på tur så har vi evnen til å nyte turen fra vi reiser heimanifrå. Det er alltid nye ting å sjå og oppleve. Målet var Stadlandet og Vestkapp platået. Vi ville sjå havet og kjenne havlukta.  Det er  ikkje  så ofte vi reiser den vegen, iallefall ikkje på vinterstid. Det var mykje «nytt» og mykje som var forandra langs veien. Nye hus var komt opp, andre var restaurerte. I Holmøyane var det komt opp eit industribygg. I Skredestranda var det åpne sår i terrenget etter det store raset i november. På Eid bygger dei gang og sykkelvei. Mange plasser hadde det vore skogsarbeid og landskapet var blitt åpnare og lysare. Det liker eg. På fjellet ovanfor Leikanger såg vi stor røykutvikling. Veit ikkje om det var skog/lyng brann eller om det var kontrollert brenning av vegetasjonen. Synet var nifst for det var eit stort område som var antent.

Det er «artig» å sjå korleis landskapet forandra seg fra dei store skogane i Markane og utover mot kysten. Det blir vidare og åpnare til lenge vest ein kjem. Da vi køyrde opp Årvikfjellet begynte det å krible i beina.  Eg kjenner forventningane i kroppen når eg skal få oppleve nytt terreng. Kva får eg sjå ? Korleis er underlaget? Er der god sti? Spørsmåla og forventningane raser i kroppen 🙂

Vestkapp platået ligg 496 m.o.h og har koordinater: 62°11′18″N 5°7′33″Ø
Turen vi gjekk var «Kjerringa», – ein rundtur ytst på Stadlandet, som er beskreve i boka Opptur.  Detter er ein lett tur på 7 km og estimert tid er ca 3 timer. Turen gir flott utsikt  i alle retninger.  Vegetasjonen er lav men ein må være oppmerksome på dei bratte skråningane ned i Stadhavet. Går ein langs kanten (brunene eller brukanten som er det lokale uttrykket) er det fast og fint og gå. Lenger inne på platået er det meir myr som er tyngre å gå i.030Det er flott  å sjå dei små bygdene Honningsvåg, Årvika, Ferstad og Ervika med Erviksanden. Og sjølvsagt stor havet.
Ein får ein fantastisk følelse av fridom når ein er oppe på platået.  Vinden ruska godt i oss, men med riktig bekledning var det ikkje noko problem. Enda er det kaldt i lufta så både hue og votter var nødvendig. Halvveis på turen kjem ein til murer etter torvhus som vart brukt under torvuttak. Desse låg i hellinga mot Ervika, heilt oppe på platået. Utsikten ned til bygda Ervik og Erviksanden er berre heilt fenomenal.
105135Mens vi gjekk turen såg vi heile tida havtåka som låg rett ut i havet. Den kom stadig nærmare, men så kunne den plutseleg drive vekk igjen.

På tampen av turen la vi ruta innom Vestkapp huset. Det var eit heller trist syn. Orkanen Dagmar har herja fælt med bygningen og reperasjonane har drege ut i tid. Men høyrde eit innlegg på radioen i dag og da vart det fortalt at eigaren hadde planer om å få åpna kafeèn til sommaren (2014).160Etter at spaserturen var over var det klart for ein tur på Erviksanden. Å sitje å sjå på korleis bølgene bryt er rekreasjon på høgt plan. Fargen på havet forandra seg heile tida. Måkane hadde selskap med kvarandre og ei ørn sveva også over bølgene. Når middagen var fortært var det tid for fotografering.
183225220Det er utruleg flott i Ervika og på Erviksanden. Ei spesiell ro. Ta turen og opplev den fotte stranda og sjå på surfere fra inn- og utland.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑