KJØDE – KYRNOSA – TOLVVASSEGGJA – NAVE

P1070886Denne gangen skal eg skrive om ein litt spesiell tur. Utsikten er upåklageleg. Det spesielle med turen er at ein går i trappetrinn.  Ikkje mindre enn 1000 stykker. Dette er ein tur både for den som vil teste kondisen sin, men også for dei som berre vil gå ein annaleis tur

Lengst inne i Kjødepolljen er der ein kraftstasjon og ei rørgate. Langs den rørgata er det bygd ei trapp. Der ligg Tusentrinnstrappa. På bildet øverst i innlegget ser ein veien som går opp til kraftstasjonen midt i bildet.P1070860Her er også andre turalternativ når ein først er komt opp trappa og opp i himmelsjå.  Det er åpe og fint turterreng.P1070861P1070864  Bilde: Skiltet taler for seg. Ein går på eige ansvar.
P1070866  Bilde: Langs trappa er det gode rekkverk. Fint både i motebakke og unnabakken.
Ein vinn fort høgdemeter i trappa og utsikten nedatt til kraftstasjonen og bygda er flott.P1070867  Bilde: Der er “lommer” med sti/rås mellom trappene.
P1070870  Bilde: Mellom trappene er det også nokre platå. Da kan ein stoppe opp og ha god plass for å nyte utsikten, fotografere og trekke pusten. Rekkverk også her.
P1070873  P1070874
Når ein har gått alle 1000 trinna (eg talte 1012, men lett å kome utavdet…..) er det flott utsikt ned att til fjorden. Det er i Kjødepolljen, Stad skipstunnelen skal ha innslag/utslag. Ein ser også veien som går over Mannseidet til Moldefjorden.

Det går ein bratt sti vidare oppover fra trappa. Når ein kjem heilt i himmelsjå åpner det seg eit flott turterreng med fleire veivalg og mange fiskevatn.P1070883Her ser ein Skorgevatnet som ligg på 357 moh, med Kyrnosa 617 moh midt i bildet.

Da vi planla denne turen var det meininga å gå vidare fra Tusentrinnstrappa og til Nave (Bryggja). På grunn av logistikken vart det til at vi tok dette som to turer og med forskjellige utgangspunkt.

Men eit tips når ein først er komt opp, er å gå vidare fra Skorgevatnet til Kyrnosa. Da går ein oppstigninga på venstre side av vatnet. Det er skilta og fin sti. Litt stigning men åpe og fint terreng. Fra Kyrnosa kan ein gå vidare mot Tolvvasseggja eller den merka stien som kjem ned i Heggedalen på Bryggja. Terrenget er så åpe at ein kan gå nesten kvar som helst. Ta med kart.

Andre dagen vi var i fjellområdet tok vi turen fra Nave/Øyehaug som ligg på ca 130 moh. Vi gjekk skogsveien som går fra Øyehaug og til Vassdalen (212moh) Ein går skogsveien til den svinger austover langs vatnet. Ta av og gå motebakka. Der er ikkje sti første stykket.P1070894P1070896Bilde: Fra oppstigninga til Tolvvasseggja. Ein ser tilbake til Vassdalen/Vassdalsvatnet. Ein ser også Nave og veien som går over Maurstadeidet.
P1070905  Bilde: Når ein kjem opp i høgda er utsikten upåklageleg. Hornelen i vest.P1070911  Bilde: Det er enkelte varder, men på denne turen er det lite merking.
Namnet Tolvvasseggja kjem av at der er tolv vatn rundt eggja. Mange av dei er fine fiskevatn så fiskestanga kan godt være med i sekken. Det var lite turgåere denne dagen men ein nyskjerrig skapning møtte vi på. Han fekk seg eit godt måltid.
P1070916   P1070963
P1070922   P1070929P1070967Her ser vi Skorgevatnet. Det viser tydeleg at det er regulert, og vatnet går i rørgata der Tusentrinntrappa går opp. (midt i bildet). Så her ser vi tilbake til der vi var da vi gjekk opp i himmelsjå bak Tusentrinnstrappa. Lengst bak på bildet ser ein Fiskå og litt av Åheim
P1070991   P1080042
Bilde: Det er mange fiskevatn på denne turen. Snøskarvatna/Kyrnosvatna og Mevatna.P1080045Bilde: Ved osen på Vassdalsvatnet, nesten ved utgangspunket igjen. Tolvvasseggja i bakgrunnen.P1070886På denne turen har vi vore innom to fylker. Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Og det vart tre kommuner, Selje, Vanylven og Vågsøy.

Eit godt råd er å ta med kart om ein skal gå i ukjent terreng. Gjer det kjent med kartet og turen du har tenkt å gå.

Kart over turen til Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet finn ein på ut.no: Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet

GOD TUR!!!