Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Bergsetnausta – Sølvbergnausta

P1070589Nausta som ligg nede ved fjorden, 300 meter under gardane på Bergset og Sølvberg, er flotte bevarte bygninger som fortel om ei fara tid. Her var det heilt fram til 1930- talet eit aktivt naustmiljø. Det var her mesteparten av kommunikasjonen fra bygdene lenger oppe i berget og til omverda gjekk.  Mange av dei som utvandra til Amerika fra bygdene på Nordsida tok farvel med bygda og familiane sin her.

For å kome til utgangspunktet for turen køyrer ein Fv 613 fra Vegtun og til Fjelli. Ca 400 meter etter skiltet som står Fjelli på kjem ein til liten bakketopp. Der tek ein av til venstre og køyrer ned grusveien. Forbi gardstuna, og eit stykke unnabakke. Veien blir ganske smal og tilgrodd før ein kjem ned på parkeringsplassen.
P1070600
P1070601
Bilde 1: Eit lite skilt viser veien fra Fv 613. Bilde 2: Køyr grusveien til endes for parkering.

Fra  parkeringsplassen går ein til høgre og  kjem inn i «storskogen» og  finn  fin og tydeleg sti. Første delen av turen går slakt unnabakke og ein ser tydelege spor fra tidlegare tider.P1070554P1070596  P1070552 
Etter nokre meter blir det brattare sti ned bakkane. Stien er fin og tek ein seg god tid er det ikkje vanskeleg å gå her.
P1070558   P1070555
Ein kjem til Vilkjehjellflata, ei lita flat i det bratte berget som er oppdyrka for å kunne nyttast som slåttemark.
P1070559
Det er fleire skilt langs den bratte stien. Og at ein har hatt bruk for kvileplasser i tidlegare tider når bører skulle fraktast opp bakkane er ikkje vanskeleg å forstå.
P1070561   P1070595
P1070562   P1070564  P1070593
I det bratte berget hadde gardane på Bergset og Sølvberg frukthager i tidlegare tider. Fremdeles er her frukttre i desse innhengningane.
P1070566
Ved fjorden ser ein fint restaurerte naust. Innafor elva er det Bergsetnausta  og utanfor elva Sølvbergnausta. Det er bru over Storeelva så det er ikkje problem å besøke begge naustmiljøa på same turen. Storeelva gjorde store skader under flaumen i 2011 og det er tydelege spor i terrenget etter det.

Det er  fin utsikt til Innvik og fjella i bakgrunnen.
P1070575
Det står enkelte bygninger fra farne tider. Kansje ein husmannsplass?
P1070576
Går ein over brua og utom elva kjem ein til Sølvbergnausta. Også her er det  restaurerte naust. Skiltet viser vei til stien som gå  opp berget til Sølvberg. Denne turen kan ein gjere som ein rundtur. Ned berget innafor elva og oppatt utanfor elva. Eller motsatt vei.
P1070592
Bru over elva mellom Bergsetnausta og Sølvbergnausta.P1070589P1070587    P1070584
P1070586
Denne turen er bratt og kan by på utfordringer for dei yngste. Men har ein tolmod og god tid er det absolutt mulig. Spennande er det iallefall. Turen fra parkeringsplassen og til fjorden er ca 1 kilometer og med ein høgdefroskjell på 300 meter. Litt uvanleg at ein går unnabakkjen først og må ta stigninga på heimveien.
P1070598
Dette framkomstmiddelet er ikkje å anbefale på denne turen. Men fin å bruke for å kome seg til utgangspunket.

Kart over turen finn ein på ut.no: Bergsetnausta – Sølvbergnausta

TA TUREN OG UTFORSK KULTURLANDSKAP I NÆRMILJØET.

2 kommentarer

  1. Stamford

    Flotte bilder Bodil.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑