Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Om


P1060027

Dette er ein blogg for idear og inspirasjon til å kome seg ut i naturen.

Inspirasjon for å nyte den fantastiske naturen som vi har rundt oss.  Nyte den friske lufta.  Nyte stillheita.  Nyte små og store øyeblikk. Nyte det å kjenne at ein bruker kroppen på det nivået som passer ein akkurat i øyeblikket.

Eg er ei jente som liker godt å gå på tur. Eg liker å utforske nytt terreng, gå på nye stier og å utvide horisonten. Har gått på mange toppturer både i  nærområdet og topper som ligg i andre distrikt. Eg har besøkt alle setrane/støylane (ca 100 stk) i Stryn kommunen og alle setrane i Hornindal kommune (ca 22 stk).

På grunn av helsemessige årsaker er eg ikkje i full jobb. Ein del av medisineringa mi er å være i aktivitet.  Derfor er eg ofte ute og går på tur. Vi har utruleg mange fine og varierte turmuligheiter.   Eg vil skrive om dei turane som ikkje er så kjente. Dei turane som mange ikkje veit om. Og så vil eg oppfordre alle til å være litt nyskjerrige og utforske nytt terreng.

Eg utforsker gjerne terrenget i nabokommunane, går gjennom daler og rundt nes. Derfor blir det innlegg fra turer som ligg utanfor eiga bygd, eigen kommune og eige fylke. Norge har så utruleg mykje og variert natur. Ein må berre nyte tida og stedet der ein er.

Turane eg skriv om er turer eg har gått på bar mark, eller med lite snø. Mange av turane kan også gåast om vinteren.
Uansett årstid, veir og føreforhold så MÅ alle sjølv vurdere turen dei skal gå ang. skredfare, store elvar, steinsprang og andre utfordringar i naturen.

Som så mykje anna i tida kan også turer bli endra.  Det kan være at stier/råser har blitt lagt om/ ødelagt på grunn av ras, trefall, elver, bruer som er tatt av elva.
Også oppgitte parkeringsplasser for utgangspunkt på turane kan være endra.
Pass på å ikkje parker der ein kan være til hinder for grunneigarar.

Håper at noken av innlegga kan være til inspirasjon og/eller informasjon for andre som vil gjere seg kjent i nærområdet eller som vil utforske anna terreng. Så bygdene fra andre kanter.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noke. Skriv gjerne komentarer/synspunkter om turane. Korriger meg om eg skriv fakta feil, mangel på rettskriving får de sjå vekk frå.  Anbefal gjerne bloggen til andre turgåare. Lik gjerne facebook sida til nytnaturen.no. Bli gjerne følgar på bloggen, da får du automatisk tilsendt mail når  eg postar nye innlegg.

GOD TUR OG NYT NATUREN !!!

11 kommentarer

  1. Stig Brobakke

    Dette blir bra!

  2. Helle Bloch Voss

    Et godt initiativ Bodil. Jeg deler den med mine venner her i Dk..

    • bskogtun

      :-)del gjerne. Og kom gjerne til Norge for å nyte den flotte naturen vi har.

  3. Tord Lønnebotn

    Savner GPS spor på topografiske kart, evt. en link til f.eks. UT.no. Bør også være en liste over alle turene, med «push link» – nå må en enten søke ( på hva?), eller bla gjennom hele bloggen.

    • Bodil Dybevoll

      Hei. Takk for tilbake melding. Skal prøve og få lagt dei turane eg har gått på UT.no. Det er eit flott redskap for å finne turer i alle områder av landet. Ellers er alle turane organisert under lokasjoner, der eg har organisert dei innafor kva slags kommune dei ligg i.

  4. Ulf Thomassen

    Hei, i 1957 gikk jeg gjennom Norges natur fra Siljan til Alta; fra 14. april til slutten av august. Jeg trenger bilder fra Vårstigen. Hvordan få tak i det. Jeg har sluttført en artikkel til Altaboka 2018. Artikkelen kan sendes som dokumentasjon på dette prosjektet.
    Mvh Ulf Thomassen, . M.tlf.: +47 970 22 088.

  5. Ulf Thomassen

    Vedr.: «Den gamle kyrkjevegen . . . »
    Dette var spennende lesning! Turforslag og kulturhistorie av svært høy kvalitet. Likeså understreket bildene hva dette dreier seg om. Jeg hadde problemer med noen uttrykk: Truskeverk, «. . . tatt av uksefonna . . .» og utelade.
    Takk for vakker presentasjon of spennende historie.
    Mvh

    Ulf

    • Bodil Dybevoll

      Hei. Ja det kan nok bli ein del lokale uttrykk og namn i blogginnlegga.
      Truskeverk/ Treskeverk (korn)
      Uksefonna er namn på ei snøfonn som går i området.
      Utelade er uteløe.

      Bodil

    • Ingun Vaksdal

      Hei når du har vore rundt om på så mange plassar ,kan du kanskje tipsa oss som ikkje leger greier å gå tur, men må bruka bilen,om kvar ein kjem høgt til fjells.Gjerne bomvegar og til ei seter .Helsing Ingun

      • Bodil Dybevoll

        Hei. Beklager seint svar. Kva slags område tenkjer du på da.
        Der er ein fin runde rundt setredalane i Hornindal. Køyre opp til skianlegget og vidare. Bomveg.
        Også Strynesetra i Hornindal. Køyr inn frå Seljeset.
        I Stryn kommune er der bomveg til støylar på Hopland (Innitunstøylen)
        Dalsnibba (1500 moh) i Stranda kommune. I Stranda kommune er også fine bomvegar inn Sunnylvmoldskreddalen frå Hellesylt og Strandamoldskreddalen inn frå Herdalen/Strandadalen.
        Bomveg frå Finnes (ved Bjørke) til Bakkedalen. Og bomveg (frå Skjåstaddalen) opp Sledalen til fellesfjøsen.
        Bomveg til Grønndalssetra (over Heggjadalen)i Volda kommune.
        Over Bjørkedalseide (Brekka) frå Hjelmelandsdalen til Bjørkedalen. Også i Bjørkedalen er der skogsbilvegar.
        Anbefaler eit kart som heiter Norgeskart friluftsliv (både på pc og mobil). Veldi fint og nøyaktig kart der ein kan zoome inn til minste detalj.
        Håper dette var nokre tips.
        Spør gjerne igjen og spesifiser området 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

    © 2024 nytnaturen.no

    Tema av Anders NorénOpp ↑