Den Tronhjemske postvei
Den Trondhjemske postvegen er mange plasser øydelagt av nyare inngrep. Men framleis kan ein finne fine turer over lengre distanse i denne historiske vegtraseen.
Denne gangen vil eg skrive om den flotte turen det er å gå den gamle ferdselsvegen fra Kjøs til Svor, i Hornindal kommune.
P1050017
Utgangspunktet for turen er ved hyttefeltet i Kjøs, på nordsida av Kjøsapollen og Rv 15.  Ta av  ved  Rv 15 ved Øyebakken eller på nordsida av Kjøs bru.
P1050013  P1050015
Det er mogelegheiter for parkering ved hyttefeltet og første del av turen går opp mellom hyttene.
P1050019
Vegen er tydeleg og ikkje til å ta feil av. Ein går veldig nær hyttene så vis respekt for dei som har fritidsboligane sine der.
P1050021
  P1050023
Langs vegen får ein glimt av nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Også Bjørnaholmen som ligg like vest for Kjøs bru ser ein mellom furuleggane. Er det i dette området sjøormen befinn seg?? Ein ser også bebyggelsen på sørsida av vatnet. Fine heimar med mykje kveldssol. Nærmast her ser vi garden Kjøs.
P1050025
Første del av turen går i kupert terreng. Etterkvart blir det meir jamn stigning. Underlaget på veien er stort sett veldi bra. Tidvis med full veibredde, men enkelte plasser er det litt meir  rås/sti. Også litt steinete og  svaberg.  Det er ikkje vanskeleg å passere verken for gåande eller syklande.
P1050027
  P1050032
Det er ein del små elver langs ruta så det er moglegheiter for å fylle opp vannflaskene om dei blir tome, eller berre å stikke haudet i grova og supe vatnet i seg.

Når ein kjem opp på høgda får ein flott utsikt. Austover ser ein  mot Kjøsapolljen og fjella lengst inn i fjorden. Vestover ser ein Hornindalsvatnet, Holmøyane på sørsida av vatnet og Heggjabygda på nordsida av vatnet.
P1050029
P1050031Den dagen eg gjekk denne turen var det ikkje noko særlig fotoveir. Det var ikkje blå himmel og blått vatn og sol i fra alle kanter. Men ta turen og knips dine eigne blinkskudd. For det er det gode moglegheiter for.

Etter kvart åpner landskapet seg og ein kjem til garden Kongsvik, i daglegtalen kalt “Myra”. Her går postvegen heilt i utkanten av dyrka marka. Ein ser lett der det er trakka, så følg råsa. På bildet ser ein fra venstre fjella Kviteggja, Navelsakerfjellet, Navletuva (den minste tuva midt på bildet) , Høgefjellet og litt av Snøtuva.
P1050033
Ein krysser ein skogsveg eit stykke etter Kongsvik, fortset rett fram og er på toppen av Kjøsahalsen. Her har Hornindal il turbok. Her er det moglegheiter for å ta seg ein pust i bakken. Fint når det er laga til med kvileplasser. Om ein vil kan ein til og med ta ein liten “snap nap”.
P1050036
Vidare går vegen unnabakken og  Hornindalsvatnet kjem til syne igjen. 
P1050040
Fra den knappe svingen er det fin utsikt mot bygda Otterdal. Der måtte dei  i lang tid klare seg uten veg da storm og flo tok vegen langs vatnet.
Tidleg på 1900-talet frakta dei beitedyr til Nakkebrygga og jaga dyra til Otterdalsnakken. Dette var store avlsokser. Og dei kom fra mange plasser i Nordfjord for å være på beite langt fra folk. 
P1050042
No er det unnabakke og kuppert veg til ein kjem til Svor.  Det er det tydelege spor etter stormen “Dagmar” med mange tre som ligg på kryss og tvers.  No er traseen rydda og enkelt å kome seg fram.
P1050045  P1050052
P1050057
Når ein nærmer seg gulestripa (bilvegen) igjen, åpner landskapet seg og ein får fin utsikt mot Grodås, “Sanden” i daglegtalen. 
P1050059
Her ved veis ende er det også gode parkeringsmoglegheiter og eit godt utgangspunkt om ein vel å gå turen andre veien.
P1050064
P1050072  P1050074
Tilrettelagt for parkering for turgåere langs “Den Tronhjemske postvei”
Kjøs-Svor

Denne turen er ca 9 kilometer  fram og tilbake. Halva om ein går berre ein vei. Ein nydeleg tur.

Håper du prøver turen. Kom gjerne med tilbakemeldinger.

Ein kan også laste ned turen på : Ut.no

GOD TUR!!!!!!