Denne turen går i grensefjella mellom Markane og Hornindal. Utsikten er fantastisk i alle himmelretninger.
Totalt er turen på 10.5 kilometer. Vil ein ha lenger tur kan ein starte ved hyttefeltet i Kjøs eller i Svorastranda og gå første stykke i Den Tronhjemske Postvegen.
Eg har tidlegare skreve om den turen : Den Trondhjemske Postvegen Kjøs-Svor
Velger ein å starte fra Kjøs eller Svor blir turen ca 2-2,5 kilometer lenger. Og vil ein ta ein rundtur eller det er problem med logistikken, kan ein plasserer ein sykkel på Ullsheim og sykle tilbake til utgangspunktet.
Eg starta på garden Kongsvik, eller Myra som bygdafolket kaller det.
Ca 500 m etter Kjøs bru, mot Hornindal, tek ein til høgre opp bakkane. Køyr ca ein kilometer til like ved gardstunet. Der går ein grusveg til venstre. Der starta min tur.
Første delen av turen går på grusveg/skogsveg. Gå til Den Trondhjemske postvegen og fortsett rett fram.
Fra Kjøsahalsen føl ein same råsa som eg har skreve om i innegget: Kongsviksetra- Svorasetra.
Dette er same traseen som ultra fjell-løpet Hornindal Rundt går i.
Grus- og skogsveg første stykke.
Her krysser ein postvegen og går rett fram.
Råsa til setrane er bratt, men tydeleg og godt merka. Ein tar mange høgdemeter opp til setra. Svorasetra ligg på vel 400 moh. Øyenibba/Middagsfjellet ligg på ca 850 moh.
Bilde 1: Kongsviksetra. Bilde 2: Svorasetra.
Etter å ha passert Svorasetra er det fremdeles ein del skog og god stigning i terrenget. Men etterkvart åpner landskapet seg og det blir flotte utsikta mot Hornindalsvatnet, Navelsaker og Otterdal. No er det fjellbjørk, kreklingebær og røsslyng i staden for lauvskog. No får ein meir følelsen av høgfjellet.
Utsikt mot Glitreggja, Hornindalsvatnet, Furefjerdnig, Navelsaker og Otterdal.
Flott på snaufjellet.
På bilda ser ein litt av merkinga til ultra fjell-løpet Hornindal Rundt. Øyenibba/Middagsfjellet er post to av i alt tjue kontrollposter som løparane skal innom.
Området rundt varden på Øyenibba/Middagsfjellet er nydeleg. Små vatn som ein kan stikke tærne i på varme dager. Der er tillaga fin sitjeplass med bord og benker av stein. Her er det berre å setje seg ned og nyte stillheita i fjellet.
Hornindal i.l har trimpost på Middagsfjellet.
Turen vidare innover går i tydeleg rås. Denne delen av turen er ikkje merka. Eg heldt til høgre innover fjellet. Da har ein fin utsikt til bygda Markane og alle fjella i horisonten. Fleire små vatn ligg i terrenget innover, det finaste er Småskorvatnet. Her er det laga til med fin sitjeplass av steinheller og ein bålplass. Kanskje har dette vore her heilt sidan det var Småskorstemne på denne plassen.
Småskorstemne vart arrangert fra 1920 og framover mot 1955. Stemne var ein sosial møteplass for ein kameratgjeng fra Hornindal og Markane. Det var både menn og kvinner som deltok. Stemnet var eit fast innslag tidleg i august kvart år. Dei hadde med seg mat og drikke. Ei kokke hadde ansvaret for å koke kaffi og servere mat.
Min oldefar var ein av dei som tok turen fra Markane. Han hadde med seg ein 15 liters ølkagge i sekken.
Det blir fortalt at der fremdeles skal ligge ein «skatt» etter desse stemna der oppe på fjellet. Det hadde seg slik at dei tok ikkje med seg heim drammeglasa/sølvbegera som dei brukte, men gjøymde dei i terrenget til neste sommar. Mange har leita etter denne «skatten», men ingen har funne den.
Ølkaggen som oldefar tok med på fjellet.
Fra Småskorvatnet kan råsa være litt utydeleg, men det er ikkje vaskeleg å orientere seg i det åpne terrenget. I horisonten er det kjente fjell i alle retninger. I aust ser ein blant anna Skåla, Årheimsfjellet, Avleinsfjellet, Skavteigfjellet, Melheimsnibba, Strandanibba, Gjerdanibba, Skarsteinsfjellet og Storelogpiken.Vestover ser ein Glitreggja, Sagtindane, Aasebønakkjen, Vedviknibba, Navelsakerfjellet, Kviteggja og Eidskyrkja.På veg austover mot Nordaelva passerer ein Ruksetjønna. Der skal det være fint å bade om veiret og temperaturen tillet det. Når ein kjem inn til elva finn ein også rås igjen. Følg den ned til brua.
Fra brua kan ein velge om ein vil følge råsa til Maursetseta eller gå over elva og gå til Grendasetra. Det er tydeleg og god rås til begge setrane og vidare til Ullsheim.Min tur gjekk til Grendasetra og vidare til Ullsheim. Alltid kjekt å ta turen innom setra, nyte utsikten og mimre litt.Grendasetra er eit populært turmål både sommer og vinter. Den ligg der lett tilgjengeleg fra Ullsheim. Både løypetraseen til Turløyper Stryn og råsa er fine alternativ til/fra setra. Den gamle setreråsa går unnabakken ved flaggstanga. Råsa krysser løypetraseen ved Gamlesetra. Der er det sett opp benk og bord og det er ein fin kvileplass med utsikt til Hornindalsvatnet. Setreråsa går vidar ned bakkane til venstre for den store furua. Etter kvart kjem ein til Loppesteinen. Gamlesetra og Loppesteinen var faste kvileplasser for dei som i gamledager gjekk til seters. På heimvegen var det godt å kvile hylkja på dei gamle murane og på steinen.
Bilde: Gamlesetra og Loppesteinen.
Etter Loppesteinen går råsa gjennom eit granfelt. Rett før ein kjem ned på løypetraseen, passerer ein Rømesvadet. Der har det nok blitt søla røme i den tid dei gjekk til seters.
Gå rett over løypetraseen og følg råsa til ein igjen kjem til løypetraseen. Der i fra er det berre å følge traseen/rulleskibana til Ullsheim.
Strake vegen til Ullsheim.
Her ser ein tilbake til Øyenibba/Middagsfjellet fra Ullsheim. Heile turen fra Kongsvik til Ullsheim er 10,5 kilometer.
Kart over turen finn ein på ut.no; Øyenibba/Middagsfjellet fra Kongsvik til Ullsheim
GOD TUR !
Legg igjen en kommentar