Rundturnen Kyrkjhornsbakkane – Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnssetra – Kyrkjhornsbakkane er ca 9 kilometer. Høgdeforskjellen er på ca 700 meter.
Denne turen går på flott skogsveg fra utgangspunktet ,som er ved ein parkeringsplass øverst i byggefeltet i Kyrkjhornsbakkane. Skogsvegen går heilt til Kyrkjhornsetra. I alle kryss er det skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram og det er angitt kor langt det er til andre turmål i området.
Kyrkjhornsetra ligg fint til i lida ved inngangen til Kyrkjhorndalen. Mange fine små sel og fjøser. Det er synd at skogen har vokse så til. Utsikten fra setra hadde vore fantastisk om det hadde vore tynna litt.Her på setra har Hornindal i.l trimpost og her kjem ein inn på traseen for ultraløpet Hornindal Rundt. Turen vidare føl traseen til Hornindal Rundt og går på råsa som er tydeleg merka med kvite merker på steinar og treleggar. Råsa går no opp bakkane og over ei bru. Rett etter brua tek ein til høgre inn skogen. Enkelte plasser får ein eit glimt av utsikten gjennom skogen. Her ser ein så vidt Hornindalsvatnet og Kjøsahammaren. Råsa flater no litt ut og det blir meir luft mellom treleggane. Det er nydeleg rås å gå i, stilt og fredeleg, berre fuglesang og elvesus.
Ein krysser Kyrkjhornsdalen der traseen til kraftlinja går. I dette partiet er det litt myrlendt, men råsa er likevel tydeleg i terrenget. På bildet ser ein Sætrehornet, Storehornet og Gulkoppen.
Sætrehornet er ikkje så markant fra denne vinkelen. Ser ein det fra nord- nord/aust blir den veldi markant.Bildet under er tatt der kraftlinja går ned til Tomasgard. Returen på denne turen går om Lønnssætra. Fra Sætrehornet og tilbake til kraftlinja blir turen den same som ein gjekk opp. For å kome til Lønnsetra går ein råsa rett fram mot Hornindalsvatnet. Ein kan også gjere turen kortare og droppe Sætrehornet, berre runde av mot Lønnssetra.Sætrehornet 852 moh. med utsikt til deler av bygda langt der nede. Ein har også fin utsikt til fjella mot Møre, Blåbrehornet, Rokkekjerringa, Hornindalsrokken og Kviteggja.Vestover ser ein bla. Middagsfjellet, Glitereggja, Hornindalsvatnet, Navelsakerfjellet og Gløvrefjellet.På returen for denne rundturen går ein råsa tilbake til der kraftlinja krysser Kyrkjhorndalen. Vidare føl ein råsa rett fram retning Hornindalsvatnet. Råsa er tydeleg og fin, men ikkje merka.
Her har naturen laga til kvilestol. Plass til fleire. Berre å prøve.Lønnssetra er setra for gardane på Lødøen. Rundt 1920 var det 30 melkekyr på setra. Det har vore to fjøsar, ein som var bygd av stein og ein av tre. ingen av fjøsane står no. Det har vore berre eit sel på setra og budeiene var samla der. Det var løypestreng til setra. Den vart brukt å sende høy, lauvkjerr og blåbær heim til garden. Mjølka bar dei heim.
Det var slutt på setring på setra ca i 1944.
Selet er restaurert og like i nærheita kan ein sjå murane etter ein stor fjøs.
Råsa fra Lønnssetra går flatt ut fra setrevollen og fortset sørvest over. Råsa er tydele og merka. Etter ca 600 meter kjem ein nedatt på skogsvegen. Her har ein to valg. Ein kan gå same vegen som ein kom opp tilbake til Kyrkjhornsetra eller berre gå den skogsvegen som ein er komt ned på. Begge alternativa fører til parkeringsplassen i Kyrkjhornsbakkane
Kart over turen finn ein på Ut.no: Kyrkjhornssetra-Sætrehornet-Lønnssetra
GOD TUR!!!
Legg igjen en kommentar