Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Hornindal (Side 2 av 2)

Otterdalsnakken.

P1060310                             Fra venstre: Otterdalsnakken, Otterdal, Ytrehornnakken, Grodås

I sommer har eg gått ein tur som eg har høyrt om og tenkt på i 30 år. Vart så fasinert av historia som vart fortalt at eg bestemte meg for at dette måtte eg finne ut meir om og sjå med eigne auger.
Spiren var sådd og informasjon måtte skaffast. Google og lokale historiske skrifter er flotte oppslagsverk der ein kan finne mykje intresant lesnad.  Eg har tatt opplysningane til dette innlegget fra fylkesarkivet og fra historisk årskrift for Hornindal, 1988. Det finst meir informasjon, eg har berre tatt med i grove trekk. Om du finn dette intresant og spennande så studer Otterdalsnakken litt ekstra neste gang du reiser langs Hornindalsvatnet. Kansje blir du så nyskjerrig at du skaffer deg båtskyss og reiser på oppdagelsesferd. Eg fann ikkje tuftene etter lada som har stått på Nakken.  Kansje blir det ein tur til…

HISTORIA OM OKSEHAMNA PÅ OTTERDALSNAKKEN.

På 1800-talet leigde Navelskaker Innigard beite- og setrerett av brukaren  på bnr 1 i Otterdal.  Dei bygde sel og fjøs,( like overfor der Firdakraft si 66Kv linje går over vatnet). Det vart også dreve utslått på Otterdalsnakkjen rundt 1800/1900 års skiftet. Høyet vart lagra på høylemen til snøen kom. Det vart så drege på slode ned til vatnet og rodd til lands. Både seterdrift og utslått tok slutt nokre år etter 1900- årsskiftet.

Ole Rasmussen Otterdal, fekk skøyte på bruk nr 1 i 1913. Han var ein iderik mann og såg at Otterdalsnakken kunne brukast til noke etter at seterdrift og utslåtten tok slutt. Same året bygde han Nakkebryggja i strandkanten. Ved hjelp av eigeninnsats og dugnadshjelp bygde han også rås fra Nakkebryggja og opp på Nakken.
Otterdalsnakken var med si naturlege avgrensing opp mot fjellet og ned mot Hornindalsvatnet eit godt eigna beiteområde. Stranda er bratt, men midt oppe på Nakkjen er det svært godt beiteområde. Det vart også ved hjelp av dugnad sett opp eit steingard lengst nord i beiteområdet mot setredalen.

På denne tida nytta bøndene stamstutar i alvsarbeidet, og beiteområdet på Nakken vart nytta til beite for desse stamstutane. Ein kunne ikkje sleppe alvsoksar å beite der folk ferdast, dei var ofte mannevonde. Det vart fastsett og kunngjordt ein sleppedag. Rutebåten «Dølen» frakta oksane i ein stor pram på slep både fra Sanden, Kjøs, Nord og Heggjabygda.
Turen til beiteområdet starta på Nakkebryggja når alle dyra var komne i land. Dyra var i dårleg form etter ein lang vinter på bås,råsa var bratt og det var ikkje vatn å finne, så turen til Nakken var ei stor påkjenning for dyra. Det hende at det var dyr som stupte, og ein måtte da slakte dyret og få med kjøtet heim.
Det var alltid ein leiar blandt oksane. Kampen om leiarskapen start når oksane vart slepte lause på beitet. Ein okse kunne ha leiarskapen i fleire år inntil han vart slegen ut av ein annan. Det var liten vits i å sleppe oksar etter at hovudflokken var slept.  Det fekk dei oppleve dei som kom fra Gudbrandsdalen, eit par dagar etter at dei andre var slepte. Dei andre stutane tok jag på han, Han flykta nedover og slo seg i hel i stranda.  Det hende også at dyra lengta heim. Ein som ikkje fann seg til rette  var frå Bø i Stryn. Han braut seg ut og gjekk råsa til Nakkebryggja. Der la han på svøm mot Otterdal, men han vart møtt med båt fra Otterdal og tvinga tilbake til Nakkebryggja og jaga oppatt i beitet. Dette gjentok seg to gonger og tredje gongen sette han kursen mot Kjøsahammaren. Denne gangen klarte stuten å kome seg iland, med hjelp fra to karer som dreiv med arbeid i stranda. Stuten klarte å kome seg iland, trass nordavind og store bølger.
Det hende også at oksane kom seg over steingarden i nordenden av beitet og ned mot Otterdalsetra. Setrejentene vart redde når dei såg og høyrde oksane kome. Dei måtte da sende bod heim slik at karane kunne kome å få stutane tilbake til Nakken. Dei måtte ha med gevær og skyte skremeskot for å få dei til å snu.

På det meste var det slept 23 storoksar og 4 oksekalvar på eit år. Oksane kom både fra nærområdet, men også meir langveisfarande. Der var okser fra Kjøsdalen, Roti, Alsaker, Melheim, Lødøen, Bakke, Raftevoll, Flore, Dalane, Nordsida, Bergsida, Bø i Stryn,Innvik, Breim, Oppstryn og Gudbrandsdalen.Folka på OtterdalsnakkjenEin fin gjeng ved lada på Nakken: f.v: Olav Myrhaug, Rolf Flore, Leif Myrvang, Lars Hatledal, Samuel Stokkenes og Karl Nord. 

Florestuten (eigar/ansvarlege/ hjelpara: Anders Flore/ Kaare Maurset/Hallvard Sindre/ Rolf Flore) var sint og vanskeleg. Han fekk horna i kleda til ein mann under overfarten. Med eit nakkesleng vart karen kasta på vatnet. Denne oksen skulle sendast til slakteri i Bergen, men før han reiste fra Faleide gjorde han stor skade på ein matros på båten.

Etter at oksebeitinga tok slutt, vart det nokre år slept hest på sommarbeite på Nakken. Og i seinare år er det geiter som har beita der. No er også det slutt.P1050050Her ser ein Otterdalsnakken midt i bildet. 

For å kome seg på Otterdalsnakken må ein enten i båt eller gå fjellet fra Navelsaker eller Otterdal. Eg tok kontakt med ein lokal bonde i Navelsaker. Han skyssa meg med båt til Nakkebrygga og da var det berre å setje igang å utforske. Var veldi spent på korleis råsa var opp dette bratte berget. Fra Svorastranda, andre sida av Hornindalsvatnet, ser det nesten uframkomeleg ut. Men med historia om at dei har tatt store avlsokser opp råsa, så var spenninga stor om kva ein ville finne etter så mange år.P1110811Turen til Nakkebrygga gjekk i båt fra Navelsaker. Her ser ein stranda på Otterdalsnakken heilt til venstre.
P1110814 Båtskyss fra Navelsaker til Nakkebrygga.
P1110813  Ikkje så mykje som viser att ved Nakkebrygga.FF
Råsa var forbausande enkel å finne. Den gjekk bratt og i svinger opp nakken. Kan ikkje forstå at dei klarte å få store avlsokser opp den råsa. Enkelte plasser såg ein tydeleg at dei hadde mura opp råsa.
P1110815    P1110816
Ein måtte følge godt med på råsa, for der var også ein del hjortetrakk. Dette kan forvirre ein om ein ikkje er observante.
P1110818  Det var tett skog og mykje gras langs råsa.
P1110821 Enkelte plasser kan ein sjå tydelege spor etter arbeidet med råsa.P1110824Etter kvart som ein vinn høgdemeter og finn lysninger i skogen så kjem også utsikten. Her ser ein tilbake mot Navelsaker.
P1110825 Ikkje vanskeleg å forstå at dei måtte ha tørstedrikke på turen. Kva som har vore på denne flaska kan ein berre gjette seg til.P1110827Utsikten fra kanten av Nakken er upåklageleg. Her ser ein til Grodås sentrum, Lida og Svor. Ytrehornsnakken, Gulkoppen, Øyenibba/Middagsfjellet med Kjøsahalsen. Ein ser Skarsteinsfjellet og Storelogpiken. Ein ser også dyrka mark på Flore eller Nybø og Skåpavikja.P1110832Glitreggja har femdeles stor snøkappe på i starten på juni.P1110840Stille og fint vatn ein junikveld. Ein kan lett sitje her og speide etter sjøormern mens ein venter på båtskyssen tilbake til Navelsaker. Tusen takk for velviljen og hjelpa til skysskaren. Kansje ringer eg igjen.

Ta turen og utforsk. Kansje har noken av dine forfedre vore med på arbeidet med å frakte okser til oksehamna i Otterdalsnakken.

GOD TUR!!

Hornindalsrokken – ein topptur 1526 moh.


TOPPTUR TIL HORNINDALSROKKEN OG FAMILIETUR TIL BLÅVATNET.

P1060448
Hornindalsrokken, eller Hondalsrokkjen, er grensefjell mellom fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er også grense mellom Hornindal, Ørsta og Stranda kommune. Rokkjen blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane da nordsida av fjellet ligg ved Tyssevatnet innerst i Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit landemerke og ein ser den godt når ein køyrer RV 60 fra Grodås til Hellesylt. Når ein er komt til Hondøla bru,ta av til venstre fra riksveien. Ta gjerne ein stopp her og studer den flotte steinbrua som ligg tett ved riksveien. På austenden av denne brua står Giftarsteinen/Jomfrusteinen.

Det er to historier knytta til denne steinen. Den første går ut på at brurafølge gjekk til denne steinen og at brura måtte krype gjennom steinen når alle såg på. Kom ho gjennom steinen var alt i orden, kom ho ikkje gjennom var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene på setrane i området måtte krype gjennom steinen før dei reiste til setres tidleg på sommaren og også når dei skulle heim fra setra på seinsommaren. Dette for å sjå om dei hadde vore lausslupne i løpet av sommaren.
P1060445
Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Hornindalsrokken. Ein kan også gå fra Kjelstadalen i Stranda kommune.

Eg tok turen fra Hornindalsetra og innlegget blir om det veGvalget.

For å kome seg til utgangspunket, Hornindalssetra, så tek ein Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre. Vegen til Hornindalssetra er bomveg så ta med litt småpenger.  Når du har betalt bompengane kan du køyre heilt fram til setra. Der er det tillaga med  inngjerda parkeringsplass. Det er kjempeflott, da står bilen trygt for beitande husdyr som er i området rundt setra.
P1060450

P1060451
Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Rokkjen. Setra ligg på 412 meter over havet.
P1060455
Fra setra går ein på anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet som ligg ved foten av Hornindalsrokken. Denne strekninga er fin og slak og her kan godt heile familien ta turen. Det meste av stigninga er opp fra setra.
P1060459

P1060458
 Ein må også huske å snu seg og sjå på utsikten bak seg. Her ser ein Muldsvorhornet.
P1060460
Her ser ein tydeleg anleggsveien som går inn setredalen mot Blåvatnet. Litt stigning opp fra setra, men så flater den ut og er fin også for  barn å gå. Vogn kan by på ein del utfordringer. Det er mange som bruker sykkel dei vel 3 kilometera inn til Blåvatnet.
P1060463
  P1060467
Det er ikkje vatn å finne når ein starter på oppstigninga i «renna», så alle flasker må fyllast i dalbotnen ved Blåvatnet/Store Luka.
P1060470
Her deler stien/råsa seg. Skal ein på Rokkjen dreier ein til høgre. Stien er tydeleg og delvis merka. Det er viktig at ein føl stien for å finne rette veivalget opp «renna».
P1060472
  P1060475
No ser ein tilbake til setra, dyrkingsfelta som høyrer til gardane på Nygård og Seljeset og mot fjella som grenser mot Stryn.
P1060471
Ser ein andre veien, mot nord, ser ein Rokkekjerringa og Hornindalsrokken på kvar side av dalen der Blåvatnet og Tyssevatnet ligg.
P1060473
Når ein har gått eit stykke fra stidele mot foten av Rokken, går ein forbi Store Luka. Eit lite vatn som ligg der så stilt og fint heilt oppunder fjellfoten. Her er det fint å ha base camp om ein er fleire i følge og noken velge å stoppe turen her. Fint for barn å få leike i vannkanten.

For dei som vil til toppen av Hornindalrokken så starter oppstigninga her.  Oppstigninga opp «renna» byr ikkje på store problem,men det er laus stein og ein må være forsiktige så ein ikkje får steinane på trill. Dette er ein tur som er best å gå om det er tørt i terrenget. Ellers kan det være glatt og gjørmete. Det er også ein fordel å vente så lenge om våren at snøen i «renna» har smelta vekk
P1060476
Når ein er komt opp i skaret mellom Rokken og Lidafjellet er det godt med ein pause. Her kjem ein også inn på breen. Hold til venstre, men ikkje for nær oppunder ura. Ein føl breen til ein igjen møter ura og merka sti.
P1060480

P1060484
  P1060482
Utsikten er upåklageleg når ein nærmer seg toppen. Da er det berre å nyte.  Når ein er heilt på toppen ser ein Sunnmørsalpane med alle sine tinder og topper og andre veien ser ein mot  Jostedalsbreen og Lodalsskåpa.
P1060487
Her ser ein eit islagt Tyssekupa.
P1060489
  P1060501
Sist på 50-talet og tidleg på 60-talet vart Tyssevassdraget utbygdt av Tussa Kraft. Da vart det store Tyssevatnet oppdemt. På bildet ser ein tydeleg eit tappa basseng. I den nordlege delen av Tyssevatnet har Turistforeninga ei sjølvbetjent hytte, Tyssenaustet.
P1060507

P1060500
Her ser ein Kolåstinden til venstre og slogen til høgre.
P1060495
Endeleg på toppen. Dette er andre gang eg bestig dette fjellet. Første gang for ca 30 år sia.
P1060510
Her ser ein mot Sunnmøre. Ein ser Hjørundfjord og heilt til Ålesund.
P1060516
Her ser eg ca 900 meter rett ned i Tyssevatnet.

Kart over turen finn ein på ut.no: Topptur til Hornindalsrokken

Ytrehornsnakken – Hornindal

Laurdags ettermiddag tok eg ein tur til Ytrehornsnakken i Hornindal. Ein kort men bratt tur. Ein tur som eg vil sei er ein flott familietur om ein går på barnas premisser. Det kan bli barnets første møte med «fjellklatring».  Bruk dagen og ha rikeleg med tolmodigheit så blir dette ein fin tur. For dei som ikkje tek med barn så er dette ein forholdsvis kort tur. Fra der ein parkerer bilen er det ca 1.5 kilometer til toppen. Da kan ein velge om ein vil ta det roleg eller ha meir fart i beina og ta det som ei treningsøkt. Ein vil vel uansett kjenne det i lår og rompe musklatur :-).

For å kome til utgangspunktet så køyrer ein til Grodås, komunesenteret i Hornindal og den austlegaste delen av Nord Europas djupaste innsjø. I sentrum tek ein av mot Otterdal og køyrer ca 1 kilometer før ein igjen kjem til eit kryss merka Otterdal. Rett etter det krysset er det merka til Ytrehornsnakke.
P1060410
Her ser ein toppen av Ytrehornsnakken bak skiltet som viser kor ein tek av i kryssa.
P1060314

P1060316
Her er det ingen tvil om at ein er velkomne som fjellvandrer og turist. Kjende at eg vart glad når eg såg dette skiltet 🙂

Når ein har fått parkert bilen er det enkelt å finne ut kvar ein skal ta av fra grusveien.

P1060321
  P1060329
Det er god sti/rås heile vegen til toppen. Mange plasser er det mjukt underlag, men det er også ein del svaberg. Desse er ikkje vanskeleg å passere da råsa har blitt utvida og det er ofte moglegheit for å gå utenom svaberga. Men for ungane kan det være artig å få klatre litt.
P1060347
  P1060355
Stien/råsa er godt merka heile veien. Somme plasser kan det sjå ut som det er stidele, men stien kjem ihop igjenn lenger oppe.
P1060325
  P1060361
På veg til Ytrehornsnakken går stien ganske nær Gytleskotet. Gytleskotet er eit naturminne av ei kalsedonhole. Ta den korte avstikkeren fra stien bort til hola og sjå.
P1060330
  P1060331
Bilde 1: Her som skogen ligg nede tek ein av til Gytleskotet.
P1060333
  P1060337
P1060340
Tenk så spennande for barna å få krype inn i hola.
P1060343
Etter kvart som ein kjem oppover bakkane får god utsikt over bygda. Da ser ein tydeleg at Hornindal, eller Hondalen i daglegtalen, er ei landbruksbygd. Og ein høyrer aktiviteten og kjenner lukta (møkaspreiing) fra dei nærmaste gardane. Men dette er sann som høyrer med og som vitner om ei levande bygd.
P1060356
Enkelte plasser kan ein sjå gammal oppmuring av stien. Dette stammer fra den tida da Ytrehornsnakken vart brukt som varslinsplass/veteplass ved farer.
P1060357
 Sjølv om oppstigninga er bratt så flater den også ut av og til midt opp i bakkane.
P1060405
Bilde: Finst det noke som er finare enn å sjå bygdene våre bada i sol?
P1060366
Bilde: Denne krabaten var også ute på tur. Han ser litt skeptisk ut 😉
P1060349
  P1060345
P1060353
  P1060372
Det er mangt og mykje ein kan oppdage om ein tek seg tid til det.

Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var grøn og fin. Da kan ein håpe på bær når det lir mot haust.
P1060375

P1060377

P1060378
På toppen blir alt strevet i bakkane rikeleg belønna med ein fantastisk utsikt og ein herleg følelse av å ha luft rundt seg. Ein har eit rundskue som går fra Kviven- Høgenibba-Blåbrehornet- Sandfjellet-gardane inn gjennom Hondalen-Sætrehornet-Gulkoppen-Middagsfjellet(Øyenibba)-Kjøsahalsen og Glitreggja. Ein ser Hornindalsvatnet, nord europas djupaste innsjø, og bygdene rundt. Denne fjelltoppen peika seg derfor naturleg tu som veteplass da Håkon den gode skulle skipe nasjonalt varslings system på 900-talet.
P1060382
  P1060383
P1060391
Dette bildet heng på veggen inne i vetestova. Teksten på bildet fortel at bautasteinen på Ytrehornsnakken vart reist av bøndene på Ytrehorn i 1914 til minne om varden som i gamal tid var på Ytrehornsnakken.
P1060393
Vetestova på Ytrehornsnakkjen er ei rekonstruert stove som vart sett opp i 2003. Denne vetestova står open for allment bruk.
P1060388
  P1060390
 Eit oppslag av eit flott dikt til ei fjellvandreske hang på veggen
P1060385
Fra Ytrehornsnakken er det god sti vidare til andre turmål. Gode og oversiktlege skilt gjer det mulig å bedømme kor langt det eventuelt er til neste mål. Her på Ytrehornsnakkjen er også siste post på det populære fjell-løpet Hornindal Rundt.
Om ein går eit lite stykke bak om vetestova kjem ein til Ytrehornssætra, også kalt nakkesætra.
P1060395
Når ein vel er komt seg opp så ta deg god tid på toppen. Spessilet om ein har barn med. La dei få del i historia og la dei få utforske området. Om turen opp var bratt så har ein berre unnabakkjen om ein tek same veien heim.

Ta turen og la det bli ein uforgløymeleg tur for dei yngste :-). God tur!!

Kart over turen finn ein på Ut.no: Ytrehornsnakken

Knutsdalen – Strynesetra

Ein ny tur er utforska og eg vil dele opplevelsane med dokke. Her er  mange fine plasser å utforske i eigen kommunen og i nabokommunane.
P1050687
Denne gangen har eg plukka ut ein tur i nabokommunen, Hornindal. Turen går til Knutsdalen og Strynesetra. På denne turen kan ein gå, sykle, ta med barnevogna ja til og med køyre bil heilt fram. Og det kan no være eit godt alternativ om ein vil ta med nokon som ikkje klarer å gå turen sjølv. Det er fin grusvei heile vegen.

Turen fra Nygård til Strynesetra er ca 5,5 kilometer.

For å kome til utgangspunktet  køyrer ein Rv 60 mot Hellesylt. Ca 10 kilometer fra Grodås, kjem ein til krysset som går til Seljeset.
P1050686
Ta av i krysset til Seljeset og vidare til venstre ved brua.  Da kjem ein til dei to gardane på Nygård. Da eg gjekk turen snakka eg med ein bonde og eg fekk parkere bilen min på tunet hans. Men om ein køyrer nokre hundrede meter forbi gardane (køyr mellom dei to bolighusa) så kjem ein til ei ferist. Der er det plass å parkere bilen. Ein kan også køyre så langt som det er fast dekke. Der er det god plass å parkere. Ein står da i utmak, og ein må være klar over at her er beitande dyr som kansje er nyskjerrige på bilen din.
P1050687
Inntrykka står i kø allereide fra første trakk. Det er grøne marker som snart er klare for hausting, fremdeles snø i fjellsidene og fuglane som syng som dei er galne.
P1050700
Nokon har gjordt det litt vanskeleg for seg sjølv.

Gardane på Nygård ligg på ca 330 moh. Strynesetra ligg på ca 500 moh. Stigninga kjem på første del av turen.

Utsikten mot andre deler av Hondalen og fjella rundt er upåklageleg. Her ser vi mot Hornindalslida og det kjente fjellet Honndalsrokkjen som med sine 1529 moh ruver godt i terrenget.
P1050705
  P1050714
Det er tydeleg at det er stor snøsmelting i fjellet no for Knutsdøla var stor og buldra godt. Men om ein vil er det muligheiter for å dyppe føtene  i ei av sideelvene. Om ein leiter finn ein kansje ein kulp så ein kan kjøle seg skikkeleg ned.
Knutsdalen blir brukt som fellesbeite for gardane på Seljeset og Nygård. Det er i alt 8 bruk som sender buskapen sin på beite i dalen. 
P1050729
P1050730Etter å ha gjordt unna det meste av stigninga  kan det være godt å setje seg ned og kvile litt. Her er det tillaga med benk så det er berre sesse seg godt og finne roen.  Stilt og fredeleg og flott utsikt mot fjella i sør. Nyyyyyt.
P1050731
Eg kom også forbi det som vi før i tida kalla ei grushole. Det gav  assossiasjonar til barndomen. Eg og søskena mine hadde ei grushole i nærheita av heimen. Der bygde vi oss gardar, veier,bruer, tunneler og hadde store buskaper. Det meste laga av ting vi fant i naturen. Og så var det alle dei små bilane.
P1050733
Ved Knutsdalssetra flater vegen ut. På denne setra står det berre ein fjøs. Ellers på setrane i Knutsdalen er bygningane tatt godt vare på.
P1050734
Eit lite stykke lenger inn i dalen ligg fellessetra Sandgrova. Dette var ei vår og haust seter til Strynesetra. Der var også meieri på denne setra. Drifta av fellessetra starta i 1958 og ein familie hadde budeiejobben i tre generasjonar. På det meste var det 91 kyr. Her var det felles setring  fram til 1997/98. 
P1050735
P1050744   P1050749
P1050745
Vegen vidare fra Sandgrova er fin og lett inn til Strynesetra. Ei flott seter som litt opp på ein haug. Mange lurer vel på kvifor det heiter Strynesetra her i Hornindal. I boka til Kjell Råd, Setrar i Hornindal, kan ein lese at eit segn fortel at etter svartedauden var det ein attlevande gut frå Seljeset som slo seg saman med ei jente fra Stauri i Stryn. Dei busette seg på Stauri. Sonen deira brukte farsgarden Seljeset som seter. Setrevegen gjekk da over Skårdalen og Skåraskaret. P1050758Bilde: Strynesetra med Knutsdalskardet til venstre og Seljesetskardet/Kyrkjeeideskardet til høgre.

Ein har flott utsikt mot fjella rundt heile dalen.  Ein ser: Seljesethornet, «Bjørnen»/Nonsteinfjellet, Kragefjellet/Natakupa, Seljesetskardet/Kyrkeideskardet, Steindalseggja, Knutsdalskardet, Mannefjellet, Langerusthornet og Muldsvorhornet.
P1050764
Bilde: Seljesethornet og Nonsteinfjellet. Sel og fjøser til åtte bruk står tett i tett på Strynesetra.
P1050757
Bilde: Kragefjellet og Natakupa bak.
P1050762
Bide: Her ser ein inn i Botnen. Knutsdalskaret til venstre og Seljesetskaret/Kyrkjeeideskaret midt i. Kort vei over til Stryn.
P1050758

Kart over turen finn ein på Ut.no: Knutsdalen – Strynesetra

GOD TUR!!

Den Trondhjemske postvegen Kjøs – Svor, Hornindal


Den Tronhjemske postvei
Den Trondhjemske postvegen er mange plasser øydelagt av nyare inngrep. Men framleis kan ein finne fine turer over lengre distanse i denne historiske vegtraseen.
Denne gangen vil eg skrive om den flotte turen det er å gå den gamle ferdselsvegen fra Kjøs til Svor, i Hornindal kommune.
P1050017
Utgangspunktet for turen er ved hyttefeltet i Kjøs, på nordsida av Kjøsapollen og Rv 15.  Ta av  ved  Rv 15 ved Øyebakken eller på nordsida av Kjøs bru.
P1050013  P1050015
Det er mogelegheiter for parkering ved hyttefeltet og første del av turen går opp mellom hyttene.
P1050019
Vegen er tydeleg og ikkje til å ta feil av. Ein går veldig nær hyttene så vis respekt for dei som har fritidsboligane sine der.
P1050021
  P1050023
Langs vegen får ein glimt av nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Også Bjørnaholmen som ligg like vest for Kjøs bru ser ein mellom furuleggane. Er det i dette området sjøormen befinn seg?? Ein ser også bebyggelsen på sørsida av vatnet. Fine heimar med mykje kveldssol. Nærmast her ser vi garden Kjøs.
P1050025
Første del av turen går i kupert terreng. Etterkvart blir det meir jamn stigning. Underlaget på veien er stort sett veldi bra. Tidvis med full veibredde, men enkelte plasser er det litt meir  rås/sti. Også litt steinete og  svaberg.  Det er ikkje vanskeleg å passere verken for gåande eller syklande.
P1050027
  P1050032
Det er ein del små elver langs ruta så det er moglegheiter for å fylle opp vannflaskene om dei blir tome, eller berre å stikke haudet i grova og supe vatnet i seg.

Når ein kjem opp på høgda får ein flott utsikt. Austover ser ein  mot Kjøsapolljen og fjella lengst inn i fjorden. Vestover ser ein Hornindalsvatnet, Holmøyane på sørsida av vatnet og Heggjabygda på nordsida av vatnet.
P1050029
P1050031Den dagen eg gjekk denne turen var det ikkje noko særlig fotoveir. Det var ikkje blå himmel og blått vatn og sol i fra alle kanter. Men ta turen og knips dine eigne blinkskudd. For det er det gode moglegheiter for.

Etter kvart åpner landskapet seg og ein kjem til garden Kongsvik, i daglegtalen kalt «Myra». Her går postvegen heilt i utkanten av dyrka marka. Ein ser lett der det er trakka, så følg råsa. På bildet ser ein fra venstre fjella Kviteggja, Navelsakerfjellet, Navletuva (den minste tuva midt på bildet) , Høgefjellet og litt av Snøtuva.
P1050033
Ein krysser ein skogsveg eit stykke etter Kongsvik, fortset rett fram og er på toppen av Kjøsahalsen. Her har Hornindal il turbok. Her er det moglegheiter for å ta seg ein pust i bakken. Fint når det er laga til med kvileplasser. Om ein vil kan ein til og med ta ein liten «snap nap».
P1050036
Vidare går vegen unnabakken og  Hornindalsvatnet kjem til syne igjen. 
P1050040
Fra den knappe svingen er det fin utsikt mot bygda Otterdal. Der måtte dei  i lang tid klare seg uten veg da storm og flo tok vegen langs vatnet.
Tidleg på 1900-talet frakta dei beitedyr til Nakkebrygga og jaga dyra til Otterdalsnakken. Dette var store avlsokser. Og dei kom fra mange plasser i Nordfjord for å være på beite langt fra folk. 
P1050042
No er det unnabakke og kuppert veg til ein kjem til Svor.  Det er det tydelege spor etter stormen «Dagmar» med mange tre som ligg på kryss og tvers.  No er traseen rydda og enkelt å kome seg fram.
P1050045  P1050052
P1050057
Når ein nærmer seg gulestripa (bilvegen) igjen, åpner landskapet seg og ein får fin utsikt mot Grodås, «Sanden» i daglegtalen. 
P1050059
Her ved veis ende er det også gode parkeringsmoglegheiter og eit godt utgangspunkt om ein vel å gå turen andre veien.
P1050064
P1050072  P1050074
Tilrettelagt for parkering for turgåere langs «Den Tronhjemske postvei»
Kjøs-Svor

Denne turen er ca 9 kilometer  fram og tilbake. Halva om ein går berre ein vei. Ein nydeleg tur.

Håper du prøver turen. Kom gjerne med tilbakemeldinger.

Ein kan også laste ned turen på : Ut.no

GOD TUR!!!!!!

 

Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑