Ein ny tur er utforska og eg vil dele opplevelsane med dokke. Her er  mange fine plasser å utforske i eigen kommunen og i nabokommunane.
P1050687
Denne gangen har eg plukka ut ein tur i nabokommunen, Hornindal. Turen går til Knutsdalen og Strynesetra. På denne turen kan ein gå, sykle, ta med barnevogna ja til og med køyre bil heilt fram. Og det kan no være eit godt alternativ om ein vil ta med nokon som ikkje klarer å gå turen sjølv. Det er fin grusvei heile vegen.

Turen fra Nygård til Strynesetra er ca 5,5 kilometer.

For å kome til utgangspunktet  køyrer ein Rv 60 mot Hellesylt. Ca 10 kilometer fra Grodås, kjem ein til krysset som går til Seljeset.
P1050686
Ta av i krysset til Seljeset og vidare til venstre ved brua.  Da kjem ein til dei to gardane på Nygård. Da eg gjekk turen snakka eg med ein bonde og eg fekk parkere bilen min på tunet hans. Men om ein køyrer nokre hundrede meter forbi gardane (køyr mellom dei to bolighusa) så kjem ein til ei ferist. Der er det plass å parkere bilen. Ein kan også køyre så langt som det er fast dekke. Der er det god plass å parkere. Ein står da i utmak, og ein må være klar over at her er beitande dyr som kansje er nyskjerrige på bilen din.
P1050687
Inntrykka står i kø allereide fra første trakk. Det er grøne marker som snart er klare for hausting, fremdeles snø i fjellsidene og fuglane som syng som dei er galne.
P1050700
Nokon har gjordt det litt vanskeleg for seg sjølv.

Gardane på Nygård ligg på ca 330 moh. Strynesetra ligg på ca 500 moh. Stigninga kjem på første del av turen.

Utsikten mot andre deler av Hondalen og fjella rundt er upåklageleg. Her ser vi mot Hornindalslida og det kjente fjellet Honndalsrokkjen som med sine 1529 moh ruver godt i terrenget.
P1050705
  P1050714
Det er tydeleg at det er stor snøsmelting i fjellet no for Knutsdøla var stor og buldra godt. Men om ein vil er det muligheiter for å dyppe føtene  i ei av sideelvene. Om ein leiter finn ein kansje ein kulp så ein kan kjøle seg skikkeleg ned.
Knutsdalen blir brukt som fellesbeite for gardane på Seljeset og Nygård. Det er i alt 8 bruk som sender buskapen sin på beite i dalen. 
P1050729
P1050730Etter å ha gjordt unna det meste av stigninga  kan det være godt å setje seg ned og kvile litt. Her er det tillaga med benk så det er berre sesse seg godt og finne roen.  Stilt og fredeleg og flott utsikt mot fjella i sør. Nyyyyyt.
P1050731
Eg kom også forbi det som vi før i tida kalla ei grushole. Det gav  assossiasjonar til barndomen. Eg og søskena mine hadde ei grushole i nærheita av heimen. Der bygde vi oss gardar, veier,bruer, tunneler og hadde store buskaper. Det meste laga av ting vi fant i naturen. Og så var det alle dei små bilane.
P1050733
Ved Knutsdalssetra flater vegen ut. På denne setra står det berre ein fjøs. Ellers på setrane i Knutsdalen er bygningane tatt godt vare på.
P1050734
Eit lite stykke lenger inn i dalen ligg fellessetra Sandgrova. Dette var ei vår og haust seter til Strynesetra. Der var også meieri på denne setra. Drifta av fellessetra starta i 1958 og ein familie hadde budeiejobben i tre generasjonar. På det meste var det 91 kyr. Her var det felles setring  fram til 1997/98. 
P1050735
P1050744   P1050749
P1050745
Vegen vidare fra Sandgrova er fin og lett inn til Strynesetra. Ei flott seter som litt opp på ein haug. Mange lurer vel på kvifor det heiter Strynesetra her i Hornindal. I boka til Kjell Råd, Setrar i Hornindal, kan ein lese at eit segn fortel at etter svartedauden var det ein attlevande gut frå Seljeset som slo seg saman med ei jente fra Stauri i Stryn. Dei busette seg på Stauri. Sonen deira brukte farsgarden Seljeset som seter. Setrevegen gjekk da over Skårdalen og Skåraskaret. P1050758Bilde: Strynesetra med Knutsdalskardet til venstre og Seljesetskardet/Kyrkjeeideskardet til høgre.

Ein har flott utsikt mot fjella rundt heile dalen.  Ein ser: Seljesethornet, “Bjørnen”/Nonsteinfjellet, Kragefjellet/Natakupa, Seljesetskardet/Kyrkeideskardet, Steindalseggja, Knutsdalskardet, Mannefjellet, Langerusthornet og Muldsvorhornet.
P1050764
Bilde: Seljesethornet og Nonsteinfjellet. Sel og fjøser til åtte bruk står tett i tett på Strynesetra.
P1050757
Bilde: Kragefjellet og Natakupa bak.
P1050762
Bide: Her ser ein inn i Botnen. Knutsdalskaret til venstre og Seljesetskaret/Kyrkjeeideskaret midt i. Kort vei over til Stryn.
P1050758

Kart over turen finn ein på Ut.no: Knutsdalen – Strynesetra

GOD TUR!!