Laurdags ettermiddag tok eg ein tur til Ytrehornsnakken i Hornindal. Ein kort men bratt tur. Ein tur som eg vil sei er ein flott familietur om ein går på barnas premisser. Det kan bli barnets første møte med “fjellklatring”.  Bruk dagen og ha rikeleg med tolmodigheit så blir dette ein fin tur. For dei som ikkje tek med barn så er dette ein forholdsvis kort tur. Fra der ein parkerer bilen er det ca 1.5 kilometer til toppen. Da kan ein velge om ein vil ta det roleg eller ha meir fart i beina og ta det som ei treningsøkt. Ein vil vel uansett kjenne det i lår og rompe musklatur :-).

For å kome til utgangspunktet så køyrer ein til Grodås, komunesenteret i Hornindal og den austlegaste delen av Nord Europas djupaste innsjø. I sentrum tek ein av mot Otterdal og køyrer ca 1 kilometer før ein igjen kjem til eit kryss merka Otterdal. Rett etter det krysset er det merka til Ytrehornsnakke.
P1060410
Her ser ein toppen av Ytrehornsnakken bak skiltet som viser kor ein tek av i kryssa.
P1060314

P1060316
Her er det ingen tvil om at ein er velkomne som fjellvandrer og turist. Kjende at eg vart glad når eg såg dette skiltet 🙂

Når ein har fått parkert bilen er det enkelt å finne ut kvar ein skal ta av fra grusveien.

P1060321
  P1060329
Det er god sti/rås heile vegen til toppen. Mange plasser er det mjukt underlag, men det er også ein del svaberg. Desse er ikkje vanskeleg å passere da råsa har blitt utvida og det er ofte moglegheit for å gå utenom svaberga. Men for ungane kan det være artig å få klatre litt.
P1060347
  P1060355
Stien/råsa er godt merka heile veien. Somme plasser kan det sjå ut som det er stidele, men stien kjem ihop igjenn lenger oppe.
P1060325
  P1060361
På veg til Ytrehornsnakken går stien ganske nær Gytleskotet. Gytleskotet er eit naturminne av ei kalsedonhole. Ta den korte avstikkeren fra stien bort til hola og sjå.
P1060330
  P1060331
Bilde 1: Her som skogen ligg nede tek ein av til Gytleskotet.
P1060333
  P1060337
P1060340
Tenk så spennande for barna å få krype inn i hola.
P1060343
Etter kvart som ein kjem oppover bakkane får god utsikt over bygda. Da ser ein tydeleg at Hornindal, eller Hondalen i daglegtalen, er ei landbruksbygd. Og ein høyrer aktiviteten og kjenner lukta (møkaspreiing) fra dei nærmaste gardane. Men dette er sann som høyrer med og som vitner om ei levande bygd.
P1060356
Enkelte plasser kan ein sjå gammal oppmuring av stien. Dette stammer fra den tida da Ytrehornsnakken vart brukt som varslinsplass/veteplass ved farer.
P1060357
 Sjølv om oppstigninga er bratt så flater den også ut av og til midt opp i bakkane.
P1060405
Bilde: Finst det noke som er finare enn å sjå bygdene våre bada i sol?
P1060366
Bilde: Denne krabaten var også ute på tur. Han ser litt skeptisk ut 😉
P1060349
  P1060345
P1060353
  P1060372
Det er mangt og mykje ein kan oppdage om ein tek seg tid til det.

Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var grøn og fin. Da kan ein håpe på bær når det lir mot haust.
P1060375

P1060377

P1060378
På toppen blir alt strevet i bakkane rikeleg belønna med ein fantastisk utsikt og ein herleg følelse av å ha luft rundt seg. Ein har eit rundskue som går fra Kviven- Høgenibba-Blåbrehornet- Sandfjellet-gardane inn gjennom Hondalen-Sætrehornet-Gulkoppen-Middagsfjellet(Øyenibba)-Kjøsahalsen og Glitreggja. Ein ser Hornindalsvatnet, nord europas djupaste innsjø, og bygdene rundt. Denne fjelltoppen peika seg derfor naturleg tu som veteplass da Håkon den gode skulle skipe nasjonalt varslings system på 900-talet.
P1060382
  P1060383
P1060391
Dette bildet heng på veggen inne i vetestova. Teksten på bildet fortel at bautasteinen på Ytrehornsnakken vart reist av bøndene på Ytrehorn i 1914 til minne om varden som i gamal tid var på Ytrehornsnakken.
P1060393
Vetestova på Ytrehornsnakkjen er ei rekonstruert stove som vart sett opp i 2003. Denne vetestova står open for allment bruk.
P1060388
  P1060390
 Eit oppslag av eit flott dikt til ei fjellvandreske hang på veggen
P1060385
Fra Ytrehornsnakken er det god sti vidare til andre turmål. Gode og oversiktlege skilt gjer det mulig å bedømme kor langt det eventuelt er til neste mål. Her på Ytrehornsnakkjen er også siste post på det populære fjell-løpet Hornindal Rundt.
Om ein går eit lite stykke bak om vetestova kjem ein til Ytrehornssætra, også kalt nakkesætra.
P1060395
Når ein vel er komt seg opp så ta deg god tid på toppen. Spessilet om ein har barn med. La dei få del i historia og la dei få utforske området. Om turen opp var bratt så har ein berre unnabakkjen om ein tek same veien heim.

Ta turen og la det bli ein uforgløymeleg tur for dei yngste :-). God tur!!

Kart over turen finn ein på Ut.no: Ytrehornsnakken