Otterdalsetra eller Otredalsetra, som blir brukt i daglegtalen, er setra til dei fem bruka i den vesle bygda på nordsida av Hornindalsvatnet.
Dei to yste bruka, «Ut i gara» og «Nord på Markjene» blir kalla «Utigar».
«Inigar» er felles namn for bruka «Inn på Markja», «Ut med Persen» og «Nyestovene». Det er vanleg frå gammalt av at tun rundt om i bygdene har slike kallenamn.

Utgangspunktet for turen til setra og til skaret er ved krysset ved postkassestativet, der skilta står. Der er det plass for 2-3 biler å parkere. Følg grusvegen mellom tuna og ein kjem til skogsvegen.

Frå tuna går det skogsveg opp dalen til setra. Denne vart truleg bygd på 1930-talet, den har blitt rusta opp for ein del år sia. Frå gammalt av var det eit kvile, Hillegrova, der elva kryssa råsa. Der kunne dei kvile og drikke av den kalde elva. Om det er same plassen som vegen no krysser ei elv veit eg ikkje, men der kan det være godt med ein kvil på brua. Det er ein bratt men fin veg å gå.

Fin men bratt veg til setra.

Siste stykke, over setrevollen, går ein på gras- og myrterreng.
Det er fin utsikt frå setra.

Selet og fjøsen som høyrer til Inigard.

Bruka som høyrer til «Utigar» slutta med setring i 1948. I «Inigar» slutta dei med mjølkekyr på setra i 1965.

Frå setra (400 moh)er det merka rås til Otterdalskaret. Følg merkinga som går til venstre ut frå setra. Der er også merka til Ytrehornsnakken frå Otterdalsetra. Dei merkingane går bak og mot høgre for setra.
Dette er ein del av løypa til ultraløpet Hornindal Rundt. Det er lett å følge dei kvitmåla steinane og treleggane bak gjennom dalen til skaret.
Frå Otterdalskaret (770 moh) ser ein over til Kalvatn.

Fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Kjøsahalsen, Holmøyvik og Blåeggene.

Turen frå Otterdal og bak til Otterdalskaret er 5 kilometer.

GOD TUR I VAKKER NATUR.