nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Lotsberg – Indre Åsane

P1090490Ein ny tur er utforska og eg deler den gjerne med dokke. Denne gangen har eg tatt turen ut av kommunen og til nabokommunen Eid. Dei veglause gardane Ytre Åsane og Indre Åsane ligg i fjellsida mellom Lote og Hennebygda.  Har lenge høyrt snakk om råsa/stien fra Lotsberg til Indre Åsane, men først no vart den utforska. Og snakk om overaskelse! Hadde i utgangspunktet sett føre meg ei vanleg rås/sti som gjekk høgt opp i lida, men der tok eg grundig feil.

Denne turen som eg skal beskrive her ligg i Åsane naturreservat.  Eit naturreservat på totalt 1.424km2  og med spesielle førekomster av edellauvskog.

Oddgeir Bruaset har i boka si «På fjellhylle og havstrand – livet på veglause gardar i Nordfjord»  skreve om livet på desse gardane i fjellsida mellom Lote og Hennebygda.

Må innrømme at eg mange ganger i løpet av turen studerte på kva som fekk folk til å rydde seg gard og busetje seg i slike bratte fjellsider. Tankane gjekk tilbake til dei første som kom og begynte å rydde seg heimar.  For eit slit folke før i tida hadde for å overleve.  I boka til Bruaset les eg om at på Åsane var det gode hamnegangar (beite) og at folket der tok imot kyr frå gardane med dårleg beite på sørsida av fjorden. Dette var med på å gjere Åsane til ein velstandsgard.

Men la oss ta turen.

Ein kjem seg til utgangspunktet ved å køyre til Lote. (E39 fra Nordfjordeid, Panoramaveien eller Rv 15 fra Stryn). Ta av til Lotsberg og fortset vegen heilt til endes. Da er du komt opp i tunet på Indre Lotsberg. Der er det parkeringsmoglegheiter, men pass på at du parkerer så bilen ikkje står i veien for dei fastbuande.

På garasjen i tunet står det oppslag med kart om turen til Indre Åsane.  Gå forbi garasjen og vidare innover bøen mot skogkanten rett bak dette bygget.
P1090492   P1090494
På første del av turen etter at ein er komt inn i skogen er  der ein del rotevelter, men det er enkelt å kome forbi. Og eg kan godt sei eg vart overaska over vegen vidare. For det som eg trudde var ei vanleg rås/sti var ein gammal vegtrasè. Og den var fint rydda og vedlikeholdt.
P1090495 Vegtraseen var ca 1,5-2 m breid.

P1090497Bilde:Fra Lotsberg kom vi den vegen som ligg lengst til venstre.P1090500  Utsikt ut Nordfjorden.
P1090501Bilde: Godt å ha noke å lene seg mot mens ein studerer utsikten. Her er det bratt ned!! P1090506
Bilde: Som ein allè ligg vegen der. Under hammaren kunne ein sitje tørt om det var nedbør.P1090507Her er ein nesten komt inn på Ytre Åsane. Her bur det fremdeles folk, sjølv om dei ikkje har veg. Mange fine klopper over elvane som kryssa vegen.
P1090511  P1090513
Som de ser av bildet så er det fjell på oppsida av vegen og bratt utføre på andre sida.  Likevel er det flotte muringer. Ikkje mykje HMS i den tid denne vegen vart bygd. Og her gjekk ungane til skule heile året. Dei fekk med seg ei øks som dei skulle bruke å hogge spor i isen om den hadde frose opp.
P1090521Bilde: Ingenting er som å finne våren og historisk grunn.P1090530  Bilde: Indre Åsane.
Vi var på tur til Indre Åsane for eit par år sidan også, da  møtte vi Johan Lote, eigar av garden. Han hadde da vore ned til sjøen og fiska. Fangsten sende han til gards med taubana ilag med posten. Det var mykje og store grantre som låg på kryss og tvers over  vegen opp fra Åsevika da, men det såg ikkje den gamle mannen mørkt på.

Om ein no vil avslutte turen kan ein gå ned til fjorden ved Åsevika. Om ein vil fortsetje kan ein enten ta same vegen tilbake eller gå til Øvre Åsane. Støylen som ligg lenger oppe i fjellsida. Det er greit å finne vegen.P1090534Bilde: Utsikt inn Nordfjorden mot Randabygda og Tvinnereim. Ryssfjæra på andre sida av fjorden.

Denne turen er enkel å gå. Den passer for dei aller fleste både ung å gammel. Det er nesten flatt heile vegen. Fra Lotsberg til Indre Åsane er det ca 2,7 km.

Ein finn kart over turen på denne linken:   Lotsberg – Indre ÅsaneP1090536

GOD TUR!

2 Comments

  1. Lars Erik Karlsen

    31. juli 2016 at 17:38

    Rotveltene du skildrer i starten var fjerna i dag. Fin tur til indre Åsane i dag.😀 flott sted. Innmarka på indre Åsane var slått på dugnad av folk fra Lote.

Legg inn en kommentar

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑