Sindresetra er setra til garden Sindre som ligg lengst vest i Sør-Markane. På denne setra var det setring fram til 1949. Da fekk dei seg kulturbeite nærmare garden og det vart slutt på turane med krøter til seters. Også Nybø har hatt seter her.
Om du vil gå til Sindresetra er der to alternativ. Utgangspunket er det same. Ein kan velge å gå skogsbilvegen (Randaskogvegen) eit stykke for så å gå over i råsa/stien ved lunneplassen eller ein kan velge å gå ein ny skogsvei + sti for så å gå over i rås/sti ved lunneplassen.
Sindresetra ligg ca 600 moh og turen fra parkeringsplassen og fram til setra er 2,5 kilometer når ein går alternativ 2. Litt lenger når ein går alternativ 1.
Det er gode parkeringsmoglegheiter på høgre sida av bygdeveien. Skogsbilvegen går opp til venstre. Der er bom og ikkje lov å køyre. Veien er også fin å sykle på. Har tidlegare skreve innlegg om den her: Sykkletur
Skogsbilveien (Randaskogveien)
Slik ser det ut der som skogsbilvegen starter. Vegen ligg fint i terrenget og ein plukker lett høgdemeter mot Nybøkleiva.
På vei opp bakkane er det viktig å stoppe og sjå seg tilbake.Her ser ein Navelsaker og Eidskyrkja.Vegen flater ut når ein er komt opp bakkane og her kan det være godt med ein pust i bakken. Her er det sett opp benk så ein kan ta ein velfortjent kvil og nyte utsikten over Nybøtjønna og fjella i Nord Markane.
Slik ser utsikten ut fra lunneplassen. Heilt til høgre i bildet kjem skogsveien opp og til venstre kjem stien/råsa opp.
Alternativ 2: Ny skogsvei/rås.
Om ein vel å gå stien/råsa fra parkeringsplassen, går du bygdevegen til Nybøsaga. Etter brua tek ein til venster opp bakken. Der er det no komt ein ny skogsvei. Gå den eit stykke oppover og ein vil sjå ein tydeleg sti/rås på venstre sida.
Stien opp til Nybøkleiva er tydeleg. Den går gjennom granfelt og over ein del myrseg.
Her på lunneplassen på Nybøkleiva møtes dei to alternativa. Og her går stien/råsa vidare til seters. Rett etter at ein er komt inn på råsa kjem ein til eit svad. Halvgjengesvadet. Det var i frå gammalt, når ein gjekk skogen heilt fra Sindretunet, halvveis til setra.
Halvgjengesvadet.
Stien/råsa er tydeleg og går i slakt terreng vestover. Enkelte plasser finn ein eit hinder, men ikkje verre enn at ein kan gå forbi.
Etter kvart kjem ein opp på meir myrlendt terreng og der kan det være vansklegare å holde råsa. Den er stedvis merka med orange maling, men følger ein litt ekstra med på myrane er det mulig å sjå kor det har vore gått før.
Ein varde langs stien/råsa er aldri feil. Da veit ein at ein er på rett vei. Her på bildet ser ein Glitreggja langt i vest.
Langs stien er det også moglegheiter for å finne drikkevatn eller å dyppe tærne på varme dager. Ta deg tid til å sjå deg rundt når du er ute å går. Det er mykje av naturens vakre skaperverk er ute.
Over dei siste myrene før ein kjem til elva Kvithella er det merka med orange maling på treleggar.
Når ein nærmer seg elva, Kvithella, krysser ein den tidlegare traseen til Holmøyskarrennet. Under flaumen i 2013 vart det gjordt store skader på elva Kvithella. Enorme steinmasser har flytta på seg. Følg den orangemerkinga for å finne rette leia over elva.
Elva Kvithella etter flaumen.
Dette er selet som står på Sindresetra. Eit gammalt og eit nyare sel som er bygd i hop. Fjøsen står ikkje lenger.
Markane i.l har ein av sine trimposter på setra.På veg nedatt får ein fin utsikt austover mot nokre av gardane i Markane, Kyrkjenibba, Gryta, Storskrdfjellet og Skåla.
Når ein er komt nedatt på vegen og nærmer seg parkeringsplassen kan ein setje seg på benken og puste ut. Og utanfor bildekanten på venstre sida er der ein dam i elva. Der kan det være kjekt for noken å kjøle seg ned.
Dette er turen til ei av dei ca 100 setrane/støylane i Stryn kommune. Absolutt vert å plukke.
Kart over turen finn ein på ut.no: Sindresetra
0 kommentarer
2 tilbakeping