nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Furedalen – Botnavatnet

P1110452Vi har utruleg med moglegheiter til å finne nytt turterreng  i vår vakre kommune.  Det er ikkje berre dei høge fjelltoppane som lokkar, men også alle dalane som går mellom fjella.

Laurdag la eg avgårde for å utforske  ein av desse  dalane. Eg har gått eit stykke av denne dalen for mange mange år sia, men da ikkje heilt til endes.

Furedalen starter ved Oppstrynsvatnet og går nordaust over mot Botnavatna som ligg på vel 800 moh. For å kome til utgangspunktet køyrer ein til Veslebygda, ei grend som ligg på nordsida av Oppstrynsvatnet, på vegen mot Flo. Ein kan velge om ein vil gå heile vegen fra Veslebygda og opp grusvegen eller køyre opp bakkane til vegen deler seg. Parker der og går første stykket gjennom skogen da får ein sjå rester av gamma gardsveg som ligg så fint mellom granene.P1110451
Eg køyrde opp der som veien delte seg. Det er like under garden Ljåstad. Der var ei utviding og greit å parkere.
P1110456 Fin vei gjennom skogen.
P1110457  P1110458
Ein fin kulp i elva kunne fort ha blitt nytta til eit bad, men det var litt vanskeleg å kome seg bort.
P1110465 Solli, ein fråflytta gard lengst opp i lida.
Turen går vidare på fin skogsveg. Her er beitande dyr så husk å lat att leda/grindene. Ein vinn fort høgdemeter. Skogsvegen går i varierande stigning opp bakkane. Somme tider i bratte bakker og av og til i slakare terreng.P1110467
Langs turvegen opp dalen ser ein mange namneskilt.  Kjiegjølet er eit gjøl i Fureelva. Det var god snøsmelting den dagen eg gjekk så elva dura godt langt der nede.
P1110468 P1110469
Eit lite stykke før vegenden er der ei utviding. Der stod det ein fin stol, så her var det moglegheiter for å ta ein pust i bakken. Og det kunne trenges, for den siste bakken før ein kom opp vegenden var bratt. Og som skiltet seier så er ein da komt opp på Flatene. Ikkje stor, men ei flat likevel. Her i fra gjekk ferden vidare i rås til setra. Råsa er ikkje merkt, men det er ikkje problemer å følge den. Det har vore køyrt med traktor eit stykke oppover. Elva lenger oppe har fått skade i flaumen og opprenskningsarbeid har vore utført.
P1110472    P1110487
P1110476    P1110565
I følge boka «Setrar i Oppstryn og Nedstryn» av Kjell Råd, så melka dei kyrne her ei tid på året.P1110482Det er fin utsikt  på deler av oppstigninga fra Veslebygda. Her som så mange andre plasser, veks det til med skog, men når ein kjem til ei lysning så er utsikten upåklageleg. Her ser ein Tunoldsvikja med Knarteholmane utføre, Brekke, Fosnes og Erdalen. Midt i bildet ser ein Brekkefjellet med Storskredfjellet bak. Til venstre i bildet ser ein Hjellehynnja.P1110490Det er stille og roleg opp Furedalen.  Lyden av beitande sauer og lamb er ein koseleg lyd å høyre når ein er i fjellet. Dette lambet tok livet med ro sjølv om det kom ein turgårer forbi.
P1110560  P1110563  Fin og god rås å gå i.P1110558Furesetra ligg på ca 700 moh. Ein ser tydeleg at det har vore mange sel og fjøser i tidlegare tider på setra. Dei fleste har blitt borte pga alder, men også pga ras. Ein lokalkjent fortalde at det i alt hadde der vore 14-15 bygninger på setra. Det vart slutt på setring ca 1947. I dag står det att fire bygninger.
P1110503  P1110548
Bak setra går det fin rås vidar til Reset og Botnavatna. Ein krysser Dosaelva, den kan sjå stor ut, men er enkel å kome over litt høgar oppe enn dette bildet er tatt.
P1110524        P1110529
Sjølv midt i juli var der mykje snø og is ved og på vatnet. Botnavatnet ligg på 841 moh.P1110535Det er fire hytter ved vatnet, og dei som er så heldige at dei har hytte her i den totale stillheita kan nyte ein luksusferie av dei sjeldne. For stillheit er ei luksusvare i våre dager.P1110550Turen fra parkeringsplassen der skogsvegen starter og opp til Botnavatnet er 5 kilometer.

Kart over turen med innteikna rute finn du  på ut.no: Furedalen – Botnavatnet

PRØV EIN NY TUR I NÆROMRÅDET !

1 Comment

  1. Brian Schouten

    8. august 2016 at 18:48

    Takk for informasjon fint kort tur

Legg inn en kommentar

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑