nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kårstadnausta – Skåra

P1100132Denne våren har eg vandra mange turer i terrenget på Nordsida. I dei bratte lidene på nordsida av Nordfjorden, fra Faleide til Lote, blir det tidleg vår. Og her kan ein finne mange fine turer. Mange av dei er merka og innteikna på kart. Ikkje alle turane går fra bygdene og ned til fjorden, her er også mange som går langs etter lidene og etterkvart som snøen trekker seg opp er der mange fine turer i høgare i terrenget.

Nokre av turane har eg skreve blogginnlegg om før:

Nordsida skule – Ulvedalsneset,

Tvinnefossen – Tvinnekråna,

Lotsberg – Indre Åsane,

Bergsetnausta – Sølvbergnausta

Baggehola – Ulvegjølet – Botanisk hage

På tur over Nosakleiva, ein flott familietur

Eg er fasinert av det godt bevarte kulturlandskapet som finst i heile området på Nordsida. Setrane i fjellet og naustmiljøe ved fjorden vitnar om tider som var. Då alle resursar måtte utnyttast. Enten det var fjellbeite om sommaren eller ved,tømmer og tønneband for sal eller eige bruk om vinteren, ved fjorden. Produkta som vart laga for sal vart ført med båt til Bergen om våren.

Dei største gardane hadde naust ved fjorden, enten åleine eller ilag med andre. Når dei skulle til kyrkje i preike, gravferd, bryllaup eller barnedåp, gjekk folk ned sjøvegen til fjorden. Der sette dei ut kyrkjebåten og rodde til andre sida.  På mange av gardane var det kvinnfolka som rådde grunnen heime på gardane medan mannfolka var i skogen. Mange av nausta hadde mogelegheiter for overnatting, så i perioder var mennene heimanfrå i fleire dager.

Ein kan enda sjå restar av frukthagar som dei hadde langs med sjøvegen fra gardane og ned til fjorden. Mykje er attgrodd og hjorten har rasert mykje av det som ein gong var.
P1090467  P1090469
Turen til Skåra og Kårstadnausta starter mellom Skår og Rosenlid,  ca 400 moh.  Ein køyrer forbi Skår, til  nokre graner og ei utviding før siste bakken til Rosenlid.  Sjøvegen starter med granene og går over dyrka mark, delvis oppmura, til innerste hjørnet på dyrka marka. Om du er i tvil om traseen gå heilt i kanten på den dyrka marka.P1100074 Stien går innerst i hjørnet ved muren.
P1100076 Fine mur mellom innmark og utmarka.
P1100078    P1100080
Stien er tydeleg når ein kjem ut av innmarka. Det heng raude band stedvis langs med stien. Der er mykje skog så ikkje så mykje utsikt før ein nærmer seg fjorden. Denne dagen var det vått i terrenget. Når det da i tillegg er bratt så kan turen være ei utfordring, men det er berre å bruke god tid. Ta inn stemninga og prøv og forestill deg korleis dei før i tida streva med bører både opp og ned bakkane.
P1100082  P1100086
Av og til flater stien/råsa ut og terrenget blir enklare å gå i.
P1100090  P1100106P1100092

P1100100   P1100102
Ein ser tydelege spor av at det er lagt ned mykje arbeid på sjøvegen. Her er det lagt opp trappetrinn med stabbesteiner og det er mura opp med stein der stien går over kløfter i terrenget.
P1100101  P1100138
Ein ting vi såg mykje av var ramsløk. Dette var ukjent plante for meg, men dei som var med på tur var forberedt og hadde tatt med plastposer. Alle fekk ein fin fangst med seg heim.
P1100096
Her står vi ved Jyttene, ein liten hilljer som det går ann å sitje tørr under.
P1100107  P1100108
Eit godt stykke ned i berget kjem ein til eit stidele. Her kan ein så vidt skimte den gamle garden Kårstadskåra  som ligg ca 200 meter fra stidelet.

Stien/råsa vidare til Kårstadnausta går no i litt slakare terreng inn og nedover mot fjorden.P1100109P1100116      P1100117
Ved Kårstadnausta står det tre naust no.  Det er nausta til gardane på Heimlid, Fjellkårstad og Gald. Naustet som høyrde til garden Skår, låg på ein plass dei kalla for Kårstadtrynet. Det naustet for med isen sist det låg is på fjorden. Som ein ser av bildet så er det ikkje så veldi god plass til å plassere eit naust. Det er bratte berg som går rett i fjorden. Likevel har dei funne plass.  Her står to naust. Eit rett bak det som vi ser på bildet. Det tredje naustet, som høyrer tilGald, ligg litt lenger ute.
P1100125           P1100126
Her ser vi ei trapp som går opp mellom nausta til ei hylle i fjellet. Var litt usikker på den trappa så prøvde den ikkje. Dei siste åra har grunneigarane restaurert området heilt i fjæra. Også eit av nausta er restaurert.P1100132Ein gammal robåt som har gjordt nytta si  ligg der og vitner om aktivitet på fjorden i tidlegare tider.

KÅRSTADSKÅRA 140 moh.

Ein gammal nedlagt fråflytta gard som ligg i lida mellom Skår/Heimlid/Fjellkårstad og fjorden. Ein kan tenkje seg kor strevsamt livet på ein slik gard var. Men dei var flinke til å være sjølvberga før i tida. Dei utnytta aller resursane som fantest i nærheita. Og dei var arbeidsvillige. Når ein ser seg rundt om så ser ein at det er oppmura fine murer til veg på eigedomen, og for å få litt flater  i terrenget. Om ein tek turen fram til husa så vis hensyn, dette er privat eige.  Når ein står nede ved garden kan ein så vidt skimte hus på Rosenlid opp på kanten av berget.  
P1100143Kor lang tid ein bruker på denne turen er avhengig av mange faktorer. Den dagen vi gjekk turen var det vått og sleipt og vi brukte ca 3 timer ned og oppatt. Da hadde vi pauser med ramsløkplukking.

Distansen er vel 5.5 kilometer ned og opp.

Link til kart finn du på: Kårstadnausta – Skåra

GOD TUR!!

1 Comment

  1. Morten Hagen

    9. mai 2019 at 23:31

    Like etter starten på stien etter innmarka på Skår, så bøyer en alternativ rute av til høyre. Denne er veldig flott oppmurt og etter en ny slyng til venstre, så møter man den rødmerka ruta igjen. Denne alternative veien var sperret av trefall, men det lot seg gjøre å komme forbi, og dermed kan man bruke den rødmerka veien på returen. Den rødmerka stien krysser traseen til en løypestreng. Noe av stinettet finnes godt gjengitt på et jordskiftekart fra 1930. Gnr. 173 i Stryn kommune

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2019 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑