Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2020

Den Trondhjemske postvegen Bjørkedalen – Kilspollen

Den Trondhjemske postvegen gjekk frå Bergen til Trondheim. Ein kan framleis finne mange fine strekningar som er godt vedlikehaldne og som er fine turvegar. Turen langs desse gamle ferdselsvegane blir meir interesant om ein kjenner til litt av historia bak.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den Trondhjemske Postvegen bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen – Leirvik – Dale – Førde -Jølster – Reed – Utvik – Faleide – Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den Trondhjemske Postvegen.

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna  ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid Kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvegen på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derfrå  med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidar med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen over Brekka og ned til Bjørkedalen.

Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.

Denne turen starter der Bjørkedalsvatnet renn over i Vassendelva. Der er det parkeringsmogelegheiter og ein fin rasteplass.

Denne vegen, som er ein del av postvegen, går på vestsida av Midvatnet. Like før ein starter på ei slak oppstigning kjem ein til Olavskjelda. Dette er ein vannpost frå middelalderen. Kjelda har namn etter Olav den Heilage og det finst fleire slike kjelder rundt om i landet. Dei ligg gjerne i tilknytning til pilgrimsleia, gamle pilgrimsvegar.


Når ein kjem opp på høgda må ein ta avstikker ned til Olavkrossen. Ein stor steinkross, som er 4-5 meter, vart sett opp i 1914 av ungdomar frå Bjørkedalen og Kilsfjorden. Krossen vart flytta 50-100 meter austover da den vart sett oppatt og den erstatta ein gamal trekross som vart tatt av snøskred på 1700-talet. Krossen har to innskrifter: FRAM KRISTMENN og UPPATRØYST I 1914.

På høgda der steinkrossen står er det vidt utsyn både nordover og sørover. Vidare går vegen i svingar bratt ned til Nedstevatnet.

Ved Nedstevatnet skal grava til Kong Pibe av Kile være. Det vart kamp mellom Olav den Heilage og Kong Pibe. Olav sigra og Pibe fall og vart gravlagd der.

Turen går vidare på Kilsvegen til gardane på Kile. Den gamle postvegkaia låg innerst i Kilspollen og herifrå vart posten frakta med båt.
Der er skogsveg og sti vidare langs Kilspollen. Ein går forbi gamle steinmurer på Tulleplassen og turen går vidare til Mjeltevika, eit lite småbruk. Siste stykket går på bilveg til Straumshamn.

Turen er ca 6 kilometer i lett terreng.
Kart over turen ligg på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Bjørkedalen – Kilspollen
NYT TUREN I STILLE NATUR.

Sunndalssetra i Oppstryn

Sunndalen er ein sidedal til Hjelledalen i Stryn kommune.
Dalen er frodig og byr på variert natur.
På turen til Sunndalssetra ser ein tydelege spor etter det som er ein av dei eldste ferdselsvegane over fjellet mellom aust- og vestNorge.
Ca 5 kilometer innover den trange dalen ligg den fråflytta garden Sunndal. Husa på garden har fleire ganger opp gjennom historia blitt tatt av ras og snøskred. Det største og mest ødeleggande raset som er dokumentert skjedde 6. februar 1868. Då omkom 13 mennesker, 31kyr, 120 sauer og ein hest.
I 1902 vart Sunndalen ramma av ras på nytt. Denne gangen gjekk det ikkje menneskeliv, men fleire bygningar vart ødelagt.

For å kome til utgangspunktet for turen, køyr Rv 15 mot Strynefjellet. Ta inn dalen ved ei avkøyrsle på høgre side, mellom to buss-stopp, ca 600 meter forbi butikken og bensinstasjonen på Folven. Dette er ein bomveg og sjølvsagt betaler ein bomavgifta med glede om ein vil ta bilen inn dalen.
Like før den fråflytta garden er der parkering for eit fåtall biler. Parker fornuftig.

Det har ikkje vore fast bosetning i dalen sia raset i 1902. Slåttemarkene har vore i bruk langt inn på 1900-talet, og området er framleis i bruk som beitemark.

Frå parkeringa er det grusveg forbi garden deretter går ein over i rås. Der er rås på begge sider av elva mot setra. Denne turen går innover dalen på høgre side og returnerer framatt på andre sida. Slik blir denne turen ein fin rundtur.

Råsa inn dalen er tydeleg. Utgangspunktet ved parkeringa ligg på ca 300 moh og setra ligg på ca 470 moh. Ei stigning på 170 høgdemeter og 4 kilometer.

Gammal ferdselsveg.

På turen inn dalen krysser ein trygt elva Sunndøla på Setrebrua. God og trygg bru og med sikring mot den frådande elva.

Setrebrua.

Siste stykke til setra går ein i åpe terreng. Sygneskarsfjellet med sine 1692 meter ligg innerst i dalen. På begge sider av fjellet er det fine turmål. Til høgre for fjellet ligg Sygneskarsvatna. Til det fremste vatnet går det rås. Den historiske ferdselsvegen opp Kamperhamrane og vidare til Sjåk går i dalføret til venstre. Opp Kamperhamrane ser ein tydeleg at dette er ein gamal ferdselsveg. Trappene vart restaurert i 2013.
Turen over Kamperhamrane er ein av historiske vandreruter. Eit samarbeid mellom riksantikvaren og Den Norske Turistforening.
Les meir om Historiske vandreruter

Åpe landskap siste stykke mot setra.

Det er gardane i Guddal og Folven som har seter på Sunndalssetra. Det har det vore seter sia 1800-talet. Dette er ei forholdsvis stor seter med mange setrehus. Mange av dei er restaurerte. Det var slutt med melking på setra i 1946.
I åra 1946 – ca 1970 disponerte DNT ei hytte på setra som fotturistar kunne bruke. Det var ein lang tur med få mogelegheiter for overnatting for dei som tok turen over fjellet mellom aust og vest.
Låg interesse gjorde at dette samarbeidet vart avslutta.

Gammalt setrehus.

Turen tilbake til parkeringsplassen går første stykke i den same råsa, men etter ca 400 ta til høgre ved skilt. Ein kjem snart fram til den imponerande Tverrelvfossen. Denne elva kjem frå Tystigbreen og kan ved store nedbørsmengder eller stor snøsmelting være enorm. Men også på denne sida av elva er det gode og trygge bruer.

Langs råsa passerer ein Pine-Guri steinen. Steinen har hatt namnet sitt så lenge folk i bygda kan huske. Historia om steinen kan være så langt tilbake i tid som til 1830 åra. Det er da kjent at det var ein periode med fleire uår i Gudbrandsdalen. Det seies at Guri var ei av tre jenter som tok seg over fjellet ein tidleg vårdag frå Bråtågrenda i Skjåk. Ærende var å skaffe seg korn i Oppstryn. Dei hadde med seg store tre-butter for å frakte kornet heimatt. Dette var ein krevjande og strabasiøs tur. Guri omkom ved denne store steinen av svolt,utmatting og kulde.

På dei lange flatene før ein kjem fram att til garden kan ein få auge på ein luring ved råsa. Fin. Alltid noke spessielt å sjå om ein ikkje fær for fort fram.

Turen er ca 4 kilometer og har ein høgdeskilnad på ca 170 meter frå parkeringa og til setra.

GOD TUR!

Lodalen. Spektakulær og idyllisk.

Lodalen i Stryn kommune, innerst i Nordfjord er eit attraktivt mål for turfolk og turistar.
Dalen er idyllisk og dramatisk. Det irrgrøne Lovatnet er omkransa av høge fjell, fosser og brearmar.
To store rasulykker har prega dalen. I 1905 løsna store bergstykker i Ramnefjell og rasa ned i vatnet. Bølgene velta inn over land og sopte med seg alt. 61 mennesker mista livet i dei små grendene Nesdal og Bødal den dramatiske dagen.
Gardane vart rydda og bygd oppatt, men hausten 1936 rasa Ramnefjellet igjen. Denne gangen var raste større og hadde ei fallhøgde på 800 meter. Bølgene vaska 70 meter oppover fjellsidene og reiv med seg alt som var bygd opp. Denne haustdagen miste 74 mennesker livet i dalen.

Lodalen har ein smal og kronglete veg. Om sommaren er det mykje turisttrafikk opp dalen. Ein sykkeltur er derfor å anbefale utanom den mest trafikkerte preioden.
Frå Loen sentrum og til snuplassen ved Kjenndalsbeen er det vel 20 kilometer og med ei stigning på ca 160 høgdemeter.

Det er mange mogelegheiter for å starte sykkelturen opp dalen. Parker eventuelt bil slik at den ikkje er til hinder for fastbuande eller trafikken ellers.

Stryn kommune har vedtatt spesielle regler for området ved Breng.
Les dei her: https://stryn.kommune.no/nytt-fra-kommunen/reglar-for-breng-i-lodalen-vedtekne-av-stryn-kommunestyre.8068.aspx

Det er mange plasser å stoppe for ein rast for å nyte medbrakt mat. Der er også mange campingplasser som tilbyr kiosk og matservering. Kjenndalstova øverst i dalen er absolutt verdt eit besøk.

Kulturlandskapet ved setra Breng er eit populært fotomotiv og stoppeplass for mange turistar. Så stor er belastinga for området at Stryn kommune har vedteke spesielle regler for området.
Det er bla. forbudt med overnatting på Breng.

På det høgaste punktet, med god utsikt over Lovatnet, Nesdalen og Ramnefjell står minnestøtta over dei som mista livet i rasulykkene i dalen.
Der er også utganspunkt for stien som går til båtvraket og vidare ned til sundet.

Her ser ein deler av grenda Nesdal.

I sommersesongen er Kjenndalstova open for turistar og der er det fint å nyte ein kopp kaffi og ei vaffel mens ein tar inn den spesielle stemninga i dalen. Ved brygga legg MS Kjenndal til med turistar som har teke båtturen over Lovatnet.

Der vegen krysser Kjenndalselva har ein fin utsikt mot Kjenndalsbreen. Vegen går vidare mot snuplassen lenger inn i dalen.

Frå snuplassen/parkeringsplassen er det fin sti eit stykke mot breen.

I Lodalen er det mange andre fine turer. Eg har blogga om nokre av dei.
Sørsida av Lodalen
Bødalssetra-Bødalsbreen
Sande-Tjugen/Haugen setra-Sandsåsen-Sande

Denne turen er fin også for barn som kan kunsten å sykle.
Ta turen før den største turistsesongen starter.
God tur!

Støyvastøylen på Utvikfjellet

Området på Utvikfjellet kan by på mange fine turar både sommar og vinter. Det ligg fleire støylar på begge sider av riksvegen. Holestøylen, Fløtrastøylen og Øvresetstøylen kan ein lett nå med å følge grusvegen vestover frå parkeringsplassen.
På austsida av vegen ligg Støyvastøylen/Bjørnereimstøylen og Torheimstøylen. Også desse er enkle å nå ved å følge grusveg og sti.

Utvikfjellet har også mykje å by på vinterstid. Breimsbygda skisenter drifter alpinanlegget med to nedfarter, barneheis og varmestove med kafe.
Utvikfjellet Løypelag driftar skiløypene/turløypene i området.

Denne turen går som ein rundtur frå parkeringsplassen til Støyvastøylen. Eg gjekk turen tidleg i oktober og då var det alt komt litt snø. Likevel enkelt å ta seg fram uten ski.
Skiløype/turløype til Svartebotnen går via Støyvastøylen.

Start med å følg lysløypa/Den Trondhjemske postvegen nordaustover mot Brekka. Ta av til høgre der grusvegen deler seg. Det blir no litt stigning forbi Middagshaugane, men terrenget blir slakare igjen etter kvart.

Ta deg tid til å gå ut av vegen og få panoramautsikt mot Nordfjorden, alle bygdene på andre sida av fjorden og fjella mot Møre.

Grusvegen slynger seg fint oppover i terrenget. Nydeleg å gå og her kan ein finne roen. Når ein ikkje har gått turen tidlegare er det spennande å sjå kva som er bak neste haug.
Grusvegen går nesten fram til støylen, dei siste 200 meterane går ein på rås. Den enkle tilkomsten har gitt støylen eit løft og sela og fjøsane er godt vedlikehaldne.

Støyvastøylen ligg på 830 moh på fjellet mot Skavegga og er ein av dei høgstliggande støylane i Gloppen kommune. Støylen høyrer til Støyva og Bjørnereim og er mykje brukt både av eigarane og ålmenta. Støylsdrifta var slutt kring 1950, men fremdeles er der dyr på støylsvollen. Der går dyra fritt, også reinsdyrflokken, som ein kan møte på både sommer og vinter.

Vetlehuset på Støyvastøylen må være den finaste utedoen i landet. Den er ulåst og står åpen for ålmenta. Det er Støylslaget som på dugnad har sett opp dette bygget og steinane som er nytta er stein som er plukka i området. Dette er eit flott tilbud og absolutt verd eit besøk.

Utsikta mot Vora, 1450 moh, og Eggenibba, 1338 moh, er imponerande.
I likheit med fjellet Hornelen i Bremanger,gjekk det historier om at Vora var ein samlingstad for heksesabbater.

Vidare går turen vestover fjellet i slakt terreng mot riksvegen. No går ein på rås som er godt trakka/steinlagd og merka.
På høgresida ser ein toppen av skiheisen på Storsteinfjellet.

Utover fjellet får ein fin utsikt ned til deler av bygda. I dei brattaste bakkane ned Svoda er der trappetrinn. Stien frå riksvegen til støylen blir også kalla «Tøffelstien».

Stien kjem fram til riksvegen litt lenger mot Byrkelo enn utgangspunktet, men der er god plass til å gå på sida av vegen tilbake til parkeringsplassen.

Turen kan ein fint ta med sportsvogn/sykkel fram til støylen.

Denne runden er ca 7 kilometer.

VÆR NYFIKEN OG UTFORSK TERRENGET PÅ UTVIKFJELLET.

Hennebygda, ein rundtur i bygda

Hennebygda er ei fredeleg og usjenert bygd på nordsida av Nordfjorden. Bygda er delt inn i Indre, Ytre og Øvre Hennjane og Ladehaug.
I følge Hennebygda si eiga facebook side bur det ca 70 hennjara i bygda.
Bygda er i vekst, og ein ser optimismen med nyetableringar av hus og heimar når ein går denne turen.
Om sommaren doblar folketalet seg og Hennjane er ein populær ferieplass.
Hennebygda høyrde tidlegare til Gloppen kommune, men i 1992 vart bygda og nabobygda Lote overført til Eid kommune. Etter kommune samanslåinga ved nyttår 2020 høyrer Hennebygda, ilag med resten av Eid, til Stad kommune.
Bygda var veglaus heilt fram til 1980, då kom det veg til Lote. Etter at Fv 698, Panoramavegen, vart åpna i 2005 er det også enkelt å kome seg austover mot nabobygdene Hopland og Randabygda og vidare innover Fjelli mot Stryn.

Denne turen starter på ein lunne plass som ligg ca midt i bakken, langs Panoramavegen, oppover mot Kvalen.
Skogsvegen er fin å gå på og den går jamt nedover mot bygdevegen ved fjorden og garden Sæ. Ta turen austover langs fjorden til garden Skjæret. På tilbake turen ser ein største delen av bygda.

Turen går på skogsveg og bygdevegen som ligg nedanfor Panoramavegen. Oppom Panoramavegen ligg garden Lahaug. Frå Lahaug går ein fin tur opp forbi Hennjeskarvatna og Kvanndalsvatnet og vidare til Hopland eller Skredestranda.

Frå Skjæret går ein tilbake same vegen og fortset til ein driftsbygninga på Indre Hennane, som ligg heilt i vegen. Ta til venstre på traktorveg ned til sjøen.

Langs Sjøavegen ligg det fleire gamel naust. Også små koselege fritidsboligar og heimar.

Hennebygda er og har vore ei fruktbygd. Det store raude huset til venstre på bildet har vore fruktlager og kjølelager.
Huset til venstre på bildet er bygda sitt samfunnshus og samlingsstad.
Samfunnshuset blir vedlikehalde av bygdafolket på dugnad. Og huset blir stadig oftare leigd ut til bryllaup, konfirmasjonar og blåturar.
Huset til høgre er bolighus.

Turen går no opp forbi garden Solberg, ein nydeleg fritidseigedom. På heile turen har ein fin utsikt til fjorden og det er ikkje langt over til Ryssfjæra.

Ta til venstre ved neste gardstun og gå vegen ned i Ytre Hennevika. Også her er det gamle naust. Her er også ein molo så fritidsbåtane kan ligge trygt i vika. På ei opplagstavle kan ein lese litt om historia frå Ytrehennevika.

Tilbaketuren går på bygdevegen midt i bygda. Her ligg fleire gardbruk.
Det gamle skulehuset frå 1912 står tett attmed vegen, det er no bolighus. Det første skulehuset i bygda vart bygd i 1860.
Skulen i Hennebygda vart lagd ned i 1981 og skuleungane starta då å reiser til Eid.

Turen går vidare over elva Gjølåna, forbi garden Indre Hennane og Sæ. Derifrå går ein skogsvegen tilbake til utgangspunktet.

Denne turen er 10 kilometer.

Ta turen du og !

Flo, ein rundtur i bygda.

Bygda Flo ligg på nordsida av Oppstrynsvatnet og har nydeleg utsikt austover mot Erdalen, sørover mot Fosnes og vestover mot Veslebygda. Flo er ei fruktbygd og på denne turen får ein sjå utruleg mange frukthagar. Mange av dei er framleis i produksjon me epler, pærer, plommer og moreller. Men også denne bygda merkar fråflytting og forfall som ein konsekvens.
Vegen til Flo har i alle tider, sidan den vart bygd i 1963, vore prega av rasfare om vinteren. No er den tida snart over. Dei som har kjempa for rassikring har vunne fram og anleggstrafikk og tunnelbygging er det som pregar bygda no. Om sommaren er Flo ein plass der turistane gjer sitt inntog. Det er mange som tek den populære turen over Flofjellet til Vollset i Sunnylven. Då er start/mål øverst på Flo.

Denne turen går som ein rundtur i nederst del av bygda. Utgangspunktet er midt i bygda. Etter at ein er komt til bebyggelsen flater vegen ut. Når ein har runda ein sving er der ein grusveg til venstre og unnabakken. Finn ein plass å parker før turen går ned bakkane. Pass på å parker slik at ein ikkje er til hinder for aktivt landbruk.
Fotomotiva er mange så fotoapperatet må være klart.

Grusvegen går i svinger ned dei bratte bakkane, forbi hus og heimar. Nede ved vatnet ser ein fleire naust. Dette er Flo Brygge og nausta høyrer til bruka som ligg frå midt i bygda og nedover.

Turen går vidare på bru over Storeelva, gjennom ei grind og på dyrka mark inn langs vatnet. Eg har vore i kontakt med ein av grunneigarane på denne strekninga og det er akseptert at ein går på dyrka marka. Dette er ein tur som også dei lokale bruker.
På veg inn langs vatnet går ein forbi naustet der den gamle kyrkjebåten ligg. Den båten vart nytta når folket på Flo skulle til kyrkja på Fosnes.

Også inn langs vatnet ligg det mange frukthagar. Etter kvart kjem ein til Oppigardsnausta. Nydeleg restaurerte naust som ligg på rad og rekke. Nausta her høyrer til gardane som ligg øverst på Flo. Råsa går på baksida av nausta og ein ser først den flotte rekka med naust når ein er komt forbi.

Turen går vidare på traktorveg inn langs vatnet, forbi Helsetteigane og Maursetvika. Det er grøderikt i lida mellom vatnet og dei høge fjella og vegetasjonen blir høg.

Langs vegen kan ein sjå denne flotte Uranes-apalen som er omlag 400 år gammal.

Når ein komt til vegenden går ein same vegen tilbake mot nausta. Ta til høgre og føl grusvegen opp bakkane til bygdevegen.

Flott utsikt mot deler av Flo, Veslebygda, Knarteholmane og Mindresunde/Storesunde.

Denne turen er omlag 5,5 kilometer

Vær nyfiken og prøv den du og.

Ossetra – Dalssetra – Skipenessetra

Utgangspunktet for turen

I alle kommunar ligg det setrar/støylar i dalsidene og på fjellet. Alle har sitt særpreg. Nokre er tatt godt vare på, andre ber meir preg av forfall. Det er stor forskjell på kor enkelt det er å kome seg til seters. Enkelte plasser er det bilveg heilt inn på setrevollen andre plasser må ein streve opp bratte bakkar. Når ein no tildags vel å gå til setrane er det sjølvvalgt. Før i tida då det var aktiv setring hadde dei ikkje noke val. Då gjekk dei setreråsene, i mange tilfelle, både morgen og kveld.

På denne turen har eg plukka tre setrar av ialt ca 90 stk i det som tidlegare var Eid kommune. Turen går på sørsida av Eidsfjorden og utgangspunktet er ved badeplassen i Osvika. Der er det god plass å parkere.
Det er god og tydeleg rås på denne turen, men bratt. Etter å ha parkert ved badeplassen gå tilbake og kryss Torheimsvegen, fortsett på tydeleg rås/traktorveg opp beitet. Tek ein turen når det er beitedyr, ta hensyn og lat att alle grindene. Etterkvart krysser ein skogsvegen som går langs etter lida. Det er laga fint til der råsa går vidare frå skogsvegen.

Ein vinn fort høgdemeter opp bakkane så det gjere godt å puste på når det er ei lysning i skogen og ein kan nyte utsikta tilbake mot sentrum.

Utsikt mot Nordfjordeid sentrum og fjella rundt

Når ein nærmer seg Ossetra, deler råsa seg. Her kan ein, som skiltet viser, gå vidare til Skipenessetra.
Denne turen går over elva og vidare til Ossetra.

Det er alltid spennande å kome til nye plassar, og spessielt til setrane. Som oftast er ein åleine på slike plasser og ein kan nyte stillheita og ta inn atmosfæra. Det er mykje kulturhistorie på kvar setrevoll og alle har sitt særpreg.
Ossetra ligg idyllisk til ved Osvatnet, 422 moh. Her er det fleire små sel/hytter og fjøsar som er godt bevarte.
Langs vatnet går ei rås som fører til Skipenessetra. Denne råsa kjem ein inn att på når ein kjem nedatt frå Dalssetra.

Å sitje på benken og høyre på stillheita er rekreasjon for kropp og sjel.

Turen går vidare til Dalssetra, og ein rundar vatnet i rås på vestsida. No går terrenget litt slakare i bjørkelida, etterkvart blir det litt meir myrlendt, men framleis tydeleg rås.

Når ein kjem opp der terrenget flater ut ser ein dei flotte fjella på sørsida av Hundvikfjorden, Skjerdingane.

Dalssetra ligg vendt mot sør og er godt vedlikehalden.

Dalssætra.

På tilbaketuren frå Dalssetra føl ein råsa som går i bakkane bak Osvatnet og kjem etter kvart inn på råsa som går austover frå Ossætra. Ein får nydeleg utsikt ned mot Osvatnet, Ossetra og Eidsfjorden.

Osvatnet, Ossætra og Eidsfjorden.

Turen i terrenget mot Skipenesetra er lett å gå og råsa går ofte fram på kanten og då ser ein ned att til bebyggelsen i dalføre og ved fjorden.
For å kome til Skipenessetra må ein ta ein liten avstikker motebakka. Følg med på venstre side av råsa, der står eit skilt på ein trelegg.
På Skipenessetra er der berre ei hytte, men det viser tydeleg at der har stått fleire bygningar.
Det vart meg fortalt at Skipenessetra vart tatt av ras og at gardane på Skipenes no har Dalssetra til seter.
Råsa frå Skipenessetra går bratt ned bakkane. Den er veldig tydeleg då dette også er den mest vanleg råsa til fjellet Trollenykjen. Her går løypa som blir brukt på det årlege fjell-løpet Trollenykjen opp.

Skipenessætra.

Når ein nærmer seg dalføret kjem ein inn på skogsveg. Hald til høgre og unnabakken til riksvegen ved Skipenes. Har ein bil i Osvika føl ein bygdevegen langs Eidselva tilbake.

Denne turen rundt til dei tre setrane er ca 10 kilometer og høgaste punktet ligg på ca 550 moh.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑