Utgangspunktet for turen

I alle kommunar ligg det setrar/støylar i dalsidene og på fjellet. Alle har sitt særpreg. Nokre er tatt godt vare på, andre ber meir preg av forfall. Det er stor forskjell på kor enkelt det er å kome seg til seters. Enkelte plasser er det bilveg heilt inn på setrevollen andre plasser må ein streve opp bratte bakkar. Når ein no tildags vel å gå til setrane er det sjølvvalgt. Før i tida då det var aktiv setring hadde dei ikkje noke val. Då gjekk dei setreråsene, i mange tilfelle, både morgen og kveld.

På denne turen har eg plukka tre setrar av ialt ca 90 stk i det som tidlegare var Eid kommune. Turen går på sørsida av Eidsfjorden og utgangspunktet er ved badeplassen i Osvika. Der er det god plass å parkere.
Det er god og tydeleg rås på denne turen, men bratt. Etter å ha parkert ved badeplassen gå tilbake og kryss Torheimsvegen, fortsett på tydeleg rås/traktorveg opp beitet. Tek ein turen når det er beitedyr, ta hensyn og lat att alle grindene. Etterkvart krysser ein skogsvegen som går langs etter lida. Det er laga fint til der råsa går vidare frå skogsvegen.

Ein vinn fort høgdemeter opp bakkane så det gjere godt å puste på når det er ei lysning i skogen og ein kan nyte utsikta tilbake mot sentrum.

Utsikt mot Nordfjordeid sentrum og fjella rundt

Når ein nærmer seg Ossetra, deler råsa seg. Her kan ein, som skiltet viser, gå vidare til Skipenessetra.
Denne turen går over elva og vidare til Ossetra.

Det er alltid spennande å kome til nye plassar, og spessielt til setrane. Som oftast er ein åleine på slike plasser og ein kan nyte stillheita og ta inn atmosfæra. Det er mykje kulturhistorie på kvar setrevoll og alle har sitt særpreg.
Ossetra ligg idyllisk til ved Osvatnet, 422 moh. Her er det fleire små sel/hytter og fjøsar som er godt bevarte.
Langs vatnet går ei rås som fører til Skipenessetra. Denne råsa kjem ein inn att på når ein kjem nedatt frå Dalssetra.

Å sitje på benken og høyre på stillheita er rekreasjon for kropp og sjel.

Turen går vidare til Dalssetra, og ein rundar vatnet i rås på vestsida. No går terrenget litt slakare i bjørkelida, etterkvart blir det litt meir myrlendt, men framleis tydeleg rås.

Når ein kjem opp der terrenget flater ut ser ein dei flotte fjella på sørsida av Hundvikfjorden, Skjerdingane.

Dalssetra ligg vendt mot sør og er godt vedlikehalden.

Dalssætra.

På tilbaketuren frå Dalssetra føl ein råsa som går i bakkane bak Osvatnet og kjem etter kvart inn på råsa som går austover frå Ossætra. Ein får nydeleg utsikt ned mot Osvatnet, Ossetra og Eidsfjorden.

Osvatnet, Ossætra og Eidsfjorden.

Turen i terrenget mot Skipenesetra er lett å gå og råsa går ofte fram på kanten og då ser ein ned att til bebyggelsen i dalføre og ved fjorden.
For å kome til Skipenessetra må ein ta ein liten avstikker motebakka. Følg med på venstre side av råsa, der står eit skilt på ein trelegg.
På Skipenessetra er der berre ei hytte, men det viser tydeleg at der har stått fleire bygningar.
Det vart meg fortalt at Skipenessetra vart tatt av ras og at gardane på Skipenes no har Dalssetra til seter.
Råsa frå Skipenessetra går bratt ned bakkane. Den er veldig tydeleg då dette også er den mest vanleg råsa til fjellet Trollenykjen. Her går løypa som blir brukt på det årlege fjell-løpet Trollenykjen opp.

Skipenessætra.

Når ein nærmer seg dalføret kjem ein inn på skogsveg. Hald til høgre og unnabakken til riksvegen ved Skipenes. Har ein bil i Osvika føl ein bygdevegen langs Eidselva tilbake.

Denne turen rundt til dei tre setrane er ca 10 kilometer og høgaste punktet ligg på ca 550 moh.