Den Trondhjemske postvegen gjekk frå Bergen til Trondheim. Ein kan framleis finne mange fine strekningar som er godt vedlikehaldne og som er fine turvegar. Turen langs desse gamle ferdselsvegane blir meir interesant om ein kjenner til litt av historia bak.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den Trondhjemske Postvegen bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen – Leirvik – Dale – Førde -Jølster – Reed – Utvik – Faleide – Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den Trondhjemske Postvegen.

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna  ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid Kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvegen på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derfrå  med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidar med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen over Brekka og ned til Bjørkedalen.

Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.

Denne turen starter der Bjørkedalsvatnet renn over i Vassendelva. Der er det parkeringsmogelegheiter og ein fin rasteplass.

Denne vegen, som er ein del av postvegen, går på vestsida av Midvatnet. Like før ein starter på ei slak oppstigning kjem ein til Olavskjelda. Dette er ein vannpost frå middelalderen. Kjelda har namn etter Olav den Heilage og det finst fleire slike kjelder rundt om i landet. Dei ligg gjerne i tilknytning til pilgrimsleia, gamle pilgrimsvegar.


Når ein kjem opp på høgda må ein ta avstikker ned til Olavkrossen. Ein stor steinkross, som er 4-5 meter, vart sett opp i 1914 av ungdomar frå Bjørkedalen og Kilsfjorden. Krossen vart flytta 50-100 meter austover da den vart sett oppatt og den erstatta ein gamal trekross som vart tatt av snøskred på 1700-talet. Krossen har to innskrifter: FRAM KRISTMENN og UPPATRØYST I 1914.

På høgda der steinkrossen står er det vidt utsyn både nordover og sørover. Vidare går vegen i svingar bratt ned til Nedstevatnet.

Ved Nedstevatnet skal grava til Kong Pibe av Kile være. Det vart kamp mellom Olav den Heilage og Kong Pibe. Olav sigra og Pibe fall og vart gravlagd der.

Turen går vidare på Kilsvegen til gardane på Kile. Den gamle postvegkaia låg innerst i Kilspollen og herifrå vart posten frakta med båt.
Der er skogsveg og sti vidare langs Kilspollen. Ein går forbi gamle steinmurer på Tulleplassen og turen går vidare til Mjeltevika, eit lite småbruk. Siste stykket går på bilveg til Straumshamn.

Turen er ca 6 kilometer i lett terreng.
Kart over turen ligg på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Bjørkedalen – Kilspollen
NYT TUREN I STILLE NATUR.