P1080789Ein ny del av den trondhjemske postvegen er utprøvd. Ein bit av trasèen som eg lenge har tenkt på at eg skulle utforske. Sjølv om vi no er langt ut i november komt så er det fremdeles snøfritt i terrenget og nydeleg å gå på tur.

Når ein søker på nettet  finn ein mykje informasjon om denne gamle historiske vegen som vart bygd for å få posten raskt fram mellom Bergen og Tronheim.

Ingemar Norstrand har skreve ei flott bok om postvegen . Her er mange fine bilder og kart.  Du finn boka her:Postvegen Bergen- Trondheim

Det var mange drakampar før det vart bestemt kor trasèen skulle gå. Men ved kongeleg resolusjon av 13 mai 1785 vart den indre trasèen valg framfor ei postrute nærare kysten.

Trasèen fortel om kor lite brukbar den gamle metoden med å bygge veg i rette linjer var. Frå toppen av Utvikfjellet går vegen rett ned mot Utvik. Det var tunge bakkar som hestane hadde store vanskar med. Den nye riksveien , som er lagt i store svinger, krysser postveien fem gongar.

Utgangspunket for turen min er Utvik. Her kom posten til kai etter å ha blitt rodd over Innvikfjorden fra Faleide. Og da gjekk ferda vidare opp bakkane mot Utvikfjellet.

Turen fra Utvik til Flølo er ca 11 kilometer.P1080758 Bilde: Her ser ein inn Innvikfjorden. Eit godt stykke å ro postruta til Faleide.P1080761P1080760Mange plasser er ikkje trasèen for postvegen lenger synleg. Om ein vil finne mest mulig av den lyt ein spørje kjentfolk i det aktuelle området. Fra Utviksentrum må ein gå litt mellom husa før ein finn trasèen. På bildet ser ein utgangspunktet der ein kjem inn på postvegen.  Stadvis er det godt skilta.
P1080763 Bilde: Her går det rett motebakka fra første skritt.
Ein går motebakka og gjennom eit par tun før ein kjem til riksvegen. Her i fra er postvegtrasèen  ikkje lenger synleg i terrenget så ein lyt følge riksvegen til Valakersvingen, vidare til neste høgresving og til Juliussvingen (ved Verlo, øverste garden før fjellet). Når ein no har passert Verlo og er komt forbi innmaka, kan ein velge å gå skogen rett opp for å kome innatt på riksvegen høgare oppe. Ein går da i eit granfelt, men det var ikkje problem å ta seg fram. Om ein ikkje vil gå i skogen, men vil følge riksvegen lenger, går ein forbi svingen der skogsvein går til setrane (ved bom). Vidar til ein kjem til Postvegskiltet. Her ifrå er det sammanhengande postvegtrasèe heilt til ein kjem opp på fjellet. Ei utviding på riksvegen gjer det også mulig å parkere bilen og ta utgangspunkt i turen her.P1080773P1080774   P1080776
Bilde: Trasèen er fin å gå på, brattare etter kvart.
P1080779
Bilde: Den brattaste delen av trasèen har fått ein del vannskade.P1080783Bilde: Trasèen viser godt i terrenget. Her med utsikt mot Innvikfjorden, Ulvedalsneset, Blakseter og Hildaneset.P1080787Bilde: Nesten på toppen….P1080790Bilde: Brekkestova på Brekka.

Brekkestova er ei gammal stove frå Bottolvbruket på Tistham. Stova vart flytta til Utvikfjellet i 1905. Tidlegare var det stemne to gonger om sommaren, med frammøte fra mange bygder. Stova ligg like ved postvegen.P1080797
Bilde: Fra Brekka og fram til skianlegget går ein i lysløypetrasèen.
P1080802  Bilde: Minnesmerke av Gabriel Reed.
Der er fleire kulturhistoriske «innslag» langs postvegen på Utvikfjellet.  Eit minnesmerke  over Gabriel Reed er reist på ein haug like ved riksvegen og skianlegget. Gabriel Reed var ein kjent spelemann og slåttekomponist. Han var også ein allsidig idrettsmann (skyting og skøyter). Reed vart tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull.P1080804Bilde: Her ser ein skianlegget på Utvikfjellet.

For å kome til postvegtrasèen vidare til Breim går ein forbi skiheisane og vidare til parkeringsplass på venstre sida av riksvegen.
P1080805   P1080808
P1080809   P1080812
Bilde: Tydeleg trasèe i terrenget.
P1080815   P1080817
Bilde: Stille stille på historisk veg.
P1080819Bilde: Ein del vannskade.

Den dagen eg gjekk turen var det ein del vind.  Det susa og knaka godt i granene som stod langs med trasèen. Spennande og skummelt på same tid.
P1080820   P1080831
Bilde:Stein som endepåler for leda.
P1080822 Bilde: Flott utsikt mot Eggenibba.
Fra Utvik gjekk det bratt oppover, og fra fjellet og ned til Breim går det bratt unnabakke.  I 1866 tok diktaren og forfattaren Henrik Ibsen denne turen over Utvikfjellet. Ibsen skreiv om denne vegen: «Opstigningen kan være besværlig nok, men Nedstigningen paa den andre side (til Utvik) er dog verre. Angre touren vil man imidlertid ikke…..»

Når ein nærmer seg gardane på Breim så går postvegtrasèen delvis i beite og delvis på dyrka mark. Det er godt trakka og ein kan sjå at der er ein del som bruker trasèen til turveg. Vis respekt og lat att grinder og gå langs kanten av dyrka marka.
P1080826  Bilde: Her går trasèen langs dyrka mark.
Ved bebyggelsen er det skilta med postvegskilt i dei fleste kryss. Om ein er i stuss om veien, sjå om du ser lokale folk som kan geleide deg vidare.
P1080827
Etter å ha passert dette flotte kvernhuset, skal ein ta til venstre i neste kryss. Der er det ikkje skilt. Fortset så  bygdevegen til riksvegen.  Den krysser ein fort og fortset på bygdevegen til nytt postvegskilt. Der går det unnabakken forbi siste fjøsen og vidare nedover.
P1080828   P1080830
Det er ikkje alle deler av trasèen som er like mykje brukt. Men vegen ligg der.
P1080832   P1080834
Trasèen for den trondhjemske postvegen kjem ned til riksvegen på Flølo. P1080835Flott skilt som fortel om retninga dersom ein skal gå turen motsatt veg. I bakgrunnen ser ein fjellet Vora.P1080837

Ein finn kart med innteinka rute på ut.no: Den Trondhjemskepostvegen over Utvikfjellet

TA TUREN OG UTFORSKE DENNE HISTORISKE VEGTRASÈEN DER DEN SNOR SEG OVER FJELL OG GJENNOM DALER, SVINGER INNOM TUN OG GARDAR.