Området på Utvikfjellet kan by på mange fine turar både sommar og vinter. Det ligg fleire støylar på begge sider av riksvegen. Holestøylen, Fløtrastøylen og Øvresetstøylen kan ein lett nå med å følge grusvegen vestover frå parkeringsplassen.
På austsida av vegen ligg Støyvastøylen/Bjørnereimstøylen og Torheimstøylen. Også desse er enkle å nå ved å følge grusveg og sti.

Utvikfjellet har også mykje å by på vinterstid. Breimsbygda skisenter drifter alpinanlegget med to nedfarter, barneheis og varmestove med kafe.
Utvikfjellet Løypelag driftar skiløypene/turløypene i området.

Denne turen går som ein rundtur frå parkeringsplassen til Støyvastøylen. Eg gjekk turen tidleg i oktober og då var det alt komt litt snø. Likevel enkelt å ta seg fram uten ski.
Skiløype/turløype til Svartebotnen går via Støyvastøylen.

Start med å følg lysløypa/Den Trondhjemske postvegen nordaustover mot Brekka. Ta av til høgre der grusvegen deler seg. Det blir no litt stigning forbi Middagshaugane, men terrenget blir slakare igjen etter kvart.

Ta deg tid til å gå ut av vegen og få panoramautsikt mot Nordfjorden, alle bygdene på andre sida av fjorden og fjella mot Møre.

Grusvegen slynger seg fint oppover i terrenget. Nydeleg å gå og her kan ein finne roen. Når ein ikkje har gått turen tidlegare er det spennande å sjå kva som er bak neste haug.
Grusvegen går nesten fram til støylen, dei siste 200 meterane går ein på rås. Den enkle tilkomsten har gitt støylen eit løft og sela og fjøsane er godt vedlikehaldne.

Støyvastøylen ligg på 830 moh på fjellet mot Skavegga og er ein av dei høgstliggande støylane i Gloppen kommune. Støylen høyrer til Støyva og Bjørnereim og er mykje brukt både av eigarane og ålmenta. Støylsdrifta var slutt kring 1950, men fremdeles er der dyr på støylsvollen. Der går dyra fritt, også reinsdyrflokken, som ein kan møte på både sommer og vinter.

Vetlehuset på Støyvastøylen må være den finaste utedoen i landet. Den er ulåst og står åpen for ålmenta. Det er Støylslaget som på dugnad har sett opp dette bygget og steinane som er nytta er stein som er plukka i området. Dette er eit flott tilbud og absolutt verd eit besøk.

Utsikta mot Vora, 1450 moh, og Eggenibba, 1338 moh, er imponerande.
I likheit med fjellet Hornelen i Bremanger,gjekk det historier om at Vora var ein samlingstad for heksesabbater.

Vidare går turen vestover fjellet i slakt terreng mot riksvegen. No går ein på rås som er godt trakka/steinlagd og merka.
På høgresida ser ein toppen av skiheisen på Storsteinfjellet.

Utover fjellet får ein fin utsikt ned til deler av bygda. I dei brattaste bakkane ned Svoda er der trappetrinn. Stien frå riksvegen til støylen blir også kalla «Tøffelstien».

Stien kjem fram til riksvegen litt lenger mot Byrkelo enn utgangspunktet, men der er god plass til å gå på sida av vegen tilbake til parkeringsplassen.

Turen kan ein fint ta med sportsvogn/sykkel fram til støylen.

Denne runden er ca 7 kilometer.

VÆR NYFIKEN OG UTFORSK TERRENGET PÅ UTVIKFJELLET.