Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2016 (Side 1 av 3)

Bruasetra – Storesetra – Hjortedalsetra, Hornindal

p1000671I Hornindal kommune er det 21 setrar som det framleis står bygningar på. Tre av desse setrane ligg i Grendadalen. Grendadalen er ein vid og flat dal som  går fra Hjellbakkane og Engebø mot fjella som grensar til Møre. Der er mange turer som er lett tilgjengelege i  fjella som omkranser Grendadalen. Nokre av dei er skilta.
Det har vore store forandringar i dalen dei siste åra, og dette gjer at det er eit populært område å ferdast i både sommer og vinter.
Hornindal Skisenter med alle sine fasiliteter er eit nytt tilskudd av skianlegg i distriktet. Ny veg og stor parkeringsplass er på plass og gjer det enkelt å ta turen til Grendadalen til alle årstider. Grusvegen fra parkeringsplassen og  rundt setrane blir nytta som skiløyper om vinteren. Parkeringsavgift og vegavgift betaler ein sjølvsagt der det blir krevd.
p1000589  p1000593
På bildet under ser ein alle dei tre setrane med fjella og dalane bak. Fra venstre ser ein ein Nabben,1058 moh., vidare Lisjedalen med Lisjedalskaret bak.  Ytre Aksla,964 moh., framfor der.  Vidare Blåbredalen med Blåbreen bak, Indre Aksla, 1212 moh., og Hjortedalen med Tussa bak, 1377 moh.Denne turen rundt Grendadalen går på fin grusveg og er ei runde på ca 6 kilometer. Her er det stille og roleg natur. Terrenget er relativt flatt så her  ein er det fint med barnevogn, sykkel, rullestol og rullator. For dei minste er det mykje å oppdage i grøftekanten. Denne gjengen, som eg trefte på ein fin haustdag ,studerte ein  frosk som var på glattisen. Spennande for små og store.
p1000602  p1000608
Den første setra ein kjem til er Bruasetra, 400 moh. Detter er setra til gardane på Gausemel, Fannemel, Hjellbakk og Haugen. Setra er godt vedlikehaden og dei små sela ligg på rekk og rad.
I 1930 var det ca 54 kyr på setra og det var ein stor jobb for gjetarane å gjete buskapen. Gjetarjobben vart utført etter liste, nøye utrekna med gjetardager, etter kor mange kyr kvart av bruka hadde.
Det var slutt på setringa på Bruasetra tidleg på 1960 talet.p1000611Etter å ha passert Bruasetra går vegen vidare med slak stigning. Ein passerer skilt som viser råsa til Høgenibba, 1191 moh.  I vegkryss tek ein til høgre for å gå setrerunden.  Vegen som går rett fram går i Lisjedalen. Dette er ein anleggsveg som vart bygd da Tussa kraftverk bygde tunnelsystem for å leie vatn, hovudsakeleg fra Hornindal, over til Tyssevatnet. I Lisjedalen har Tussa kraft eit av sine tunnelinntak. Fra krysset og opp i botnen på Lisjedalen er det ca 3,5 km.Når ein fortset setrerunden passerer ein Lisjedalselva. Der er det bru med høge rekkverk. Dette fordi grusvegen rundt setrane blir brukt som skiløyper om vinteren.Storesetra, 440 moh, er setra til gardane på Lødemel. Det tok slutt med setring tidleg på 60-talet. Ved vegen på Storesetra har Hornindal i.l ein av sine fjelltrimposter. Denne trimposten ligg ute berre om vinteren.
Ultrafjelløpet Hornindal Rundt har ein av kontrollpostane på Storesetra.p1000617Godt vedlikehaldne sel og fjøsar ser ein på alle dei tre setrane i dalen. Hyttene som er sett opp i utkantane av setrevollane glir fint inn i terrenget. p1000622Mellom Storesetra og Hjortedalsetra er vegen flat og fin. Desse to setrane ligg omlag på same høgde i terrenget.p1000645På veg opp fra parkeringsplassen ved skisenteret ser ein bort til Hjortedalsetra på andre sida av dalen. På bildet ser ein og tydeleg vegen som går til botnen av Hjortedalen, ca 840 moh. Fra Hjortedalsetra til botnen av Hjortedalen er det vel 2 kilometer.Hjortedalsetra, 450 moh,høyrer til gardane Kroken, Engene, Espe, Dobakk og Rygg. Hjortedalsetra er, til liks med dei andre setrane i dalen, ei stor seter. Setrekviene vart slått og høyet vart oppbevart i setreladene for heimkøyring på skaresnø om vinteren, eller dei frakta tørrhøyet heim om sommaren. På det meste var det 10 budeier på Hjortedalsetra. Det var slutt på setringa sist på 60-talet.p1000655Fra Hjortedalsetra går denne turen på grusvegen mot Engebø før den går over i løypetraseen. Løypetraseen krysser elva Hjortedøla og etter brua føl ein lysløpetraseen mot skisenteret. Går ein denne turen med  vogn  må ein ta av til høgre på grusveg like før Hjortedalsetra. p1000662Ved Gamlesetra, (uten bygninger) ser ein skilt som viser der løypetraseen går mot Hornindalsetra. Her går det turløyper om vinteren. p1000669p1000678Etter at eg gjekk turen har det blitt bygt bru over elva. Den skal være godt dimensjonert og  det vart uttalt da brua var ferdig: «No toler bru den største trakkemaskina og ti elefanter».
Siste stykket mot parkeringsplassen/skisenteret går i lysløypa, i utkanten av dyrkamarka.p1000680p1000671

Kilde til fakta informasjon om setrane: Setrane i Hornindal av Kjell Råd.

Kart over turen ligg på Ut.no: Bruasetra – Storesetra – Hjortedalsetra, Hornindal

GOD TUR!

Brenndalen

p1000191Brenndalen er ein såkalla hengande sidedal med bratte fjellsider. Dalen gjev ei strek naturoppleving av bre, fjell, elver og fosser. Når ein går turen får ein oppleve mektig og fasinerande terreng, stilleheit og nærheit til naturen.

Brenndalen går paralelt med den meir kjente Briksdalen.

Utgangspunktet er ved Åbrekk Gard og det er tilrettelagt for parkering ved Fv 724 som går gjennom den vakre Oldedalen.

Åbrekk Gard tilbyr både overnatting, servering, catering og skreddersydde aktiviteter. Alt dette i og ved bygningar som er nyrestaurert til moderne  fasiliteter.p1000152Brenndalen  p1000159
Når ein har parkert på den opparbeida parkeringsplassen og betalt parkeringsavgifta går turen på grusvegen til gardstunet og vidare forbi låven. Turen til Brenndalen er skilta som ein kan sjå på bilda. Etter å ha passert låven kjem ein inn på skogsvegen. I første krysset skal ein ta til høgre. Skogsvegen er fin, men til tider litt bratt. Det går likevel fint å ta med sportsvogn til setra.
p1000166  p1000167p1000170Etter få  høgdemeter  får ein  flott utsikt over gardane som ligg nede i dalbotnen og alle fjella som omkranser dalen.  Denne turen gjekk eg tidleg i oktober og den første snøen låg som melisdryss på dei høgaste toppane. Lengst inn i dalen var det frost på bakken.  Likevel ein flott tur. Alle årstider har sin sjarm og fotomotiva står i kø.
Da eg gjekk gjennom gardstunet på Åbrekk såg eg at hjortejegerane gjorde seg klar for å reise på jakt. Eg tok kontakt med dei og fekk tommel opp for å gå turen sjølv om dei skulle jakte i same området. Dei var vant til turgåere  og tok hensyn til dei. p1000171p1000179p1000181  p1000183
Åbrekk setra ligg opp på høgda,ca 250 moh, ved inngangen til Brenndalen. Det er eit sel på setra. Her i frå har ein flott utsikt mot Oldedalen,  inn Brenndalen og til Brenndalsbreen.  Skogsvegen sluttar på setra, vidare inn dalen er det likevel god turveg. Underlaget blir  meir ujamnt og går etterkvart over til rås, men tydeleg å følge.p1000197Med dei høge fjella ruvande på tre kanter blir det lite sol så seint på hausten.  Men det er ei eiga ro og stillheit i dalen på denne årstida. Det er fin sti/traktorveg å gå på innover dalen.  Om ein vil ta ein rundtur er der også rås på nordsida av elva Brenna ned til Åberg. Denne turen er også fin å ta om ein vil bruke terrengsykkel.  p1000203Råsa går på høgre sida av elva Brenna. Elva er  veldig breid når ein kjem lengst inn i dalen. Om det ikkje er for mykje vatn i den er det fint å gå uti og følge elva eit stykke mot botnen av dalen.  Når ein ser framatt dalen ser ein rett på Flatefjellet (ca 1400 moh) med Flatebreen og Melkevollfossen til venstre.  Høgalmenbreen til høgre.p1000217p1000225p1000237p1000238Hjortejegarane og jagarane gav tommelen opp for turgåeren som ville utforske dalen. Dei fekk  fangsten sin og  eg  fekk ein flott tur og eit positivt møte med jegere.p1000241p1000190

Kart over turen ligg på ut.no: Brenndalen, Oldedalen.

GOD TUR OG NYT NATUREN.

Turstier og gamle ferdselsvegar på Bergsida,Vikalida,Vik og Hol.

p1000799I løpet av sommeren/ hausten har turstiar og  gamle ferdselsvegar i området Bergsida, Vikalida , Vik og Hol blitt rydda og merka.
Martin Berstad har vore initiativtaker til dette prosjektet og  han har også  utført arbeidet. Gunnar Berstad har tatt gps-spor og alle stiane er merka med kor lange dei er. Tilsaman er det ca 15 kilometer med stier i området. Martin  fortel at ein del rydde arbeid står att, spessilet i området ved Hol,  og at det skal kome farga band ut fra alle kryss.

Dette turområdet ligg lett tilgjengeleg og er eigna både for stor og små.  Av kartet på bildet kan ein sjå at det er eit stort nettverk av stier i området.
Det er satt opp skilt i alle kryss med henvisning til kor ein står og med fargekoder for stiane vidare.  Her er det ikkje mulig å rote seg vekk.

Dei kvite linjene på kartet er bilvegar. Som ein ser av kartet er det enkelt å kome inn på stiane både fra Bergsida, Vinsrygg, vegen som går til Tverrfjellet, Vikalida, Vik og Hol.

Min tur starta i Vikalida, og gjekk opp den gule løypa som heiter Langholene. Der er det bratt oppstigning, men fin sti.
p1000773   p1000777
I andre kryss tok eg til venstre inn på Kyrkjevegen og vidare mot Kyrkjeledet.  Dette var eit flott parti av turen. I stor granskog med tydeleg sti mellom granleggane. Kyrkjevegen var den vegen folket på Bergsida brukte når dei skulle til kyrkje før bilvegen i Kasthamrane kom.
p1000783
Ein plass er det stor retningsendring,  berre å følge pila.p1000789p1000793Fra Kyrkjeledet følgde eg den gamle sjøvegen til Vinsrygg. Den gjekk opp aust for gardane på Vinsrygg og forbi dei gamle gardfjøsane.  Vidare gjekk eg opp den gamle setrevegen som ligg vis a vis bilvegen.
p1000797   p1000801p1000806Det er laga til flotte kvileplasser langs med alle stiane. Så det er berre å setje seg ned og nyte utsikta og stillheita.
Den gamle setrevegen har jamn og fin stigning fra Vinsrygg  til Vinsryggsetra.  Enkelte plasser er stien trakka godt ned i terrenget.p1000811p1000816Ved Høgeryggen går den gamle setrevegen og bilvegen nesten heilt i hop. Likevel er der plass til ein fin kvileplass mellom.p1000823Når ein har passert Høgeryggen kjem ein etter kvart til lysløypa. Der går ein rett over trasseen og fortset etter gule band på andre sida. Stien er litt utydeleg det siste stykket til Vinsryggsetra. Fra Vinsryggsetra gjekk min tur bilvegen tilbake til Høgeryggen.p1000834I krysset ved Høgeryggen er det også skilta mot Tverrfjellet og Stryn Vinterski.  Så det er mange muligheiter for å kome inn i stinettverket.
p1000841   p1000842
Snarvegen, merka med blå 4, tok meg ned på ein gammal traktorveg. Traktorvegen var det lenge sia noken hadde køyrt på så ein fin sti hadde det blitt.  Etter eit stykke på traktorvegen kom eg til Flo Skue. Eit fin utsiktspunkt som har fått namnet sitt fordi ein har fri sikt til bygda Flo. På benken som står der er det svede inn: Her kan du sitje ilag med din frue og til Flo skue.
p1000845  p1000848
Fra Flo Skue følgde eg traktorvegen/stien til neste kryss og tok bratt ned ein gammal køyreveg. Det er artig å gå i skogen på slike gamle vegar og sjå spor etter farne tider.  Siste stykket gjekk eg på Lidaråsa før eg kom ned på bilvegen i Vikalida.
p1000854I mange av desse stiane kan det også brukast terrengsykkel.

Min tur ligg på Ut.no: Stier og gamleferdselsveger på Bergsida, Vikalida, Vik og Hol.

Tippaskogvegen og Postvegen over Brekka

p1120551Rundturen i Tippaskogvegen er ein tur på grus-og skogsveg i slakt skogs-og fjellbeitelandskap langs deler av den verna Trondhjemske postvegen. Turen får eit kulturhistorisk tilsnitt med den gamle steinbrua over Ljøsurelva, merkesteinar langs postvegen og gamle setrevollar.
Denne turen kan ein også ta med sykkel og barnevogn og deler av den kan takast med rullestol. Det innerste stykket av Tippaskogvegen er meir ujamn og kan være vanskeleg for dei med  rullestol.
Heile runden er på 8 kilometer og det høgaste punket er 375 moh.

Utgangspunktet for turen er like ved Harpefossen skisenter i  Hjelmelandsdalen i Eid kommune.  Der er det god plass til parkering. Elva Hjalma renn gjennom Hjelmelandsdalen og turen går innover på høgre sida av elva.  Der er god bru over elva ved utgangspunktet.
p1120525
Hjelmelandsdalen er også utgangspunktet for mange andre turer i området, turer som er merka, graderte og skilta i henhold til ny standard. Ta deg tid til å studere skilta, kansje finn du fleire turer du har lyst å ta.
p1120526  p1120520
Etter at ein har gått over brua kjem ein til eit kryss. Tek ein til høgre går ein den gamle setrevegen over Tippasetra og kjem innatt på skogsbilvegen like etter setra. Held ein til venstre føl ein løypetraseen  som går litt lågare i terrenget, og kjem innatt på skogsvegen etterkvart.
p1120529  p1120530
Tippaskogvegen er ein flott skogsbilveg som vart bygd i 2000.

Langs denne rundturen går ein forbi mange setrar. Dette er setrar som høyrer til gardane fra Eidsfjorden, grendene på og rundt Haugen og opp Hjelmelandsdalen.

Heile den fremste delen av Hjelmelandsdalen har eit samanhengande stølskulturlandskap der bøane og stølsgrendene nesten går over i kvarandre . I dalen ligg setrane Naustdalsetra, Tippasetra, Nakkesetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra. Ingen av setrene er lengre i vanleg drift, men det er beite av sau, kyr og til gardane på Haugland hest. Dei fleste stølsvollane i dalen er trefrie, men lyng, einer og bjørk er i sterk framvekst. Setrane er også endra av tilrettelegging for friluftsliv. Dei fleste av sela og fjøsane på setrane er bygde på 1800-talet, no er mange av dei  ombygd og utbygd og nye hytter er oppført. Mange plasser ser ein steingardar av naturstein rundt setrane. Dette gjorde nytte som gjerde rundt setrane og var som grense mellom innmark og utmark.

Tippasetra høyrer til gardane på Haugland og  i Lidene.p1120542Nakkesetra/ Nakkjen høyrer til gardane på Haugen og Åsen. Her ligg det setrehus/fjøs både ovanfor og nedanfor skogsbilvegen.p1120539Skogsbilvegen er slak og  stille. Enkelte plasser er det laga til så ein kan setje seg ned og ta ein pause.
p1120546    p1120552
Innerst i Tippaskogen går skogsbilvegen over til skogsveg og underlaget blir litt meir ujamnt, men fremdeles godt å kome seg fram til fots og på sykkel. Det går også ann å kome fram med  sportsvogn om ein har store hjul.p1120554Ved Sevlandsetra/Brekkefoten, like ved postvegen som går over Brekka, står ei bålhytte som  fritt kan nyttast av alle som vil. Denne er bygd av entusiastiske pensjonister og  i regi av Haugen i.l, Harpefossen skisenter og Gjensidigestiftelsen.  I bålhytta er der bålpanne, ved og fyrstikker. Her kan ein kose seg både vinter og sommer.
p1120567  p1120568p1120570p1120573
Ved Brekkefoten kjem denne turen innpå  den Trondhjemske postvegen/grusvegen og følger den framover Hjelmelandsdalen igjen.
Velger ein å gå til høgre starter ein på stigninga på den trondhjemske postvegen over Brekka, som går mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Anbefaler alle å ta ein tur over Brekka til Bjørkedalen.  Skriv litt om den traseen lengst nede i innlegget.
Like etter at ein er komt innpå postvegen/bilvegen kjem ein til Sevlandsetra. Denne setra høyrer til gardane på Sevland, Engeland, Balsnes og Halsteinslid.
p1120577Bjørnhovdesetra høyrer til gardane på Bjørhovde. Bjørhovde er ei grend på vestsida av Hjalma lengst nede i Hjelmelandsdalen.p1120584p1120586Ljøsurbrua er ei flott gammal bru. Ei av mange bruer som enda finst på den Trondhjmske postvegen. Her er eit fint utgangspunkt til fleire turer. Det er skilta til Kloven, Ljøsuregga, Sandegga og Kjenndalen. Dette er turer av variert vanskegrad.p1120592
p1120597
Naustdalsetra høyrer til gardane i grenda Naustdal som ligg heilt nede ved Eidsfjorden.p1120609Når ein har passert Naustdalsetra er det kort vei fram til parkeringsplassen på Harpefossen og utgangspunktet for denne turen.
Om vinteren blir vegen fra Harpefossen og over Brekka stengd. Når snøen kjem blir deler av den nytta til skiløyper.

Rundturen fra Harpefossen-Tippaskogvegen-Postvegen tilbake til Harpefossen er ca 9 kilometer og går i slakt terreng.

DEN TRONDHJEMSKE POSTVEGEN OVER BREKKA.

Når ein er i dette området anbefaler eg ein tur vidare over Brekka og til Bjørkedalen.
Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! (kilde:Harpefossen skisenter)p1120618 p1120627
Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.
Ta ein pause og nyt stillheita og la tankane gå til dei som i all slags veir og føre skulle fram med posten i tidlegare tider.
p1120619p1120621Når ein har passert det høgaste punket og starta nedstigninga kjem ein forbi Ljomtjønna og Vasslidvatnet. No vil ein kome til fleire flotte steinbruer. Imponerande byggverk som har stått i mot store vassføringer i mange år.p1120631p1120635p1120637p1120638p1120641p1120642Nedstigninga til Bjørkedalen er bratt, men med eit flott utsikt mot Bjørkedalsvatnet og fjella Keipen 944 moh og Vassendfjellet 1134 moh.p1120649

Kart over turen finn ein på Ut.no: Trondhjemske postveg – Tippaskogen denne er beskrevet motsatt veg.
I sogeskrift for Eid (2008) kan ein lese meir om Den Trondhjemske postvegen over Brekka.

GOD TUR I NYDELEG TERRENG!

Øyesetra, Markane

p1000331Øyesetra høyrer til dei to gardane i Øyane. Den ligg i Markane, like over grensa til Hornindal kommune. Ein kan sjå setra fra bygda der den ligg høgt oppe i lida, under Øyenibba/Middagsfjellet.p1000303Utgangspunktet for turen til Øyesetra er på Maurset. Om ein kjem fra Stryn blir utgangspunktet ved den siste garden på høgre sida av vegen. Kjem ein fra vest blir det ved den første garden på venstre sida av vegen. Det er plass til å parkere i tunet ved gamle huset eller ved skogsvegen.Ein må ikkje parkerer slik at ein står i vegen for dei fastboande i tunet, i hyttefeltet eller for drift i skogsvegen. Ser ein folk i tunet så ta kontakt og spør om parkering.
p1000305Skogsvegen er fin og godt vedlikehalden. Når ein kjem til eit kryss skal ein ta den vegen som er i midten. Den går motebakka og i nordvestleg retning. Turen til setra er vel 2 kilometer og skogsvegen er ca 1.5 kilometer. Den siste delen av turen går i rås og terrenget blir brattare. Råsa er bra tydeleg og  delvis merka med raude merker på treleggane og steinar.p1000307p1000311 Ved enden av skogsvegen går turen over i rås. Ein går over ei elv og fortset opp bakkane. Råsa kan være litt utydeleg over ei myr, men der skal ein holde til høgre. Sjå etter raude merker.
p1000313  p1000314
Når ein går i skogen om hausten er det eit vidt spekter av farger. På turen til Øyesetra går ein forbi eit parti med ospeskog. Ospeskogen har både spessiell lyd, lukt og farge om hausten. Når ein kjem lenger opp i lida er det bjørkeskogen som dominerer.
Råsa flater ut på siste stykket og plutseleg ser ein sela på setra.p1000319På setra er det to sel og ein fjøs. Fjøsen eigde dei to bruka i lag.  Gamle selet og fjøsen vart restaurert i 1999.
Setrekvia er bra stor, men noke myrlendt. I tidlegare tider var den verdifull slåttemark. Ein husmann fra Maurset leigde denne kvia.  Han murte opp ein 100 meter lang steinmur på ovanforsida  av setrekvia og hadde risgard rundt ellers. Dette vart gjordt for at krøtera ikkje skulle ete opp avlinga. Denne steinmuren viser tydeleg i terrenget enda.p1000322p1000325Øyesetra ligg ca 600 moh og utsikta austover mot bygda og fjella i  aust og i sør er fantastisk. Markane i.l  har ein av i alt ni  setretrimpostane  her på denne setra. Fra Øyesetra er det rås vidare til  Øyenibba/Middagsfjellet.  p1000330

Kart over turen finn ein på ut.no: Øyesetra

GOD TUR!!

Postvegen over Hunvikskaret/Hundeidet

p1120669Mange er nok ikkje klar over at ein gammal postveg  går over Hunvikskaret/Hundeidet  i Eid Kommune. Heilt fram til 1978 var den gamle postvegen den einaste vegen bygda Hundvik hadde til omverda. Ellers var fjorden ferdselsvegen til og fra bygda.
Eg gjekk tur i denne postvegen i fjor haust og her kjem nokre bilder og ein beskrivelse om kor ein finn denne vegen. Men først litt bakgrunnstoff.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd i kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den trondhjemske Postvegen bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Reed-Utvik-Faleide-Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den trondhjemske Postvegen.

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna  ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid Kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvegen på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derfrå  med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidar med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen.
(kilde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

For å kome til utgangspunktet køyrer ein på sørsida av fjorden fra Nordfjordeid og til Hundeide.  Følg skilting til Hundvik i ca 1,5 km til  ei utviding/lunneplass på venstre sida. Der er startpunket for turen og god plass til å parkere.

Fra parkeringsplassen/lunneplassen tek ein vegen som går til høgre forbi stolpen som ein ser på bildet.
p1120660  p1120661
Underlaget i vegen er mjukt å gå på. Det er slakt terreng med nokre bratte kneiker. Traseen er tydeleg nok,men ein kan sjå at det ikkje er så mange som tek denne turen. Kanskje fordi få veit om den.
p1120662  p1120663
Gamle klopper over elvane ligg slik dei har lege i snart 200 år.
p1120664  p1120665
Den gamle postvegen går delvis paralelt med bilvegen som vart bygd i 1978. Når ein nærmer seg setra Hanshjellen kjem ein heilt opptil bilvegen.  Gå forbi setra og hald til venstre på skogsvegen.
Skilttavla fortel om andre turmuligheiter i området. Eg har tidlegare gått turen til Veten/Takloveten og den kan fint kombineres med turen i postvegen.
p1120666  p1120667
p1120700p1120668

p1120670  p1120672
Etter ca 300 meter kjem ein til eit kryss. Hald til høgre/rett fram.  Etterkvart blir terrenget ein del myrlendt men ikkje vanskeleg å ta seg fram.
p1120673  p1120674
Turen gjer ein så lang som ein vil. Det er spennande å sjå kor langt ein klarer å følge den gamle traseen. Etterkvart blir postvegen meir og meir igjengrodd og når ein kjem over fjellet er den så og seie heilt vekke. Det er også ein fin tur å gå grusvegen heilt ned til bygda. Eg tok turen ned bakkane og var heile tida på utkikk etter spor i terrenget som kunne vise meir av den gamle postvegen. Eg kom i prat med ein bonde som bur i bygda og han peika og forklarte kvar postvegen hadde gått. Han viste meg vegen gjennom tunet og hagen sin og innpå den gamle postvegtraseen igjen. Slik vart det til at eg fekk gått eit stykke av postvegen som ligg «skjult» i skogen.
p1120690  p1120691 p1120692p1120682
I Hunvika som alle andre plasser gror det igjen med skog, men der er enkelte utsiktspunkt. Her ser ein over Hunvikfjorden mot dei veglause gardane Metteneset, Årevika og Hammaren. p1120679
Utsikt inn Nordfjorden fra toppen av Hunvikskaret.
p1120701  p1120704
Går ein litt utom traseen får ein sjå ein mektig steingard. Denne har det vore mykje arbeid å lage. No står den der som eit symbol på ei faren tid akkurat slik som postvegen ligg der i skogbotnen. Ta turen og utforsk den gammal ferdselsvegen.
p1120710

GOD TUR I SPENNANDE TERRENG!!

Øyenibba/Middagsfjellet fra Kongsvik til Ullsheim

20160818_13305820160818_134934Denne turen går i grensefjella mellom Markane og Hornindal. Utsikten er fantastisk i alle himmelretninger.

Totalt er turen på 10.5 kilometer.  Vil ein ha lenger tur kan ein starte ved hyttefeltet i Kjøs eller i Svorastranda og gå første stykke i Den Tronhjemske Postvegen.
Eg har tidlegare skreve om den turen : Den Trondhjemske Postvegen Kjøs-Svor
Velger ein å starte fra Kjøs eller Svor blir turen ca 2-2,5 kilometer lenger. Og vil ein ta ein rundtur eller det er problem med logistikken, kan ein plasserer ein sykkel på Ullsheim og sykle tilbake til utgangspunktet.

Eg starta på garden Kongsvik, eller Myra som bygdafolket kaller det.
Ca 500 m etter Kjøs bru, mot Hornindal, tek ein til høgre opp bakkane. Køyr ca ein kilometer til like ved gardstunet.  Der går ein grusveg til venstre. Der starta min tur.
Første delen av turen går på grusveg/skogsveg. Gå til Den Trondhjemske postvegen og fortsett rett fram.
Fra Kjøsahalsen føl ein same råsa som eg har skreve om i innegget: Kongsviksetra- Svorasetra.
Dette er same traseen som ultra fjell-løpet Hornindal Rundt går i.
20160818_120510  Grus- og skogsveg første stykke.
20160818_120810  Her krysser ein postvegen og går rett fram.
Råsa til setrane er bratt, men tydeleg og godt merka. Ein tar mange høgdemeter opp til setra. Svorasetra ligg på vel 400 moh. Øyenibba/Middagsfjellet ligg på ca 850 moh.
P1130889  P1130895
Bilde 1: Kongsviksetra.                                                    Bilde 2: Svorasetra.

Etter å ha passert Svorasetra er det fremdeles ein del skog og god stigning i terrenget.  Men etterkvart åpner landskapet seg og det blir flotte utsikta mot Hornindalsvatnet, Navelsaker og Otterdal. No er det fjellbjørk, kreklingebær og røsslyng i staden for lauvskog. No får ein meir følelsen av  høgfjellet.
20160818_130225Utsikt mot Glitreggja, Hornindalsvatnet, Furefjerdnig, Navelsaker og Otterdal.
20160818_131831  Flott på snaufjellet.
20160818_133649   20160818_134237
På bilda ser ein litt av merkinga til ultra fjell-løpet Hornindal Rundt. Øyenibba/Middagsfjellet er post to av i alt tjue kontrollposter som løparane skal innom.

Området rundt varden på Øyenibba/Middagsfjellet er nydeleg. Små vatn som ein kan stikke tærne i på varme dager. Der er tillaga fin sitjeplass med bord og benker av stein. Her er det berre å setje seg ned og nyte stillheita i fjellet.
Hornindal i.l har trimpost på Middagsfjellet.
20160818_134134Turen vidare innover går i tydeleg rås. Denne delen av turen er ikkje merka.  Eg heldt til høgre innover fjellet. Da har ein fin utsikt til bygda Markane og alle fjella i horisonten. Fleire små vatn ligg i terrenget innover, det finaste er Småskorvatnet. Her er det  laga til med fin sitjeplass  av steinheller og ein bålplass. Kanskje har dette vore her heilt sidan det var Småskorstemne på denne plassen.
20160818_144519Småskorstemne vart arrangert fra 1920 og framover mot 1955. Stemne var ein sosial møteplass for ein kameratgjeng fra Hornindal og Markane.  Det var både menn og kvinner som deltok. Stemnet var eit fast innslag tidleg i august kvart år. Dei hadde med seg mat og drikke.  Ei kokke hadde ansvaret  for å koke kaffi og servere mat.
Min oldefar var ein av dei som tok turen fra Markane. Han hadde med seg ein 15 liters ølkagge i sekken.

Det blir fortalt at der fremdeles skal ligge ein «skatt» etter desse stemna der oppe på fjellet. Det hadde seg slik at dei tok ikkje med seg heim drammeglasa/sølvbegera som dei brukte, men gjøymde dei i terrenget til neste sommar. Mange har leita etter denne «skatten», men ingen har funne den.
IMG_20160825_155827  Ølkaggen som  oldefar tok med på fjellet.
Fra Småskorvatnet kan råsa være litt utydeleg, men det er ikkje vaskeleg å orientere seg i det åpne terrenget. I horisonten er det kjente fjell i alle retninger. I aust ser ein blant anna Skåla, Årheimsfjellet, Avleinsfjellet, Skavteigfjellet,  Melheimsnibba, Strandanibba, Gjerdanibba, Skarsteinsfjellet og Storelogpiken.20160818_145559Vestover ser ein  Glitreggja, Sagtindane, Aasebønakkjen, Vedviknibba, Navelsakerfjellet, Kviteggja og Eidskyrkja.20160818_145956På veg austover mot Nordaelva passerer ein Ruksetjønna. Der skal det være fint å bade om veiret og temperaturen tillet det. Når ein kjem inn til elva finn ein også rås igjen. Følg den ned til brua.
20160818_150917Fra brua  kan ein velge om ein vil følge råsa  til Maursetseta eller gå over elva og gå til Grendasetra. Det er tydeleg og god rås til begge setrane og vidare til Ullsheim.20160818_15160520160818_151914Min tur gjekk til Grendasetra og vidare til Ullsheim. Alltid kjekt å ta turen innom setra, nyte utsikten og mimre litt.20160818_152954Grendasetra er eit populært turmål både sommer og vinter. Den ligg der lett tilgjengeleg fra Ullsheim. Både løypetraseen til Turløyper Stryn og råsa er fine alternativ til/fra setra. 20160818_153726Den gamle setreråsa  går unnabakken ved flaggstanga.  Råsa krysser løypetraseen ved Gamlesetra. Der er det sett opp benk og bord og det er ein fin kvileplass med utsikt til Hornindalsvatnet. Setreråsa går vidar ned bakkane til venstre for den store furua. Etter kvart kjem ein til Loppesteinen. Gamlesetra og Loppesteinen var faste kvileplasser for dei som i gamledager gjekk til seters. På heimvegen var det godt å kvile hylkja på dei gamle murane og på steinen.
20160818_155301  20160818_160042
Bilde: Gamlesetra og Loppesteinen.

Etter Loppesteinen går råsa gjennom eit granfelt. Rett før ein kjem ned på løypetraseen, passerer ein Rømesvadet. Der har det nok blitt søla røme i den tid dei gjekk til seters.
Gå rett over løypetraseen og følg råsa til ein igjen kjem til løypetraseen. Der i fra er det berre å følge traseen/rulleskibana til Ullsheim.
20160818_160449  20160818_160528
20160818_160702  20160818_161044
Strake vegen til Ullsheim.
Her ser ein tilbake til Øyenibba/Middagsfjellet fra Ullsheim. Heile turen fra Kongsvik til Ullsheim er 10,5 kilometer.20160818_161409

Kart over turen finn ein på ut.no; Øyenibba/Middagsfjellet fra Kongsvik til Ullsheim

GOD TUR !

Laukisetra – Olden

P1150848Laukisetra ligg høgt og fritt over gardane på Løken. Ein ser den opp på ei hylle på venstre sida når ein køyrer mot Oldedalen.Utgangspunktet for turen er ved sagbruket på Lauki. Ein køyrer mot Oldedalen og tar av i neste enden av Floen.  Kjøyr til første knappe sving til høgre. Følg skilting til Laukisetra gjennom gardstuna fram til sagbruket.P1150866P1150869   P1150864
Til Laukisetra er der fin skogsveg. Turen som eg beskriv går i den gamle setreråsa opp til setra og skogsvegen nedatt. Denne rundturen er 5 km. To kilometer opp råsa i bratt terreng og tre kilometer nedatt skogsvegen. Denne turen gjekk vi  som ein tirsdagstur og eg var så heldig at eg fekk lokalkjente til å være guider.
For å kome inn på setreråsa gjekk vi rett opp fra sagbruket der vi parkerte og innpå  skogsveg i skogkanten til venstre for hytta som ein ser på bildet.
P1150798P1150799Sjølv om veiret ikkje var av det beste denne kvelden så har det sin sjarm å gå på tur i regn og skodde også. Vi hadde ikkje gått mange høgdemeterane før vi fekk nyte utsikten, både oppover og nedover dalen.P1150800P1150806P1150809    P1150812
Ein går første stykket på ein eldre skogsveg før ein går over i setreråsa. Følg med i terrenget, det er merka med ei pil på ein granlegg der ein skal ta av til råsa. Råsa til setra er berre delvis merka,  men den er forholdsvis tydeleg. Stormar og uveir har herja i skogane i Olden også, så enkelte plasser kan råsa være litt vanskeleg. Terrenget og råsa er bratt, så når det er ei lysning i skogen, stopp opp og få att pusen og nyt utsikta. Ser ein godt etter ser ein Melheimsetra/Solheimsetra på andre sida av dalen.
13633235_1051906578226354_1398597527_oP1150818P1150822Her er vi på eit parti der råsa går i slakt terreng. Like etterpå blir det bratt igjen. Da er det godt at det er tilrettelagt med stige og tau så ein kan ta seg fram uten problem
P1150830   P1150832P1150849Laukisetra høyrer til gardane på Løken. Det er fire brukara som har kvart sitt sel. Fjøsane står ikkje lenger.
Når dei skulle ha kyrne til seters før i tida jaga dei buskapen ein lang omvei inn i Eidemaka.  Setreråsa var for bratt for kyrne. På Laukisetra hadde dei tidleg løypestreng som dei brukte for å få mjølka til gards. P1150851P1150856Skogsvegen kjem opp bak og på austsida av sela. Siste stykket går ein over setrevollen. På Laukisetra, som på så mange andre setrar, står no graset høgt på setrevollen. Det var lite dyr å sjå i terrenget.P1150859Skogsvegen som går til Laukisetra er også bratt, men ikkje så bratt som råsa. Den går i mange svinger opp bakkane.
P1150860  P1150862P1150849

TA TUREN TIL DENNE FLOTTE SETRA I OLDEN.

GOD TUR!!

Tyssenaustet ved Tyssevatnet

P1160075Eg har lenge tenkt eg skulle ta turen til Tyssenaustet og Tyssevatnet. For mange år sia såg eg ein reportasje i ei avis om dette naustet og området rundt. Vart fasinert og har aldri gløymt dei bilda i avisa. Torsdag tok eg turen og eg vart ikkje skuffa. Eit fantastisk område med ville fjell og stille natur.
Naustet som no blir disponert av Ålesund og Sunnmøre Turistforening er bygd i 1934 og renovert i 2000/2001. Der er 6 senger, to av dei litt breidare så der er plass til 8 personer om ein er gode venner. Naustet er utstyrt med sengklede og utstyr for matlaging. Hytta er uisolert og utstyrt med elektrisk oppvarming. Like ved hytta står der utedo og eit naust. I naustet er der ein båt  og ein kano er også tilgjengeleg.P1160015Bjørke er utgangspunkt for denne turen. Men før vi tek turen til fjells har eg lyst til å skrive litt om denne bygda og  alt som rører seg der. Eg vart så positiv overaska over alt dei sysler med. Bjørke er ei bygd som ligg der Skjåstaddalen møter Hjørundfjorden, lengst inne i Storfjorden i Ørsta kommune. Det er ca 80 fastboande som soknar til  bygda. Da eg køyrde inn Skjåstaddalen såg eg skilt langs vegen som indikerte aktiviteter av mange slag. Etter fjellturen tok eg ei runde med bilen og fekk bekrefta at i denne vesle bygda var det stor entusiasme og skapartrang. Dei fleste er sommeraktiviteter til glede for turister fra fjern og nært.
Før var Bjørke ein blindveg, men no etter at Kvivsvegen kom er det eit lett tilgjengeleg reisemål. Mange tek også turen til Bjørke  med båt. Bygda fekk nytt marinaanlegg i 2013.

Allereide på 1960 talet var det stor aktivitet på Bjørke. Kraftselskapet Tussa gjennomførte da ei stor kraftutbygging og Tyssefossen vart etter det tørrlagt store deler av året. Tyssefossen var ein gong mellom dei 6-7 største fossane i Norge.

Bjørke kom skikkeleg på kartet i 1997 da telenor ville fjerne telefonkiosken som stod i bygda. Grunnen var at det var lite lønnsemd i den. Bygdefolket aksjonerte og lenka kiosken fast med sterke kjettinger og kampesteiner.  Saka fekk mykje omtale i media, blant anna i VG, BBC og Washington Post. Den mest kjende telefonkiosken i verda vart døypt Prillar-Guri, som eit symbol på at det enno finst vilje til å kjempe på bygda. Telenor snudde i saka og bygda fekk behalde telefonkiosken sin.
Prillar-Guri vart også innslag i programmet Norske attraksjoner.
Ein haustdag i 2005 var dagen likevel komen,  linjene vart klipte og summetonen for alltid vekke fra telefonkiosken. Men om summetonen er vekk blir kiosken ståande som eit bilde på noke som har vore.

Bertahuset på Jakobgarden.
Bertahuset er kårhuset på Jakobgarden. Navnet har  huset etter ho som budde der før. Bertahuset er renovert og blir no utleigd ved dei ulike arrangementa som er i byda gjennom heile sommaren.
Jakobgarden  driv med avl og salg av fjordhest. Jakobgarden er einaste fjordhestgarden i norge som har alle fem fargane på fjordhesten og har også norges einaste avlsgodkjente gulblakke hingst. Ved interesse ordnar dei  med rideturar rund om på Bjørke.
Følg Jakobgården på facebok.

Hos Maria.
Hos Maria er eit Inn på tunet tilbud som blir drive av Maria Nikkinen Rørstad. Ho er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i dyreassistert terapi og helse. Ho tek i mot personer som treng ein alternativ skuledag/arbeidsdag der rikt og variert dyreliv, natur, meistring, ansvar, mat og helse står i fokus.
Følg Hos Maria på facebok.

Postkjellaren.
I Postkjellaren i dei tidlegare postlokala på Bjørke har ei dame som elsker å sy sitt sommerutsalg. Det meste av det ho lager basert på gjenbruk. Kvart enkelt produkt blir unikt, da ho aldri lager to heilt like produkt.
I Postkjellaren er det også laga til ei spanande utstilling av gamle post-og telegjenstandar.
Les meir om dama som kallar seg Alva her: Tekstil og nostalgi i Postkjellaren.

Bakketunet.
Bakketunet er det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre. Tunet er freda og består av i alt seks bygninger der tømmeret i dei eldste husa er datert til år 1549.
Etter mange år med restaurering  opna eigarane i 2010 tunet for besøkande.
I tunet kan ein oppleve kkunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. I stovebygningen, som inneheld to røykstover, kjøkken og  kammers, er det kafé med sal av tradisjonell kaffimat. Det er høve for gruppeomvisningar og skreddarsydde opplegg for grupper.
Les meir om Bakketunet her og følg dei på facebook.

Antikklåven Erkegarden og galleri Bukke-Jo
I ein tidlegare geitefjøs er det no antikvariat. Her er det ei stor samling antikk og retro. På låven på Erkegarden, er det høve til å finne både små og store funn . Og mange har nok hatt med skatter heim fra turen til denne spennande låven.
Møbeldesigner Ole Jørgen Mork har opprettet desigavdeling i galleri Bukke-Jo. Dei utstilte modellane er ein liten del av design- og modellarbeider, utført i målestokk 1:5, gjennom dei siste 35 åra.
Følg Antikklåven Erkegarden på facebook.

Erkestova/ Kråkeslottet
Eit stort gammalt og spesielt hus som har vore prega av forfall i mange år får no nytt liv. Huset vart bygd i 1929 og blir no renovert etter strenge antikvariske retningslinjer.  Han som teikna huset var truleg inspirert av hotell Søndmør som stod i Bjørkevikja.
Les meir og følg Erkegarden på facebook.

Bjørke har utruleg mykje å by på. Om sommaren er det ei aktiv bygd. Dei arrangerer Indiepopfestivalen Indiefjord. Indiefjord starta som ei spontan samling av venner i fjor, og har utvikla seg til ein festival med 21 band og artistar frå land som Norge, England, USA, Sverige og Australia.
Bjørke har også kulturløype, vandreheim, kyrkje, kulturhus, symjehall og sikkert mykje meir.
I tillegg til all aktiviteten som skjer nede i bygda har dei også fantastisk natur å by på. Og det var no turen min til Tyssevatnet/Tyssenaustet eg skulle skrive om.

Rett etter at du har passert skiltet som står Bjørke på, tek ein til høgre. I krysset står det skilt til dei forskjellige serverdigheitene.  Køyr ca 400 meter, rett etter ein sving starter råsa til Tyssedalen. Parker i lommane langs vegen.
P1150983P1150985P1150987Lysninger i skogen gir utsikt til Skårasalen og Jakta. P1150991Tyssefosse med sine mange fossefall. Den er tørrlagt det meste av året.P1150992Utsikt sørvestover mot Saursvatnet og garden Ner-Saure og Fram-Saure og med fjellet Storkjelen i bakgrunnen.P1150998Råsa er fin å gå og tydeleg merka. Stillheita er komplett opp bakkane mot fossen.  P1160015Her ser ein nedatt til Bjørke, garden Sætre og Finnes på andre sida av fjorden. Ein ser fjella Dukhornet, Kjerringkjeftane, Kjerring øyra og Nessethornet.P1160028Godt med ein kvileplass, ein plass for å finne roen.P1160039Rett etter kvileplassen er der god og stødig bru over elva. Ein god wier er der også til å halde seg i.P1160050Like etter at ein har gått over brua flater terrenget ut og det blir slakere. Ein går til ein kjem opp på den gamle anleggsvegen.
P1160056    P1160060
Den gamle anleggsvegen er nydeleg å gå på. No føl ei den til ein kjem fram til ei bru. Der tek ein til venstre og følger raude merker vidare til vatnet og naustet.P1160066P1160072Kjende fjell men fra ein anna vinkel. Til venstre ser ein Hornindalsrokkjen og på høgre sida ser ein Rokkekjerringa. Ein ser også litt av fossen som kjem fra Tverrelvdalen. Denne fossen har blitt flytta. Detter for å få vatnet til å renne til Tyssevatnet.P1160075Tyssevatnet og Tyssenaustet med Kvitelva, Kviteggja, Blådalen og Hornindalsrokkjen. Tyssevatnet ligg på 656-611 moh. Like ved sida av Tyssenaustet ligg utedoen og eit naust. P1160076P1160079 Sterk stigning på golvet i hytta.
Da eg kom til Tyssenaustet kom eg i prat med ein familie som hadde kosa seg der i fleire dager. Dei anbefalte meg turen vidare til Tverrelvdalen. Det høyrdes så flott ut at eg berre måtte nytte denne fine sommarsdagen til fulle. For å kome til Tverrelvdalen går ein på høgre sida av elva. Eg gjekk meg fram på ei rås, men den er ikkje merka. Vegvalget seier seg mykje sjølv. Det er ei stigning på ca 200 høgdemeter. Dei ekstra høgdemeterane hadde ein fort gløymt når ein kom opp på kanten og fekk ta pause i den totale stillheita.P1160084P1160089P1160121Hornindalsrokkjen!!P1160137Tur/Retur fra Bjørke til Tyssevatnet/Tyssenaustet og opp i Tverrelvdalen så vart det knappe 11 kilometer.
Turen fra Bjørke til vatnet er ca 3,5 kilometer.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Stien mellom Bjørke og Tyssenaustet

GOD TUR!!!
NYT STILLHEITA!!!

Takloveten på Hundeidsfjellet

P1150914Det var Håkon den gode Adalsteinfostre (918-961) som fekk organisert eit landsomfemnande varslingssystem med vetar, men ein reknar med at det fanst meir lokale veterekkjer tidlegare. Hovudvarslinga på Vestlandet gjekk med vetar som vart tende langs kysten. Når vetevaktene innover fjordane såg bålet brenne på fjelltoppen ute ved kysten, vart rekkja av vetar tende innover så langt kvar rekkje nådde. Sidan vetane var i bruk som militært varslingssystem i minst 800 år, er det truleg at plasseringa og talet har variert ein god del gjennom tidene.

Takloveten på Hundeidsfjellet var den mest sentrale veten i Nordfjord. Frå Takloveten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner.
Den nordlege lina gjekk fra Takloveten til Aasebønakken i Heggjabygda og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.

Den mitre varslingslina gjekk frå Takloveten til Dimmaveten vest for Tistham, derifrå til Ulvedalsveten på Nordsida og til Vinsryggveten i Stryn. Frå Vinsryggveten delte den seg i to retninger. Den eine til Skår i Oppstryn og Vetekulen på Hjelle, den andre til Huaren på Auflemfjellet i Olden.

Den sørlegaste lina frå Takloveten gjekk til Breimsveten i Breim og derifrå til Midtvarden på Sørstranda i Gloppen.

Vetevaktene budde i små vetestover når dei var på vakt. På Ulvedal står enda den opphavelege vetestova. På Ytrehornsnakken og ved Vinsryggveten er vetestovene rekonstruerte i nyare tid.
(Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane).

Utgangspunktet for turen til Takloveten er ved setra, Hanshjellen på Hundviksfjellet.  Der er mogelegheiter til parkering like forbi dei to sela. Der står ei informasjonstavle med opplysninger om andre turmogelegheiter i dette området.P1120699P1150884    Deler av gammal postveg over Hundeidsfjellet
Turen starter ved denne infotavla og første stykket, ca 250 meter, går flatt innover. Når vegen deler seg skal ein halde til venstre opp bakken. Dette er ein skogsveg/anleggsveg som fører opp til ein sender aust for Takloveten. Ein kan følge denne vegen, men min tur gjekk i råsa. Overgangen til råsa kan være litt utydeleg. Der var sett opp steinar i kanten på skogsvegen og i råsa, men lett å gå forbi om ein ikkje er oppmerksom.P1150939Råsa er tydeleg, men berre sporadisk merka. Ein kan sjå nokre merker som Midtre Nordfjord Turlag har hengt opp og nokre raude merker på enkelte trestammar.
P1150892   P1150893P1150897Når ein kjem opp er det flott utsikt i alle retninger.Denne dagen var det lavt skydekke men likevel ser ein langt. Vestover ser ein Hunvikfjorden, Ålfoten,  Kroknakken (505moh), Hornet (719 moh), Nordfjorden og Stårheim. P1150900Aust- og sørover ser ein fra venstre Høgenakken (654moh), Anda, Gloppefjorden, Kviteneset, Hestenesøyra, Hyeneset og den veglause garden Skeistranda.P1150905Nordover ser ein Eidsfjorden, Haugen og HjelmelandsdalenP1150910Takloveten, som ligg på 565 moh, vart åpna i 1910 etter at bygdefolket i Hunvik og på Hundeide hadde bygdt den på dugnad. Dette til minne om det gamle varslingssystemet i gammal tid. All steinen som er brukt i varden er henta på begge sider av fjellet. Eit tungt og krevjande arbeid som vitnar om stor dugnadsvilje.P1150914P1150916  P1150919
Går ein forbi varden og lenger austover får ein flott utsikt mot Nordfjordeid sentrum. Ein kan også sjå Aasebønakken der signala vart fanga opp fra Takloveten. Eg kom over spor etter gammalt hus eit stykke fra varden. Kanskje er dette tufter etter den gamle vetestova som stod på ved Takloveten.P1150926P1150930Turen fra Hanshjellen og til Takloveten er ca 2,5 kilometer og med ein høgdeskilnad på ca 250 meter. Ein tur som også er enkel for dei minste.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Takloveten på Hundeidsfjellet

GOD TUR!!

« Eldre innlegg

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑