Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: mai 2015

Postvegløpet i Markane

Markane Ungdomslag sitt bilde.
Markane i.l er arrangør av Postvegløpet. Dette løpet går i Den Tronhjemske postvegen og blir arrangert tidleg i juni kvart år.Det er ope for både trimklasse og konkuranseklasser. Løpet går i fint og lett terreng, delvis på grus og på skogsbotn og er 6 kilometer.

Traseen til Den Tronhjemske postvegen kjem opp fra Faleide til Langeset. Fortset på sørsida av Langesetvatnet til Skogtun og Myrhaug og går vidare ut Sør-Markane på bygdevegen. Postvegløpet går i deler av denne traseen.

Det at det er moglegheiter for trimmarar å stille i eit slikt løp, gjer at det er lavere terskel for å delta. Det er ikkje for alle å springe/jogge ein slik distanse. Som trimmer kan ein ta tida til hjelp og bruke den tida ein vil. Det er også moglegheiter for å gå med  sportsvogn.

Start og mål er ved ungdomshuset Skogstjerna. Første del av løypa går på bygdevegen til sagbruket  ved Myrhaug.
P1100845    P1100846
Der tar traseen av til venstre. Ein er da komt inn på traseen til den Trondhjemske postvegen. Den går gjennom tunet og beitet i «Maurhåjen» før den går over dyrka mark på Skogtun og inn i skogen.
P1100847  P1100848
Traseen går vidare i postvegen. I 2018  har trasen blitt lagt om og går no over i den gamlaste trasen, ned til Vegtun og inn på postvegen som kjem opp fra Faleide. Den føl postvegen tilbake til  Skogtun.P1040810På Skogtun svinger løypa opp mellom huset og dukkehuset og vidare gjennom tunet  før ein nærmer seg mål. 

Løypa er godt merka med sagflis og band. Løypa er 6 kilometer. Det kan høyres langt ut, men når ein er fleire ute så går det som ein drøm. Og om det blir travelt kan ein setje seg ned og kvile. Langs traseen er der tre plasser det er benker. Så det er berre å ta ein pause. Ein passerer desse kvileplassane både på famovertur og tilbake mot mål.
P1100849 Denne benken står på ein bakke som heiter Kvile.
P1100853 Denne kvileplassen gir fint utsikt over Langesetvatnet.

Ta med ei venninde eller venn, ein kollega eller nabo. Kansje blir det deltakerrekord i år.

BLIR DU MED??

Sindresetra

P1100816Sindresetra er setra til garden Sindre som ligg lengst vest i Sør-Markane.  På denne setra var det setring fram til 1949. Da fekk dei seg kulturbeite nærmare garden og det vart slutt på turane med krøter til seters.  Også Nybø har hatt seter her.

Om du vil gå til Sindresetra er der to alternativ. Utgangspunket er det same. Ein kan velge å gå skogsbilvegen (Randaskogvegen) eit stykke for så å gå over i råsa/stien ved lunneplassen eller ein kan velge å gå ein ny skogsvei + sti for så å gå over i rås/sti ved lunneplassen.

Sindresetra ligg ca 600 moh og turen fra parkeringsplassen og fram til setra er 2,5 kilometer når ein går alternativ 2. Litt lenger når ein går alternativ 1.

Det er gode parkeringsmoglegheiter på høgre sida av bygdeveien. Skogsbilvegen går opp til venstre. Der er bom og ikkje lov å køyre. Veien er også fin å sykle på. Har tidlegare skreve innlegg om den her: Sykkletur

P1100784 Skogsbilveien (Randaskogveien)
P1100785
Slik ser det ut der som skogsbilvegen starter. Vegen ligg fint i terrenget og ein plukker lett høgdemeter mot Nybøkleiva.
P1040598
På vei opp bakkane er det viktig å stoppe og sjå seg tilbake.Her ser ein  Navelsaker og Eidskyrkja.P1040515P1040549Vegen flater ut når ein er komt opp bakkane og her kan det være godt med ein pust i bakken. Her er det sett opp benk så ein kan ta ein velfortjent kvil og nyte utsikten over Nybøtjønna og fjella i Nord Markane.P1040552
Slik ser utsikten ut fra lunneplassen. Heilt til høgre i bildet kjem skogsveien opp og til venstre kjem stien/råsa opp.

Alternativ 2: Ny skogsvei/rås.
P1100787
Om ein vel å gå stien/råsa fra parkeringsplassen, går du bygdevegen til Nybøsaga. Etter brua tek ein til venster opp bakken. Der er det no komt ein ny skogsvei. Gå den eit stykke oppover og ein vil sjå ein tydeleg sti/rås på venstre sida.
P1100793  P1100795
P1070428  P1070476
Stien opp til Nybøkleiva er tydeleg. Den går gjennom granfelt og over ein del myrseg.
P1070434  P1070433
Her på lunneplassen på Nybøkleiva møtes dei to alternativa. Og her går stien/råsa vidare til seters. Rett etter at ein er komt inn på råsa kjem ein til eit svad. Halvgjengesvadet. Det var i frå gammalt, når ein gjekk skogen heilt fra Sindretunet, halvveis til setra.
P1070435  Halvgjengesvadet.
Stien/råsa er tydeleg og går i slakt terreng vestover. Enkelte plasser finn ein eit hinder, men ikkje verre enn at ein kan gå forbi.
P1100803  P1070436
P1070447  P1070439
Etter kvart kjem ein opp på meir myrlendt terreng og der kan det være vansklegare å holde råsa. Den er stedvis merka med orange maling, men følger ein litt ekstra med på myrane er det mulig å sjå kor det har vore gått før.P1070440P1080545  
Ein varde langs stien/råsa er aldri feil. Da veit ein at ein er på rett vei. Her på bildet ser ein Glitreggja langt i vest.
P1070445
Langs stien er det også moglegheiter for å finne drikkevatn eller å dyppe tærne på varme dager. Ta deg tid til å sjå deg rundt når du er ute å går. Det er mykje av naturens vakre skaperverk er ute.
P1070442  P1070468
Over dei siste myrene før ein kjem til elva Kvithella er det merka med orange maling på treleggar.
P1100808  P1100809
P1070451  P1070452
Når ein nærmer seg elva, Kvithella, krysser ein den tidlegare traseen til Holmøyskarrennet.  Under flaumen i 2013 vart det gjordt store skader på elva Kvithella. Enorme steinmasser har flytta på seg. Følg den orangemerkinga for å finne rette leia over elva.
P1100818 Elva Kvithella etter flaumen.

P1070455  P1070457P1070448P1070462Dette er selet som står på Sindresetra. Eit gammalt og eit nyare sel som er bygd i hop. Fjøsen står ikkje lenger.

Markane i.l har ein av sine trimposter på setra.P1070474På veg nedatt får ein fin utsikt austover mot nokre av gardane i Markane, Kyrkjenibba, Gryta, Storskrdfjellet og Skåla.
P1100786
Når ein er komt nedatt på vegen og nærmer seg parkeringsplassen kan ein setje seg på benken og puste ut. Og utanfor bildekanten på venstre sida er der ein dam i elva. Der kan det være kjekt for noken å kjøle seg ned.

Dette er turen til ei av dei ca 100 setrane/støylane i Stryn kommune. Absolutt vert å plukke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sindresetra

Sørsida av Lovatnet

P1100010Tidleg i april tok eg turen til Loen og Lodalen. Ville finne nytt turterreng og tidleg vår. Eg hadde studert kartet og funne ut at på sørsida av Lovatnet var der ein gammal ferdselsveg eller ein skogsveg. Eg viste ingenting om veien før eg starta, men syns det er spennande å utforske.

Lodalen er eit kjent turmål. Dei fleste har vel vore på biltur eller sykkeltur opp dalen og sett dei fine gardane som ligg der under dei høge fjella,  vatnet og kulturlandskapet på setra Breng.  Lengst opp i dalen ligg Bødalen, Kjenndalen og Nesdalen. Dette har vore flotte turistmål i mange mange år, men det er også grender der det  har det  vore mykje dramatikk og tragedier.

Eg parkerte ved vassenden på Sæten, der var det godt skilta, både til turen eg hadde tenkt å gå og andre turmål. Når ein parkerer for å gå på tur, så tenk litt etter kor og korleis ein parkerer bilen.

Når ein er ute på tur må ein ha i tankane eventuelle farer som lurer. Som her i Lodalen. Tidleg om våren er det fare for ras i dette terrenget. Folk fra Lodalen har sett fonn ved Nesbøen heilt fram til midten av mai. Denne turen bør nok takast når det lir mot sommar og eventuell snøras er komt ned. Det er også lurt å prate med lokalbefolkninga om ein er usikker på om det er trygt terreng å ferdast i.
P1100006 Bilde: Godt skilta til turmål på sørsida av Lovatnet.
P1100010Utsikt fra brua mot Vassendeholmane og opp dalen.
P1100013
Parkerer  ved brua og gå bygdevegen eit stykke til desse skilta. Da er det enkelt og greit berre å følge vegen. Vegen er 6 kilometer lang, MEN ein kjem seg ikkje heilt til endes. Det har gått ein del ras, så der er ein del jord,skog og stein som ligg i vegen. Kvar og ein får finne ut kor langt ein vil utforske.

Det som var teikna inn på kartet var ein skogsveg, bygd ein gong på 80-talet. Første del av veien er skogsbilveg som også blir brukt av store tømmerbiler. Til lenger innover ein kjem til mindre er veien brukt og det er behageleg underlag å gå på. Her er også veldig fint å  sykle. Stille og fredeleg og ingen trafikk. Ein av grunneigarane fortalde meg at han brukte å setje ut eit par benker langs veien. Så da er der fine moglegheiter for å ta ein pust i bakken og finne roen.P1100017  P1100016
Etter lunneplassen er der eit turalternativ som har blitt anbefalt. Det er å gå Kleppveien. Ein avstikker på skogsveien, 3 kilometer motebakka. Vart fortalt at det da blir flott utsikt over Loen.
P1100069
P1100018  P1100027
P1100021  P1100023
Det er stille og roleg å gå denne vegen. Ta deg tid til å studere på naturens mange kunstverk.
P1100025P1100029P1100030 P1100033
Omlag halvvegs på turen kjem ein til ei nedlagt seter, Nesbøen. Dette var seter til fire bruk på Sæten. Dei hadde også seter på Breng. På den tid da begge setrane var i bruk, jaga dei først buskapen til Breng om våren. Når det var slutt på beite der, var det å jage buskapen heile vegen til Vassenden og oppatt langs sørsida til Nesbøen. Ein avstand på ca 7,5 kilometer. Når det så var slutt på beite på Nesbøen, var det å jage buskapen tilbake til Breng.P1100035  P1100037 Selet på Nesbøen.P1100042  P1100045
Etter å ha passert Nesbøen vart det vansklegare å ta seg fram. Her må kvar enkelt sjølv finne ut kor langt ein vil gå. Eg er nyskjerrig av meg og hadde lyst til å sjå litt meir, så eg klatra over raset og fortsatt eit stykke til.P1100049  P1100050
Eg kom etter kvart til eit elvefar, Helseteina, som hadde fått hard medfart. Her hadde store mengder stein komt ned og tatt med seg heile vegen. Enorme naturkrefter som har vore i sving. Bak fjelltoppane på bildet ligg Ramnefjellsbeen.
P1100052  P1100055
Da eg fann det for godt å avslutte turen pga ras i vegen, fann eg ei lita bortgjøymt sandstrand. Her var det berre å setje seg ned og nyte stillheita og lyden av bølgeskvulpet.P1100058Turen fra Vassenden og til der eg avslutta var ca 6,5 kilometer, så 13 km tilsammen. Ein fin og lett tur der ein også kan bruke sykkle og sportsvogn eit langt stykke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sørsida av Lovatnet

TA TUREN OG SJÅ LOVATNET OG DALEN FRA SØRSIDA.

 

Kårstadnausta – Skåra

P1100132Denne våren har eg vandra mange turer i terrenget på Nordsida. I dei bratte lidene på nordsida av Nordfjorden, fra Faleide til Lote, blir det tidleg vår. Og her kan ein finne mange fine turer. Mange av dei er merka og innteikna på kart. Ikkje alle turane går fra bygdene og ned til fjorden, her er også mange som går langs etter lidene og etterkvart som snøen trekker seg opp er der mange fine turer i høgare i terrenget.

Nokre av turane har eg skreve blogginnlegg om før:

Nordsida skule – Ulvedalsneset,

Tvinnefossen – Tvinnekråna,

Lotsberg – Indre Åsane,

Bergsetnausta – Sølvbergnausta

Baggehola – Ulvegjølet – Botanisk hage

På tur over Nosakleiva, ein flott familietur

Eg er fasinert av det godt bevarte kulturlandskapet som finst i heile området på Nordsida. Setrane i fjellet og naustmiljøe ved fjorden vitnar om tider som var. Då alle resursar måtte utnyttast. Enten det var fjellbeite om sommaren eller ved,tømmer og tønneband for sal eller eige bruk om vinteren, ved fjorden. Produkta som vart laga for sal vart ført med båt til Bergen om våren.

Dei største gardane hadde naust ved fjorden, enten åleine eller ilag med andre. Når dei skulle til kyrkje i preike, gravferd, bryllaup eller barnedåp, gjekk folk ned sjøvegen til fjorden. Der sette dei ut kyrkjebåten og rodde til andre sida.  På mange av gardane var det kvinnfolka som rådde grunnen heime på gardane medan mannfolka var i skogen. Mange av nausta hadde mogelegheiter for overnatting, så i perioder var mennene heimanfrå i fleire dager.

Ein kan enda sjå restar av frukthagar som dei hadde langs med sjøvegen fra gardane og ned til fjorden. Mykje er attgrodd og hjorten har rasert mykje av det som ein gong var.
P1090467  P1090469
Turen til Skåra og Kårstadnausta starter mellom Skår og Rosenlid,  ca 400 moh.  Ein køyrer forbi Skår, til  nokre graner og ei utviding før siste bakken til Rosenlid.  Sjøvegen starter med granene og går over dyrka mark, delvis oppmura, til innerste hjørnet på dyrka marka. Om du er i tvil om traseen gå heilt i kanten på den dyrka marka.P1100074 Stien går innerst i hjørnet ved muren.
P1100076 Fine mur mellom innmark og utmarka.
P1100078    P1100080
Stien er tydeleg når ein kjem ut av innmarka. Det heng raude band stedvis langs med stien. Der er mykje skog så ikkje så mykje utsikt før ein nærmer seg fjorden. Denne dagen var det vått i terrenget. Når det da i tillegg er bratt så kan turen være ei utfordring, men det er berre å bruke god tid. Ta inn stemninga og prøv og forestill deg korleis dei før i tida streva med bører både opp og ned bakkane.
P1100082  P1100086
Av og til flater stien/råsa ut og terrenget blir enklare å gå i.
P1100090  P1100106P1100092

P1100100   P1100102
Ein ser tydelege spor av at det er lagt ned mykje arbeid på sjøvegen. Her er det lagt opp trappetrinn med stabbesteiner og det er mura opp med stein der stien går over kløfter i terrenget.
P1100101  P1100138
Ein ting vi såg mykje av var ramsløk. Dette var ukjent plante for meg, men dei som var med på tur var forberedt og hadde tatt med plastposer. Alle fekk ein fin fangst med seg heim.
P1100096
Her står vi ved Jyttene, ein liten hilljer som det går ann å sitje tørr under.
P1100107  P1100108
Eit godt stykke ned i berget kjem ein til eit stidele. Her kan ein så vidt skimte den gamle garden Kårstadskåra  som ligg ca 200 meter fra stidelet.

Stien/råsa vidare til Kårstadnausta går no i litt slakare terreng inn og nedover mot fjorden.P1100109P1100116      P1100117
Ved Kårstadnausta står det tre naust no.  Det er nausta til gardane på Heimlid, Fjellkårstad og Gald. Naustet som høyrde til garden Skår, låg på ein plass dei kalla for Kårstadtrynet. Det naustet for med isen sist det låg is på fjorden. Som ein ser av bildet så er det ikkje så veldi god plass til å plassere eit naust. Det er bratte berg som går rett i fjorden. Likevel har dei funne plass.  Her står to naust. Eit rett bak det som vi ser på bildet. Det tredje naustet, som høyrer tilGald, ligg litt lenger ute.
P1100125           P1100126
Her ser vi ei trapp som går opp mellom nausta til ei hylle i fjellet. Var litt usikker på den trappa så prøvde den ikkje. Dei siste åra har grunneigarane restaurert området heilt i fjæra. Også eit av nausta er restaurert.P1100132Ein gammal robåt som har gjordt nytta si  ligg der og vitner om aktivitet på fjorden i tidlegare tider.

KÅRSTADSKÅRA 140 moh.

Ein gammal nedlagt fråflytta gard som ligg i lida mellom Skår/Heimlid/Fjellkårstad og fjorden. Ein kan tenkje seg kor strevsamt livet på ein slik gard var. Men dei var flinke til å være sjølvberga før i tida. Dei utnytta aller resursane som fantest i nærheita. Og dei var arbeidsvillige. Når ein ser seg rundt om så ser ein at det er oppmura fine murer til veg på eigedomen, og for å få litt flater  i terrenget. Om ein tek turen fram til husa så vis hensyn, dette er privat eige.  Når ein står nede ved garden kan ein så vidt skimte hus på Rosenlid opp på kanten av berget.  
P1100143Kor lang tid ein bruker på denne turen er avhengig av mange faktorer. Den dagen vi gjekk turen var det vått og sleipt og vi brukte ca 3 timer ned og oppatt. Da hadde vi pauser med ramsløkplukking.

Distansen er vel 5.5 kilometer ned og opp.

Link til kart finn du på: Kårstadnausta – Skåra

GOD TUR!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑