Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Nordfjordeid (Side 2 av 3)

Rognnessetra ved Hornindalsvatnet

Rognnessetra høyrer til gardane på Rognnes ved Hornindalsvatnet. Der er fire bygninger på setra no, men ein kan sjå av gamle murar i terrenget at  der har vore fleire bygningar i tidlegare tider. Setra ligg slik til at den er vanskeleg å sjå da skogen,med store grantre, veks tett inn på setrevollen. Ein har likevel eit flott utsyn over Hornindalsvatnet rett bak sela. Her som å mange andre plasser er setreråsa avskoren av skogsvegar.
Denne turen starter vest for garden Rognnes og går første stykket på skogsveg. Det er god plass til å parkere bilen ved utgangspunktet. Da eg gjekk turen, ein gråveirsdag  i februar, bar skogsvegen preg av teleløysing.
  Utgangspunktet like vest for garden Rognnes.
Denne skogsvegen, Hamrevegen, vart bygd i 1987 og er vel 1,5 kilometer.
  
Utsikten fra skogsvegen er flott sjølv på ein regnfull februardag. Og sjølv om denne skogsvegen ligg tett på RV15 er de stille og fredeleg oppe i lida. På andre sida av Hornindalsvatnet ser ein Heggjabygda og Strand.Det er mykje rart ein kan sjå ute i terrenget om ein tek seg tid og ser seg rundt. Skal sei eg skvatt da denne «skapningen» dukka opp ved sida av vegen.
  Skogstrollet
Skogsvegen går enkelte plasser gjennom granfelt. Da blir utsikten sjølvsagt dårleg, men stillheita og roa er absolutt tilstades. Berre å nyte.Enkelte plasser får ein utsikt. Her ser ein mot Furefjerding, Navelsaker, Otterdalsnakken og lengst til høgre Gløvrefjellet og  Ytrehornsnakken.Der skogsvegen slutter kan ein sjå den fråflytta garden Fletene.
No går turen vidare i rås. MEN ein skal ikkje gå den tydelege råsa langs steinmuren!! Ein tek råsa som går motebakka. Den er ikkje merka og heller ikkje så tydeleg, men likevel går det fint å følge den. I granfelta må ein være ekstra påpasseleg da det er lett å ta feil retning.   Råsa går på kanten til elva Såta.Vidare fra denne utelada går råsa i granfeltet mellom nokre enorme grantre. Framme på setrevollen kan ein nyte den totale stillheita og utsikta.  Gamle fjøsmurer.
    

Turen til Rognnessetra er ca 3 kilometer og har ei stigning på ca 300 høgdemeter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Rognnessetra ved Hornindalsvatnet.

GOD TUR!!

På skogsveg og strandpromenade i Holmøyane

Ein ny tur er utforska i Holmøyane. Ein rundtur som går på skogsveg og på strandpromenaden langs Hornindalsvatnet. Rundturen er ca 5,5 kilometer og har ein høgdeforskjell på knappe 200 meter.
Utgangspunktet er ved ein lunne plass  like ved krysset som går til Storevik og i nærheita av næringsbygget til Per Røyrhus A/S.
Første del av turen går på  fin skogsveg med mjukt underlag. Vegen ligg slakt i terrenget og ein merker nesten ikkje stigninga.

Enkelte plasser kan ein få litt utsikt. Her ser ein mot Holmøyvika, Bjørnaholmen, Kjøs og Øyenibba/Middagsfjellet. Lenger oppe åpner landskapet seg og ein ser deler av  Hornindalsvatnet, Snøtuva, Otterdalnakken, Otterdal og Ytrehornsnakken.Fleire plasser kan ein skimte bygda der nede, men eg skulle ønske det var rydda litt krattskog.  Denne stubben er uansett flott å sitje på og ta ein pause. Da kan ein også studere på om ein vil følge råsa som går til Inigardsetra eller fortsetje på skogsvegen. Råsa til setra er enkel å finne, men ein finn ikkje anna enn nedramla setrehus.  Von i.l har trimpost der. På kart kan ser ein at råsa går vidare til Inigardshytta og Sætrefjellet (670 moh).
   Krysset der råsa går til Inigardsetra.

Denne turen går vidare på skogsvegen. Etter ca 500 meter kjem ein til eit kryss. Vegen til venstre går til Utigardsetra. Utigardsetra er absolutt verdt eit besøk. Eg har tidlegare skreve om en den turen. Da med start fra Vonlund. Ein kan lese meir her.
For å fortsetje på denne rundturen ta til høgre og unnabakken til grendahuset Vonlund.
 
Stor vassføring i Holmøyelva.
Utsikten utover Hornindalsvatnet med dei flotte holmane , Langholmen og Landholmen er fin sjølv i regn og skodde.
Fra grendahuset Vonlund går ein langs riksvegen (på utsida av autovernet) til Holmøyane Arbeidsskule.
Ved arbeidsskulen tek ein av fra riksvegen og går grusvegen ned til vatnet. Der har garden Holmøy sag og fin uteplass. Vis hensyn for privat grunn. Fra saga er det laga til gangveg langs vatnet inn til  Gjeilefjæra. Ein flott strandpromenade der ein kan nyte lyden av bølgeskvulp fra nord Europas djupaste innsjø. Kanskje ser ein sjøormen og…Strandpromenaden går mellom bygningane som ligg i strandsona, bla. fabrikken til Feel Free Production.
Gjeilefjæra er ein fin plass ved vatnet. Her har bygdafolket  laga til ein fin badeplass og sosial møteplass når veiret og temperaturen tillet det.

Fra Gjeilefjæra går turen opp bygdevegen  til bilvegen som går til Storevik. Følg bilvegen tilbake til riksvegen og utgangspunktet.
Denne turen er og så godt eigna for barn da det er ein forholdsvis slak tur.

Kart over turen finn du på ut.no; På skogsveg og strandpromenade i Holmøyane

GOD TUR!!

Utigardssetra i Holmøyane

Utigardssetra høyrer til garden Holmøy i Holmøyane. Det er ei fin lita seter med eit sel. Setrevollen er fint rydda og det er ope og fin utsikt. Her kan ein settje seg ned og  finne roen sjå utover Hornindalsvatnet og bygdene på andre sida av vatnet, Navelsaker og Otterdal.

Medan ein set der og ser på utsikta kan ein tenkje på han som kom i kamp med ein bjørn i dette området i 1852. Det var Hans Holmøy, skiparen av Holmøy arbeidsskule.  Utfallet av kampen kjenner eg ikkje.
Denne hendinga er m.a bakgrunn for Adolf Tidemann sitt kjende maleri «Bjørnejegerens hjemkomst».

Denne turen til setra går fra grendahuset Vonlund i Holmøyane. Der er det god parkeringsmoglegheiter på ein lunneplass på sørsida av rv 15 eller ved ungdomshuset.Skogsvegen er fin både for gåande og syklande. Også barnevogner og permobiler går fint eit langt stykke.
Landskapet åpner seg når ein har gått nokre høgdemeter og ein får eit flott utsyn over Hornindalsvatnet med bygdene og fjella rundt.  Etter ca 600 meter kjem ein til ei grind og der er det moglegheiter for å betale bomavgift om ein vel å køyre opp skogsvegen. For dei fleste er denne turen overkomeleg å gå heilt fra riksvegen. Fra utgangspunktet til setra er det vel 2,5 kilometer og ein høgdeskilnad på ca 300 meter.Det er også andre turalternativ i området. Like i nærheita av Utigardselva/Holmøyelva ser ein eit skilt som viser veg mot Glitteregga.

   
Ca halvvegs til setra kjem ein til eit stykke på vegen som har fått hard medfart.  Vatn har greve djupe spor i ei lengde på ca 200 meter. Det er ikkje problem for turgåere å ta seg fram.
No i slutten av april har skogsvegen blitt reparert så no er det ikkje vanskeleg å ta seg fram med sykkel og barnevogn.
Ein fin stubbe står langs vegen og kan være fin å ta ein pause på.
  

 Skogsvegen går heilt på setrevollen på Utigardssetra. Sætrefjellet ligg bak to av setrane i Holmøyane. Utigardssetra ligg lengst vest under det fjellet. Innigardssetra ligg ca 1 kilometer lenger aust. Flott utsikt fra Utigardssetra over Hornindalsvatnet og bygdene rundt, Navelsaker og Otterdal.

Kart over turen finn du på ut.no: Utigardssetra i Holmøyane

GOD TUR!!!!

Tippaskogvegen og Postvegen over Brekka

p1120551Rundturen i Tippaskogvegen er ein tur på grus-og skogsveg i slakt skogs-og fjellbeitelandskap langs deler av den verna Trondhjemske postvegen. Turen får eit kulturhistorisk tilsnitt med den gamle steinbrua over Ljøsurelva, merkesteinar langs postvegen og gamle setrevollar.
Denne turen kan ein også ta med sykkel og barnevogn og deler av den kan takast med rullestol. Det innerste stykket av Tippaskogvegen er meir ujamn og kan være vanskeleg for dei med  rullestol.
Heile runden er på 8 kilometer og det høgaste punket er 375 moh.

Utgangspunktet for turen er like ved Harpefossen skisenter i  Hjelmelandsdalen i Eid kommune.  Der er det god plass til parkering. Elva Hjalma renn gjennom Hjelmelandsdalen og turen går innover på høgre sida av elva.  Der er god bru over elva ved utgangspunktet.
p1120525
Hjelmelandsdalen er også utgangspunktet for mange andre turer i området, turer som er merka, graderte og skilta i henhold til ny standard. Ta deg tid til å studere skilta, kansje finn du fleire turer du har lyst å ta.
p1120526  p1120520
Etter at ein har gått over brua kjem ein til eit kryss. Tek ein til høgre går ein den gamle setrevegen over Tippasetra og kjem innatt på skogsbilvegen like etter setra. Held ein til venstre føl ein løypetraseen  som går litt lågare i terrenget, og kjem innatt på skogsvegen etterkvart.
p1120529  p1120530
Tippaskogvegen er ein flott skogsbilveg som vart bygd i 2000.

Langs denne rundturen går ein forbi mange setrar. Dette er setrar som høyrer til gardane fra Eidsfjorden, grendene på og rundt Haugen og opp Hjelmelandsdalen.

Heile den fremste delen av Hjelmelandsdalen har eit samanhengande stølskulturlandskap der bøane og stølsgrendene nesten går over i kvarandre . I dalen ligg setrane Naustdalsetra, Tippasetra, Nakkesetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra. Ingen av setrene er lengre i vanleg drift, men det er beite av sau, kyr og til gardane på Haugland hest. Dei fleste stølsvollane i dalen er trefrie, men lyng, einer og bjørk er i sterk framvekst. Setrane er også endra av tilrettelegging for friluftsliv. Dei fleste av sela og fjøsane på setrane er bygde på 1800-talet, no er mange av dei  ombygd og utbygd og nye hytter er oppført. Mange plasser ser ein steingardar av naturstein rundt setrane. Dette gjorde nytte som gjerde rundt setrane og var som grense mellom innmark og utmark.

Tippasetra høyrer til gardane på Haugland og  i Lidene.p1120542Nakkesetra/ Nakkjen høyrer til gardane på Haugen og Åsen. Her ligg det setrehus/fjøs både ovanfor og nedanfor skogsbilvegen.p1120539Skogsbilvegen er slak og  stille. Enkelte plasser er det laga til så ein kan setje seg ned og ta ein pause.
p1120546    p1120552
Innerst i Tippaskogen går skogsbilvegen over til skogsveg og underlaget blir litt meir ujamnt, men fremdeles godt å kome seg fram til fots og på sykkel. Det går også ann å kome fram med  sportsvogn om ein har store hjul.p1120554Ved Sevlandsetra/Brekkefoten, like ved postvegen som går over Brekka, står ei bålhytte som  fritt kan nyttast av alle som vil. Denne er bygd av entusiastiske pensjonister og  i regi av Haugen i.l, Harpefossen skisenter og Gjensidigestiftelsen.  I bålhytta er der bålpanne, ved og fyrstikker. Her kan ein kose seg både vinter og sommer.
p1120567  p1120568p1120570p1120573
Ved Brekkefoten kjem denne turen innpå  den Trondhjemske postvegen/grusvegen og følger den framover Hjelmelandsdalen igjen.
Velger ein å gå til høgre starter ein på stigninga på den trondhjemske postvegen over Brekka, som går mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Anbefaler alle å ta ein tur over Brekka til Bjørkedalen.  Skriv litt om den traseen lengst nede i innlegget.
Like etter at ein er komt innpå postvegen/bilvegen kjem ein til Sevlandsetra. Denne setra høyrer til gardane på Sevland, Engeland, Balsnes og Halsteinslid.
p1120577Bjørnhovdesetra høyrer til gardane på Bjørhovde. Bjørhovde er ei grend på vestsida av Hjalma lengst nede i Hjelmelandsdalen.p1120584p1120586Ljøsurbrua er ei flott gammal bru. Ei av mange bruer som enda finst på den Trondhjmske postvegen. Her er eit fint utgangspunkt til fleire turer. Det er skilta til Kloven, Ljøsuregga, Sandegga og Kjenndalen. Dette er turer av variert vanskegrad.p1120592
p1120597
Naustdalsetra høyrer til gardane i grenda Naustdal som ligg heilt nede ved Eidsfjorden.p1120609Når ein har passert Naustdalsetra er det kort vei fram til parkeringsplassen på Harpefossen og utgangspunktet for denne turen.
Om vinteren blir vegen fra Harpefossen og over Brekka stengd. Når snøen kjem blir deler av den nytta til skiløyper.

Rundturen fra Harpefossen-Tippaskogvegen-Postvegen tilbake til Harpefossen er ca 9 kilometer og går i slakt terreng.

DEN TRONDHJEMSKE POSTVEGEN OVER BREKKA.

Når ein er i dette området anbefaler eg ein tur vidare over Brekka og til Bjørkedalen.
Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! (kilde:Harpefossen skisenter)p1120618 p1120627
Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.
Ta ein pause og nyt stillheita og la tankane gå til dei som i all slags veir og føre skulle fram med posten i tidlegare tider.
p1120619p1120621Når ein har passert det høgaste punket og starta nedstigninga kjem ein forbi Ljomtjønna og Vasslidvatnet. No vil ein kome til fleire flotte steinbruer. Imponerande byggverk som har stått i mot store vassføringer i mange år.p1120631p1120635p1120637p1120638p1120641p1120642Nedstigninga til Bjørkedalen er bratt, men med eit flott utsikt mot Bjørkedalsvatnet og fjella Keipen 944 moh og Vassendfjellet 1134 moh.p1120649

Kart over turen finn ein på Ut.no: Trondhjemske postveg – Tippaskogen denne er beskrevet motsatt veg.
I sogeskrift for Eid (2008) kan ein lese meir om Den Trondhjemske postvegen over Brekka.

GOD TUR I NYDELEG TERRENG!

Postvegen over Hunvikskaret/Hundeidet

p1120669Mange er nok ikkje klar over at ein gammal postveg  går over Hunvikskaret/Hundeidet  i Eid Kommune. Heilt fram til 1978 var den gamle postvegen den einaste vegen bygda Hundvik hadde til omverda. Ellers var fjorden ferdselsvegen til og fra bygda.
Eg gjekk tur i denne postvegen i fjor haust og her kjem nokre bilder og ein beskrivelse om kor ein finn denne vegen. Men først litt bakgrunnstoff.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd i kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den trondhjemske Postvegen bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Reed-Utvik-Faleide-Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den trondhjemske Postvegen.

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna  ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid Kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvegen på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derfrå  med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidar med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen.
(kilde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

For å kome til utgangspunktet køyrer ein på sørsida av fjorden fra Nordfjordeid og til Hundeide.  Følg skilting til Hundvik i ca 1,5 km til  ei utviding/lunneplass på venstre sida. Der er startpunket for turen og god plass til å parkere.

Fra parkeringsplassen/lunneplassen tek ein vegen som går til høgre forbi stolpen som ein ser på bildet.
p1120660  p1120661
Underlaget i vegen er mjukt å gå på. Det er slakt terreng med nokre bratte kneiker. Traseen er tydeleg nok,men ein kan sjå at det ikkje er så mange som tek denne turen. Kanskje fordi få veit om den.
p1120662  p1120663
Gamle klopper over elvane ligg slik dei har lege i snart 200 år.
p1120664  p1120665
Den gamle postvegen går delvis paralelt med bilvegen som vart bygd i 1978. Når ein nærmer seg setra Hanshjellen kjem ein heilt opptil bilvegen.  Gå forbi setra og hald til venstre på skogsvegen.
Skilttavla fortel om andre turmuligheiter i området. Eg har tidlegare gått turen til Veten/Takloveten og den kan fint kombineres med turen i postvegen.
p1120666  p1120667
p1120700p1120668

p1120670  p1120672
Etter ca 300 meter kjem ein til eit kryss. Hald til høgre/rett fram.  Etterkvart blir terrenget ein del myrlendt men ikkje vanskeleg å ta seg fram.
p1120673  p1120674
Turen gjer ein så lang som ein vil. Det er spennande å sjå kor langt ein klarer å følge den gamle traseen. Etterkvart blir postvegen meir og meir igjengrodd og når ein kjem over fjellet er den så og seie heilt vekke. Det er også ein fin tur å gå grusvegen heilt ned til bygda. Eg tok turen ned bakkane og var heile tida på utkikk etter spor i terrenget som kunne vise meir av den gamle postvegen. Eg kom i prat med ein bonde som bur i bygda og han peika og forklarte kvar postvegen hadde gått. Han viste meg vegen gjennom tunet og hagen sin og innpå den gamle postvegtraseen igjen. Slik vart det til at eg fekk gått eit stykke av postvegen som ligg «skjult» i skogen.
p1120690  p1120691 p1120692p1120682
I Hunvika som alle andre plasser gror det igjen med skog, men der er enkelte utsiktspunkt. Her ser ein over Hunvikfjorden mot dei veglause gardane Metteneset, Årevika og Hammaren. p1120679
Utsikt inn Nordfjorden fra toppen av Hunvikskaret.
p1120701  p1120704
Går ein litt utom traseen får ein sjå ein mektig steingard. Denne har det vore mykje arbeid å lage. No står den der som eit symbol på ei faren tid akkurat slik som postvegen ligg der i skogbotnen. Ta turen og utforsk den gammal ferdselsvegen.
p1120710

GOD TUR I SPENNANDE TERRENG!!

Takloveten på Hundeidsfjellet

P1150914Det var Håkon den gode Adalsteinfostre (918-961) som fekk organisert eit landsomfemnande varslingssystem med vetar, men ein reknar med at det fanst meir lokale veterekkjer tidlegare. Hovudvarslinga på Vestlandet gjekk med vetar som vart tende langs kysten. Når vetevaktene innover fjordane såg bålet brenne på fjelltoppen ute ved kysten, vart rekkja av vetar tende innover så langt kvar rekkje nådde. Sidan vetane var i bruk som militært varslingssystem i minst 800 år, er det truleg at plasseringa og talet har variert ein god del gjennom tidene.

Takloveten på Hundeidsfjellet var den mest sentrale veten i Nordfjord. Frå Takloveten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner.
Den nordlege lina gjekk fra Takloveten til Aasebønakken i Heggjabygda og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.

Den mitre varslingslina gjekk frå Takloveten til Dimmaveten vest for Tistham, derifrå til Ulvedalsveten på Nordsida og til Vinsryggveten i Stryn. Frå Vinsryggveten delte den seg i to retninger. Den eine til Skår i Oppstryn og Vetekulen på Hjelle, den andre til Huaren på Auflemfjellet i Olden.

Den sørlegaste lina frå Takloveten gjekk til Breimsveten i Breim og derifrå til Midtvarden på Sørstranda i Gloppen.

Vetevaktene budde i små vetestover når dei var på vakt. På Ulvedal står enda den opphavelege vetestova. På Ytrehornsnakken og ved Vinsryggveten er vetestovene rekonstruerte i nyare tid.
(Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane).

Utgangspunktet for turen til Takloveten er ved setra, Hanshjellen på Hundviksfjellet.  Der er mogelegheiter til parkering like forbi dei to sela. Der står ei informasjonstavle med opplysninger om andre turmogelegheiter i dette området.P1120699P1150884    Deler av gammal postveg over Hundeidsfjellet
Turen starter ved denne infotavla og første stykket, ca 250 meter, går flatt innover. Når vegen deler seg skal ein halde til venstre opp bakken. Dette er ein skogsveg/anleggsveg som fører opp til ein sender aust for Takloveten. Ein kan følge denne vegen, men min tur gjekk i råsa. Overgangen til råsa kan være litt utydeleg. Der var sett opp steinar i kanten på skogsvegen og i råsa, men lett å gå forbi om ein ikkje er oppmerksom.P1150939Råsa er tydeleg, men berre sporadisk merka. Ein kan sjå nokre merker som Midtre Nordfjord Turlag har hengt opp og nokre raude merker på enkelte trestammar.
P1150892   P1150893P1150897Når ein kjem opp er det flott utsikt i alle retninger.Denne dagen var det lavt skydekke men likevel ser ein langt. Vestover ser ein Hunvikfjorden, Ålfoten,  Kroknakken (505moh), Hornet (719 moh), Nordfjorden og Stårheim. P1150900Aust- og sørover ser ein fra venstre Høgenakken (654moh), Anda, Gloppefjorden, Kviteneset, Hestenesøyra, Hyeneset og den veglause garden Skeistranda.P1150905Nordover ser ein Eidsfjorden, Haugen og HjelmelandsdalenP1150910Takloveten, som ligg på 565 moh, vart åpna i 1910 etter at bygdefolket i Hunvik og på Hundeide hadde bygdt den på dugnad. Dette til minne om det gamle varslingssystemet i gammal tid. All steinen som er brukt i varden er henta på begge sider av fjellet. Eit tungt og krevjande arbeid som vitnar om stor dugnadsvilje.P1150914P1150916  P1150919
Går ein forbi varden og lenger austover får ein flott utsikt mot Nordfjordeid sentrum. Ein kan også sjå Aasebønakken der signala vart fanga opp fra Takloveten. Eg kom over spor etter gammalt hus eit stykke fra varden. Kanskje er dette tufter etter den gamle vetestova som stod på ved Takloveten.P1150926P1150930Turen fra Hanshjellen og til Takloveten er ca 2,5 kilometer og med ein høgdeskilnad på ca 250 meter. Ein tur som også er enkel for dei minste.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Takloveten på Hundeidsfjellet

GOD TUR!!

Lindvika – Lindviksetra

P1150439Å gå dei gamle setreresene fra gardane til seters er alltid interessant. Då får ein sjå gamle instalasjonar som vart laga til i den tid det var aktivt setreliv på setrane. Så denne gangen har eg ikkje valgt den kortaste og enklaste vegen til Lindviksetra. Den går fra Tua på Stigedalen,og er noke den som dei fleste bruker.

Turen eg vil beskrive er den gamle setreråsa som går fra gardane i Lindvika og opp dei bratte bakkane til skaret som ligg mellom Vedviknibba og Hestefjellet. Vidare fra skaret går ein forbi Skarvatnet og ned til setra.

For å kome seg til Lindvika køyrer ein Fv 664 på nordsida av Hornindalsvatnet mot  Heggjabygda. Setreråsa har utgangspunkt fra den garden som ligg lengst vest. Det er eit aktivt gardsbruk, så ta kontakt med folket i tunet for å høyre om kvar du kan parkere. Da får du kansje også ei historie om tida da det var aktivt setreliv.
P1150404
Gå gardsvegen rett opp og forbi låven. Da ser ein ei grind i steingarden. Setreråsa starter etter grinda. Husk å lat att grinda etter deg.
P1150405
Råsa er lett å finne. Ein føl steingarden til ein kjem ut i kråna, etter det svingar den seg opp bakkane. Den er tydele og ikkje vanskeleg å finne første stykke. Ein ser tydeleg at dei i tidlegare tider har jobba for å få råsa best mulig. Det skulle være framkomeleg både for krøter og folk.
Langs dei gamle setreresene er det som regel plasser som har namn. Slik også langs denne råsa. Da eg snakka med kjentfolk etter turen, vart det fortalt om slike namn.  Det var Neste Kleiva og Høgste Kleiva. Etter å ha gått turen berre ein gong klarer eg ikkje å sjå føre meg heilt kor desse plassane var.
P1150408
Enkelte plasser er råsa lagt opp med steiner, andre plasser er den godt trakka i skogbotnen. Turen opp bakkane går i skog heilt til skaret. Går ein turen etter at det er komt lauv på skogen er det lite med utsikt.
P1150413
Det er tre bruk i Lindvika og alle hadde sel, fjøs og lade på setra.
Når ein går på gamle setreråser ser ein ofte spor i naturen fra tidlegare tider. På dei fleste setrevegane var der ein plass som vart kalla kvile. Når dei bar melk eller melkeprodukt heim fra setra måtte dei  kvile på heimturen også.
I bakkane opp til skaret kom eg over tre fint opplagde steinstoler. Desse står på ein plass som heiter Neste Kvile. Det er ein «stol»  til kvart av dei tre bruka i Lindvika.
Der er også ein plass som blir kalla Høgste Kvile. Den ligg ca 150 meter under skaret på venstre sida.
P1150414Turen fra Lindvika og til setra er berre sporadisk merka. Likevel er stien/råsa forholdsvis enkel å følge.  På eit par plasser kan ein bli litt i stuss, men stopp opp og sjå deg rundt, så  finn ein vegen vidare.
P1150420  Øvste/Høgste Kvile
Når ein nærmar seg skaret lysnar det i skogen. Rett før ein kjem opp på kanten går ein forbi murane av ei utmarkslade, Skarelada. Alle plasser det var råd å slå vart nytta  og tørrhøyet vart oppbevart i utelada og tek ned til gardane seinare på hausten eller om vinteren .
P1150422P1150423Like etter Skaret, som  ligg på ca 450 moh., kjem ein til Skarvatnet. Ein idyllisk, stille og fredeleg plass. Her er det godt å ta ein pause.  Stien/råsa går vidare på høgre sida av vatnet og den er tydeleg og god. Når ein kjem fram på myrane  skal ein halde til høgre og gå gjennom Lisjeskaret og vidare ned til setra. Fin rås heile vegen.P1150427Skarevatnet.P1150430Fin rås langs Skarevatnet
LindviksetraLindviksetra med Kråkhornet i bakgrunnen.LindviksetraLindviksetra.

Her ser ein nokre av sela og fjøsane på Lindviksetra. Vedviknibba på 729 moh. i bakgrunnen.
Om ein har lyst til å gå vidare fra Lindviksetra er der mange alternativ. Ein kan gå til Tua på Stigedalen. Den turen kan ein lese om her : Tua-Lindviksetra, eller ein kan legge turen om Vedviknibba og vidare til Vedvik.

Eg tok turen på Vedviknibba. Veivalget mitt var ikkje det beste og skal ikkje formidles her. Har blitt fortalt i ettertid at om ein held nord/nordvest over myrane og går mot ryggen av fjellet så finn ein sti/rås.  Tek ein utfordringa med å gå uten nøyaktig beskrivelse så legg avgårde mot toppen.
Utsikten når ein er komt opp er heilt fantastisk.
P1150450Lindviksetra med Vedviknibba i bakgrunnen.

Her ser ein nedatt til Stigedalen og  Storesetervatnet, Bakkesetervatnet og vidare inn Fladalen mot Movatnet.
Turen fra Stigedalen og til Movatnet kan ein lese om her: Fladalen til Movatnet.P1150456Fra toppen av Vedviknibba ser ein Nordfjordeid sentrum, Eidsfjorden og fjelltoppar så langt ein ser. Fra Vedviknibba er der merka T-løype mot Vedvik.P1150458Snur ein seg mot sør og søraust over ser ein Hornindalsvatnet, det store såret i terrenget etter jordraset i Skredestanda og monstermastene på den store kraftlinja som går gjennom området.P1150463

Kart over turen finn du her: Lindvika-Lindviksetra.

GOD TUR!!

Maragjølsetra/Rotisetra

MaragjølsetraMaragjølsetra/Rotisetra ligg oppe i Maragjøldalen, like ved sida av Maragjølet. Det er mange sel på setra, men berre ein fjøs. Dei andre sela har fjøs i underetasjen. Det kan være litt forvirring angåande namnet. På kartet står det Maragjølsetra, men denne setra blir også kalla Rotisetra. Fra gammalt av er det det som er rett. Dette fordi bruka på garden Roti leigde setregrunn og beite av garden på Skauset. Fra Roti til Skauset er det 8 kilometer så dei hadde ein lang setreveg. Dei hadde lov til å ræse buskapen langs bøgarden fra Roti til setra, ein dag om våren og nedatt ein dag om hausten.P1150139Utgangspunktet for turen er ved garden Skauset, på sørsida av Hornindalsvatnet, like ved Rv 15.  Ein kan velge om ein vil gå heilt fra riksvegen eller køyrer skogsvegen til høgaste punktet, ca 1,5 kilometer. Om ein vel å gå heile vegen er der god parkeringsplass ca 200 meter ovanfor tunet.
P1150143  P1150144
Skogsvegen er fin å gå og eg anbefaler å gå heile vegen. Da får ein med seg flotte utsiktspunkt underveis.
P1150150
Her er det laga til ein fin plass for pause. Den kan ein nytte både på oppovertur og på returen.  Nydeleg utsikt. På bildet ser ein gardane i Lindvik, Hestefjellet og Sunndalsnibba.
P1150239P1150152 Brunstbua.
Når ein kjem opp og skogsvegen flater ut kan ein sjå ei jaktbu, «Brunstbua», på venstre sida. Råsa til setra går opp til høgre litt lenger framme i vegen. Tydeleg tillaga der råsa starter. Eit skilt med Rotisetra står i vegkanten.P1150154  P1150155
Første stykke etter at ein har gått over i råsa er der ein del skog , men landskapet åpner seg inni mellom og utsikten er upåklageleg. Her eit bilde av Sunndalsnibba og Kyrkjefjellet. Ein kan så vidt skimte gardane på Aasebøen og i Frislida i Heggjabygda.
P1150158
Råsa er tydeleg å grei å følge. I starten er det litt myrlendt, men ikkje vanskeleg å ta seg fram.  Ein kjem også fram på parti som er flate og ein kan rusle roleg i skogen. Eit par skilt fortel om plassnamn, men eg kjenner ikkje til bakgrunnen til namna.
P1150159   P1150161
P1150235    P1150164
Neresetra er ei seter som var brukt som vårseter, før det var gode nok beite på Maragjølsetra.  Selet er høgt og med plass for buskapen i underetasjen. Fareskiltet som ligg utanfor selet var noko malplasert. Eg såg ingen farer.
P1150168    P1150170P1150171Selet med fjøs i underetasjen på Neresetra.
P1150178  Løypestreng fra Neresetra og opp på kanten.
Råsa er tydeleg og godt trakka. Første stykket frå Neresetra går i myr også i eit bratt parti før ein er oppe på kanten.
P1150184   P1150190
Utsikten når ein kjem opp på kanten kan ta pusten frå ein. Både vestover og austover er det sorslagen utsikt. Heldige er dei som kan nyte kaffikoppen sin der ein tidleg morgen eller kveldsmaten når kveldssola skin frå vest.
Ein ser gardane i Lindvika på andre sida av Hornindalsvatnet. Til venstre for gardane ligg Vedviknibba. Også eit fint turmål. Vidare ser ein Kjellvorneset, Mogrenda og  Nes. Austover kan ein sjå heilt til Grodås.
P1150200P1150201Setreråsa går vidare bakover fra kanten og hyttene. Ein har knapt begynt å gå før ein er framme. Setra ligg der med fin utsikt austover mot Hornindalsvatnet og bygdene på nordsida av vatnet. Ein ser Kyrkjefjellet og Sunndalsnibba  med Sunndalskaret i horisonten. P1150228Går ein råsa bakover forbi setra kjem ein nærmare Maragjølet .Spesielt å sjå elva korleis ho ligg langt der nede i terrenget. Det dura godt når det er mykje vatn i elva.
Maragjølsetra/Rotisetra ligg på 479 moh og turen opp fra Skauset er ca 3,5 kilometer
P1150264   P1150266  MaragjøletUtsikt Hornindalsvatnet, Aasebøen, StrandP1150281

Kart over turen finn ein på Ut.no: Maragjølsetra/Rotisetra

PRØV TUREN OG SJÅ DEN FINE SETRA OG DEN STORSLAGNE UTSIKTEN!

Aasebønakken og rundtur i Heggjabygda

P1140703Slik ser den ut, Aasebønakken, sett fra Skrede. Den ligg  i vestenden av Hornindalsvatnet og ruver 350 moh. På sørsida av nakkjen går terrenget bratt ned i nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Vest for nakkjen stikk Spjutneset ut i Hornindalsvatnet. Gardane Aasebøstøl (Åsstøda) og Lindvik ligg langs stranda og i bakkane før Reset.  Nord for nakkjen, langs fylkesvegen, ligg fleire bruk på Aasebøen og i Aasebøøyane.  Aust for Aasebønakkjen ligg  Heggjabygda med gardane Frislid, Heggja, Melheim, Sandnes, Hatlelid og Grimslid. Høgt over Hornindalsvatnet ligg fjellgarden Furefjerding. Køyrer ein vegen til endes kjem ein til Navelsaker.P1140715Aasebønakken sett fra ein anna vinkel. Ein skimtar garden Aasebøstøl til venstre for nakkjen.
For å kome til utgangspunktet for turen til Aasebønakken køyrer ein Rv 15 til vestenden av Hornindalsvatnet. Ta av ved Fossebakken og køyrer Fv 664/665  ca 7,5 km til ein er på reset, like ved skilt som viser at ein er komt til Heggjabygda. Her er det stor parkeringsplass. Der er det også satt opp skilt som viser andre turalternativ i Heggjabygda.P1140717På Reset er det  skilt som viser andre turalternativer i Heggjabygda. Sunndalsnibba i bakgrunnen, 1482 moh.

For å finne råsa går ein bilvegen tilbake til skiltet som viser starten på turen til  Aasebønakken. Her  ifra er det fin og tydeleg sti/rås. Det er sporadisk merking langs råsa. Ein skal være oppmerksom på at råsa gjer ein knapp sving til høgre i eit litt utydeleg område.
Ein kan også gå skogsveg, for å finne starten på den  må ein gå bilvegen tilbake til den knappe svingen i bakken.P1140722Dette skiltet står der råsa til Aasebønakken starter.

Fin sti/rås med jamn stigning. Merka med enkelte Turbo merker og gamle raude band.
P1140724 P1140725
P1140726  P1140727
Starter ein i råsa kjem ein etterkvart inn på skogsvegen. Den er fin å gå, og ein vinn fort høgdemeter det  siste stykket opp på høgda.
P1140730  P1140735
Enkelte plasser åpner terrenget seg og ein får flott utsikt mot vestenden av Hornindalsvatnet og ut  Eidsfjorden.P1140734Føl skogsvegen til den flater ut og tydeleg deler seg. Ta av til venstre og føl råsa vidare til toppen av nakkjen. Fra Reset og til toppen av Aasebønakken er det ca 2 kilometer.P1140748P1140750  Trimpost på Aasebønakken
På toppen av Aasebønakken var det frå 900-talet til først på 1800-talet vetestove og vete.
Takloveten på Hundeidsfjellet var den mest sentrale veten i Nordfjord. Der delte signalet seg i tre linjer innover fjorden.  Veteplassen på Aasebønakken var ein del av den nordlege linja. Her vart signala, som varsla ufred i landet, tatt i mot fra Takloveten  og sendt vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.
På begynnelsen av 1900-talet tok ungdomslaget i Heggjabygda iniativ til å reise eit minnesmerke like ved der den gamle vetestova stod. Ein bautastein vart kila ut. Den er tre meter høg, ein meter brei og 20 cm tjukk med avrunda topp.
På bautaen er det hogge inn i steinen:
NAAR BAUNEN LYSTE OG BUDSTIKKEN LØB ET KRIGSBUD GJENNOM LANDET LØD. REIST TIL FÆDRENES MINDE 1904
P1140753   P1140752
P1140754
Tek ein turen vidare austover fra toppen av Nakken til Heggjabygda kjem ein til ei lita tjønn. Der ligg den store steinen som bautaen er kila ut av. På tredje forsøk fekk dei eit heilt stykke som kunne brukast.
Terrenget innover nakkjen er hylleforma, og det er fin rås.  Like søraust for toppen av Nakkjen er der eit høgt stup. Nokre meter fra kanten er ei Åkernesrenne i miniatyr som følgjer kanten på hammaren eit langt stykke. Sprekka i fjellet er tydeleg, og er opp mot 1 meter brei somme stader.  Råsa går ikkje heilt på kanten så om ein vil sjå på den fine utsikten må ein ta ein liten avstikker.P1140756Råsa er enkel å følge, terrenget går slakt nedover. På siste stykket før skogsvegen, går råsa sørvest over igjen. Der går ein bratt ned på skogsvegen og føl den til bygda igjen.
Skogsvegen er tørr og fin å gå på. Og stillheita er komplett.
P1140764  P1140768
Skogsvegen kjem innatt til bebyggelsen på Melheim. Da  åpner landskapet seg og det er nydeleg utsikt over deler av Heggjabygda og Hornindalsvatnet.P1140772Flott utsikt over deler av Heggjabygda. Kyrkja ligg nede ved Hornindalsvatnet

Det er ca 30 husstander i Heggjabygda, fra Lindvik til Furefjerding. I bygda har dei eiga kyrkje og grendahus. Her var skule fram til krinsen vart lagt ned i 1969 og sentralisert til Hjelle.
Kyrkja er ei langkyrkje som er bygd i tre og har plass til ca 200 personer. Den vart vigsla i 1936. Bygdafolket stod sjølve for arbeidet med å få fram stein til muren og materiale til sjølve bygget. Tømmeret vart saga og ført på plass i hovudsak av ein person. På folkemunne fekk hesten hans tilnamnet «kirkeministeren».HeggjabygdaDet gamle skulehuset (kvite)  vart bygd ca 1880. Det nye skulehuset som var bygd i 1957 er no grendahus.

Turen går no vidare på bygdavegen tilbake til Reset. Da får ein sjå meir av bygda og alle gardane . Det gamle grendahuset, som står tett i vegen, er no til nedfalls. Her har nok vore mykje moro. Det er fortalt at på ein fest på slutten av 1960-talet vart det seldt 350 billetter.
P1140775 Det gamle grendahuset.
Når ein kjem opp bakkane eit stykke kjem ein til krysset der vegen går over Heggjadalen og vidare til Volda. Skiltet som står i krysset er slett ikkje av ny dato, håper det får stå i mange år enda.
P1140776 Flott vegskilt i krysset mellom Fv 664/665
Heile rundturen fra Reset – Aasebønakkjen – Melheim – Reset er vel 7 kilometer.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Aasebønakkjen og rundtur i HeggjabygdaP1140782

UTFORSK  NÆROMRÅDEET  UTVID HORISONTEN

GOD TUR!

Holmøyane / Sudstranda

Holmøyane er ei av bygdene som ligg stille og fredeleg ved Hornindalsvatnet, Nord Europas djupaste innsjø.  Det er bygda som dei fleste berre susar gjennom, på veg austover eller vestover.P1130412Skåpavika, på kommunegrensa mellom Eid og Hornindal
Bygda blir også kalla Sudstranda, og da er det rekna heilt fra Skåpavika til Skrede. Denne bygda, og dei 60 innbyggjarane som bur her, har mykje å by på og vise fram om ein tek seg tid til å stoppe opp litt.

Tidlegare i haust var det ein reportasje i lokalavisa om Holmøyane og den nye bygdavegen som dei har bygd på dugnad.
Eg vart imponert og nyskjerrig så eg tok turen for å utforske. Fann ut at eg skulle sjå meir av bygda når eg først var der, og det vart både ein, to og tre turer til Holmøyane.
P1120954 Utgangspunktet for turen.
Turen min starta der den gamle riksvegen tek av fra den nye riksvegen, lengst aust. Ein er da i Holmøyvika. Her ved denne garasjen er det god plass og parkere bilen. Men pass på at den ikkje står i vegen for anna ferdsel. Så da er det berre å ta beina fatt. Utforske.
P1120956  P1120957
Noke av det første ein ser når ein starter på turen i Holmøyvika er bygda på andre sida av vatnet, Otterdal.  Ein ser også over til Skjerneset, Kjøsahalsen og garden Hatlelid. Og så ruver Ytrehornsnakken og Gløvrefjellet lenger bak.

Ein kjem fort i mimre modus når ein går på gamle vegar der ein tidlegare sneik seg rundt svingane med bil. No er det ikkje mykje trafikk på denne vegen, men den er fin som gang og sykkelveg for dei mjuke trafikkantane i bygda.P1120959P1120965Når ein kjem litt lenger fram ser ein tydeleg at det er aktivitet og utvikling i bygda. Og at her er aktivitet kan ein godt forstå. For Holmøyane er nesten «verdens navle» og  ligg veldig sentralt til med pendleravstand både til kommunesenteret i Eid, Hornindal,Stryn , Volda og Ørsta.  Boligfeltet Høgda er opparbeida med infastruktur til totalt 9 tomter.  Fire av dei er selde og eit hus er allereide komt opp.
P1120970 Høgda boligfelt.
Turen min gjekk ned veien til høgre og etterkvart kom eg ned til eit hyttefelt. Følg vegen vidare , forbi krysset der vegen går ned i Leirvika.
P1130041 Leirvika, ein idyllisk plett ved vatnet.
Det nye hyttefeltet, Nesjane, ligg usjenert og stille til med flott utsikt over vatnet. Ikkje ein lyd var å høyre fra hovudvegen. Der er mange store fine hytter å sjå. Etter å ha snakka med kjentfolk fekk eg vite at der fremdeles er ledige tomter. Holmøyane med fiske, bade og turmuligheiter må være eit eldorado for dei som søkjer friluftsliv.
Gå vegen heilt til endes i hyttefeltet og vidare i skogen heilt til ein kjem ytters på neset. Da har ein dei fine holmane rett fram for seg.P1120993Turen gjekk vidare gjennom skogen og over til Storevika. Enda ein idyllisk plass med utsikt over vatnet og fin kveldssol.
P1130014  P1130441 Storevika
Like utanfor Storevika ligg Landholmen. Der har familien Holmøy, som eig Holmøy Arbeidsskule, familiegravplass. Det var Ola Hansson Holmøy som i 1904 fekk løyve av Kongen til å leggje familiegravplassen på den vesle holmen. Dette er ein nydeleg plass å stede sine kjære til den siste kvile.
Holmøy Arbeidsskule vart skipa i 1858 og det var den første arbeids- og snikkarskulen i sitt slag i landet. Kvar sommar, dei siste sju åra, har det vore kunstutsilling i lokala til arbeidsskulen.
Der er også internat,som er delvis utleigd om sommaren, i same tunet som arbeidsskulen stå.
P1130430Dugnadsånda lever også i Holmøyane.I denne velse bygda har dei  grendalag,  idrettslag og  skytterlag. Von cup vart i mange år arrangert på fotballbana i Holmøyane. Dette var ei stor fotballturnering for  hobbylag fra nabobygdene. Det vart kjempa  om den gjeve pokalen både i kvinneklassen og herreklassen.P1130447Grendahuset Vonlund med idrettsbane/fotballbane mot Hornindalsvatnet.
Det siste dugnadsprosjektet dei har hatt føre seg er blant anna den nye bygdavegen, som går fra boligfeltet Høgda og til Gjeilefjæra. Den vart offisielt åpna 3 oktober med snorklipping av ordfører Alfred BjørloP1130016Gjeilefjæra er ein fin plass ved vatnet som blir brukt til badeplass og sosial møteplass når årstida og veiret tillet det.
No når den nye bygdavegen er bygdt, kan ein kome seg fra Holmøyvika, Høgda boligfelt og Storevika og til Gjeilefjæra utan å gå på den sterkt traffikerte riksvegen. Bygdavegen går vidare fra Gjeilefjæra forbi fabrikken og langs vatnet heilt ut til Arbeidsskulen. Kanskje med tida heilt til grendahuset Vonlund.P1130024P1130030Her ser ein bygdavegen som kjem ned bakken fra vegen som går til Storevika.
Denne rundtur snur her i Gjeilefjæra og går tilbake opp bakken og til bilvegen som går til Storevika. Der tek ein til høgre og går mot hovudvegen. Rett før hovudvegen kan ein ta inn på ei rås gjennom skogen, gå forbi tre hytter, og kome igjen på den gamle riksvegen. Da slepp ein å gå langs hovudvegen. Når ein da er komt på den gamle riksvegen igjen, går ein den tilbake til bilen.
P1130032 Også i Storevika er der hyttetomter for sal..
P1130035  Skilt ved gamle riksvegen fortel om eit aktiv bygdelag.
På tilbaketuren ser ein på høgre sida det nye industriområdet i bygda. Der har det allereide etablert seg ei bedrift med hovudkontor. I Holmøyane er de også to fabrikker om har 3-4 arbeidsplasser.
P1130460  P1130415P1130459  Bilder fra arbeidsplasser i bygda.
Denne rundturen i Holmøyane er ca 4,5 kilometer og er enkel å gå. Vær nyskjerrig og utforsk nabobygdene.P1120976

Kart over turen finn ein på ut.no: Holmøyane/ Sudstranda

GOD TUR!!

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑