Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Nordfjordeid (Side 3 av 3)

Fladalen til Movatnet

P1100945Fladalen går fra Storsetervatnet og innover til  Movatnet. Utgangspunktet for turen er ved parkeringsplassen ved Stigedalshytta på Stigedalen.

Fjellet som ein ser heilt til høgre på bildet, er vestsida av Eidskyrkja. Dette fjellet ser ein heile vegen innover til Movatnet.

Denne turen går for det meste på grusveg. Berre dei siste ca 400 meterane fram til vatnet går på sti. Eg anbefaler å ta turen til fots eller sykkel.  Om ein velger å ta med bilen så må ein være klar over at det er bomveg innover  og oppfordringa er at sjølv om bommen er åpen så betaler ein dei 30 kronene.
P1110019  P1110018
Da det skulle byggast kraftlinje gjennom Fladalen i 1964 kom også grusvegen. Grusvegen er fin og  det moglegheiter for mange å ta turen uten å ta med bilen. Sykkel, barnevogn, rullestol,rullator og trøtraktor er gode alternativ. Så her kan heile familien fra dei yngste til dei eldste være med. Det er  gode moglegheiter for å ta ein piknik på ein av setrevollane som ein fær forbi. Turen starter ca 270 moh og Movatnet ligg på 422 moh. Så dette er ein fin tur med ca 150 meter stignig. Heile turen fra parkeringsplassen og til Movatnet er på 6 kilometer, så fram og tilbake tilsammen 12 km. Har ein bil framme på parkeirngsplassen kan ein sende den sprekast framatt etter den.
P1100949  P1100957 Fin grusvei.P1100950Utsikt tilbake til parkeringsplassen, Stigedalshytta og over Storsetervatnet.

På Storesetra er det ikkje så mykje som viser igjen etter seterdrift.  Rett etter Stigdalshytta, på venstre sida når ein går innover,  kan ein sjå to gamle fjøsar. Ellers er det nyare hytter som står langs vatnet.P1100952Her ser ein Bakkesetervatnet med Bakkesetra ved enden.P1110013 Bakkesetra.P1100960 SagesetraP1100963Sagesetra har namnet sitt etter sagbruket som ligg på andre sida av elva. Saga vart bygd i 1836 og var ei sirkelsag. Saga vart restaurert i 1990 og fekk da nytt vasshjul.

På Sagesetra er det fremdeles drift om sommaren. Så i dalen kan ein møte beitande kyr og  aktivt seterdrift.

Elva har du som selskap på heile turen innover dalen. Og går ein tom for drikke er det gode moglegheiter for å få fylt flaska si igjen. Det er ein stille og roleg dal. Sjølv om det er bilveg er det ikkje store trafikken.

Eg var tidleg ute og snøen var ikkje smelta heile vegen. Men den søen som låg var fast og fin å gå på. Vegen blir brukt som trasee for skiløyper om vinteren.
P1100968  P1100970
Tidleg i juni og fremdeles snø.
P1100966
Også kraftlinja gjennom dalen ser ein heile tida. Kraftlinja som vart bygd i 1964 skal rivast når den nye er oppe å går. Etter det eg har forstått så skal ikkje den nye gå heilt nede i dalen.
P1100974  Leivdalsetra / Langevatnsetra

På turen går ein forbi fire setrar. Alle høyrer til gardane i Leivdalen. Dei to fremste setrane vart brukt som vårseter, og fleire av bruka har derfor seter på fleire plasser.P1100977Langevatnet 404 moh og fremdeles is på den 6 juni.
P1100983  Ved vegenden er der fin rasteplass.
P1100984  Oppslag fortel om andre turmål i området.
Fra vegenden til Movatnet går turen over til sti/rås. Den går delvis over myr og kan til tider være ganske våt. Litt tilrettelagt med planker på enkelte stader.
P1100985  P1100986P1100987P1100997Framme ved Movatnet er det stillheita du møter. Her kan tankane vandre fritt. Dei er heldige dei hytte eigarane som har sine perler langs vatnet. Midt i bildet ser ein fjellet Skardhornet 1043 moh og til venstre ser ein vestsida av Eidskyrkja 1243 moh.

Det er mange fine vatn innover dalen. Og løyser ein fiskekort er moglegheitene store for å få fisk på kroken. Fiskekort kjøper ein framme ved bommen.

Fra Movaten kan ein finne fine turer vidare. Går ein gjennom Rinddalen kjem ein til slutt ned i Høydalen i Austefjorden.

Kart over turen finn du: Fladalen til Movatnet

TA TUREN OG UTFORSK DENNE STILLE  FLOTTE DALEN.

Strand – Furefjerding – Strandasetra

P1080875Høgt opp i fjellet på nordsida av Hornindalsvatnet ligg fjellgarden Furefjerding. I daglegtalen kalla Fjellja. Det har vore to gardsbruk tidlegare, men no er det berre eit som det bur folk på og som er i drift. I følge bygdeboka for Eid og Hornindal frå 1953, er gardane først nemde tidleg på 1600 talet. Natt til 25 mars i 1718 gjekk ei snødemme over Indre Furefjerding og gjorde stor skade. Etter det vart husa flytta 200 meter vestover og står no trygt for fonnlaup.

I 1976 var den private bilvegen til Furefjerding ferdig. Den går i hårnålsvinger opp dei bratte bakkane fra Hornindalsvatet. Det tok 12 år å ferdigstille vegen.

Denne turen som eg skal skrive om her, gjekk eg seint i november. Da var det fremdeles varmt og godt i fjellsida og fine farger. No når våren er her igjen anbefaler eg denne turen. Eg gjorde den som ein rundtur, men det går ann å gjere den så lang som ein vil.

Utgangspunktet mitt er Strand. Der fann eg ein parkeringsplass som eg sette bilen. Eg spurte ein lokal bonde om det var greit at bilen stod der. Det som er viktig er at ein parkerer så ein ikkje står til hinder for andre.P1080845 Parker godt ut til sida. Tankbiler skal ta svingen.
Da eg parkerte her så var eg klar over at det kom til å bli nokre kilometer på asfalt. Men at turen langs Hornindalsvatnet skulle bli så fin hadde eg ikkje forestilt meg. Det var så stilt. Ingen biler. Der kunne eg gå og studere kjent terreng og fjellformasjoner fra ein ny vinkel.
P1080850 Sjølv i november var det liv i blomstrane.
P1080854 Det er fin og nylagt asfalt langs vatnet.
P1080859
Kjente fjellformasjoner fra ny vinkel.
Fortset ein vegen langs vatnet kjem ein til slutt til Navelsaker. Men eg tek av til Furefjerding og starter på motebakken.
P1080861
P1080865  Spor fra tidlegare vegtraseer.
P1080866 Bratt og smal veg uten autovern.
I vinter sende NRK eit innslag på «Norge Rundt» fra kraftforleveranse til Furefjerding. Det var spektakulært å sjå den store lastebilen på den smale vegen.
P1080867   P1080869
Gamle instalasjoner langs vegen minner om at det har vore tøffare tider å bu og leve på ein fjellgard.

Etter kvart som ein tek høgdemeter opp bakkane og ein nærmer seg tunet blir utsikten vidare og flottare.P1080868P1080876Her ser ein fra venstre: Gløvrefjellet og Ytrehornsnakkjen med Otredalsstranda. Grodås sentrum, Setrehornet, Gulkoppen, Kjøsahalsen,  Middagsfjellet/Øyenibba, Kjøs  med Bjørnaholmen. Langt bak i snøen ligg Jostedalsbeen og Lodalskåpa. Ein ser Gryta og Årheimsfjellet. På sørsida av vatnet ser ein litt av bebyggelsen i Holmøyane.

Turen vidare mot Yste Furefjerding går på dyrka mark, der er køyreveg opp og forbi masta. Ein går vestover mot ei grind mot utmarka. Ta kontakt med folk i tunet og spør om vegen om ein er usikker. Og husk å lat att grinda etter deg.

Traseen frå Indre til Ytre Furefjerding (knapt 2 km) går i slakt terreng, det er stedvis merka med raude Tèr. Underlaget er flott å gå på, reint idyllisk og utsikten er upåklageleg.
P1080878  P1080880
P1080883  P1080886
 P1080887  P1080888
På Ytre Furefjerding budde  fjellbonden, lokalpolitikeren og skribent Johan O. Lillestøl og kona Pernille til langt ut på 1980-talet. Her gjekk kraftlinja over eigedomen utan at fjellbonden såg noko grunn til å koble seg til. Berre dei siste 4-5 åra hadde dei elektrisk kraft innlagt.

Husa på Ytre Furefjerding er no til nedfalls. Men her har ein nøysam familie hatt sitt tilhold i mange år. Bygd opp av ingen ting.  Da Johan kom til garden, starta han men å vøle hus og fjøs. Etter kvart skaffa han seg to lamb. Men stor nøysemd og hard arbeid voks flokken og med åra sende han 120 sauer på sommarbeite.P1080895  P1080896Stien/råsa vidare til Strandasetra går i litt stigning forbi huset og vestover.
P1080897 Kattungen Fride var med på tur.
Ein turkammerat slo følge frå Indre Furefjerding. Korleis i all verden får ein ein kattunge til å snu!? Den dagen eg gjekk var der ikkje folk heime i tunet så eg kunne ikkje få hjelp. Trudde den skulle bli lei og gåen og snu, men nei.  Måtte etterkvart ta telefonisk kontakt med eigaren for å forhøyre meg om alderen til denne turkameraten. Eg hadde veldi lite lyst til å snu. Eigaren gav klarsignal om at pusen, Fride, kunne få fortsetje.

Når ein har gått litt stigning og er komt fram på slik at ein ser nedatt til Strand går det  sti/rås ned i eit lite juv før ein stig oppatt til Stranasetra. Ein kan gå den stien eller fortsetje opp Geitskogegga og runde av juvet lenger inne. Ein kjem innpå skogsveien ved setra.

P1080899  Strandasetra med skogsveien i bakgrunnen.
P1080906  P1080909
Fra Strandasetra og ned til Strand går det ein fin, men bratt skogsveg.
P1080910 Her nærmer ein seg gardane på Hatlelid.
Når eg kom ned til Hornindalsvatnet og til  bilen så var det å køyre kattungen Fride heim til Indre Furefjerding igjen. Der møtte heile familien opp for å ta imot den turglade katten.

Denne runden er ca 12 kilometer.

Kart over turen finn ein på: Strand – Furefjerding – Strand

Lotsberg – Indre Åsane

P1090490Ein ny tur er utforska og eg deler den gjerne med dokke. Denne gangen har eg tatt turen ut av kommunen og til nabokommunen Eid. Dei veglause gardane Ytre Åsane og Indre Åsane ligg i fjellsida mellom Lote og Hennebygda.  Har lenge høyrt snakk om råsa/stien fra Lotsberg til Indre Åsane, men først no vart den utforska. Og snakk om overaskelse! Hadde i utgangspunktet sett føre meg ei vanleg rås/sti som gjekk høgt opp i lida, men der tok eg grundig feil.

Denne turen som eg skal beskrive her ligg i Åsane naturreservat.  Eit naturreservat på totalt 1.424km2  og med spesielle førekomster av edellauvskog.

Oddgeir Bruaset har i boka si «På fjellhylle og havstrand – livet på veglause gardar i Nordfjord»  skreve om livet på desse gardane i fjellsida mellom Lote og Hennebygda.

Må innrømme at eg mange ganger i løpet av turen studerte på kva som fekk folk til å rydde seg gard og busetje seg i slike bratte fjellsider. Tankane gjekk tilbake til dei første som kom og begynte å rydde seg heimar.  For eit slit folke før i tida hadde for å overleve.  I boka til Bruaset les eg om at på Åsane var det gode hamnegangar (beite) og at folket der tok imot kyr frå gardane med dårleg beite på sørsida av fjorden. Dette var med på å gjere Åsane til ein velstandsgard.

Men la oss ta turen.

Ein kjem seg til utgangspunktet ved å køyre til Lote. (E39 fra Nordfjordeid, Panoramaveien eller Rv 15 fra Stryn). Ta av til Lotsberg og fortset vegen heilt til endes. Da er du komt opp i tunet på Indre Lotsberg. Der er det parkeringsmoglegheiter, men pass på at du parkerer så bilen ikkje står i veien for dei fastbuande.

På garasjen i tunet står det oppslag med kart om turen til Indre Åsane.  Gå under låvebrua og vidare innover bøen mot skogkanten rett bak dette bygget.
P1090492
Eg kan godt sei eg vart overaska over vegen inn lia. For det som eg trudde var ei vanleg rås/sti var ein gammal vegtrasè. Og den var fint rydda og vedlikeholdt.
P1090495 Vegtraseen var ca 1,5-2 m breid.

P1090497
Bilde:Fra Lotsberg kom vi den vegen som ligg lengst til venstre.P1090500  Utsikt ut Nordfjorden.
P1090501Bilde: Godt å ha noke å lene seg mot mens ein studerer utsikten. Her er det bratt ned!!
P1090506
Bilde: Som ein allè ligg vegen der. Under hammaren kunne ein sitje tørt om det var nedbør.P1090507Her er ein nesten komt inn på Ytre Åsane. Her bur det fremdeles folk, sjølv om dei ikkje har veg. Mange fine klopper over elvane som kryssa vegen.
P1090511  P1090513
Som de ser av bildet så er det fjell på oppsida av vegen og bratt utføre på andre sida.  Likevel er det flotte muringer. Ikkje mykje HMS i den tid denne vegen vart bygd. Og her gjekk ungane til skule heile året. Dei fekk med seg ei øks som dei skulle bruke å hogge spor i isen om den hadde frose opp.
P1090521Bilde: Ingenting er som å finne våren og historisk grunn.
P1090530  Bilde: Indre Åsane.
Vi var på tur til Indre Åsane for eit par år sidan også, da  møtte vi Johan Lote, eigar av garden. Han hadde da vore ned til sjøen og fiska. Fangsten sende han til gards med taubana ilag med posten. Det var mykje og store grantre som låg på kryss og tvers over  vegen opp fra Åsevika da, men det såg ikkje den gamle mannen mørkt på.

Om ein no vil avslutte turen kan ein gå ned til fjorden ved Åsevika. Om ein vil fortsetje kan ein enten ta same vegen tilbake eller gå til Øvre Åsane. Støylen som ligg lenger oppe i fjellsida. Det er greit å finne vegen.P1090534Bilde: Utsikt inn Nordfjorden mot Randabygda og Tvinnereim. Ryssfjæra på andre sida av fjorden.

Denne turen er enkel å gå. Den passer for dei aller fleste både ung å gammel. Det er nesten flatt heile vegen. Fra Lotsberg til Indre Åsane er det ca 2,7 km.

Ein finn kart over turen på denne linken:   Lotsberg – Indre ÅsaneP1090536

GOD TUR!

Sagtennene / Høgefjellet / Trolledalsegga

Kjært barn har mange namn. Når eg les kart så er det forskjellige namn på denne toppen. Det er slik med mange fjelltopper. Dei har forskjellige namn alt etter kor ein ser toppen fra.  Eg har alltid kalt denne for Sagtindane, men på kartet står Sagtennene.

Den turen eg skal skrive om her er turen fra Lotsstøylen og til tv-sendaren på Sagtennene/Høgefjellet/ Trolledalsegga. Ein ser denne sendaren tydeleg i himmelsjå når ein køyrer rv 15  Stryn – Nordfjordeid.

Eg har valgt utgangspunket på Lotsstøylen. Den ligg høgt og fritt ca 480 moh. Det er bilveg heilt fram til støylen. Faktiskt er det bilveg heilt fram til sendaren på toppen, men det er kun for dei med køyretillatelse.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein E39 fra Nordfjordeid til Lote. Eller ein kan køyre Panoramavegen til Lote.   Køyr mot Lotsberg, etter ca 500 meter ta av til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Det er ikkje skilta så vær observang for det kan være  vanskeleg å forstå at det er der vegen går vidare.

Frå avkjørsla ved E39 og opp til Lotsstøylen er det ca 4 kilometer. Det er grusveg og om ein vil kan ein starte turen heilt nede ved hovudvegen.  Sykkel er også fult mogeleg på denne turen. Men det er ein bratt tur. Toppen  ligg på 1022 moh.
P1080080
Her er beitande dyr så pass på å lat att grindene.P1080081P1080082 Fin grusveg heile vegen.P1080085Fra Lotsstøylen og til toppen er det 4,2 kilometer. Dette er ein barnevennleg tur. Ta med ei vogn så dei små føtene kan få kvile litt innimellom. Har ein barn som ligg i barnevogn så er heller ikke det noke problem. Trill i veg. Det er god trening for lår og rompemuskelaturen. Bruk ein finveirsdag av permisjonstida og gå ein tur til fjells med minstemann.
P1080088    P1080091P1080093P1080094Når ein nærmer seg toppen flater terrenget ut og ein kan strekke litt på muskelaturen. Siste stykke på ca 1,5 kilometer  føl vegen egga til sendaren. Da har ein fin utsikt både til Hornindalsvatnet og til Nordfjorden.P1080097Disigt i fjella, men likevel nydeleg. Også så flotte haustfarger i fjellet no.P1080099Varden står eit stykke fra sendaren og var liten i forhold. Her har ein flott utsikt til Hornindalsvatnet og bygdene rundt.P1080100P1080101Utsikt mot vest. Her ser ein Eid sentrum, Eidsfjorden, Trollenykjen, Hunvikfjorden.P1080122Utsikt mot sør. Her ser ein Anda og Hestenesøyra.P1080127P1080134Lotsstøylen ligg fint med utsikt mot Hunvikfjorden. På sørsida av fjorden ser ein Hyeneshesten, Skeistrandhesten og Nosa. Alle på ca 1200 moh.P1080137Ta turen og utforsk nabobygdene. Flott natur og utsikt til kansje ukjende fjell. På denne turen treng ein ikkje bli våt på føtene heller.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sagetindane – Høgefjellet – Trolledalseggja

GOD TUR!!!!

Skredestranda – Hopland


P1060657
Dette er ein flott  tur som går fra Nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, og over til Nordfjorden.

Ein kan også gå turen motsatt vei. Da er den meir barnevennleg, med slak stigning på begynnelsen og bratt ned mot Hornindalsvatnet på slutte.

Eg har gått turen fleire ganger og vil anbefale den her. Eg har gått turen fra Skredestranda. Det er ein forholdsvis lettgått tur, sjølv om oppstigning fra Skredestranda er bratt. Det betaler seg med ein fantastisk utsikt over Hornindalsvatnet og bygdene rundt når du kjem opp om skoggrensa.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 til Skredestranda. Om ein kjem fra Stryn så er det eit lite stykke før Breisvortunellen. Og om ein kjem fra Eid, så må ein eit lite stykke forbi Breisvortunnellen.
P1060606
P1060607Her er avkøyrsla der turen starter. Eit lite skilt i buskene fortel at her går veien til Hopland. God plass til å parkere bilen.

Det er nokre år sidan eg har gått her og når ein veit kor det gror igjen alle plasser så var eg spent på korleis stien/råsa var.
P1060608  P1060609
Det første stykket går ein på skogsvei. Den var ganske attgrodd, men etter eit stykke kjem ein til skilt som viser vei til Fura. Her tek ein av og  der i fra er stien tydeleg. Ved Fura har Von i.l trimpost.
P1060610   P1060613
Stien/råsa er merka med skilt første delen.
P1060618   P1060617
Ein kjem til eit stidele opp i bakkane. Og når ein ser seg god rundt så ser ein eit lite skilt opp på treleggen. I stidele tek ein til høgre.
P1060619   P1060625
Om ein ser godt etter på veien opp bakkane så ser ein eit og anna merke som tyder på at ein er på rett vei. Stien er god så det er ikkje vanskeleg å finne fram. Er ein i tvil så stopp opp og sjå deg rundt, så finn ein veien vidare.
P1060629   P1060631
Når ein er komt opp til Fura åpner landskapet seg og ein ser Hornindalsvatnet langt der nede. Det svære såret som vart i terrenget etter jordskredet som gjekk i november er godt synleg. Det blir no etterkvart åpnare landskap og meir utsikt.

Litt lenger opp forbi Fura kjem ein til ei elv som kan være god på varme dager. Både for å fylle vannflaskene og til å avkjøle seg.
P1060637
Vidare fra elva er råsa utydeleg. Ein kjem opp i meir myrlendt terreng. Eg følgde elva eit stykke. Her er også andre turmål. Ein kan gå gjennom Henneskaret og til Hennebygda.
P1060641   P1060640
P1060643
Gå opp desse myrsiga og opp på kanten, da åpner landskapet seg i ein herleg plass. Da er ein komt opp til Kvanndalsvatnet. Ein stille og fredeleg plass langt fra folk. Å setje seg ned her, sjå og høyre fiskane hoppe og det er den einaste lyden ein høyrer, det er balsam for sjela.
P1060647
Bilde: Fin leirplass ved Kvanndalsvatnet.

Vidare føl ein merka sti aust over, litt til høgre i dalføret. Her er det åpe terreng og  slak stigning mot Mosehogane.
P1060651   P1060650
Bilde: Eit går forbi dette lisje krypinnet og fortset på merka sti opp dalføret.

Snart er ein oppe på Mosehogane. Her er eit storslagent utsyn over Hornindalsvatnet og bygdene rundt. Ein ser Eid, Lindvika, Åsebøen, Heggjabygda, Strand, Furefjerding og Navelsaker. Også gardane på Skrede.
P1060654
P1060655P1060656P1060660Utsiketn andre vegen er også fin. Her ser ein Innitunstøylen, litt av gardane på Rand, Nordfjorden, fjella i Gloppen og heilt inn på Jostedalsbreen.
P1060661
Bilde: Fin sti over Skarsmyra mot Hopland.
P1060664
Bilde: Innitunstøylen.
Stien/råsa ned fra Mosehogane er fin og lett å finne. Det er slak unnabakke heile vegen. Ein går på høgre sida av elva og ein ser Innitunstøylen på andre sida.

Etterkvart møter ein grusvegen og parkeringsplassen. Her kan ein bli henta med bil. Eller ein kan velge utgangspunktet for turen her i fra. Denne grusvegen er bomveg så husk penger til vegavgifta.
P1060665
P1060666Bilde: Om utgangspunktet for turen er på denne parkeringsplassen, så ta råsa/stien til venstre. Ikkje vegen.

Om ein velger å gå grusvegen ned til bygda får ein ein fin tur unnabakken med mange inntrykk.
P1060668
P1060672Dette er Nykvia. Ein flott plass med samling av løer og gardfjøser. Fjøsane vart brukt til kalvehus og til å tørke myrtorv. Her er det fint vedlikehalde og no  laga til for grilling og sosialt samvær.
P1060674
Bilde: Om ein vil køyrer opp til parkeringsplassen ved Innitunstøylen så husk å ta med penger til bomavgifta.
P1060677
Her kjem ein ned til Panoramaveien om ein går heile vegen fra Innitunstøylen. Velger ein å starte fra Hopland kan ein køyre eit godt stykke opp i terrenget, mot Innitunstøylen.

Denne turen er vel 6 kilometer fra Skredestranda og  ned til parkeringsplassen ved Innitunstøylen.
P1060680
Om ein går 900 meter inn i bygda til skulen finn ein åpen kafe. (Sommaren 2014). Koseleg å få seg noke godt etter ein flott tur.
P1060679
 For å kome heilt ned til Nordfjorden, tek ein vegen der skiltet viser Hopland kai. Flott tur ned bygda.

TA TUREN DU OGSÅ. PRØV NOKE SOM KANSJE IKKJE SÅ MANGE HAR GÅTT. ØNSKER ALLE SOM PRØVER TUREN EI FANTASTISK OPPLEVELSE.

Kart over turen finn ein på ut.no: Skredestranda – Hopland

Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑