nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Lindvika – Lindviksetra

P1150439Å gå dei gamle setreresene fra gardane til seters er alltid interessant. Då får ein sjå gamle instalasjonar som vart laga til i den tid det var aktivt setreliv på setrane. Så denne gangen har eg ikkje valgt den kortaste og enklaste vegen til Lindviksetra. Den går fra Tua på Stigedalen,og er noke den som dei fleste bruker.

Turen eg vil beskrive er den gamle setreråsa som går fra gardane i Lindvika og opp dei bratte bakkane til skaret som ligg mellom Vedviknibba og Hestefjellet. Vidare fra skaret går ein forbi Skarvatnet og ned til setra.

For å kome seg til Lindvika køyrer ein Fv 664 på nordsida av Hornindalsvatnet mot  Heggjabygda. Setreråsa har utgangspunkt fra den garden som ligg lengst vest. Det er eit aktivt gardsbruk, så ta kontakt med folket i tunet for å høyre om kvar du kan parkere. Da får du kansje også ei historie om tida da det var aktivt setreliv.
P1150404
Gå gardsvegen rett opp og forbi låven. Da ser ein ei grind i steingarden. Setreråsa starter etter grinda. Husk å lat att grinda etter deg.
P1150405
Råsa er lett å finne. Ein føl steingarden til ein kjem ut i kråna, etter det svingar den seg opp bakkane. Den er tydele og ikkje vanskeleg å finne første stykke. Ein ser tydeleg at dei i tidlegare tider har jobba for å få råsa best mulig. Det skulle være framkomeleg både for krøter og folk.
Langs dei gamle setreresene er det som regel plasser som har namn. Slik også langs denne råsa. Da eg snakka med kjentfolk etter turen, vart det fortalt om slike namn.  Det var Neste Kleiva og Høgste Kleiva. Etter å ha gått turen berre ein gong klarer eg ikkje å sjå føre meg heilt kor desse plassane var.
P1150408
Enkelte plasser er råsa lagt opp med steiner, andre plasser er den godt trakka i skogbotnen. Turen opp bakkane går i skog heilt til skaret. Går ein turen etter at det er komt lauv på skogen er det lite med utsikt.
P1150413
Det er tre bruk i Lindvika og alle hadde sel, fjøs og lade på setra.
Når ein går på gamle setreråser ser ein ofte spor i naturen fra tidlegare tider. På dei fleste setrevegane var der ein plass som vart kalla kvile. Når dei bar melk eller melkeprodukt heim fra setra måtte dei  kvile på heimturen også.
I bakkane opp til skaret kom eg over tre fint opplagde steinstoler. Desse står på ein plass som heiter Neste Kvile. Det er ein «stol»  til kvart av dei tre bruka i Lindvika.
Der er også ein plass som blir kalla Høgste Kvile. Den ligg ca 150 meter under skaret på venstre sida.
P1150414Turen fra Lindvika og til setra er berre sporadisk merka. Likevel er stien/råsa forholdsvis enkel å følge.  På eit par plasser kan ein bli litt i stuss, men stopp opp og sjå deg rundt, så  finn ein vegen vidare.
P1150420  Øvste/Høgste Kvile
Når ein nærmar seg skaret lysnar det i skogen. Rett før ein kjem opp på kanten går ein forbi murane av ei utmarkslade, Skarelada. Alle plasser det var råd å slå vart nytta  og tørrhøyet vart oppbevart i utelada og tek ned til gardane seinare på hausten eller om vinteren .
P1150422P1150423Like etter Skaret, som  ligg på ca 450 moh., kjem ein til Skarvatnet. Ein idyllisk, stille og fredeleg plass. Her er det godt å ta ein pause.  Stien/råsa går vidare på høgre sida av vatnet og den er tydeleg og god. Når ein kjem fram på myrane  skal ein halde til høgre og gå gjennom Lisjeskaret og vidare ned til setra. Fin rås heile vegen.P1150427Skarevatnet.P1150430Fin rås langs Skarevatnet
LindviksetraLindviksetra med Kråkhornet i bakgrunnen.LindviksetraLindviksetra.

Her ser ein nokre av sela og fjøsane på Lindviksetra. Vedviknibba på 729 moh. i bakgrunnen.
Om ein har lyst til å gå vidare fra Lindviksetra er der mange alternativ. Ein kan gå til Tua på Stigedalen. Den turen kan ein lese om her : Tua-Lindviksetra, eller ein kan legge turen om Vedviknibba og vidare til Vedvik.

Eg tok turen på Vedviknibba. Veivalget mitt var ikkje det beste og skal ikkje formidles her. Har blitt fortalt i ettertid at om ein held nord/nordvest over myrane og går mot ryggen av fjellet så finn ein sti/rås.  Tek ein utfordringa med å gå uten nøyaktig beskrivelse så legg avgårde mot toppen.
Utsikten når ein er komt opp er heilt fantastisk.
P1150450Lindviksetra med Vedviknibba i bakgrunnen.

Her ser ein nedatt til Stigedalen og  Storesetervatnet, Bakkesetervatnet og vidare inn Fladalen mot Movatnet.
Turen fra Stigedalen og til Movatnet kan ein lese om her: Fladalen til Movatnet.P1150456Fra toppen av Vedviknibba ser ein Nordfjordeid sentrum, Eidsfjorden og fjelltoppar så langt ein ser. Fra Vedviknibba er der merka T-løype mot Vedvik.P1150458Snur ein seg mot sør og søraust over ser ein Hornindalsvatnet, det store såret i terrenget etter jordraset i Skredestanda og monstermastene på den store kraftlinja som går gjennom området.P1150463

Kart over turen finn du her: Lindvika-Lindviksetra.

GOD TUR!!

2 Comments

  1. Lars Erik Karlsen

    31. juli 2016 at 17:32

    Flott skildring av tur. 😀 Også andre flotte turforslag/skildringer. Tilfeldig eg fant dette nettstedet.😀

  2. Takk for det. Berre å anbefale det til andre. Det finst så mange fine plasser som ein ikkje veit om 🙂

Legg inn en kommentar

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑