Rognnessetra høyrer til gardane på Rognnes ved Hornindalsvatnet. Der er fire bygninger på setra no, men ein kan sjå av gamle murar i terrenget at  der har vore fleire bygningar i tidlegare tider. Setra ligg slik til at den er vanskeleg å sjå da skogen,med store grantre, veks tett inn på setrevollen. Ein har likevel eit flott utsyn over Hornindalsvatnet rett bak sela. Her som å mange andre plasser er setreråsa avskoren av skogsvegar.
Denne turen starter vest for garden Rognnes og går første stykket på skogsveg. Det er god plass til å parkere bilen ved utgangspunktet. Da eg gjekk turen, ein gråveirsdag  i februar, bar skogsvegen preg av teleløysing.
  Utgangspunktet like vest for garden Rognnes.
Denne skogsvegen, Hamrevegen, vart bygd i 1987 og er vel 1,5 kilometer.
  
Utsikten fra skogsvegen er flott sjølv på ein regnfull februardag. Og sjølv om denne skogsvegen ligg tett på RV15 er de stille og fredeleg oppe i lida. På andre sida av Hornindalsvatnet ser ein Heggjabygda og Strand.Det er mykje rart ein kan sjå ute i terrenget om ein tek seg tid og ser seg rundt. Skal sei eg skvatt da denne “skapningen” dukka opp ved sida av vegen.
  Skogstrollet
Skogsvegen går enkelte plasser gjennom granfelt. Da blir utsikten sjølvsagt dårleg, men stillheita og roa er absolutt tilstades. Berre å nyte.Enkelte plasser får ein utsikt. Her ser ein mot Furefjerding, Navelsaker, Otterdalsnakken og lengst til høgre Gløvrefjellet og  Ytrehornsnakken.Der skogsvegen slutter kan ein sjå den fråflytta garden Fletene.
No går turen vidare i rås. MEN ein skal ikkje gå den tydelege råsa langs steinmuren!! Ein tek råsa som går motebakka. Den er ikkje merka og heller ikkje så tydeleg, men likevel går det fint å følge den. I granfelta må ein være ekstra påpasseleg da det er lett å ta feil retning.   Råsa går på kanten til elva Såta.Vidare fra denne utelada går råsa i granfeltet mellom nokre enorme grantre. Framme på setrevollen kan ein nyte den totale stillheita og utsikta.  Gamle fjøsmurer.
    

Turen til Rognnessetra er ca 3 kilometer og har ei stigning på ca 300 høgdemeter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Rognnessetra ved Hornindalsvatnet.

GOD TUR!!