nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Side 4 av 18

Skårsetra i Nedstryn

Utsikt til Storesunde og Mindresunde frå Nymarkvegen.

Stryn kommune har ca 100 setrar og Skårseta i Oppstryn er ei av dei. Setra ligg på ca 650 moh og høyrer til gardane Skår, Garlid og Bakkelid.
Som ved mange av dei andre setrane rundt om i kommunen er den gamle setreråsa blitt erstatta eller avskoren av skogsvegar, eller ein har valgt å legge utgangspunktet for turen til setra utanom tuna som der folk lever og bur.
Denne turen til Skårsetra startar ved Nymarkvegen, ein skogsveg som tek ein enkelt opp i terrenget, og som også er utgangspunkt til andre turmål.
For å kome til utgangspunktet tek ein vegen frå Storesunde mot høgdegardane Skår og Garlid. Etter ca 1.5 km kjem ein til Nymarkvegen. Der kan ein betale bomavgift og køyre vidare ca 1.5 kimometer. Eg anbefaler å parkerer bilen å gå heile vegen til setra. Det er 3 kilometer, delvis på skogsveg og delvis i rås.

Mange turalternativ ved starten av Nymarkvegen.

Ved starten av Nymarkvegen er det godt skilta til setra og mange andre turmål i området.
Følg skogsvegen i svinger opp lia. Vær obs i kryssa. For turen til Skårsetra følg merking til Kyrkjenibba. Etterkvart kjem ein til skilt på venstre side som viser veg til Kyrkjenibba/Skårsetra. Der går ein over i rås.

Etter litt stigning i rås kjem ein fram til Bjønnstejen. Dette er etter gammalt eit naturleg kvile når det var setring på setra. Her i frå flater råsa ut. Det er sett opp mange skilt med namn på plasser langs råsa.

Garlidmyrlada, ei fin lita bu på gamle murer.

Litt forbi Garlidmyrlada kjem ein innatt på skogsveg. Råsa til setra, som fremdelse blir nytta for å føre beitedyr til fjells, rasa ut under ekstrem veir. Denne skogsvegen vart laga for å få maskiner fram for utbetring av råsa.

Skogsvegen ligg fint i terrenget og gror snart fint til.

På vegen opp til setra kan ein sjå over til Kopasetra, setra som høyrer til Gjørven. Der er hengebru over elva, ca der ein kjem innatt på skogsvegen forbi Garlidmyrlada.

På Skårsetra står det tre sel og to fjøser, alle godt vedlikehaldne. Det var slutt med setring rundt 1955.
Vil ein gå vidare mot Kyrkjenibba er der bru over elva ca 150 meter bakanfor setra.

Turen til setra er ca 3 kilometer og med ei stigning på ca 450 høgdemeter frå bomavgiftskassa ved Nymarkvegen.

GOD TUR TIL SETERS.

Kjerringkjeftane.

Langs Storfjorden/ Hjørundfjorden er det mange flotte fjelltopper. Ein av dei er Kjerringkjeftane.
Den er ikkje blandt dei høgaste med sin 1028 meter over havet, men for ein utsikt.
For å kome til utgangspunktet køyrer ein Skjåstaddalen (Fv 41) frå Kalvatn til Bjørke. I vegkyrsset like ved skulen tek ein til venstre og køyrer til Finnes. Køyr gjennom tuna og vidare opp Bakkedalsvegen. Like ovanfor tuna står kassa for bomavgift. Der er også plass for 2 biler å parkere om ein vil gå vegen. Opp Bakkedalen køyrer ein i lauvskog, men enkelte plasser får ein fin utsikt nedatt til bygda og til fjella rundt.
Turen starter ved ca 300 moh. Der står skilt i vegkanten og ein parkerer langs vegen, eller på stor utviding ca 100 meter lenger framme.

Fin utsikt mot Hondalsrokken, Rokkekjerringa og Bjørkehornet.

Første del av turen kan være våt, men det blir betre etter kvart. Råsa er godt merka. Ein skal krysse elva to plasser. Ved stor vannføring kan det by på problemer. Der er ikkje bruer.

Opp Ryssdalen går ein i bjørkeskog opp langs elva Ryseåna.
Etter kvart blir terrenget åpnare og når ein kjem opp i ca 900 moh får ein eit fantasitsk skue mot Kvistadkjerringane som ligg på andre sida av Kvamsetdalen.

Siste del av turen mot toppen går ein i steinur. Der kan ligge snøskavler på toppen. Gå aldri ut på desse. Høgaste toppen ligg på 1028 moh og der står også boks for trimbok.
Fin utsikt nedatt i Kvamsetdalen og Fjellvatna.
Gå nokre hundrede meter vidare for å få den beste utsikta nedatt til Finnes, Kalnes, Viddal, Leira og Bjørke.

Frå venstre Leira, Kalnes, Bjørke og Finnes rett under.
Frå venstre Viddal og Leira.

Når ein set og speider over aller fjella ser ein mange kjente topper.
Jakta, Kviteggja, Hornindalsrokken, Rokkekjerringa og Bjørkehornet. Kikkerten låg igjen heime, men meiner vi såg Breifonna og Storskredfjellet i Oppstryn også.

Turen er ca 3,5 kilometer ein veg og har ei stigning på ca 700 høgdemeter.

PRØV DENNE TUREN I STORSLÅTT NATUR.

Otterdalsetra/Otterdalskaret

Otterdalsetra eller Otredalsetra, som blir brukt i daglegtalen, er setra til dei fem bruka i den vesle bygda på nordsida av Hornindalsvatnet.
Dei to yste bruka, «Ut i gara» og «Nord på Markjene» blir kalla «Utigar».
«Inigar» er felles namn for bruka «Inn på Markja», «Ut med Persen» og «Nyestovene». Det er vanleg frå gammalt av at tun rundt om i bygdene har slike kallenamn.

Utgangspunktet for turen til setra og til skaret er ved krysset ved postkassestativet, der skilta står. Der er det plass for 2-3 biler å parkere. Følg grusvegen mellom tuna og ein kjem til skogsvegen.

Frå tuna går det skogsveg opp dalen til setra. Denne vart truleg bygd på 1930-talet, den har blitt rusta opp for ein del år sia. Frå gammalt av var det eit kvile, Hillegrova, der elva kryssa råsa. Der kunne dei kvile og drikke av den kalde elva. Om det er same plassen som vegen no krysser ei elv veit eg ikkje, men der kan det være godt med ein kvil på brua. Det er ein bratt men fin veg å gå.

Fin men bratt veg til setra.

Siste stykke, over setrevollen, går ein på gras- og myrterreng.
Det er fin utsikt frå setra.

Selet og fjøsen som høyrer til Inigard.

Bruka som høyrer til «Utigar» slutta med setring i 1948. I «Inigar» slutta dei med mjølkekyr på setra i 1965.

Frå setra (400 moh)er det merka rås til Otterdalskaret. Følg merkinga som går til venstre ut frå setra. Der er også merka til Ytrehornsnakken frå Otterdalsetra. Dei merkingane går bak og mot høgre for setra.
Dette er ein del av løypa til ultraløpet Hornindal Rundt. Det er lett å følge dei kvitmåla steinane og treleggane bak gjennom dalen til skaret.
Frå Otterdalskaret (770 moh) ser ein over til Kalvatn.

Fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Kjøsahalsen, Holmøyvik og Blåeggene.

Turen frå Otterdal og bak til Otterdalskaret er 5 kilometer.

GOD TUR I VAKKER NATUR.

Husevågøy

Å ta turen til ukjende plasser er spennande og lærerikt. Ein treng ikkje reise langt før ein er i bygder som ein ikkje har besøkt før.
Å pakke bilen og legge avgårde, for overnatting eller dagstur, utvidar horisonten og ein blir betre kjent i eigen kommune og fylke.

Eg tok tidlegare i mai turen til Husevågøy. Ei perle midt i skipsleida, der Vågsfjorden ligg på nordsida av øya og Fåfjorden på sørsida.
Tek ein ferga mellom Måløy og Oldeide har ein mest sannsynleg lagt til kaia i Verpesvika på Husevågøy. Fergekaia og området rundt ser dødt og stusseleg ut, men ta turen på land og opplev små idylliske grender på begge sider av øya.
Sjølv har eg berre fått utforska nordsida av øya der Husevåg er tettstaden. Eg skal fleire turer ut på øya for å utforske Tytingvågen og Krabbestigen.

Fint å campe med slik utsikt.

Husevågøy har ei rik historie. Ta deg tid til å lese om den på denne linken: Den spennende historien om Husevåg og Husevågøy

Det er ikkje spessielt utbygd for turister på øya, men eg opplevde ein gjestfriheit som eg aldri før har opplevd når eg har vore på mine utflukter. Invitasjon på terassen, teltplass på innmaka og tilbud om å nytte både toalett og dusj. Enkelte plasser på øya kan ein finne parkeringsmogelegheiter for bobil. Ta kontakt med bygdefolket og spør om råd.

Husevågøy har tre jamnhøge toppar. Rønelden 321 moh, Rauddalseggja 318 moh og Krabbestigheida 330 moh.

Råsa til Hovdeneset der fyret har stått. No er der ei automatisert fyrlykt.

Rønelden, eller Kletten som den blir kalla av dei fastboande, ligg 321 moh og har utsikt i alle himmelretningar. Utgangspunktet for turen er midt i bygda og er skilta. Turen er merka med raude stikker og raudmåla steiner. Til toppen er det ca 1,5 kilometer.
Rønelden var mest truleg brukt i varslingssystemet med å tenne eld på fjelltopper for å varsle fare/ufred.

Utsikt frå Rønelden

Utsikt frå Rønelden mot Vågsvåg, Holvika og Måløy

Trollhola ligg på sørsida av Husevågøy. Ytre Nordfjord Turlag hadde organisert tur den dagen eg var der ute og det var ein flott gjeng på ca 35 personer, små og store, som fekk oppleve denne spennande hola.
I trollhola er det funne kulturlag med skjel og bein, trolig frå jernalderen.
Turen til Trollhola starter midt i bygda Husevåg og går første stykke i same trasse som til Kletten/Rønelden. Det står skilt ved vegskille. Frå vegskille går turen vidare til Færeldemyra. Der kan ein sjå spor etter helleristninger. Turen til Trollhola er på ca 2,6 kilometer ein veg.

Trollhola
Utgangspunkt for turen til Rønelden/Kletten og Trollhola. Like ved skulehuset/bygdehuset
Fiskehus og sjøboder var den første bebyggelsen på øya.
Klovningen, eit freda naturreservat.

Ta ein tur til denne fredlege perla i havgapet. Eit tips er å parkere bilen i Måløy, ta sykkelen med på ferga og utforsk øya. Frå ferjekaia til vegenden i Husevåg er det ca 5 kilometer.

GOD TUR!

Den Trondhjemske postvegen ved Paulsvatnet i Jølster.

Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postgang kvar veke mellom det som den gang var landets to største byar Bergen og Trondheim. Postvegen gjekk delvis etter gamle ferdselvegar.
Frå Skei i Jølster og vidare nordover gjekk vegen mellom stupbratte fjell til Førde, i daglegtalen Førs, ved Breimsvatnet.
Mykje av den gamle postvegen er vekke, dels av ras og dels av at ny bygdeveg er lagt der den gamle postvegen låg.
Ved Paulsvatnet er der fremdeles eit stykke av den gamle postvegtraseen. Den har i seinare tid blitt rydda og restaurert og er no ein fin turveg.

For å kome til utgangspunktet for turen tek ein av E39 ved Grungen, mellom Klakegg og Skei. Avkjøyrsla er merka med Breimsvatnet.
Køyr til nederst enden av vatnet og parker like ved ei ferist.
Turen langs vatnet er idyllisk og stille og den går til ein møter bilvegen igjen, ca 1 kilometer.

Diktaren Henrik Ibsen utlate i 1862, då han var på folkeminneinnsamling «Dalføret er igrunden ikke andet end en Revne mellom de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmurer, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel domkirke i mange en af dem».

Garden som ein ser på andre sida av vatnet er Paulen, ein fråflytta gard mellom dei steile fjella. «Paulsmusikken», eit omgrep i folkemusikken i Sogn og Fjordane, stammar frå denne garden. Ein syskenflokk på ni vaks opp her og alle var veldig musikalske. Alle 6 brørene spelte fele.
I vatnet er det mykje fisk, men har ein planer om fiske må ein forhøyre seg om det er regulert med fiskekort.

Frå vassenden går postvegen i slakt terreng mot den restaurerte kvelvingsbrua som ligg like før ein kjem fram til bilvegen igjen.
For å gjere turen lenger og som ein rundtur, kan ein fortsetje over bilvegen og gå den gamle gardsvegen til garden Paulen og nedatt til der bilen er parkert.

Anbefaler også å ta turen heilt til Førde/Førs. Ei lita grend med 6 gardsbruk og ca 40 innbyggere. På bilturen ned til bygda kan ein ,om ein ser godt etter, sjå enda litt av postvegen. Ein sving som vart kalla Prestekona.
I den vesle bygda var det tidlegare skysstasjon og hotell. Frå Førde vart posten rodd vidare over Breimsvatnet til Reed i Gloppen. Hotell eventyret tok ein brå slutt då vegen gjennom Våtedalen kom i 1889 og all trafikk nord-sør vart ført over der.

Tjønnane på Hildahalsen

Innvik har mykje fint turterreng. Denne turen går på skogsveg  frå Hildaneset til Tjønnane. Ein tur som er knappe 7 kilometer ein veg og som har ei stigning frå 0 til ca 580 moh. Utgangspunket for turen er ved skogsvegen på Hildaneset. Der er plass for parkering til nokre få biler. Skogsvegen ligg på nordsida av Hildahalsen og utsikta til Nordfjorden, fjella og bygdene på nordsida av fjorden er flott. Bygdene ein ser er Robjørgane, Sætren, Svarstad, Faleide og Bergsida.

Når ein kjem endå lenger opp i høgda får ein flott utsikt ut fjorden. På venstre sida ser ein dei siste gardane i Innvik og deler av Utvik, Ulvedalsneset med gardane på Ulvedal og Roset på høgre sida.Frå Hildahalsen er det mange merka ruter ned til bygda. Terrenget er hylleforma og det er viktig at ein føl dei merka stiane. I siste del av innlegget har eg lagt med eit kart der dei forskjellige rutene er teikan inn og med beskrivelse av turane.
    

Dei første 3 kilometerane av denne turen er skogsbilveg deretter går det over til skogsveg med litt grovare underlag, men likevel enkelt å ta seg fram.Ved skogsvegenden,  ca 450 moh, er der fin plass å ta ein rast før ein går over i rås den siste kilometeren. På denne turen møter ein ikkje så mange turgåarar, men absolutt eit område å anbefale fleire å utforske. Nydeleg og lett terreng innover Hildahalsen mot Tjønnane.
Tjønnane er eit naturreservat.  Tek ein eit googelsøk på Tjønnane naturreservat får ein straks utvida horisonten om myr- og torvartar.Utsikt mot Stryn sentrum med Gryta og Årheimsfjellet.Frå Geitaberget (der trimposten står) går det merka sti vidare mot Drageset. Har ein mogelegheit så kan ein parkere ein bil der og ta heile turen frå Hildaneset til Drageset. Tek ein den turen passerer ein råsa som går til Høgefossen. Ein foss som ein kan gå bak om. (arkiv: Høgefossen og Langhamrestova).
     

Området ved Tjønnane er dominert av forskjellige myr og torvarter. Det særmerkte med Tjønnane naturreservat er at der er både strengmyr (som er knytt til innlandsklima) og terrengdekkandemyr (som krev kystklima). Les meir om naturreservatet her.November kan være ein fin månad å utforske nytt terreng på.  All slags veir og årstid har sin sjarm og det kan ikkje alltid være knall blå himmel og sol. Det var ein flott opplevelse å sitje her og sjå på den speilblanke tjønna og korleis vinden kom i kraftige kast og laga mønster i vasskorpa.

Bilde med innteikna turruter og beskrivelse av turane laga av lokalkjent mann frå Innvik. Mange alternativ til fine turer i denne delen av kommunen.Turen frå Hildaneset til Tjønnane er knappe 7 kilometer ein veg.
Kart over turen ligg på Ut.no: Tjønnane på Hildahalsen

GOD TUR I NYDELEG TERRENG.

 

 

 

 

Trivselsskogen på Sandane

 

Trivselsskogen på Sandane er eit unikt turtilbod som er godt tilrettelagt i variert terreng. Eit godt utbygd stinettverk gjer det mogeleg for mange å finne turalternativ som passer til ein kvar tid.  Trivselsskogen inneheld mange element, blandt anna sherpatrapper, solplatå, dagsturhytte, gapahukar,utsiktspunkter, kjærleikskog. Det nyaste i skogen er Trygg i naturen, TIN-camp.

Trivselsskogen finn ein i terrenget på nordsida av E39 like ved Sandane sentrum.
Via facebook blir ein oppdatert om kva som skjer på anleggsfronten.
Det nyaste prosjektet i Trivselsskogen er Trygg i Naturen, TIN- Camp. Dette er eit lågterskel tilbod  der dei ynskjer  å gje barn, unge og folk med funksjonshemningar lettare tilgang til naturen.

Eit stort antall dugnadstimar har blitt brukt og nye prosjekt er under bygging. Trivselsskogen er eit andelslag der kan ein kjøpe andelar for å støtte dugnadsarbeidet som blir lagt ned til nytte og glede for alle.

Parkering og utgangspunkt for tur i  Trivselsskogen er ved første avkøyrsle på høgre side av E39 etter krysset Sandane Aust i retning Anda.

Det er skilta  i alle kryss med kart og retningspiler som angir avstander til neste attraksjon.Stinettverket i Trivselsskogen består av flislagde vegar, stiar, sherpatrapper og skogsvegar. Sherpane frå Nepal har lagt ned mange arbeidstimar i dei bratte partia mot Holvikfossen og Utsikten. Det har blitt til flotte trapper, eit kunstverk og attraksjon i seg sjølv. Trappene gjer det enklare for turgåare å ta seg fram i dei brattaste partia.Holvikfossen er ein av attraksjonane i Trivselsskogen. Den er eit landemerke for området rundt Sandane. Opp langs Holvikfossen er der eit utsiktsplatå der ein kan sjå fossen på nært hold. På toppen av fossen er der laga ein fin rasteplass. Utsikten ligg like ved vegen som går til Austerheimstøylen . Dette er eit flott utsiktspunkt med bord og benker der ein kan sitje og nyte den storslagne utsikta over Sandane sentrum og bygdene i nærområdet.  Opp og ned frå Utsikten går nye ståltrapper paralelt med vegen.Draumekvila er dagsturhytta til Gloppen kommune, og var den første av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Draumekvila ligg på eit utsiktsplatå på vegen til Utsikten. Hytta er ein plass for å få på tørre klede, ete matpakka si og få litt varme i seg. Alle dagsturhyttene er utstyrt med eit nynorsk minibibliotek. Ved Draumekvila er der også utedo.  Å gå gjennom Kjærleiksskogen gir ein ro i sjela.  Stille å roleg å spasere mellom treleggane der folk på forskjellig vis har vist sin kjæleik.Ein kan møte geiter i skogen. Desse går i området mot Utsikten eller mellomveien frå Kjæleiksskogen til Trygg i naturen området.
Solplatået er eit anna område å gå innom. Der er grill og sitjeplasser til ca 45 personer.

I Trivselsskogen er det planer om å lyssetje stiane.  Då blir området enda meir attraktivt i den mørke årstida. Det er sesong for tur i desse stiane heile året, bortsett frå når det er mykje snø og is.

Stinettverket er laga som ein rundtur, på heile runden bruker ein 1,5-2 timer. Studer kartet ved utgangspunktet. Runden kan gåast begge vegar.  Det er mange attraksjoner og mange fine plasser å setje seg ned så ta deg god tid. 

GOD TUR!

Hovden på Stadlandet

Stadlandet har mange populære reisemål og eit av dei er fjellet Hovden.  Turen har utgangspunkt i Ervik, den vesle bygda som kan by på mange fine opplevelser.Turen ut til Hovden er enkel og fin å gå for store og små.  Det er to alternativ for utgangspunkt. Ein kan starte ved minnekapellet og gå  den kvite sandstranda til campingen og vidare på vegen til naustrekka på venstre sida av vika. Der i frå går ein opp bakkane til ein kjem til den gamle vegen. Eller ein kan ta av frå bilvegen i bebyggelsen og følge skilting til camping. Parkeringsmogelegheiter finn ein ved brua som krysser Lakseelva. Der er også snuplass for skulebussen så parker ikkje på snuplassen.Denne turen har vi gått som ein rundtur. Vi valgte å starte med å gå gjennom tunet på Aslakgarden, på returen gjekk vi ned bakkane til naustrekka og vegen tilbake til bilen. Totalt vart det ca 3 kilometer.Denne vegen har lege i terrenget i mange år. I 1932 vart det bygd flyvarslingsstasjon på Hovden og under andre verdskrig bygde tyskarane festning på fjellet.I det åpne landskapet får ein eit flott tilbakeblikk over Ervikbygda, Erviksanden, Lakseelva og Storevatnet.Tyskarane nytta russiske krigsfanger til å byggje dei store festningverka på Hovden. Ein tunnel, som vart nytta til b.l.a ammunisjonslager under krigen, går gjennom fjellet. Bygdafolket har pussa opp tunnelen og området rundt så det er fint å gå gjennom. Tunnelen som går rett fram fører til eit utsiktspunkt. Ei lykt er ein fordel å ha med om ein vil gå gjennom tunnelen.
   
Frå utsiktspunktet ser ein rett mot det lunefulle Stadhavet og Litlehovden.På veg inn tunnelen vil ein sjå fleire sidetunneler. På venstre side er ein tunnel der ein kan sjå ein stige i enden. Prøv den på tilbaketuren frå utsiktspunktet.  Klatre  opp stigen og ein kjem i dagslyset igjen.
   
Hytta som står ytterst på kanten på Hovden er ei gammal vakthytte.  Hytta vart bygd i 1942-43 av tyskarane. Det vart leigd inn norske arbeidara, på det som vart kalla Tysk anbud. Etter krigen overtok den Norske marinen vakthytta og brukte den i fleire år til overvaking av fly og båttrafikken. Sist på 1950 talet vart hytta seld til ein privatperson. Seinare (ca 1970) overtok Ervik Jakt og Fiskelag hytta. Dei har utført mykje restaureringsarbeid på dugnad.Hovden sett frå Erviksanden.

PRØV DENNE TUREN YTTERS MOT VEST.

Risnakken i Selje

Risnakken ligg rett ovanfor Selje sentrum og er ein kort og godt tilrettelagt tur. Dei 350 trappetrinna tek ein med til eit utsiktspunkt der ein ser Selje og områda rundt.
Denne turvegen som vart offisielt opna i 2010, er lyssett heile året.
Utgangspunktet for turen er i byrjinga av Skogavegen ved Doktorgarden. Parkering ved Selje skule eller idrettshuset.
   
   
Ved utsiktspunktet er det laga til platting med rekkverk. Der er også bord og benk. Ein fin plass å nyte medbrakt kveldsmat å sjå solnedgangen.Her ser ein over til Salt, Barmsundet, Barmøya.Vestover ser ein godt Seljesanden, Ersholmen, øya Selja og Fureneset.Litt bak utsiktspunktet ligg Risnakken aktivitetspark. Denne er under opparbeiding. Mange treningsapparat er montert i terrenget og har ein gått trappene opp er oppvarminga unnagjordt. Her er det trening med utsikt og frisk havluft.
Dagsturhytta til Selje kommune kjem  også i denne aktivitetsparken. 

PRØVE DENNE TUREN TIL UTSIKTSPUNKTET.

Hamserunda på Strynefjellet

Utgangspunkt for denne turen i Hamserunden er ved den store rasteplassen i Hamsevika på Rv 15 Strynefjellet. Ein kan også køyre Gamle Geirangervegen til bru over elva Hamsa like ved Breidablikk hyttefelt.
Første del av denne turen går på nydeleg grusveg. No hausten er det flott å sjå alle dei fine fargane som dekorerer terrenget. Sjøl planter som er visna og avblomstra har fine farger.Gode og tydelege skilt er sett opp og viser veg langs heile runden. Bildet under viser der ein tek av frå Gamle Geirangervegen. Turen går no vidare på grusveg eit stykke opp i hyttefeltet før det går over i rås.Ute på tur må ein huske på å snu seg og sjå på utsikten tilbake til utgangspunktet. Denne dagen gjekk styggeveiret gjennom Breidalen, mens vi som gjekk turen til Hamsetjønnin hadde berre fint veir.Denne turen er enkel å gå med ei stigning på ca 100 høgdemeter. Den er godt merka med skilt og raude merkjer på steinar. Når ein har kryssa elva ved første Hamsetjønni er råsa varda og T-merka.
Turen dreier nordaust over etter at ein har passert første Hamsetjønni/Hamsevatnet. På bildet under ser ein vidare inn Hamsedalen og fjell langt i det fjerne. Litt usikker men kansje er det Vesteråshornet (1530 moh) ein ser.Mot nordaust ser ein Krosshø (1857 moh). Denne dagen, i slutten av august ,med eit lite melisdryss. Når ein går oppover på vestsida av Hamsa kan ein sjå vardane på andre sida av elva som ein skal følge på turen tilbake til Hamsevika.På bildet under ser ein Hamsedalen/ Nordre Breidalen med alle sine tjønner. Går ein vidare gjennom Hamsedalen kjem ein til ei hytte som er eigd av Skjåk Almenning. Denne hytta kan ein leige for ein billig penge. Ta ein titt på den her: Kvitberghytta.
Vidare frå Kvitberghytta kan ein gå mot råsa som kjem frå Kolbeinvatnet. Eg har ikkje gått denne runden, men ser enkelt ut på kartet.Like ved der råsa krysser Hamsa er der ein varde og benk til å ta ein pause. Her er det fint å sitje og finne roen. Går ein turen om sommaren i varmt veir er mogelegheitene mange for å ta ein dukkert langs denne turen.
Det er trygg og god bru over elva. Her i frå går råsa nordover og kjem inn på den merka løypa til DNT sine sjølvbetjente hytter Kaldhusseter og Danskehytta. Denne turen føl T-merka rås tilbake til Hamsevika.
Fin rås og godt merka. Fjellet er verkeleg fint no hausten med alle fargane på vegetasjonen og den klåre lufta.Når ein nærmer seg Den gamle Geirangervegen krysser ein skomakerelva på god bru. Her er også rås som er merka til Danskehytta.
Like ved dette stidele ligg  Hamsehytta, eit restaurert kulturminne.
Les meir om hytta og vegbeskrivelse her: Hamsehytta.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Hamserunden

Starter ein turen frå rasteplassen i Hamsevika blir turen lenger enn det som kjem fram på ut.no

PRØV DENNE FLOTTE ENKLE TUREN HØGT TIL FJELLS!

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑