Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Sykkelturer (Side 2 av 3)

Tippaskogvegen og Postvegen over Brekka

p1120551Rundturen i Tippaskogvegen er ein tur på grus-og skogsveg i slakt skogs-og fjellbeitelandskap langs deler av den verna Trondhjemske postvegen. Turen får eit kulturhistorisk tilsnitt med den gamle steinbrua over Ljøsurelva, merkesteinar langs postvegen og gamle setrevollar.
Denne turen kan ein også ta med sykkel og barnevogn og deler av den kan takast med rullestol. Det innerste stykket av Tippaskogvegen er meir ujamn og kan være vanskeleg for dei med  rullestol.
Heile runden er på 8 kilometer og det høgaste punket er 375 moh.

Utgangspunktet for turen er like ved Harpefossen skisenter i  Hjelmelandsdalen i Eid kommune.  Der er det god plass til parkering. Elva Hjalma renn gjennom Hjelmelandsdalen og turen går innover på høgre sida av elva.  Der er god bru over elva ved utgangspunktet.
p1120525
Hjelmelandsdalen er også utgangspunktet for mange andre turer i området, turer som er merka, graderte og skilta i henhold til ny standard. Ta deg tid til å studere skilta, kansje finn du fleire turer du har lyst å ta.
p1120526  p1120520
Etter at ein har gått over brua kjem ein til eit kryss. Tek ein til høgre går ein den gamle setrevegen over Tippasetra og kjem innatt på skogsbilvegen like etter setra. Held ein til venstre føl ein løypetraseen  som går litt lågare i terrenget, og kjem innatt på skogsvegen etterkvart.
p1120529  p1120530
Tippaskogvegen er ein flott skogsbilveg som vart bygd i 2000.

Langs denne rundturen går ein forbi mange setrar. Dette er setrar som høyrer til gardane fra Eidsfjorden, grendene på og rundt Haugen og opp Hjelmelandsdalen.

Heile den fremste delen av Hjelmelandsdalen har eit samanhengande stølskulturlandskap der bøane og stølsgrendene nesten går over i kvarandre . I dalen ligg setrane Naustdalsetra, Tippasetra, Nakkesetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra. Ingen av setrene er lengre i vanleg drift, men det er beite av sau, kyr og til gardane på Haugland hest. Dei fleste stølsvollane i dalen er trefrie, men lyng, einer og bjørk er i sterk framvekst. Setrane er også endra av tilrettelegging for friluftsliv. Dei fleste av sela og fjøsane på setrane er bygde på 1800-talet, no er mange av dei  ombygd og utbygd og nye hytter er oppført. Mange plasser ser ein steingardar av naturstein rundt setrane. Dette gjorde nytte som gjerde rundt setrane og var som grense mellom innmark og utmark.

Tippasetra høyrer til gardane på Haugland og  i Lidene.p1120542Nakkesetra/ Nakkjen høyrer til gardane på Haugen og Åsen. Her ligg det setrehus/fjøs både ovanfor og nedanfor skogsbilvegen.p1120539Skogsbilvegen er slak og  stille. Enkelte plasser er det laga til så ein kan setje seg ned og ta ein pause.
p1120546    p1120552
Innerst i Tippaskogen går skogsbilvegen over til skogsveg og underlaget blir litt meir ujamnt, men fremdeles godt å kome seg fram til fots og på sykkel. Det går også ann å kome fram med  sportsvogn om ein har store hjul.p1120554Ved Sevlandsetra/Brekkefoten, like ved postvegen som går over Brekka, står ei bålhytte som  fritt kan nyttast av alle som vil. Denne er bygd av entusiastiske pensjonister og  i regi av Haugen i.l, Harpefossen skisenter og Gjensidigestiftelsen.  I bålhytta er der bålpanne, ved og fyrstikker. Her kan ein kose seg både vinter og sommer.
p1120567  p1120568p1120570p1120573
Ved Brekkefoten kjem denne turen innpå  den Trondhjemske postvegen/grusvegen og følger den framover Hjelmelandsdalen igjen.
Velger ein å gå til høgre starter ein på stigninga på den trondhjemske postvegen over Brekka, som går mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Anbefaler alle å ta ein tur over Brekka til Bjørkedalen.  Skriv litt om den traseen lengst nede i innlegget.
Like etter at ein er komt innpå postvegen/bilvegen kjem ein til Sevlandsetra. Denne setra høyrer til gardane på Sevland, Engeland, Balsnes og Halsteinslid.
p1120577Bjørnhovdesetra høyrer til gardane på Bjørhovde. Bjørhovde er ei grend på vestsida av Hjalma lengst nede i Hjelmelandsdalen.p1120584p1120586Ljøsurbrua er ei flott gammal bru. Ei av mange bruer som enda finst på den Trondhjmske postvegen. Her er eit fint utgangspunkt til fleire turer. Det er skilta til Kloven, Ljøsuregga, Sandegga og Kjenndalen. Dette er turer av variert vanskegrad.p1120592
p1120597
Naustdalsetra høyrer til gardane i grenda Naustdal som ligg heilt nede ved Eidsfjorden.p1120609Når ein har passert Naustdalsetra er det kort vei fram til parkeringsplassen på Harpefossen og utgangspunktet for denne turen.
Om vinteren blir vegen fra Harpefossen og over Brekka stengd. Når snøen kjem blir deler av den nytta til skiløyper.

Rundturen fra Harpefossen-Tippaskogvegen-Postvegen tilbake til Harpefossen er ca 9 kilometer og går i slakt terreng.

DEN TRONDHJEMSKE POSTVEGEN OVER BREKKA.

Når ein er i dette området anbefaler eg ein tur vidare over Brekka og til Bjørkedalen.
Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! (kilde:Harpefossen skisenter)p1120618 p1120627
Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og  milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.
Ta ein pause og nyt stillheita og la tankane gå til dei som i all slags veir og føre skulle fram med posten i tidlegare tider.
p1120619p1120621Når ein har passert det høgaste punket og starta nedstigninga kjem ein forbi Ljomtjønna og Vasslidvatnet. No vil ein kome til fleire flotte steinbruer. Imponerande byggverk som har stått i mot store vassføringer i mange år.p1120631p1120635p1120637p1120638p1120641p1120642Nedstigninga til Bjørkedalen er bratt, men med eit flott utsikt mot Bjørkedalsvatnet og fjella Keipen 944 moh og Vassendfjellet 1134 moh.p1120649

Kart over turen finn ein på Ut.no: Trondhjemske postveg – Tippaskogen denne er beskrevet motsatt veg.
I sogeskrift for Eid (2008) kan ein lese meir om Den Trondhjemske postvegen over Brekka.

GOD TUR I NYDELEG TERRENG!

Viewpunkt Snøhetta / Tverrfjellhytta på Dovrefjell

 ©Ketil Jacobsen  Foto:Kjetil Jakobsen, kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/)

Køyrer ein over Dovrefjell eller er i nærheita anbefaler eg ein kort, men kjempefin tur til Viewpont Snøhetta eller Tverrfjellhytta som den også vert kalla.

Ta av fra E6 ved Herkinn og følg skilting til Viewpoint Snøhetta. Ein køyrer på grusveg motebakka til ein stor parkeringsplass med informasjonsopplegg og sanitærbygg. Denne parkeringsplassen ligg der den tidlegare Tverrfjellgruva låg.
Les meir om gruvedrifta her: Tverrfjellet gruve.
3 mil fra Hjerkinn ligg Folldal og der er det opparbeida eit museum rundt eit gammalt bergverksamfunn. Les meir  om det :Folldal gruver.

Frå parkeringsplassen blir ein leda inn på turstien/grusvegen, ein 1,5 kilometer lang gang- og rullestolveg. Langs stien er det felt ned informasjonstavler av skifer. Tavlene viser ei tidslinje med opplysninger frå istid til i dag.P1130292Her står vi ved starten av turstien. Mange informasjonstavler er sett opp for å informere om historia.
Moskus beiter i området heile året og er ein heldig kan ein sjå den «live».
Det blir anbefalt at ein aldri går nærmere enn 200 meter.P1130299Turvegen til Tverrfjellet er tilrettelagt for handikappa og det er kjempefint å ta med barnevogn. ©Kristian Voldheim Foto: Kristina Voldheim,Kilde: nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/

Når ein kjem opp på Tverrfjellet ca 1250 moh, har ein praktfull utsikt til Snøhettamassivet og Grisungdalen. Naturen er mektig og her må ein ta seg god tid. Den spessielle hytta på Tverrfjellet, som vart åpna i 2011, er teikan av arkitektfiirmaet Snøhetta på oppdrag fra Norsk Villreinsenter Nord. Trearbeidet er utført av Djupedal Båtbyggeri.  Hytta inneheld eit samlingsrom med panoramautsikt mot Snøhetta og der er plass til ca 30 personer. ©Ketil Jacobsen Foto: Kjetil Jacobsen, kilde: http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/

Tverrfjellhytta/Viewpoint Snøhetta slik den  ligg i landskapet. Når ein kjem inn i hytta og ser arkitekturen og utsikten så er det berre overveldande. ©Ketil Jacobsen Foto: Kjetil Jacobsen, Kilde nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/ ©diephotodesigner.de Foto: Kjetil Jakobsen , kilde http://nvs.villrein.no/viewpoint-snhetta/
Både Viewpoint og vegen opp til parkeringsplassen er vinterstengt. Anlegget åpner i juni og er gjennom sommeren åpent heile døgnet.

GOD TUR!

Kongeveien og Pilgrimsleia over Dovrefjell

Frå Hjerkinn til Grønbakken

P1130140I oktober hadde vi ein flott tur over Dovrefjell, fra Hjerkinn til Grønbakken og vidare til Nestavollan. Sjølv om det var midt i oktober var det nydeleg veir, vindstille og god temperatur på fjellet.
Foranledningen til turen var turgåvekort fra jula 2014 fra mine nærmaste.  Ei gåve som eg sette utruleg stor pris på og som eg har minner fra resten av livet.

Denne turen er enkel å gå og alle i familien kan være med på denne turen. Vi var ei samansatt gruppe på 6 personer. Fra bestemor til datterdatter. Nora var 2,5 måned og sat trygt og godt i bæresele med mammaen sin.

Vi fann eit godt overnattingstilbud  ved : Hjerkinn Fjellstue, der har dei store og flotte leiligheter så heile turfølget kunne være ilag.
P1130077 God frukost med nydeleg utsikt.
P1130086    P1130088 Klargjering, alle skal med.
Heilt sia siste istid har menneska ferdast på Dovrefjell. Dei første var fangstmenn i steinalderen og seinare kom dei i flokk og følge: konger og hærmenn, embetsmenn, handelsfolk, pilgrimar og heilt vanlege folk som var ute etter arbeid på den andre sida av fjellet.

Da Eidsvollsmennene undertegna Grunnlova i 1814, tok dei kvarandre i hendene og sverga:  ”Enig og tro til Dovre faller”!  Eidsvollsmennene gjorde fjellområdet til Norges nasjonalfjell. Arkeologiske funn har avslørt at våre forfedre gjennom årtusener har utnytta fjellet sine ressursar her oppe. Omfattande fangstanlegg for villrein finst mange stadar i fjellet, og det er også funne gravplassar som er datert frå år 300 til 1700 e.Kr.  Dovrefjell har også ein historisk kongelig sus over seg. Mange kongar har tatt denne vegen på sine kroningsreiser til Nidaros i Trondheim.

Pilgrimsleia kjem frå mange himmelretningar med felles mål, Olav den Helliges gravkyrkje, Nidarosdomen.  Pilgrimsleia og Kongevegen over Dovrefjell er ein del av Gudbrandsdalsleia. Det er den lenste pilgrimsleia i Norge, og var hovudveien til Nidaros.
Kong Øystein Magnusson (1088-1123) var den første som bygde fjellstover for farande folk på Dovre.P1130094P1130093 P1130097
Vegen ligg tydeleg i terrenget og er merka med pilgrimssymbolet. Turen fra Hjerkinn til Grønbakken er ca 7 kilometer.
Turen går i slakt stigning til ein er ved Hjerkinnshøe ca 1200 moh.  Dette er turens høgaste punkt. Langs heile turen har ein utsikt mot fleire kjente fjellformasjoner.

Arbeidet med å kartfeste, rydde og merke pilgrimsleia starta i 1994. Den første leia, frå Oslo til Trondheim og Stiklestad, blei åpna i 1997. Den ruta er 650 lang.P1130106P1130114  P1130116 Rette strekninger.
Vegen er i god stand og her kan ein lett bruke  både terreng sykkel og  sportsvogn.  Når ein har passert det høgaste punktet er der eit parti som er litt dårlegare. Ekstremveiret sommaren 2013 gjorde store skader på vegen.P1130127 208 km igjen til Nidaros, som var målet for pilgrimane.
P1130137 Vannskade i veien når ein har passert høgaste punktet.
P1130132Iniativtakarane og arrangørane av turen. P1130181Ein matpause i lyngen gjere godt for store og små.P1130149Her ved Porten går vi fra Oppland til Sør-Trøndelag fylke.
P1130197 Mange andre turforslag også.
Dovrefjell er muskusane sin arena, og sjølv om kikkerten var i flittig bruk fekk vi aldri sjå dyra.
Skilta fortel turgåere at her er mange fleire turalternativ.
Denne turen avslutta vi på ein parkeringsplass ved Grønbakken like ved E6. Der hadde vi på forhand parkert ein bil så det var enkelt å ta seg tilbake til utgangspunktet. Om ein vil kan ein snu og gå tilbake også. Da blir turen 14 kilometer.

PRØV EIN LETT TUR I HISTORISK TERRENG.
NYT NATUREN.

P1130140

Holmøyane / Sudstranda

Holmøyane er ei av bygdene som ligg stille og fredeleg ved Hornindalsvatnet, Nord Europas djupaste innsjø.  Det er bygda som dei fleste berre susar gjennom, på veg austover eller vestover.P1130412Skåpavika, på kommunegrensa mellom Eid og Hornindal
Bygda blir også kalla Sudstranda, og da er det rekna heilt fra Skåpavika til Skrede. Denne bygda, og dei 60 innbyggjarane som bur her, har mykje å by på og vise fram om ein tek seg tid til å stoppe opp litt.

Tidlegare i haust var det ein reportasje i lokalavisa om Holmøyane og den nye bygdavegen som dei har bygd på dugnad.
Eg vart imponert og nyskjerrig så eg tok turen for å utforske. Fann ut at eg skulle sjå meir av bygda når eg først var der, og det vart både ein, to og tre turer til Holmøyane.
P1120954 Utgangspunktet for turen.
Turen min starta der den gamle riksvegen tek av fra den nye riksvegen, lengst aust. Ein er da i Holmøyvika. Her ved denne garasjen er det god plass og parkere bilen. Men pass på at den ikkje står i vegen for anna ferdsel. Så da er det berre å ta beina fatt. Utforske.
P1120956  P1120957
Noke av det første ein ser når ein starter på turen i Holmøyvika er bygda på andre sida av vatnet, Otterdal.  Ein ser også over til Skjerneset, Kjøsahalsen og garden Hatlelid. Og så ruver Ytrehornsnakken og Gløvrefjellet lenger bak.

Ein kjem fort i mimre modus når ein går på gamle vegar der ein tidlegare sneik seg rundt svingane med bil. No er det ikkje mykje trafikk på denne vegen, men den er fin som gang og sykkelveg for dei mjuke trafikkantane i bygda.P1120959P1120965Når ein kjem litt lenger fram ser ein tydeleg at det er aktivitet og utvikling i bygda. Og at her er aktivitet kan ein godt forstå. For Holmøyane er nesten «verdens navle» og  ligg veldig sentralt til med pendleravstand både til kommunesenteret i Eid, Hornindal,Stryn , Volda og Ørsta.  Boligfeltet Høgda er opparbeida med infastruktur til totalt 9 tomter.  Fire av dei er selde og eit hus er allereide komt opp.
P1120970 Høgda boligfelt.
Turen min gjekk ned veien til høgre og etterkvart kom eg ned til eit hyttefelt. Følg vegen vidare , forbi krysset der vegen går ned i Leirvika.
P1130041 Leirvika, ein idyllisk plett ved vatnet.
Det nye hyttefeltet, Nesjane, ligg usjenert og stille til med flott utsikt over vatnet. Ikkje ein lyd var å høyre fra hovudvegen. Der er mange store fine hytter å sjå. Etter å ha snakka med kjentfolk fekk eg vite at der fremdeles er ledige tomter. Holmøyane med fiske, bade og turmuligheiter må være eit eldorado for dei som søkjer friluftsliv.
Gå vegen heilt til endes i hyttefeltet og vidare i skogen heilt til ein kjem ytters på neset. Da har ein dei fine holmane rett fram for seg.P1120993Turen gjekk vidare gjennom skogen og over til Storevika. Enda ein idyllisk plass med utsikt over vatnet og fin kveldssol.
P1130014  P1130441 Storevika
Like utanfor Storevika ligg Landholmen. Der har familien Holmøy, som eig Holmøy Arbeidsskule, familiegravplass. Det var Ola Hansson Holmøy som i 1904 fekk løyve av Kongen til å leggje familiegravplassen på den vesle holmen. Dette er ein nydeleg plass å stede sine kjære til den siste kvile.
Holmøy Arbeidsskule vart skipa i 1858 og det var den første arbeids- og snikkarskulen i sitt slag i landet. Kvar sommar, dei siste sju åra, har det vore kunstutsilling i lokala til arbeidsskulen.
Der er også internat,som er delvis utleigd om sommaren, i same tunet som arbeidsskulen stå.
P1130430Dugnadsånda lever også i Holmøyane.I denne velse bygda har dei  grendalag,  idrettslag og  skytterlag. Von cup vart i mange år arrangert på fotballbana i Holmøyane. Dette var ei stor fotballturnering for  hobbylag fra nabobygdene. Det vart kjempa  om den gjeve pokalen både i kvinneklassen og herreklassen.P1130447Grendahuset Vonlund med idrettsbane/fotballbane mot Hornindalsvatnet.
Det siste dugnadsprosjektet dei har hatt føre seg er blant anna den nye bygdavegen, som går fra boligfeltet Høgda og til Gjeilefjæra. Den vart offisielt åpna 3 oktober med snorklipping av ordfører Alfred BjørloP1130016Gjeilefjæra er ein fin plass ved vatnet som blir brukt til badeplass og sosial møteplass når årstida og veiret tillet det.
No når den nye bygdavegen er bygdt, kan ein kome seg fra Holmøyvika, Høgda boligfelt og Storevika og til Gjeilefjæra utan å gå på den sterkt traffikerte riksvegen. Bygdavegen går vidare fra Gjeilefjæra forbi fabrikken og langs vatnet heilt ut til Arbeidsskulen. Kanskje med tida heilt til grendahuset Vonlund.P1130024P1130030Her ser ein bygdavegen som kjem ned bakken fra vegen som går til Storevika.
Denne rundtur snur her i Gjeilefjæra og går tilbake opp bakken og til bilvegen som går til Storevika. Der tek ein til høgre og går mot hovudvegen. Rett før hovudvegen kan ein ta inn på ei rås gjennom skogen, gå forbi tre hytter, og kome igjen på den gamle riksvegen. Da slepp ein å gå langs hovudvegen. Når ein da er komt på den gamle riksvegen igjen, går ein den tilbake til bilen.
P1130032 Også i Storevika er der hyttetomter for sal..
P1130035  Skilt ved gamle riksvegen fortel om eit aktiv bygdelag.
På tilbaketuren ser ein på høgre sida det nye industriområdet i bygda. Der har det allereide etablert seg ei bedrift med hovudkontor. I Holmøyane er de også to fabrikker om har 3-4 arbeidsplasser.
P1130460  P1130415P1130459  Bilder fra arbeidsplasser i bygda.
Denne rundturen i Holmøyane er ca 4,5 kilometer og er enkel å gå. Vær nyskjerrig og utforsk nabobygdene.P1120976

Kart over turen finn ein på ut.no: Holmøyane/ Sudstranda

GOD TUR!!

Fladalen til Movatnet

P1100945Fladalen går fra Storsetervatnet og innover til  Movatnet. Utgangspunktet for turen er ved parkeringsplassen ved Stigedalshytta på Stigedalen.

Fjellet som ein ser heilt til høgre på bildet, er vestsida av Eidskyrkja. Dette fjellet ser ein heile vegen innover til Movatnet.

Denne turen går for det meste på grusveg. Berre dei siste ca 400 meterane fram til vatnet går på sti. Eg anbefaler å ta turen til fots eller sykkel.  Om ein velger å ta med bilen så må ein være klar over at det er bomveg innover  og oppfordringa er at sjølv om bommen er åpen så betaler ein dei 30 kronene.
P1110019  P1110018
Da det skulle byggast kraftlinje gjennom Fladalen i 1964 kom også grusvegen. Grusvegen er fin og  det moglegheiter for mange å ta turen uten å ta med bilen. Sykkel, barnevogn, rullestol,rullator og trøtraktor er gode alternativ. Så her kan heile familien fra dei yngste til dei eldste være med. Det er  gode moglegheiter for å ta ein piknik på ein av setrevollane som ein fær forbi. Turen starter ca 270 moh og Movatnet ligg på 422 moh. Så dette er ein fin tur med ca 150 meter stignig. Heile turen fra parkeringsplassen og til Movatnet er på 6 kilometer, så fram og tilbake tilsammen 12 km. Har ein bil framme på parkeirngsplassen kan ein sende den sprekast framatt etter den.
P1100949  P1100957 Fin grusvei.P1100950Utsikt tilbake til parkeringsplassen, Stigedalshytta og over Storsetervatnet.

På Storesetra er det ikkje så mykje som viser igjen etter seterdrift.  Rett etter Stigdalshytta, på venstre sida når ein går innover,  kan ein sjå to gamle fjøsar. Ellers er det nyare hytter som står langs vatnet.P1100952Her ser ein Bakkesetervatnet med Bakkesetra ved enden.P1110013 Bakkesetra.P1100960 SagesetraP1100963Sagesetra har namnet sitt etter sagbruket som ligg på andre sida av elva. Saga vart bygd i 1836 og var ei sirkelsag. Saga vart restaurert i 1990 og fekk da nytt vasshjul.

På Sagesetra er det fremdeles drift om sommaren. Så i dalen kan ein møte beitande kyr og  aktivt seterdrift.

Elva har du som selskap på heile turen innover dalen. Og går ein tom for drikke er det gode moglegheiter for å få fylt flaska si igjen. Det er ein stille og roleg dal. Sjølv om det er bilveg er det ikkje store trafikken.

Eg var tidleg ute og snøen var ikkje smelta heile vegen. Men den søen som låg var fast og fin å gå på. Vegen blir brukt som trasee for skiløyper om vinteren.
P1100968  P1100970
Tidleg i juni og fremdeles snø.
P1100966
Også kraftlinja gjennom dalen ser ein heile tida. Kraftlinja som vart bygd i 1964 skal rivast når den nye er oppe å går. Etter det eg har forstått så skal ikkje den nye gå heilt nede i dalen.
P1100974  Leivdalsetra / Langevatnsetra

På turen går ein forbi fire setrar. Alle høyrer til gardane i Leivdalen. Dei to fremste setrane vart brukt som vårseter, og fleire av bruka har derfor seter på fleire plasser.P1100977Langevatnet 404 moh og fremdeles is på den 6 juni.
P1100983  Ved vegenden er der fin rasteplass.
P1100984  Oppslag fortel om andre turmål i området.
Fra vegenden til Movatnet går turen over til sti/rås. Den går delvis over myr og kan til tider være ganske våt. Litt tilrettelagt med planker på enkelte stader.
P1100985  P1100986P1100987P1100997Framme ved Movatnet er det stillheita du møter. Her kan tankane vandre fritt. Dei er heldige dei hytte eigarane som har sine perler langs vatnet. Midt i bildet ser ein fjellet Skardhornet 1043 moh og til venstre ser ein vestsida av Eidskyrkja 1243 moh.

Det er mange fine vatn innover dalen. Og løyser ein fiskekort er moglegheitene store for å få fisk på kroken. Fiskekort kjøper ein framme ved bommen.

Fra Movaten kan ein finne fine turer vidare. Går ein gjennom Rinddalen kjem ein til slutt ned i Høydalen i Austefjorden.

Kart over turen finn du: Fladalen til Movatnet

TA TUREN OG UTFORSK DENNE STILLE  FLOTTE DALEN.

Sørsida av Lovatnet

P1100010Tidleg i april tok eg turen til Loen og Lodalen. Ville finne nytt turterreng og tidleg vår. Eg hadde studert kartet og funne ut at på sørsida av Lovatnet var der ein gammal ferdselsveg eller ein skogsveg. Eg viste ingenting om veien før eg starta, men syns det er spennande å utforske.

Lodalen er eit kjent turmål. Dei fleste har vel vore på biltur eller sykkeltur opp dalen og sett dei fine gardane som ligg der under dei høge fjella,  vatnet og kulturlandskapet på setra Breng.  Lengst opp i dalen ligg Bødalen, Kjenndalen og Nesdalen. Dette har vore flotte turistmål i mange mange år, men det er også grender der det  har det  vore mykje dramatikk og tragedier.

Eg parkerte ved vassenden på Sæten, der var det godt skilta, både til turen eg hadde tenkt å gå og andre turmål. Når ein parkerer for å gå på tur, så tenk litt etter kor og korleis ein parkerer bilen.

Når ein er ute på tur må ein ha i tankane eventuelle farer som lurer. Som her i Lodalen. Tidleg om våren er det fare for ras i dette terrenget. Folk fra Lodalen har sett fonn ved Nesbøen heilt fram til midten av mai. Denne turen bør nok takast når det lir mot sommar og eventuell snøras er komt ned. Det er også lurt å prate med lokalbefolkninga om ein er usikker på om det er trygt terreng å ferdast i.
P1100006 Bilde: Godt skilta til turmål på sørsida av Lovatnet.
P1100010Utsikt fra brua mot Vassendeholmane og opp dalen.
P1100013
Parkerer  ved brua og gå bygdevegen eit stykke til desse skilta. Da er det enkelt og greit berre å følge vegen. Vegen er 6 kilometer lang, MEN ein kjem seg ikkje heilt til endes. Det har gått ein del ras, så der er ein del jord,skog og stein som ligg i vegen. Kvar og ein får finne ut kor langt ein vil utforske.

Det som var teikna inn på kartet var ein skogsveg, bygd ein gong på 80-talet. Første del av veien er skogsbilveg som også blir brukt av store tømmerbiler. Til lenger innover ein kjem til mindre er veien brukt og det er behageleg underlag å gå på. Her er også veldig fint å  sykle. Stille og fredeleg og ingen trafikk. Ein av grunneigarane fortalde meg at han brukte å setje ut eit par benker langs veien. Så da er der fine moglegheiter for å ta ein pust i bakken og finne roen.P1100017  P1100016
Etter lunneplassen er der eit turalternativ som har blitt anbefalt. Det er å gå Kleppveien. Ein avstikker på skogsveien, 3 kilometer motebakka. Vart fortalt at det da blir flott utsikt over Loen.
P1100069
P1100018  P1100027
P1100021  P1100023
Det er stille og roleg å gå denne vegen. Ta deg tid til å studere på naturens mange kunstverk.
P1100025P1100029P1100030 P1100033
Omlag halvvegs på turen kjem ein til ei nedlagt seter, Nesbøen. Dette var seter til fire bruk på Sæten. Dei hadde også seter på Breng. På den tid da begge setrane var i bruk, jaga dei først buskapen til Breng om våren. Når det var slutt på beite der, var det å jage buskapen heile vegen til Vassenden og oppatt langs sørsida til Nesbøen. Ein avstand på ca 7,5 kilometer. Når det så var slutt på beite på Nesbøen, var det å jage buskapen tilbake til Breng.P1100035  P1100037 Selet på Nesbøen.P1100042  P1100045
Etter å ha passert Nesbøen vart det vansklegare å ta seg fram. Her må kvar enkelt sjølv finne ut kor langt ein vil gå. Eg er nyskjerrig av meg og hadde lyst til å sjå litt meir, så eg klatra over raset og fortsatt eit stykke til.P1100049  P1100050
Eg kom etter kvart til eit elvefar, Helseteina, som hadde fått hard medfart. Her hadde store mengder stein komt ned og tatt med seg heile vegen. Enorme naturkrefter som har vore i sving. Bak fjelltoppane på bildet ligg Ramnefjellsbeen.
P1100052  P1100055
Da eg fann det for godt å avslutte turen pga ras i vegen, fann eg ei lita bortgjøymt sandstrand. Her var det berre å setje seg ned og nyte stillheita og lyden av bølgeskvulpet.P1100058Turen fra Vassenden og til der eg avslutta var ca 6,5 kilometer, så 13 km tilsammen. Ein fin og lett tur der ein også kan bruke sykkle og sportsvogn eit langt stykke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sørsida av Lovatnet

TA TUREN OG SJÅ LOVATNET OG DALEN FRA SØRSIDA.

 

Sagtennene / Høgefjellet / Trolledalsegga

Kjært barn har mange namn. Når eg les kart så er det forskjellige namn på denne toppen. Det er slik med mange fjelltopper. Dei har forskjellige namn alt etter kor ein ser toppen fra.  Eg har alltid kalt denne for Sagtindane, men på kartet står Sagtennene.

Den turen eg skal skrive om her er turen fra Lotsstøylen og til tv-sendaren på Sagtennene/Høgefjellet/ Trolledalsegga. Ein ser denne sendaren tydeleg i himmelsjå når ein køyrer rv 15  Stryn – Nordfjordeid.

Eg har valgt utgangspunket på Lotsstøylen. Den ligg høgt og fritt ca 480 moh. Det er bilveg heilt fram til støylen. Faktiskt er det bilveg heilt fram til sendaren på toppen, men det er kun for dei med køyretillatelse.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein E39 fra Nordfjordeid til Lote. Eller ein kan køyre Panoramavegen til Lote.   Køyr mot Lotsberg, etter ca 500 meter ta av til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Det er ikkje skilta så vær observang for det kan være  vanskeleg å forstå at det er der vegen går vidare.

Frå avkjørsla ved E39 og opp til Lotsstøylen er det ca 4 kilometer. Det er grusveg og om ein vil kan ein starte turen heilt nede ved hovudvegen.  Sykkel er også fult mogeleg på denne turen. Men det er ein bratt tur. Toppen  ligg på 1022 moh.
P1080080
Her er beitande dyr så pass på å lat att grindene.P1080081P1080082 Fin grusveg heile vegen.P1080085Fra Lotsstøylen og til toppen er det 4,2 kilometer. Dette er ein barnevennleg tur. Ta med ei vogn så dei små føtene kan få kvile litt innimellom. Har ein barn som ligg i barnevogn så er heller ikke det noke problem. Trill i veg. Det er god trening for lår og rompemuskelaturen. Bruk ein finveirsdag av permisjonstida og gå ein tur til fjells med minstemann.
P1080088    P1080091P1080093P1080094Når ein nærmer seg toppen flater terrenget ut og ein kan strekke litt på muskelaturen. Siste stykke på ca 1,5 kilometer  føl vegen egga til sendaren. Da har ein fin utsikt både til Hornindalsvatnet og til Nordfjorden.P1080097Disigt i fjella, men likevel nydeleg. Også så flotte haustfarger i fjellet no.P1080099Varden står eit stykke fra sendaren og var liten i forhold. Her har ein flott utsikt til Hornindalsvatnet og bygdene rundt.P1080100P1080101Utsikt mot vest. Her ser ein Eid sentrum, Eidsfjorden, Trollenykjen, Hunvikfjorden.P1080122Utsikt mot sør. Her ser ein Anda og Hestenesøyra.P1080127P1080134Lotsstøylen ligg fint med utsikt mot Hunvikfjorden. På sørsida av fjorden ser ein Hyeneshesten, Skeistrandhesten og Nosa. Alle på ca 1200 moh.P1080137Ta turen og utforsk nabobygdene. Flott natur og utsikt til kansje ukjende fjell. På denne turen treng ein ikkje bli våt på føtene heller.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sagetindane – Høgefjellet – Trolledalseggja

GOD TUR!!!!

Flofjellveien.


P1060235
Flofjellsveien går mellom bygdene Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn. Dette er ein gammal ferdselsvei som er tatt godt vare på og som er mykje brukt både av fastbuande, av cruisturister og for andre som er i området. Dette er eit fantastisk turområde. Ein tur som egner seg for heile familien. Det går fint ann å ta med barnevogn..

Vegen har eit fint underlag. Det er stort sett grusvei med innslag av nokre steinete parti. Den er brei og fin meste parten av turen. Berre eit stykke forbi Stegholen er det litt smalere.  Frå Vollset til toppen av Flofjellet er det svak stigning. Fra Flofjellet og ned til bygda Flo er det bratt nedstigning.

Veien har ei historie som eg ikkje kjende til før googla litt om turen og les informasjonen som var langs veien. At gardane Vollset og Brekke sokna til Innvik og Stryn prestegjeld fortel litt om den veien dei måtte gå for å kome til kyrkje i gamle dager. Veien vart også brukt som postvei, friarvei og handelsvei.

Da eg starta på turen så tenkte eg at dette her blir vanskeleg å formidle. Inntrykka var så mange. Ord blir så fattige når ein skal beskrive naturen og stemninga ein opplever. Eg vil prøve å gje ein liten bit av det, resten må ein oppleve sjølv.

Denne turen er ca 10 kilometer  og med høgdeskilnad på 355-540-212 moh.

Men la oss starte turen….

For å kome seg til Vollset, køyrer ein Fylkesvei 60 til Hellesylt. Der er det skilta til Flofjellvegen til høgre. Da køyrer ein 12 kilometer innover Sunnylvbygda. Også bilturen inn dalen er flott. Korsbrekkelva med sine laksetrapper er fin å sjå på. Ein køyrer forbi Helset, Frøysa, Hole, Bjørdal, Brekke og kjem til Vollset.  Opp bygda ser ein mange store, fine og velstelte garder.

På Vollset (siste garden) står der skilt vidare til parkering Flofjellet, ca 500 meter lenger fram.
P1060106

P1060105
Veien er godt merka så det er ikkje fare for å gå feil. Respekter skiltet som fortel at det ikkje er lov å køyre lenger.
P1060110  P1060111
Logistikken kan være ei utfordring på denne turen. Vi valgte å ta med ein sykkel og Stig var den som sykla fram og tilbake for så å køyre til Flo for å hente meg.  Avtal gjerne med nokon om å bytte bil. Da kan ein ta felles matpause når ein møtes på fjellet.
P1060113
Her ser ein tilbake til gardane på Vollset.
P1060114
Ei gammal utelade som heilt sikkert har tjent til sitt formål i si tid.
P1060115  P1060116
Det er ein del grinder/led langs veien. Det er veldi viktig at ein let dei att etter seg da det er beitande dyr i området.
P1060121
Det var lavt skydekke denne dagen, men sola jobba hardt og fekk tilslutt varma lufta slik at dei lave skyene forsvant. Grønt og frodigt heile turen.
P1060123
Der ein passerer elver var det bygt gode og robuste bruer. Brukara er fra mellomkrigstida da det var veiarbeid her for å knyte bygdene på kvar side av fjellet saman.
P1060126

P1060129
Det er mange inntrykk når ein går på slike stier/veier. Lukta av dyr på beite, elva som buldrer, fuglane som kvittrer og når ein går langs dei tre vatna, Nestevatnet, Stegholvatnet og Angelsvatnet og høyrer «bølgeskvulpinga» da er livet herleg.
P1060135
Det ermange fine kvileplasser langs veien. Fint å setje seg ned her og nyyyyte stillheita og kansje ein kopp kaffi.
P1060137
Ved Nestevatnet var der mange fine naust på rekke og rad. Også båter som låg i terrenget. Kan tyde på at det er fisk i vatnet.
P1060138

P1060144
Eit av sela ved Nestvassætra.
P1060147  P1060150
Bilde 1: Ein utgått skosåle…..                     Bilde 2: Kva kom først, selet eller steinen??
P1060160
Skal tru om dei tre bukkene bruse har gått over denne brua for å kome til seters for å gjere seg feite?
P1060167
Veien snor seg vidare og enkelte plasser ser ein slike perler. Små hytter som ligg stilt og fredeleg med utsikt til Stegholvatnet.
P1060182
Her i Stegholen er der veien er på det smalast. Det er her det har vore vansklegaste å bygge vei. Hammarane stuper rett i vatnet. På info skiltet finn ein mykje informasjon om veien. Ta deg tid til å lese, enten her på bloggen eller når du tek turen.
P1060179  P1060180

P1060181
  P1060183
I Stegholen går fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
P1060188
  P1060199
Her i Stegholen er veien på det smalaste med bratte hammer rett i vatnet. Anleggsarbeidarane som jobba her i mellomkrigstida sette opp stabbesteiner og ei form for rekkverk. Det er ikkje vanskeleg eller skummelt å gå her. Ein må berre passe litt ekstra på om ein har barn med seg.
P1060207
Uten mat og drikke duger fjellvandrere  ikkje. Matpause når syklisten kom i retur fra Flo.
P1060212
Fjellet i midten er Rinddalshynja. Den ser ein tydeleg fra Stryn sentrum.
P1060216
Øvre Flosetra.  Setra for dei øvste gardane på Flo.
P1060225
Skihytta på Flofjellet. Den høgaste toppen bak er Fedalsnibba. Les info om skihytta på infoskilt eller på bilda. Gammal stove.
P1060227
  P1060231
P1060232

P1060240
Her er vi på veiens høgaste punkt og ein ser i fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet. Heilt til høgre skimter ein Skåla og så ser ein mot venstre Storskrefjellet og Tindefjell.
P1060251
  P1060252
Til og med badestrand har dei på Flofjellet. Men som skiltet viser så vis hensyn ved bading.
P1060253
Nedre-Flosetra høyrer til gardane lengst nede på Flo.
P1060258
  P1060263
Bøndene på Flo har gått ilag om å bygge traktorvei til setrane på Flofjellet. Det er bratt nedstigning fra Øvste brekka.
P1060262
Når ein er komt over høgaste punktet på Flofjellet og bjønde unndabakkjen får ein  fantastisk utsikt mot fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet.
P1060268
Ikkje noke problem å kome seg tørrskodde over elvane. Her er det godt tilrettelagt. Om ein går turen fra Flo og mot Vollset så må ein rekne med bratt oppstigning fra Flo. Høgdeskilnaden på turen er fra Vollset 355-540-212 moh.
P1060272
  P1060277
Landskapet åpner seg når ein kjem ned bakkane og ein får eit glim av bygda Flo langt der nede.
P1060284
Det seiest at da Per Bolstad kom ned bakkane her som 11 åring fekk han eit syn som han aldri gløymde. Det skal være her han fekk inspirasjonen til «Fagre Stryn».
P1060291
Det er langs veien ein del skilt, men lite informasjon om kva namna betyder. Flott utsikt over Oppstynsvatnet. Når ein no kjem ned på markene og kjenner lukta av nyslått gras da er det sommer!!
P1060293
  P1060305
Etter å ha passert desse to digre trea kjem ein ned på snuplassen på Øvste Flo. Om ein starter turen fra Flo må ein ikkje parkere på denne snuplassen. Det kan skape problem for anna trafikk som skal nytte snuplassen. Litt før ein kjem fram til snuplassen står der eit skilt og ei postkasse. Det er ein lokal bonde som stiller litt av marka si til disposisjon for parkering.
P1060304

P1060302
Flott utsikt mot Erdalen og det mektige fjellet Hjellehynja og med frukttre i framgrunnen.
P1060298
Kart over turen finn ein på ut.no: Flofjellvegen, overgang mellom Sunnmøre og Nordfjord

Og på Outtt.no: Flofjellveien

GOD TUR OVER FJELLET

Knutsdalen – Strynesetra

Ein ny tur er utforska og eg vil dele opplevelsane med dokke. Her er  mange fine plasser å utforske i eigen kommunen og i nabokommunane.
P1050687
Denne gangen har eg plukka ut ein tur i nabokommunen, Hornindal. Turen går til Knutsdalen og Strynesetra. På denne turen kan ein gå, sykle, ta med barnevogna ja til og med køyre bil heilt fram. Og det kan no være eit godt alternativ om ein vil ta med nokon som ikkje klarer å gå turen sjølv. Det er fin grusvei heile vegen.

Turen fra Nygård til Strynesetra er ca 5,5 kilometer.

For å kome til utgangspunktet  køyrer ein Rv 60 mot Hellesylt. Ca 10 kilometer fra Grodås, kjem ein til krysset som går til Seljeset.
P1050686
Ta av i krysset til Seljeset og vidare til venstre ved brua.  Da kjem ein til dei to gardane på Nygård. Da eg gjekk turen snakka eg med ein bonde og eg fekk parkere bilen min på tunet hans. Men om ein køyrer nokre hundrede meter forbi gardane (køyr mellom dei to bolighusa) så kjem ein til ei ferist. Der er det plass å parkere bilen. Ein kan også køyre så langt som det er fast dekke. Der er det god plass å parkere. Ein står da i utmak, og ein må være klar over at her er beitande dyr som kansje er nyskjerrige på bilen din.
P1050687
Inntrykka står i kø allereide fra første trakk. Det er grøne marker som snart er klare for hausting, fremdeles snø i fjellsidene og fuglane som syng som dei er galne.
P1050700
Nokon har gjordt det litt vanskeleg for seg sjølv.

Gardane på Nygård ligg på ca 330 moh. Strynesetra ligg på ca 500 moh. Stigninga kjem på første del av turen.

Utsikten mot andre deler av Hondalen og fjella rundt er upåklageleg. Her ser vi mot Hornindalslida og det kjente fjellet Honndalsrokkjen som med sine 1529 moh ruver godt i terrenget.
P1050705
  P1050714
Det er tydeleg at det er stor snøsmelting i fjellet no for Knutsdøla var stor og buldra godt. Men om ein vil er det muligheiter for å dyppe føtene  i ei av sideelvene. Om ein leiter finn ein kansje ein kulp så ein kan kjøle seg skikkeleg ned.
Knutsdalen blir brukt som fellesbeite for gardane på Seljeset og Nygård. Det er i alt 8 bruk som sender buskapen sin på beite i dalen. 
P1050729
P1050730Etter å ha gjordt unna det meste av stigninga  kan det være godt å setje seg ned og kvile litt. Her er det tillaga med benk så det er berre sesse seg godt og finne roen.  Stilt og fredeleg og flott utsikt mot fjella i sør. Nyyyyyt.
P1050731
Eg kom også forbi det som vi før i tida kalla ei grushole. Det gav  assossiasjonar til barndomen. Eg og søskena mine hadde ei grushole i nærheita av heimen. Der bygde vi oss gardar, veier,bruer, tunneler og hadde store buskaper. Det meste laga av ting vi fant i naturen. Og så var det alle dei små bilane.
P1050733
Ved Knutsdalssetra flater vegen ut. På denne setra står det berre ein fjøs. Ellers på setrane i Knutsdalen er bygningane tatt godt vare på.
P1050734
Eit lite stykke lenger inn i dalen ligg fellessetra Sandgrova. Dette var ei vår og haust seter til Strynesetra. Der var også meieri på denne setra. Drifta av fellessetra starta i 1958 og ein familie hadde budeiejobben i tre generasjonar. På det meste var det 91 kyr. Her var det felles setring  fram til 1997/98. 
P1050735
P1050744   P1050749
P1050745
Vegen vidare fra Sandgrova er fin og lett inn til Strynesetra. Ei flott seter som litt opp på ein haug. Mange lurer vel på kvifor det heiter Strynesetra her i Hornindal. I boka til Kjell Råd, Setrar i Hornindal, kan ein lese at eit segn fortel at etter svartedauden var det ein attlevande gut frå Seljeset som slo seg saman med ei jente fra Stauri i Stryn. Dei busette seg på Stauri. Sonen deira brukte farsgarden Seljeset som seter. Setrevegen gjekk da over Skårdalen og Skåraskaret. P1050758Bilde: Strynesetra med Knutsdalskardet til venstre og Seljesetskardet/Kyrkjeeideskardet til høgre.

Ein har flott utsikt mot fjella rundt heile dalen.  Ein ser: Seljesethornet, «Bjørnen»/Nonsteinfjellet, Kragefjellet/Natakupa, Seljesetskardet/Kyrkeideskardet, Steindalseggja, Knutsdalskardet, Mannefjellet, Langerusthornet og Muldsvorhornet.
P1050764
Bilde: Seljesethornet og Nonsteinfjellet. Sel og fjøser til åtte bruk står tett i tett på Strynesetra.
P1050757
Bilde: Kragefjellet og Natakupa bak.
P1050762
Bide: Her ser ein inn i Botnen. Knutsdalskaret til venstre og Seljesetskaret/Kyrkjeeideskaret midt i. Kort vei over til Stryn.
P1050758

Kart over turen finn ein på Ut.no: Knutsdalen – Strynesetra

GOD TUR!!

Nosakleiva – Flott familietur

Nos er eit utsiktspunkt på Panoramaveien på nordsida av Nordfjorden. Utsikten ut Nordfjorden og til gardane i Randabygda, Hopland og Hennebygda er fantastisk.  Utsiktsplattået ligg på austsida av Nostunellen og der ligg også garden Nos. Ein liten parkeringsplass gjer det enkelt å parkere bilen om ein vil ta ein spasertur til utkikspunktet på nedsida av veien. Utkikspunktet ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett i fjorden. Utsiktspunktet er godt sikra med gjerde.
P1050575
P1050574Denne turen kan ein gå fra to kanter. rEin kan starte ved utsiktspunktet eller køyre gjennom tunellen og parkere der.Min tur gjekk fra Slettene og turbeskrivelsen blir frå den kanten.
P1050586
Bilde: Det er gode parkeringsmoglegheiter i Slettene.

Dette er ein flott tur i storslagen natur. Vegen over Nosakleiva er ein gammal anleggsveg som vart bygd på 60-talet, da tunellen vart bygd.
P1050584  P1050587
Vegen har eit mjukt dekke. Det kan være litt steinete enkelte plasser, men ikkje noke vanskeleg å gå eller trille på. Det er brei og fin trasse heile vegen.  Sykkel som er eigna for terreng er eit fint  alternativ.
P1050589
Frå parkeringa i Tvinneriemsslettene snor vegen seg i fem hårnålsvingar opp lida. Stigninga er jamn og fin og ein merkar nesten ikkje at det går oppover.
P1050596  P1050598
Bilde 1: Ein merker nesten ikkje stigninga. Bilde 2: Midt i bilde ser ein mot Mosehogane og Hoplandskaret

Etter kvart som ein plukker høgdemeter får ein også betre utsikt. Da ser ein gardane på Tvinnereim, mot Glitreggja og inn Slettene mot Klebersdalen.
P1050600
Bilde: Gardane på Tvinnereim.
Det var ein nydeleg dag da eg gjekk turen. Sola var framme, men jammen fekk eg også nokre små regndråper i nakken. Blomstrane stod langs veikanten og lyste mot meg. Fuglane sang sine melodiar opp att og opp att. Eg høyrde også bjøllene fra dei beitande dyra på dei nærmaste gardane. Ein lyd som blir sjeldnare og sjeldnare.
P1050593
Bilde: Flotte molteblomstrar. Kansje blir det litt bær til hausten?

Etter å ha gått dei fem hårnålsvingane, flater terrenget ut. Fram på kanten får ein fantastisk utsikt mot fjorden, bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda.
P1050601  P1050602
Bilde 1: Langt der nede ser ein Hopland kai og Randabygd kyrkje.
P1050606
Bilde: Her får ein eit innblikk i kor bratt det er i bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda

På Nosakleiva er ein halvvegs fra Tvinnereimsslettene til Nos. Ein har no gått 1,3 kilometer og det er like langt til Nos. Eg anbefaler å fortsetje ned på andre sida av Kleiva.
P1050607
Men før ein går vidare, ta ein tur opp stien rett bak skilta. Etter ca 100 meter er der enda eit utsiktspunkt.
P1050610
Vegen ned til Nos går i slak unnabakke. Det er her, som med alle andre veger, at skogen vekst til langs vegkantane.

Gauken var veldig aktiv da eg gjekk innover fra utsiktspunktet og mot Nos. Det er noko spessielt å høyre den fuglen. Det gjev ein god sommarfølelse.
P1050624

P1050629  P1050633
Det er mykje å sjå og utforske i skogen. Ta deg tid til å sjå deg rundt også der det ikkje er utsikt.
P1050658

P1050659
Bilde: Spor etter gammal steingard.
P1050638
Bilde: Tett granskog som  fungerer som gjerde mot avgrunnen.

Det er også merka stier til andre turmål langs veien.
P1050625
Når ein nærmer seg Nos går ein gjennom ei grind og kjem  inn på dyrka mark. Vis hensyn og gå langs kanten og på linje så ein ikkje trakker ned graset!!!!
P1050640
Når ein går på tur i slik natur som vi har rundt oss kan ein virkeleg senke skuldrane. Ta ein tur der turen i seg sjølv er målet. Ikkje bruke stoppeklokke som tar tida, ikkje tenkje på kaloriforbruket, berre nyt alt det vakre vi har rundt oss og kjenn kor deilig det er å ha stillheita rundt seg.

Denne turen er ca 2.5 kilometer ein vei. Det er ein flott tur som eignar seg for både store og små, unge og gamle. Og eit tips er at om ein er fleire i følge og  berre vil gå ein vei, så send ein sjåfør tilbake over Kleiva etter bilen eller parker ein bil på Nos før ein starter turen.
P1050662
Bilde: Her ser vi Utvikfjorden, Utfjorden, Randabygda, Hopland og Hennebygda.

Kart over turen finn ein på ut.no:  Nosakleiva

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑