Rundturen i Tippaskogvegen er ein tur på grus-og skogsveg i slakt skogs-og fjellbeitelandskap langs deler av den verna Trondhjemske postvegen. Turen får eit kulturhistorisk tilsnitt med den gamle steinbrua over Ljøsurelva, merkesteinar langs postvegen og gamle setrevollar.
Denne turen kan ein også ta med sykkel og barnevogn og deler av den kan takast med rullestol. Det innerste stykket av Tippaskogvegen er meir ujamn og kan være vanskeleg for dei med rullestol.
Heile runden er på 8 kilometer og det høgaste punket er 375 moh.
Utgangspunktet for turen er like ved Harpefossen skisenter i Hjelmelandsdalen i Eid kommune. Der er det god plass til parkering. Elva Hjalma renn gjennom Hjelmelandsdalen og turen går innover på høgre sida av elva. Der er god bru over elva ved utgangspunktet.
Hjelmelandsdalen er også utgangspunktet for mange andre turer i området, turer som er merka, graderte og skilta i henhold til ny standard. Ta deg tid til å studere skilta, kansje finn du fleire turer du har lyst å ta.
Etter at ein har gått over brua kjem ein til eit kryss. Tek ein til høgre går ein den gamle setrevegen over Tippasetra og kjem innatt på skogsbilvegen like etter setra. Held ein til venstre føl ein løypetraseen som går litt lågare i terrenget, og kjem innatt på skogsvegen etterkvart.
Tippaskogvegen er ein flott skogsbilveg som vart bygd i 2000.
Langs denne rundturen går ein forbi mange setrar. Dette er setrar som høyrer til gardane fra Eidsfjorden, grendene på og rundt Haugen og opp Hjelmelandsdalen.
Heile den fremste delen av Hjelmelandsdalen har eit samanhengande stølskulturlandskap der bøane og stølsgrendene nesten går over i kvarandre . I dalen ligg setrane Naustdalsetra, Tippasetra, Nakkesetra, Bjørhovdesetra og Sevlandsetra. Ingen av setrene er lengre i vanleg drift, men det er beite av sau, kyr og til gardane på Haugland hest. Dei fleste stølsvollane i dalen er trefrie, men lyng, einer og bjørk er i sterk framvekst. Setrane er også endra av tilrettelegging for friluftsliv. Dei fleste av sela og fjøsane på setrane er bygde på 1800-talet, no er mange av dei ombygd og utbygd og nye hytter er oppført. Mange plasser ser ein steingardar av naturstein rundt setrane. Dette gjorde nytte som gjerde rundt setrane og var som grense mellom innmark og utmark.
Tippasetra høyrer til gardane på Haugland og i Lidene.Nakkesetra/ Nakkjen høyrer til gardane på Haugen og Åsen. Her ligg det setrehus/fjøs både ovanfor og nedanfor skogsbilvegen.Skogsbilvegen er slak og stille. Enkelte plasser er det laga til så ein kan setje seg ned og ta ein pause.
Innerst i Tippaskogen går skogsbilvegen over til skogsveg og underlaget blir litt meir ujamnt, men fremdeles godt å kome seg fram til fots og på sykkel. Det går også ann å kome fram med sportsvogn om ein har store hjul.Ved Sevlandsetra/Brekkefoten, like ved postvegen som går over Brekka, står ei bålhytte som fritt kan nyttast av alle som vil. Denne er bygd av entusiastiske pensjonister og i regi av Haugen i.l, Harpefossen skisenter og Gjensidigestiftelsen. I bålhytta er der bålpanne, ved og fyrstikker. Her kan ein kose seg både vinter og sommer.
Ved Brekkefoten kjem denne turen innpå den Trondhjemske postvegen/grusvegen og følger den framover Hjelmelandsdalen igjen.
Velger ein å gå til høgre starter ein på stigninga på den trondhjemske postvegen over Brekka, som går mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen. Anbefaler alle å ta ein tur over Brekka til Bjørkedalen. Skriv litt om den traseen lengst nede i innlegget.
Like etter at ein er komt innpå postvegen/bilvegen kjem ein til Sevlandsetra. Denne setra høyrer til gardane på Sevland, Engeland, Balsnes og Halsteinslid.
Bjørnhovdesetra høyrer til gardane på Bjørhovde. Bjørhovde er ei grend på vestsida av Hjalma lengst nede i Hjelmelandsdalen.Ljøsurbrua er ei flott gammal bru. Ei av mange bruer som enda finst på den Trondhjmske postvegen. Her er eit fint utgangspunkt til fleire turer. Det er skilta til Kloven, Ljøsuregga, Sandegga og Kjenndalen. Dette er turer av variert vanskegrad.
Naustdalsetra høyrer til gardane i grenda Naustdal som ligg heilt nede ved Eidsfjorden.Når ein har passert Naustdalsetra er det kort vei fram til parkeringsplassen på Harpefossen og utgangspunktet for denne turen.
Om vinteren blir vegen fra Harpefossen og over Brekka stengd. Når snøen kjem blir deler av den nytta til skiløyper.
Rundturen fra Harpefossen-Tippaskogvegen-Postvegen tilbake til Harpefossen er ca 9 kilometer og går i slakt terreng.
DEN TRONDHJEMSKE POSTVEGEN OVER BREKKA.
Når ein er i dette området anbefaler eg ein tur vidare over Brekka og til Bjørkedalen.
Vegen over Brekka er truleg einaste vegen i landet som er ein del av det offentlege vegnettet og som framleis er akkurat slik den var i 1826. Vegen er i seg sjølv eit veghistorisk minne, – ein smal veg med grusdekke som følgjer terrenget i krinklar og krokar, over bakketoppar og ned i søkk, akkurat slik vegen vart bygd og låg der frå tidleg på 1800-talet. Kor i landet kan ein køyre over ei steinhellebru bygd i 1827?! (kilde:Harpefossen skisenter)
Langs den Trondhjemske postvegen kan ein sjå gamle rodesteinar og milesteinar. På grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre står ein grensestein av gammal type. Steinen er frå 1868 og markerer grensa mellom Nordre Bergenhus Amt og Romsdals Amt. Den markerer også grensa mellom Nordfjord Fogderi og Sunnmøre Fogderi.
Milesteinane vart plassert ut med ei mil avstand.
Høgaste punkt på overgangen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen er på 414 moh.
Ta ein pause og nyt stillheita og la tankane gå til dei som i all slags veir og føre skulle fram med posten i tidlegare tider.
Når ein har passert det høgaste punket og starta nedstigninga kjem ein forbi Ljomtjønna og Vasslidvatnet. No vil ein kome til fleire flotte steinbruer. Imponerande byggverk som har stått i mot store vassføringer i mange år.Nedstigninga til Bjørkedalen er bratt, men med eit flott utsikt mot Bjørkedalsvatnet og fjella Keipen 944 moh og Vassendfjellet 1134 moh.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Trondhjemske postveg – Tippaskogen denne er beskrevet motsatt veg.
I sogeskrift for Eid (2008) kan ein lese meir om Den Trondhjemske postvegen over Brekka.
GOD TUR I NYDELEG TERRENG!