Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2021

Kårnyken i Ålfoten

Kårnyken er eit fjell i Bremanger kommune. Turen er lang, men fin å gå.
Når ein er på toppen er det utsikt i alle retninger.
Terrenget i Ålfoten og nærområda er kjent for sine spesielle fjellformasjoner. Dette ser ein tydeleg i sør. Når ein nærmer seg toppen av Kårnyken, er også terrenget der spesielt, med jøl og taggete topper.

Ålfotbreen og den nærliggande Gjegnalundsbreen, er dei vestligaste isbreeane i Norge. Området er eit av dei områda som blei sist utforska og kartlagde i Norge. Breeane og dei nærliggande områda er verna landskapsområde, og er inngrepsfrie, medan så godt som alle vatn, innsjøar og fossefall runddt dette igjen, er regulert til kraftproduksjon.
Terrenget i området er karakterisert av det unike og spesielle hullelandskapet av devonsk konglomerat-sandstein, der ein kan begynne å lure på om ein ikkje har forvikka seg til ein heilt anna planet enn Jorda. Det er over 200 slike hyller frå Svelgen-området i vest, til Hyen i aust.
(kilde: Turistinformasjon Bremanger)

Her ser ein Kårnyken (under den store skya) frå Bjørneskarnakken.

Utgangspunktet for turen er på Ålfotfjellet/Myklebustdalen. Der er god parkeringsplass ved Fv 614, like nord for Myklebustsætra.
Ein starter turen på 260 moh og toppen av Kårnyken ligg på 1060 moh. Tur/retur er turen 15 kilometer. Estimert tid på denne turen er 6-7 timer.

Utsikt tilbake til Myklebustsætra.

Første del av turen går i rås i myrlendt terreng. Ved Korshylla, etter ca 30 minutters gange, blir terrenget tørrare og det er mindre skog. Her ifrå kan ein også nyte utsikten tilbake til Myklebustsætra.

Sætredalsvatnet.

Ved Sætredalsvatnet (595 moh) krysser ein elva ved utløpet av vatnet. Turen går vidare eit stykke langs vatnet før ein tek motebakken og går rett fram langs elva i dalsøkket.
I dette terrenget er råsa vanskeleg å følge, men det er enkelt å gå stigninga på «laust». Ein vil finne råsa igjen ved den store lyse steinen ca midt i bakken.

Utsikt tilbake til Sætredalsvatnet og Ørnereidsvatnet.

Det er sett/lagd opp steiner (varder) enkelte plasser for å vise retninga ein skal gå. Råsa er også innteikna på kart, og bruker ein gps kan ein lett følge råsa eller ta seg innatt om ein har tatt eit anna vegval.

Etter oppstigninga frå Sætredalsvatnet er ein komt opp i 800 moh og terrenget blir no lettare å gå i. Slak stigning til 850 moh før ein går unnabakken og krysser elva på ca 820 moh. No går turen mot Småvotna. Råsa er ikkje så enkel å følge, men grasbakken er fin å få i.

Tilbakeblikk frå oppstigninga etter Småvotna.

Frå Småvotna går ein sørover oppunder fjellet og der er råsa tydeleg. Første utsiktspunkt nedatt til gardane i Ålfoten dukker opp i jølet.

Deler av Ålfoten og Sigdestadnakken.
Spesielle tagger og revner i fjellet.

Siste stykket mot toppen går råsa i slak stigning i steinlandskap, men i god avstand frå bratte stup.

Siste stykke mot toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg. Fjorder, fjell, bygder, små vatn, breer og elver. Ta med kikkert og studer landskapet.

Frå toppen av Kårnyken ser ein denne spesielle fjellryggen.
På tilbaketuren ser ein landskapet i anna lys.

PRØV DENNE TUREN I DETTE SPESIELLE LANDSKAPET.

Glimmerdalshytta.

Glimmerdalshytta vart bygd av Osdalen Gruvecompani i 1907. På den tida var glimmer , eller moskovitt ettertrakta.
Dette gjennomsiktige mineralet likna stiv plast, men kan delast i tynne flak. Det isolerer og tåler sterk varme, noke som gjorde de veleigna i elektirske utstyr. Det var også brukt i glasdører i ovner.
No har moskovitt mista nytteverdien.

Utvinninga vart først driven uten bustad i fjellet. Det var ikkje rasjonelt og det måtte være eit blodslit å bære glimmeren sju hundrede stupbratte meter ned i Osdalen.
Då ingeniør Jordan frå Bergen overtok drifta fekk han bygd hytta og taubane, men lønsnemda vart aldri bra, og etter fleire eigarskifte var det slutt rundt 1920.

Glimmerdalshytta, utedoen og dagbruddet.

Hytta fall saman, så berre dei fine murane stod att då ungdomar frå Austefjorden bygde den oppatt i 1982. Ti år seinare vart stiftelsen «Osdalen Glimmercompani» oppretta og restaurerte hytta til ein enkel standard.
No er det grunneigarane som eig hytta.

Osdalsætrevatnet

Utgangspunktet for turen er på sør sida av veg 5794 (over Heggjadalen)like ved krysset som går til Grøndalstøylen. Der står eit skilt på vegskuldra.
Råsa er tydeleg første stykke, men enkelte plasser litt utydeleg i det myrlendte terrenget.
Ein går forbi nokre hytter og eit stykke langs Melheimsdalselva før ein krysser den på bru. Vidare på venstre side av Melheimstjønna/Botnatjønna og opp bakkane til Navledalstjønna.
Utgangspunktet for turen ligg på ca 420 moh.
Navledalstjønna ligg på 590 moh.

Botnatjønna/Melheimtjønna

Terrenget og utsikten er nydeleg med mange små vatn og tjønner.

Glimmerdalshytta ligg på 935 moh i enden av Glimmerdalen og turen til er estimert til ca 3-4 timer.
Dagbruddet/gruva ligg sørvest for hytta.
Hytta og utedoen står åpen og kan nyttast av turgåere.

Glimmerdalshytta ligg i enden av Glimmerdalen.
Glimmerdalen lever opp til namnet denne ettermiddagen.

Denne ettermiddagen gjekk turen vidare i det flotte landskapet. Ønsket var å gå fjellrekka frå Jolgrøhornet, Snøtuva, Høgefjellet, Navletua og Navelsakerfjellet, men det er korte dager på denne årstida, så vi måtte avbryte den planen.
Denne turen gjekk fram på fjellryggen bak Navlesaker og tilbake nordvest over til stien igjen.

Utsikt mot Hornindalsvatnet og Holmøyane.
Utsikt mot Kjøs og Holmøyane.

Mange små vatn og tjønner. Utsikt tilbake til Grøndalsvatnet og til fjella i Stad og Bremanger.

Kart over turen til Glimmerdalshytta og til fjellryggen bak Navelsaker. Denne runden er på 15,5 kilometer og med eit tidsforbruk på 6 timer inkl. pause.

TA TUREN I DETTE FLOTTE TERRENGET.

Russehola i Gloppen.

Hausten 1944 rømde fire russarar frå ein tysk fangeleir på Sandane. Med dristig innsats frå lokale hjelparar vart dei samla i Russehola. Gøymestaden ligg om lag midtvegs mellom gardane Sande og Devik, kring 300 meter oppe frå fjorden. Det lukkast aldri tyskarane å kome på sporet etter dei rømde.

Les meir om historia om dei russiske fangane HER

For å finne russehola køyr til Rauset i Gloppen kommune. Frå øverste gardane på Rauset går det bomveg til Sandstøylen.
Turen startar frå ein liten parkeringsplass like ved Sandsstøylen.

Utgangspunktet ved Sandstøylen.

Dette er ein kort tur, ca 700 meter frå parkeringsplassen og med ei stigning på ca 50 høgdemeter. Første stykket går på fin veg, så vidare i rås som går i kupert terreng.
Ved hola er der sett opp oppslagstavle med informasjon om hola . Hola vart i 1990 åra restaurert og er no eit populært turmål både av bygdafolket og av tilreisande.

Fremdeles ein del orginale ting i hola.

Å kome inn i hola var ein spessiell opplevelse. Der stod bordet med ein tallerken, ovnen dei brukte og noke som sikkert var brukt til senger.

Spessiell opplevelse å kome så nær innpå denne hola der folk har levd i 8 månader.

Ta ein tur vidare i råsa og sjå på terrenget rundt hola. Der er eit spessielt terreng i området.

TA TUREN OG LA HISTORIA SYNKE INN.

Driftevegen Steinsvika-Stårheim.

Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarer) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe.
Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over.

Fleire av rutene blir no brukt som turstiar og er på den måten enno i bruk utan at folk kanskje er klar over at dei går på ein drifteveg.

Les meir om driftevegane gjennom Sogn og Fjordane: HER

Ein av desse driftevegane har eg no vore og utforska. Ein fin tur frå Dalsfjorden til Nordfjorden.

Utsikt tilbake til garden Vassbakkane.

Utgangspunkter er Steinsvika innerst i Dalsfjorden. Køyr til sørenden av Vassbakkevatnet. Der er ein stikkveg frå anleggsvegen mot vatnet. Eit lite skilt står i vegkanten, merka med Brøten.
Første stykke går på grasgrodd veg forbi Fremstevatnet og til Støylen. Frå Støylen går ein i rås og ein del skog. Ein kan tydeleg sjå at dette er ein gamal ferdselsveg.

Råsa frå Støylen og vidare opp Vassbakkedalen er ikkje merka, men den er ikkje vanskeleg å følge. Ein kjem etter kvart til to hytter/sel. Eg har ikkje funne namn på desse. Turen går vidare opp dalen, krysser elva på ei bru og vidare opp i skaret.

Når ein har tatt alle motbakkane og runda terrenget i skaret åpner landskapet seg. Råsa går langs eit lite vatn og vidare mot Bauvatnet.

Frå det første vatnet og fram til Bauvatnet går råsa i eit trangt skar. Råsa deler seg ved vassenden på Bauvatnet. På kartet er det teikna inn rås på begge sider av vatnet. Eg tok råsa til høgre, der var det enkelte plasser vanskeleg, men ikkje umulig å kome fram.

Etter Bauvatnet er råsa tydeleg og går i slak stigning til ca 500 moh. før turen går unnabakken til Signora, seter som ligg øverst i Stårheimsdalen. Det er bilveg fram til denne setra.
Når ein skal ta denne turen, kan det være utfordrande med logistikken. Men er det noke ein vil så får ein det til.

Turen er vel 8 kilometer.
Ein starter ca 30 moh og kjem opp i ca 500 moh.

Det er lite mobildekning på denne turen.


PRØV TUREN PÅ DENNE GAMLE DRIFTEVEGEN.

Bjørnaskarnakken.

Turen til Bjørnaskarnakken er 2,3 km ein veg og med ei stigning på 300 høgdemeter. Utgangspunktet er parkeringsplassen på høgaste punktet på Hunvikfjellet (mellom Hundeide og Hunvik) i Stad kommune.
Råsa er tydeleg, men uten merking. Den går under høgspentlinja største delen av turen.
Første del av turen går på anleggsveg. Sjå etter skilt mot Bjørnaskarnakken på høgre sida av vegen og gå over i rås.
Utsikt får ein i alle retningar etter få høgdemeter.
På toppen kan ein nyte stillheita og plukke seg ut nye turmål.

Utsikt frå toppen mot vest..

Frå toppen ser ein i vest Ålfotfjorden møter Isefjorden ved Hjeltneset. Den steile fjellveggen er Kårnykjen og lenger til høgre i himmelsjå Dombestinseggene. Ved fjorden ser ein nokre av gardane på Isane.

Skilt som viser vegen der ein skal ta frå anleggsvegen.
Utsikt nordaust over mot Haugen, Hjelmelandsdalen og alle fjella bortanfor.
Utsikt austover mot Nordfjorden, Lote og Anda.
Utsikt sørvest over mot Gjegnen og Gjegnalundsbreen.

Dette er ein tur som også passer for små barn.
Ta turen, nyt naturen, utsika og stillheita.

Keipen i Bjørkedalen, Volda

Keipen er eit majestetisk fjell når ein ser det frå Bjørkedalen. Toppen ligge på 944 moh og frå toppen er det storslagen utsikt.

Utgangspunktet for turen er parkeringsplassen ved Lisjedalsvatnet. Køyr til Staumshamn og Fylsvika (Mjølvika). Ta første veg opp bakkane. Bomveg kr 30.

Ved parkeringsplassen er det tydeleg merking om vegen vidare.
Utsikt mot Kilspollen og Straumshamn. Volda bak midt i bildet.

Keipen er ein forholsvis enkel tur. Frå parkeringsplassen til toppen er det 3,3 km.
God og synleg rås heilt til toppen. Første del av turen går i furuskog. Mange fine furutre å sjå og studere. Utsikt får ein etter få høgdemeter.
Etterkvart blir terrenget slakere og stedvis nesten flatt. Råsa ligg fint i terrenget og ein vinn enkelt høgdemeter. Frå foten av fjellet til toppen blir det brattare.
På toppen er der fleire varder. Det er fint å gå heilt fram til fremste varden, men luftige parti på dei andre sidene.

Ein av vardane på toppen. Siste stykket går i terrenget til venstre på bildet.
Utsikt mot Bjørkedalen frå toppen.
Eit underleg fenomen på toppen.

Stålet på Stadlandet

Ytterst i verden, Yttterst i vest
kan hende du seile di skute
kan hende du seile tilfeldig som gjest
-kanskje du går der i rute..

Teksten i Ola Bremnes sin låt kjem fort i tankane når turen går på Stadlandet.
På turen til Stålet går ein så langt mot vest som det går ann å kome, og storhavet blir ein følgesvenn på turen.

Utgangspunktet for turen er i bygda Honningsvåg, ved vegenden på Tårneset.
Der er ein liten parkeringsplass ca 200meter før dei siste husa i bygda.

Dette er ikkje noke topptur med sine 120 moh, men ein spektaktulær tur.
Det er knappe 2 kilometer frå start og ut til Stålet.

Som ein ser av skiltet så er der mange turalternativ frå parkeringsplassen.

Frå Vardane ser ein heilt til turmålet, Stålet. Ein ser da at det er eit skrålent terreng turen går i, ca 80 moh.

Litt til sides for stien kan ein sjå ein aldeles fantastisk mur. Eg såg ikkje andre instalasjoner i nærområdet så eg veit ingenting om denne muren.

Turen er T-merka der det kan være vanskeleg å sjå vegvalget.
På bildet under ser ein stien som går i det skrålente terrenget.
Det er ikkje anbefalt å gå turen når det er vått og sleipt i terrenget.

Her ute er det berre å nyte stillheita og studere utsikta. I sørvest ser ein Kjerringa på Stad, i aust til Kvamsøya og Sandsøya. Om sommaren går der beite dyr i dei frodige bakkane.
Eg vil ikkje anbefale turen for dei minste barna.

GOD TUR I FANTASTISK LANDSKAP!

Åseneset – Kurlå – Åsen

På Åseneset var det på slutten av 1800-talet tre husmannsplasser. Berg, Åseneset og Kurlå. Dette var heimane til fem huslydar. Plassane fungerte som bustad for kårfolk i Åsen og startstad for nygifte. No er det berre på Kurlå der står hus.
Elevane på mellomtrinnet ved Sunnylven skule har vore med i arbeidet kring rydding av helikopterlandingsplass og tilkomst til garden. Også ved husmannsplassen Bergeplassen har elevane vore i arbeid. Dei har brukt mange dugnadstimar med rydding av skog og kratt slik at murane av dei ulike husa viser beire.

Denne turen går som ein rundtur til husmannsplassane og vidare opp til garden Åsen, føl så den nye og gamle gardsvegen tilbake til bygda og utgangspunktet.

Utgangspunktet for turen er ved Hellesylt stadion. Der er det god plass til mange biler, ingen parkeringsavgift.
Første stykke går på bygdevegen opp Sunnylvsbygda. Ta til venstre over brua til Jogardane/Korsbrekke og følg grusvegen til endes.
På Jogarden kan du sjå ein bauta. Denne bautaen står der den første kyrkja i Sunnylven stod.

Råsa innover langs fjorden er tydeleg og merka. Enkelte plassar er der rekkverk og kjetting for tryggare ferdsel.

Den første husmannsplassen ein kjem til er Bergeplassen. Her ser ein murar av ulike hus. Dei siste som budde på denne plassen flytta i 1907.

For å sjå murane etter husmannsplassen på Åseneset må du ta av frå råsa og gå ned til fjorden. Der er fine svaberg og ein populær plass å være på varme sommerdager.

Gå tilbake til råsa og gå vidare innover langs fjorden til Kurlå.

Dei første som dyrka opp Kurlå fekk leiglendingsavtale i 1864. Dei siste som budde i Kurlå flytte der i frå kring 1908.
Huset i Kurlå stod lenge til nedfall, men i 2015 og 2016 vart det restaurert av Storfjordens Venner.


Turen går vidare til garden Åsen. Gå då eit stykke tilbake og ta merka rås som går opp bakkane. Det er mange fine utsiktspunkt og eit vidt utsyn tilbake til Hellesylt sentrum og bebyggelsen rundt.
Følg råsa vidare og siste stykke før garden på traktorveg til gardstunet. Gardsvegen går i hårnålsvingar ned bakkane. Følg med, og ta av til den gamle vegen med flotte stabbesteiner, følg den til du er nede i dalen. Gå langs elva til du kjem til grusvegen og følg den tilbake til utgangspunktet.

Denne rundturen er ca 6 kilometer.
Høgaste punktet er på garden Åsen på 210 meter over havet.


Muletua-Barmen-Børa-Okla

Ytterst mot Atlanteren, nordvest for Fosnavåg, ligg Nerlandsøya. Øya har eit fantastisk turterreng. Denne turen går over Mulefjellet til Muletua, Barmen, Børa og Okla. Det er ein fin og enkel tur på nordenden av øya. På denne delen av øya er det eit spessielt terreng. Store myrområder, steile klipper og med storhavet å kvile augene på. Turen kan ein ta til alle årstider.
Muletua er det vestlegaste punktet på turen og ligg 253 moh. Der er god rås, terrenget er lettgått og utsikta upåklageleg.

For å kome til utgangspunktet følg Fv 20 frå Fosnavåg til Nerlandsøya. Følg hovudvegen til Kvalsvik og ta til venstre der vegen deler seg i to.

Turen starter på høgaste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Der er ein liten parkeringsplass 50 meter før råsa og ein stor parkeringsplass på vegenden 300 meter etter råsa.

I dette området vart det før i tida tatt ut torv til brensel og ein kan framleis sjå spor etter denne aktiviteten. Der er også ein tydeleg torvveg.
Torvvegen er eit alternativ på turen tilbake til utgangspunktet. Vegen er tydeleg avmerka på kart.

Tydeleg spor etter gammal torvveg.

Du har ikkje gått mange høgdemeter før du får utsikt mot storhavet og øyane som ligg i området. I sørvest ligg øya Skorpa med Keipen (431 moh)som høgaste punkt i nordaust ligg Runde. Ut i havet ser ein Svinøy med Svinøy fyr.

Skorpa med høgaste punkt Keipen 431 moh.
I nordaust ser ein Runde.

Muletua er som ein veslebror til Runde. Færre fugler men også færre folk. Det bratte terrenget mellom sjøen og Muletua på nord, sør og vestsida er freda. Dette er Muleneset naturreservat og det er ferdsels forbod i det området frå 1 mai- 30 juli. Naturreservatet er bla.  ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna toppskarv, havhest, teist og måker.
Råsa opp til Muletua og vidare på turen innover fjellet ligg utanfor fredingsområdet.

Nær toppen av Muletua ligg ei restaurert torvskjå. Denne minner om bygdfolket sin tidlegare kamp for å skaffe brensel.

Utsikt mot Barmen, Børa og Okla. Fuglefjellet Runde lengst bak.

Frå Muletua og vidare austover er terreng lett og kuppert med tydeleg rås. Barmen er høgaste punkt på turen, 278 moh. Helleskardet ligg mellom Barmen og Børa (210 moh). Seideskardet ligg mellom Børa og Okla (149 moh.)

Her ser ein tilbake til Muletua.

Vidare går denne turen tilbake til Seideskardet og føl ei rås om går mot bebyggelsen. Du kan også velge den gamle torvvegen som er stipla på kartet.
Turen slik den er teikna inn på kartet er ca 6.5 kilometer.

Ta også turen til vegenden og Mulevika. Mulevika er ein av Sunnmøre sine skjulte perler. Her kan ein oppleve storhavet med bølger frå Atlanterhavet på nært hold. Mulevika er ein populær plass å ferdast heile året.

Mulevika ein populær plass heile året.

TA TUREN OG OPPLEV FLOTT KYSTLANDSKAP.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑