På Åseneset var det på slutten av 1800-talet tre husmannsplasser. Berg, Åseneset og Kurlå. Dette var heimane til fem huslydar. Plassane fungerte som bustad for kårfolk i Åsen og startstad for nygifte. No er det berre på Kurlå der står hus.
Elevane på mellomtrinnet ved Sunnylven skule har vore med i arbeidet kring rydding av helikopterlandingsplass og tilkomst til garden. Også ved husmannsplassen Bergeplassen har elevane vore i arbeid. Dei har brukt mange dugnadstimar med rydding av skog og kratt slik at murane av dei ulike husa viser beire.

Denne turen går som ein rundtur til husmannsplassane og vidare opp til garden Åsen, føl så den nye og gamle gardsvegen tilbake til bygda og utgangspunktet.

Utgangspunktet for turen er ved Hellesylt stadion. Der er det god plass til mange biler, ingen parkeringsavgift.
Første stykke går på bygdevegen opp Sunnylvsbygda. Ta til venstre over brua til Jogardane/Korsbrekke og følg grusvegen til endes.
På Jogarden kan du sjå ein bauta. Denne bautaen står der den første kyrkja i Sunnylven stod.

Råsa innover langs fjorden er tydeleg og merka. Enkelte plassar er der rekkverk og kjetting for tryggare ferdsel.

Den første husmannsplassen ein kjem til er Bergeplassen. Her ser ein murar av ulike hus. Dei siste som budde på denne plassen flytta i 1907.

For å sjå murane etter husmannsplassen på Åseneset må du ta av frå råsa og gå ned til fjorden. Der er fine svaberg og ein populær plass å være på varme sommerdager.

Gå tilbake til råsa og gå vidare innover langs fjorden til Kurlå.

Dei første som dyrka opp Kurlå fekk leiglendingsavtale i 1864. Dei siste som budde i Kurlå flytte der i frå kring 1908.
Huset i Kurlå stod lenge til nedfall, men i 2015 og 2016 vart det restaurert av Storfjordens Venner.


Turen går vidare til garden Åsen. Gå då eit stykke tilbake og ta merka rås som går opp bakkane. Det er mange fine utsiktspunkt og eit vidt utsyn tilbake til Hellesylt sentrum og bebyggelsen rundt.
Følg råsa vidare og siste stykke før garden på traktorveg til gardstunet. Gardsvegen går i hårnålsvingar ned bakkane. Følg med, og ta av til den gamle vegen med flotte stabbesteiner, følg den til du er nede i dalen. Gå langs elva til du kjem til grusvegen og følg den tilbake til utgangspunktet.

Denne rundturen er ca 6 kilometer.
Høgaste punktet er på garden Åsen på 210 meter over havet.