Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: januar 2020

Støyvastøylen på Utvikfjellet

Området på Utvikfjellet kan by på mange fine turar både sommar og vinter. Det ligg fleire støylar på begge sider av riksvegen. Holestøylen, Fløtrastøylen og Øvresetstøylen kan ein lett nå med å følge grusvegen vestover frå parkeringsplassen.
På austsida av vegen ligg Støyvastøylen/Bjørnereimstøylen og Torheimstøylen. Også desse er enkle å nå ved å følge grusveg og sti.

Utvikfjellet har også mykje å by på vinterstid. Breimsbygda skisenter drifter alpinanlegget med to nedfarter, barneheis og varmestove med kafe.
Utvikfjellet Løypelag driftar skiløypene/turløypene i området.

Denne turen går som ein rundtur frå parkeringsplassen til Støyvastøylen. Eg gjekk turen tidleg i oktober og då var det alt komt litt snø. Likevel enkelt å ta seg fram uten ski.
Skiløype/turløype til Svartebotnen går via Støyvastøylen.

Start med å følg lysløypa/Den Trondhjemske postvegen nordaustover mot Brekka. Ta av til høgre der grusvegen deler seg. Det blir no litt stigning forbi Middagshaugane, men terrenget blir slakare igjen etter kvart.

Ta deg tid til å gå ut av vegen og få panoramautsikt mot Nordfjorden, alle bygdene på andre sida av fjorden og fjella mot Møre.

Grusvegen slynger seg fint oppover i terrenget. Nydeleg å gå og her kan ein finne roen. Når ein ikkje har gått turen tidlegare er det spennande å sjå kva som er bak neste haug.
Grusvegen går nesten fram til støylen, dei siste 200 meterane går ein på rås. Den enkle tilkomsten har gitt støylen eit løft og sela og fjøsane er godt vedlikehaldne.

Støyvastøylen ligg på 830 moh på fjellet mot Skavegga og er ein av dei høgstliggande støylane i Gloppen kommune. Støylen høyrer til Støyva og Bjørnereim og er mykje brukt både av eigarane og ålmenta. Støylsdrifta var slutt kring 1950, men fremdeles er der dyr på støylsvollen. Der går dyra fritt, også reinsdyrflokken, som ein kan møte på både sommer og vinter.

Vetlehuset på Støyvastøylen må være den finaste utedoen i landet. Den er ulåst og står åpen for ålmenta. Det er Støylslaget som på dugnad har sett opp dette bygget og steinane som er nytta er stein som er plukka i området. Dette er eit flott tilbud og absolutt verd eit besøk.

Utsikta mot Vora, 1450 moh, og Eggenibba, 1338 moh, er imponerande.
I likheit med fjellet Hornelen i Bremanger,gjekk det historier om at Vora var ein samlingstad for heksesabbater.

Vidare går turen vestover fjellet i slakt terreng mot riksvegen. No går ein på rås som er godt trakka/steinlagd og merka.
På høgresida ser ein toppen av skiheisen på Storsteinfjellet.

Utover fjellet får ein fin utsikt ned til deler av bygda. I dei brattaste bakkane ned Svoda er der trappetrinn. Stien frå riksvegen til støylen blir også kalla «Tøffelstien».

Stien kjem fram til riksvegen litt lenger mot Byrkelo enn utgangspunktet, men der er god plass til å gå på sida av vegen tilbake til parkeringsplassen.

Turen kan ein fint ta med sportsvogn/sykkel fram til støylen.

Denne runden er ca 7 kilometer.

VÆR NYFIKEN OG UTFORSK TERRENGET PÅ UTVIKFJELLET.

Hennebygda, ein rundtur i bygda

Hennebygda er ei fredeleg og usjenert bygd på nordsida av Nordfjorden. Bygda er delt inn i Indre, Ytre og Øvre Hennjane og Ladehaug.
I følge Hennebygda si eiga facebook side bur det ca 70 hennjara i bygda.
Bygda er i vekst, og ein ser optimismen med nyetableringar av hus og heimar når ein går denne turen.
Om sommaren doblar folketalet seg og Hennjane er ein populær ferieplass.
Hennebygda høyrde tidlegare til Gloppen kommune, men i 1992 vart bygda og nabobygda Lote overført til Eid kommune. Etter kommune samanslåinga ved nyttår 2020 høyrer Hennebygda, ilag med resten av Eid, til Stad kommune.
Bygda var veglaus heilt fram til 1980, då kom det veg til Lote. Etter at Fv 698, Panoramavegen, vart åpna i 2005 er det også enkelt å kome seg austover mot nabobygdene Hopland og Randabygda og vidare innover Fjelli mot Stryn.

Denne turen starter på ein lunne plass som ligg ca midt i bakken, langs Panoramavegen, oppover mot Kvalen.
Skogsvegen er fin å gå på og den går jamt nedover mot bygdevegen ved fjorden og garden Sæ. Ta turen austover langs fjorden til garden Skjæret. På tilbake turen ser ein største delen av bygda.

Turen går på skogsveg og bygdevegen som ligg nedanfor Panoramavegen. Oppom Panoramavegen ligg garden Lahaug. Frå Lahaug går ein fin tur opp forbi Hennjeskarvatna og Kvanndalsvatnet og vidare til Hopland eller Skredestranda.

Frå Skjæret går ein tilbake same vegen og fortset til ein driftsbygninga på Indre Hennane, som ligg heilt i vegen. Ta til venstre på traktorveg ned til sjøen.

Langs Sjøavegen ligg det fleire gamel naust. Også små koselege fritidsboligar og heimar.

Hennebygda er og har vore ei fruktbygd. Det store raude huset til venstre på bildet har vore fruktlager og kjølelager.
Huset til venstre på bildet er bygda sitt samfunnshus og samlingsstad.
Samfunnshuset blir vedlikehalde av bygdafolket på dugnad. Og huset blir stadig oftare leigd ut til bryllaup, konfirmasjonar og blåturar.
Huset til høgre er bolighus.

Turen går no opp forbi garden Solberg, ein nydeleg fritidseigedom. På heile turen har ein fin utsikt til fjorden og det er ikkje langt over til Ryssfjæra.

Ta til venstre ved neste gardstun og gå vegen ned i Ytre Hennevika. Også her er det gamle naust. Her er også ein molo så fritidsbåtane kan ligge trygt i vika. På ei opplagstavle kan ein lese litt om historia frå Ytrehennevika.

Tilbaketuren går på bygdevegen midt i bygda. Her ligg fleire gardbruk.
Det gamle skulehuset frå 1912 står tett attmed vegen, det er no bolighus. Det første skulehuset i bygda vart bygd i 1860.
Skulen i Hennebygda vart lagd ned i 1981 og skuleungane starta då å reiser til Eid.

Turen går vidare over elva Gjølåna, forbi garden Indre Hennane og Sæ. Derifrå går ein skogsvegen tilbake til utgangspunktet.

Denne turen er 10 kilometer.

Ta turen du og !

Flo, ein rundtur i bygda.

Bygda Flo ligg på nordsida av Oppstrynsvatnet og har nydeleg utsikt austover mot Erdalen, sørover mot Fosnes og vestover mot Veslebygda. Flo er ei fruktbygd og på denne turen får ein sjå utruleg mange frukthagar. Mange av dei er framleis i produksjon me epler, pærer, plommer og moreller. Men også denne bygda merkar fråflytting og forfall som ein konsekvens.
Vegen til Flo har i alle tider, sidan den vart bygd i 1963, vore prega av rasfare om vinteren. No er den tida snart over. Dei som har kjempa for rassikring har vunne fram og anleggstrafikk og tunnelbygging er det som pregar bygda no. Om sommaren er Flo ein plass der turistane gjer sitt inntog. Det er mange som tek den populære turen over Flofjellet til Vollset i Sunnylven. Då er start/mål øverst på Flo.

Denne turen går som ein rundtur i nederst del av bygda. Utgangspunktet er midt i bygda. Etter at ein er komt til bebyggelsen flater vegen ut. Når ein har runda ein sving er der ein grusveg til venstre og unnabakken. Finn ein plass å parker før turen går ned bakkane. Pass på å parker slik at ein ikkje er til hinder for aktivt landbruk.
Fotomotiva er mange så fotoapperatet må være klart.

Grusvegen går i svinger ned dei bratte bakkane, forbi hus og heimar. Nede ved vatnet ser ein fleire naust. Dette er Flo Brygge og nausta høyrer til bruka som ligg frå midt i bygda og nedover.

Turen går vidare på bru over Storeelva, gjennom ei grind og på dyrka mark inn langs vatnet. Eg har vore i kontakt med ein av grunneigarane på denne strekninga og det er akseptert at ein går på dyrka marka. Dette er ein tur som også dei lokale bruker.
På veg inn langs vatnet går ein forbi naustet der den gamle kyrkjebåten ligg. Den båten vart nytta når folket på Flo skulle til kyrkja på Fosnes.

Også inn langs vatnet ligg det mange frukthagar. Etter kvart kjem ein til Oppigardsnausta. Nydeleg restaurerte naust som ligg på rad og rekke. Nausta her høyrer til gardane som ligg øverst på Flo. Råsa går på baksida av nausta og ein ser først den flotte rekka med naust når ein er komt forbi.

Turen går vidare på traktorveg inn langs vatnet, forbi Helsetteigane og Maursetvika. Det er grøderikt i lida mellom vatnet og dei høge fjella og vegetasjonen blir høg.

Langs vegen kan ein sjå denne flotte Uranes-apalen som er omlag 400 år gammal.

Når ein komt til vegenden går ein same vegen tilbake mot nausta. Ta til høgre og føl grusvegen opp bakkane til bygdevegen.

Flott utsikt mot deler av Flo, Veslebygda, Knarteholmane og Mindresunde/Storesunde.

Denne turen er omlag 5,5 kilometer

Vær nyfiken og prøv den du og.

Ossetra – Dalssetra – Skipenessetra

Utgangspunktet for turen

I alle kommunar ligg det setrar/støylar i dalsidene og på fjellet. Alle har sitt særpreg. Nokre er tatt godt vare på, andre ber meir preg av forfall. Det er stor forskjell på kor enkelt det er å kome seg til seters. Enkelte plasser er det bilveg heilt inn på setrevollen andre plasser må ein streve opp bratte bakkar. Når ein no tildags vel å gå til setrane er det sjølvvalgt. Før i tida då det var aktiv setring hadde dei ikkje noke val. Då gjekk dei setreråsene, i mange tilfelle, både morgen og kveld.

På denne turen har eg plukka tre setrar av ialt ca 90 stk i det som tidlegare var Eid kommune. Turen går på sørsida av Eidsfjorden og utgangspunktet er ved badeplassen i Osvika. Der er det god plass å parkere.
Det er god og tydeleg rås på denne turen, men bratt. Etter å ha parkert ved badeplassen gå tilbake og kryss Torheimsvegen, fortsett på tydeleg rås/traktorveg opp beitet. Tek ein turen når det er beitedyr, ta hensyn og lat att alle grindene. Etterkvart krysser ein skogsvegen som går langs etter lida. Det er laga fint til der råsa går vidare frå skogsvegen.

Ein vinn fort høgdemeter opp bakkane så det gjere godt å puste på når det er ei lysning i skogen og ein kan nyte utsikta tilbake mot sentrum.

Utsikt mot Nordfjordeid sentrum og fjella rundt

Når ein nærmer seg Ossetra, deler råsa seg. Her kan ein, som skiltet viser, gå vidare til Skipenessetra.
Denne turen går over elva og vidare til Ossetra.

Det er alltid spennande å kome til nye plassar, og spessielt til setrane. Som oftast er ein åleine på slike plasser og ein kan nyte stillheita og ta inn atmosfæra. Det er mykje kulturhistorie på kvar setrevoll og alle har sitt særpreg.
Ossetra ligg idyllisk til ved Osvatnet, 422 moh. Her er det fleire små sel/hytter og fjøsar som er godt bevarte.
Langs vatnet går ei rås som fører til Skipenessetra. Denne råsa kjem ein inn att på når ein kjem nedatt frå Dalssetra.

Å sitje på benken og høyre på stillheita er rekreasjon for kropp og sjel.

Turen går vidare til Dalssetra, og ein rundar vatnet i rås på vestsida. No går terrenget litt slakare i bjørkelida, etterkvart blir det litt meir myrlendt, men framleis tydeleg rås.

Når ein kjem opp der terrenget flater ut ser ein dei flotte fjella på sørsida av Hundvikfjorden, Skjerdingane.

Dalssetra ligg vendt mot sør og er godt vedlikehalden.

Dalssætra.

På tilbaketuren frå Dalssetra føl ein råsa som går i bakkane bak Osvatnet og kjem etter kvart inn på råsa som går austover frå Ossætra. Ein får nydeleg utsikt ned mot Osvatnet, Ossetra og Eidsfjorden.

Osvatnet, Ossætra og Eidsfjorden.

Turen i terrenget mot Skipenesetra er lett å gå og råsa går ofte fram på kanten og då ser ein ned att til bebyggelsen i dalføre og ved fjorden.
For å kome til Skipenessetra må ein ta ein liten avstikker motebakka. Følg med på venstre side av råsa, der står eit skilt på ein trelegg.
På Skipenessetra er der berre ei hytte, men det viser tydeleg at der har stått fleire bygningar.
Det vart meg fortalt at Skipenessetra vart tatt av ras og at gardane på Skipenes no har Dalssetra til seter.
Råsa frå Skipenessetra går bratt ned bakkane. Den er veldig tydeleg då dette også er den mest vanleg råsa til fjellet Trollenykjen. Her går løypa som blir brukt på det årlege fjell-løpet Trollenykjen opp.

Skipenessætra.

Når ein nærmer seg dalføret kjem ein inn på skogsveg. Hald til høgre og unnabakken til riksvegen ved Skipenes. Har ein bil i Osvika føl ein bygdevegen langs Eidselva tilbake.

Denne turen rundt til dei tre setrane er ca 10 kilometer og høgaste punktet ligg på ca 550 moh.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑