Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Sørsida av Lovatnet

P1100010Tidleg i april tok eg turen til Loen og Lodalen. Ville finne nytt turterreng og tidleg vår. Eg hadde studert kartet og funne ut at på sørsida av Lovatnet var der ein gammal ferdselsveg eller ein skogsveg. Eg viste ingenting om veien før eg starta, men syns det er spennande å utforske.

Lodalen er eit kjent turmål. Dei fleste har vel vore på biltur eller sykkeltur opp dalen og sett dei fine gardane som ligg der under dei høge fjella,  vatnet og kulturlandskapet på setra Breng.  Lengst opp i dalen ligg Bødalen, Kjenndalen og Nesdalen. Dette har vore flotte turistmål i mange mange år, men det er også grender der det  har det  vore mykje dramatikk og tragedier.

Eg parkerte ved vassenden på Sæten, der var det godt skilta, både til turen eg hadde tenkt å gå og andre turmål. Når ein parkerer for å gå på tur, så tenk litt etter kor og korleis ein parkerer bilen.

Når ein er ute på tur må ein ha i tankane eventuelle farer som lurer. Som her i Lodalen. Tidleg om våren er det fare for ras i dette terrenget. Folk fra Lodalen har sett fonn ved Nesbøen heilt fram til midten av mai. Denne turen bør nok takast når det lir mot sommar og eventuell snøras er komt ned. Det er også lurt å prate med lokalbefolkninga om ein er usikker på om det er trygt terreng å ferdast i.
P1100006 Bilde: Godt skilta til turmål på sørsida av Lovatnet.
P1100010Utsikt fra brua mot Vassendeholmane og opp dalen.
P1100013
Parkerer  ved brua og gå bygdevegen eit stykke til desse skilta. Da er det enkelt og greit berre å følge vegen. Vegen er 6 kilometer lang, MEN ein kjem seg ikkje heilt til endes. Det har gått ein del ras, så der er ein del jord,skog og stein som ligg i vegen. Kvar og ein får finne ut kor langt ein vil utforske.

Det som var teikna inn på kartet var ein skogsveg, bygd ein gong på 80-talet. Første del av veien er skogsbilveg som også blir brukt av store tømmerbiler. Til lenger innover ein kjem til mindre er veien brukt og det er behageleg underlag å gå på. Her er også veldig fint å  sykle. Stille og fredeleg og ingen trafikk. Ein av grunneigarane fortalde meg at han brukte å setje ut eit par benker langs veien. Så da er der fine moglegheiter for å ta ein pust i bakken og finne roen.P1100017  P1100016
Etter lunneplassen er der eit turalternativ som har blitt anbefalt. Det er å gå Kleppveien. Ein avstikker på skogsveien, 3 kilometer motebakka. Vart fortalt at det da blir flott utsikt over Loen.
P1100069
P1100018  P1100027
P1100021  P1100023
Det er stille og roleg å gå denne vegen. Ta deg tid til å studere på naturens mange kunstverk.
P1100025P1100029P1100030 P1100033
Omlag halvvegs på turen kjem ein til ei nedlagt seter, Nesbøen. Dette var seter til fire bruk på Sæten. Dei hadde også seter på Breng. På den tid da begge setrane var i bruk, jaga dei først buskapen til Breng om våren. Når det var slutt på beite der, var det å jage buskapen heile vegen til Vassenden og oppatt langs sørsida til Nesbøen. Ein avstand på ca 7,5 kilometer. Når det så var slutt på beite på Nesbøen, var det å jage buskapen tilbake til Breng.P1100035  P1100037 Selet på Nesbøen.P1100042  P1100045
Etter å ha passert Nesbøen vart det vansklegare å ta seg fram. Her må kvar enkelt sjølv finne ut kor langt ein vil gå. Eg er nyskjerrig av meg og hadde lyst til å sjå litt meir, så eg klatra over raset og fortsatt eit stykke til.P1100049  P1100050
Eg kom etter kvart til eit elvefar, Helseteina, som hadde fått hard medfart. Her hadde store mengder stein komt ned og tatt med seg heile vegen. Enorme naturkrefter som har vore i sving. Bak fjelltoppane på bildet ligg Ramnefjellsbeen.
P1100052  P1100055
Da eg fann det for godt å avslutte turen pga ras i vegen, fann eg ei lita bortgjøymt sandstrand. Her var det berre å setje seg ned og nyte stillheita og lyden av bølgeskvulpet.P1100058Turen fra Vassenden og til der eg avslutta var ca 6,5 kilometer, så 13 km tilsammen. Ein fin og lett tur der ein også kan bruke sykkle og sportsvogn eit langt stykke.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sørsida av Lovatnet

TA TUREN OG SJÅ LOVATNET OG DALEN FRA SØRSIDA.

 

2 kommentarer

  1. Anne Brit Sande

    Tusen takk for dette turtipset! Eg kjem opphavleg frå andre sida av Lovatnet, garden Sande. Har ikkje budd der på 30 år, men ferierar ofte i Lodalen. Eg har tenkt på å ta denne turen i mange år, artikkelen din og ikkje minst bileta var det som skulle til. I sommar skal eg gjennomføre og heilt sikkert bade på ei av dei fine sandstrendene 🙂 Helsing Anne B.

    • Bodil Dybevoll

      Kjekt at innlegget er til inspirasjon. Der var veldi fint og så stilt. God tur 🙂

Legg igjen en kommentar til Bodil Dybevoll Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑