Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2014 (Side 1 av 4)

Julegåvetips til friluftslivsåret

Regjeringa har bestemt at 2015 skal være friluftslivåret. Og formålet med friluftslivsåret er å gje friluftsliv auka oppmerksomhet og å få fleire nordmenn til å drive friluftsliv i ein eller anna form.

Mangler du fremdeles  gåver før lista er komplett? Vrir du hjernecellene for å kome på noko lurt?

Eg vil med dette kome med ein ide til ein pakke som kan glede barn og vaksne i alle aldrer.

Kjøp eit kart og gjerne eit kompass og inviter  til ein felles tur ilag med mottaker. Dette er ein pakke som ikkje blir skapfyll.  Mottaker kan sjølv velge tur eller du som giver kan gje ein spesifikk tur.

 

 

 

 

 

Å studere kart er spennande. Å finne nye plasser som ein ikkje har vore, sjå på høgdemeter, setrar/støylar, finne nye stier/råser i nærområdet i eigen kommune og i nabokommunane.

Å ha eit kart på veggen heime der ein teiknar inn turer som ein har gått, korte eller lange. Bruke nåler for å markere plasser som ein har besøkt. Dette kan være med på å trigge nyskjerrigheita til barna og få dei intresert i friluftsliv.

Å lære barna om kartbruk er ei investering for eit spennande friluftsliv seinare i livet.  Kart og kompass er eit viktig hjelpemiddel når ein driv friluftsliv, og dei grunnleggande kunnskapane bær ein lett med seg når ein først har lært dei. Det er ikkje berre for å finne fram til der ein skal det er viktig med kunnskap om kart. Det er viktig for å ferdast trygt, for å finne vindstille rasteplasser, finne gode fiskeplasser, finne ut kor høgt ein er, og finne ut kor langt det er til bestemmelses stedet eller om ein må velge ei alternative ruter.P1090068Bilde: Litt av mi knippe med kart. Dei er velbrukte og har hjelpt meg mang ein gang.

I vår teknologiske verden så er det mange gode kart å finne på nettet. Men ingen ting slær det å ha eit kart i handa. Da slepp ein også det problemet at ein går tom for batteri på telefonen.  Å setje seg ned i lyngen eller på ei setrekvie og studere på kva ein ser rundt seg. Finne namn på plasser som ein har gått eller som ein ser på andre sida av fjorden/dalen.

Ikkje alle turer treng ein kart og kompass til. Inviter med deg gode venner, pakk sekken med god mat og varme drikke og legg av gårde. Ein treng ikkje gå så langt. Det viktigaste er at ein har det kjekt og er ilag. Finn ein fin plass og slå leir. Om omgivelsane tillet det så er det koseleg å fyre bål, spessilet no når det er mørkt ute.  Om ein finn ein bergknaus kan det være fint med mange te-lys i bergsprekkene. Husk berre å ta med alt søppel heim etter bruk.

Eg har ved fleire høve brukt denne ideen. Ein vinderdag for mange år sia inviterte eg tre venninder til tur i naturen. Eg hadde på forhand forberedt «leirplassen».  For å kome til leirplassen tok eg dei med på ein spasertur for å «villede» dei om målet.  «Leirplassen» var 100 meter fra huset. Der sat vi under ei stor gran med levande lys i lykter, kaffi og noke godt å varme seg på i koppen. Det var -12 grader, men vi var godt kledd og det vart seine nattestimer før vi tok kvelden. Ein kveld vi mimrer om stadig vekk no mange år etterpå.

026 «Mi gran» som vi sat under før «leirplassen» var rigga.

DENNE IDEEN KAN KOMBINERES I DET UENDELEGE, SLEPP FANTASIEN LAUS OG INVITER MOR, FAR, SØSTER, BROR ELLER EIN GOD VENN UT I NATUREN.

KUNNSKAP ER LETT Å BÆRE.

Har du lyst til å bli med på tur?

P1080982Ein nydeleg haust er over og vi har gått inn i vintertida.  Snøen let vente på seg , til fortvilelse for noken og til glede for andre.

Siste åra har eg ikkje brydd meg så mykje om snøen og skiføret.  Dette fordi helsa ikkje har tillatt fysisk aktivitet av den sorten. Men fysisk aktivitet er viktig uansett årstid så om vinteren  har det blitt  haudelyktturer langs vegane eller i terrenget.

For mange er det eit ork å kome seg ut når det er stummande mørkt.

Eg prøver å kome meg ut i frisk luft fleire gonger i veka. Dagslyset er det vanskleg å nå no når dagane er så korte.IMG_20141129_154810 (1)   P1080995
Bilde: Ole Morten og eg gjekk to flotte haudelyktturer nær Trondheim sentrum. Ladestien og Geitfjellet.

Det er ikkje kvar dag at haudet og tankane er på rett plass og slike dager  er det vanskeleg å kome seg ut i mørknet åleine. Kanskje er det fleire som har det på den måten?

Fremdeles er det utruleg flott å gå på tur i terrenget. Bruke stiane, dei gamle ferdselsvegane, løypetraseane og mindre trafikerte grusveier. Det er noke spessilet med å gå i terrenget. Det er ikkje det same å gå «gatelangs».P1080976Har du lyst til å bli med på haudelykt tur ein gong i veka?

Vi kan møtes og gå i ca 1-2 timer. Alt etter veir og føre.   Dette skal ikkje være noke treningsøkt. Men  ein går så ein held heten og har det kjekt. Og kanskje får ein gått ein plass som ein ikkje har gått i mørket.

Når eg går ut med eit slikt forslag må dei som vil være med akseptere at ein har forskjellige forutsetninger . Turane blir ikkje krevjande og ein venter på kvarandre.

BLIR DU MED?

Den Trondhjemske postvegen – Utvikfjellet

P1080789Ein ny del av den trondhjemske postvegen er utprøvd. Ein bit av trasèen som eg lenge har tenkt på at eg skulle utforske. Sjølv om vi no er langt ut i november komt så er det fremdeles snøfritt i terrenget og nydeleg å gå på tur.

Når ein søker på nettet  finn ein mykje informasjon om denne gamle historiske vegen som vart bygd for å få posten raskt fram mellom Bergen og Tronheim.

Ingemar Norstrand har skreve ei flott bok om postvegen . Her er mange fine bilder og kart.  Du finn boka her:Postvegen Bergen- Trondheim

Det var mange drakampar før det vart bestemt kor trasèen skulle gå. Men ved kongeleg resolusjon av 13 mai 1785 vart den indre trasèen valg framfor ei postrute nærare kysten.

Trasèen fortel om kor lite brukbar den gamle metoden med å bygge veg i rette linjer var. Frå toppen av Utvikfjellet går vegen rett ned mot Utvik. Det var tunge bakkar som hestane hadde store vanskar med. Den nye riksveien , som er lagt i store svinger, krysser postveien fem gongar.

Utgangspunket for turen min er Utvik. Her kom posten til kai etter å ha blitt rodd over Innvikfjorden fra Faleide. Og da gjekk ferda vidare opp bakkane mot Utvikfjellet.

Turen fra Utvik til Flølo er ca 11 kilometer.P1080758 Bilde: Her ser ein inn Innvikfjorden. Eit godt stykke å ro postruta til Faleide.P1080761P1080760Mange plasser er ikkje trasèen for postvegen lenger synleg. Om ein vil finne mest mulig av den lyt ein spørje kjentfolk i det aktuelle området. Fra Utviksentrum må ein gå litt mellom husa før ein finn trasèen. På bildet ser ein utgangspunktet der ein kjem inn på postvegen.  Stadvis er det godt skilta.
P1080763 Bilde: Her går det rett motebakka fra første skritt.
Ein går motebakka og gjennom eit par tun før ein kjem til riksvegen. Her i fra er postvegtrasèen  ikkje lenger synleg i terrenget så ein lyt følge riksvegen til Valakersvingen, vidare til neste høgresving og til Juliussvingen (ved Verlo, øverste garden før fjellet). Når ein no har passert Verlo og er komt forbi innmaka, kan ein velge å gå skogen rett opp for å kome innatt på riksvegen høgare oppe. Ein går da i eit granfelt, men det var ikkje problem å ta seg fram. Om ein ikkje vil gå i skogen, men vil følge riksvegen lenger, går ein forbi svingen der skogsvein går til setrane (ved bom). Vidar til ein kjem til Postvegskiltet. Her ifrå er det sammanhengande postvegtrasèe heilt til ein kjem opp på fjellet. Ei utviding på riksvegen gjer det også mulig å parkere bilen og ta utgangspunkt i turen her.P1080773P1080774   P1080776
Bilde: Trasèen er fin å gå på, brattare etter kvart.
P1080779
Bilde: Den brattaste delen av trasèen har fått ein del vannskade.P1080783Bilde: Trasèen viser godt i terrenget. Her med utsikt mot Innvikfjorden, Ulvedalsneset, Blakseter og Hildaneset.P1080787Bilde: Nesten på toppen….P1080790Bilde: Brekkestova på Brekka.

Brekkestova er ei gammal stove frå Bottolvbruket på Tistham. Stova vart flytta til Utvikfjellet i 1905. Tidlegare var det stemne to gonger om sommaren, med frammøte fra mange bygder. Stova ligg like ved postvegen.P1080797
Bilde: Fra Brekka og fram til skianlegget går ein i lysløypetrasèen.
P1080802  Bilde: Minnesmerke av Gabriel Reed.
Der er fleire kulturhistoriske «innslag» langs postvegen på Utvikfjellet.  Eit minnesmerke  over Gabriel Reed er reist på ein haug like ved riksvegen og skianlegget. Gabriel Reed var ein kjent spelemann og slåttekomponist. Han var også ein allsidig idrettsmann (skyting og skøyter). Reed vart tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull.P1080804Bilde: Her ser ein skianlegget på Utvikfjellet.

For å kome til postvegtrasèen vidare til Breim går ein forbi skiheisane og vidare til parkeringsplass på venstre sida av riksvegen.
P1080805   P1080808
P1080809   P1080812
Bilde: Tydeleg trasèe i terrenget.
P1080815   P1080817
Bilde: Stille stille på historisk veg.
P1080819Bilde: Ein del vannskade.

Den dagen eg gjekk turen var det ein del vind.  Det susa og knaka godt i granene som stod langs med trasèen. Spennande og skummelt på same tid.
P1080820   P1080831
Bilde:Stein som endepåler for leda.
P1080822 Bilde: Flott utsikt mot Eggenibba.
Fra Utvik gjekk det bratt oppover, og fra fjellet og ned til Breim går det bratt unnabakke.  I 1866 tok diktaren og forfattaren Henrik Ibsen denne turen over Utvikfjellet. Ibsen skreiv om denne vegen: «Opstigningen kan være besværlig nok, men Nedstigningen paa den andre side (til Utvik) er dog verre. Angre touren vil man imidlertid ikke…..»

Når ein nærmer seg gardane på Breim så går postvegtrasèen delvis i beite og delvis på dyrka mark. Det er godt trakka og ein kan sjå at der er ein del som bruker trasèen til turveg. Vis respekt og lat att grinder og gå langs kanten av dyrka marka.
P1080826  Bilde: Her går trasèen langs dyrka mark.
Ved bebyggelsen er det skilta med postvegskilt i dei fleste kryss. Om ein er i stuss om veien, sjå om du ser lokale folk som kan geleide deg vidare.
P1080827
Etter å ha passert dette flotte kvernhuset, skal ein ta til venstre i neste kryss. Der er det ikkje skilt. Fortset så  bygdevegen til riksvegen.  Den krysser ein fort og fortset på bygdevegen til nytt postvegskilt. Der går det unnabakken forbi siste fjøsen og vidare nedover.
P1080828   P1080830
Det er ikkje alle deler av trasèen som er like mykje brukt. Men vegen ligg der.
P1080832   P1080834
Trasèen for den trondhjemske postvegen kjem ned til riksvegen på Flølo. P1080835Flott skilt som fortel om retninga dersom ein skal gå turen motsatt veg. I bakgrunnen ser ein fjellet Vora.P1080837

Ein finn kart med innteinka rute på ut.no: Den Trondhjemskepostvegen over Utvikfjellet

TA TUREN OG UTFORSKE DENNE HISTORISKE VEGTRASÈEN DER DEN SNOR SEG OVER FJELL OG GJENNOM DALER, SVINGER INNOM TUN OG GARDAR.

Maursetsetra, Markane

P1070520Maursetsetra er seter for gardane på Maurset og for ytre Hatledal. Den ligg høgt og fritt i lida over gardane.  Sela har i dei seinare åra blitt restaurerte.  Setredrifta var truleg slutt på i begynnelsen av 1960 åra.

Det er flott utsikt og ein ser vide. Markane il sitt skianlegg, Ullsheim, ser ein her midt i bildet.

Eg har tatt utgangspunkt for denne turen fra Ullsheim. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.P1070488Bilde: Her ser ein Maursetsetra fra Ullsheim.

Det er tydeleg og god rås/sti til setra. Utgangspunktet er det same som for turen til Grendasetra. Gå over skistadion, tar av til venstre for brua på stadion, gå ned bakken og fortset  stien oppatt langs med linja. Gå på den flislagde traseen eit lite stykke. Ta til venster over ein haug og fortset  rett motebakka i stien/råsa rett under linja. Når ein kjem opp til Nordaelva går stien/råsa på austsida første stykket.
P1070490   P1070491
P1070492   P1070497P1070500Det er laga til god og stødig bru over elva. Når det er varm og fint veir er der fleire kulper i elva som er fine og utforske, og kansje kjøle seg ned i for dei minste.
P1070504   P1070505
Bilde: Stien/råsa er ikkje merka, men tydeleg i terrenget.P1070549Bilde:  Mange fine plasser å setje seg ned og kvile. Her er det berre fantasien som set grenser for aktivitet.P1070510P1070511P1070512  P1070508
Bilde: Utsikt mot Hornindalsvatnet.P1070518Bilde: Utsikt fra Maursetsetra og mot bygda. 

Turen fra Ullsheim til Maursetsetra er ca 2 kilometer.

Fra Maursetsetra er det ein fin tur å ta vidare opp bak sela og opp bakkane til ei fin bru som går over Nordaelva. Vidar til Grendasetra og nedatt til Ullsheim.
P1080694
Markane il har trimposter både på Maursetsetra og Grendasetra.

Kart over turen finn ein på ut.no: Maursetsetra

TA EIN SETRETUR OG NYT HAUSTVEIRET

Grendasetra, Markane

P1060926Grendasetra har vi både i Stryn og i Hornindal. Turen eg skal skrive om denne gangen er til Grendasetra i Markane i Stryn kommune.

På Grendasetra er der tre sel og to fjøser. Grendasetra er fra gamalt av setra til gardane Dybevoll (Jyvall), Fenn og Dalane. Selet som høyrde til Jyvall høyrer no til garden Svingeset.

Det er mange år sidan det har vore seterdrift på Grendasetra. Truleg var det slutt med det kring 1950.

Setreråsa slik den var tidlegare er no lite nytta. Med foltte parkeringsmuligheiter på Ullsheim er dette eit naturleg utgangspunkt for dei som vil ta ein tur til denne setra.P1080752                                       Eit gammalt bilde av livet på setra, budeier og husdyr.

P1080753 Min oldefar utanfor selet.
Setreråsa til Grendasetra gjekk fra gammalt av over dyrka marka på garden Jyvall, vidare over ei lita trebru ved løkjen, gjennom yste Holeledet og til Rjømesvadet.  Der gjekk råsa inn i eit granfelt og opp Loppesteinbakkane til Loppesteinen. Der var det det første kvilet på turen til setra. Vidare gjekk turen opp bakkane, forbi Brennevinskjelda og til Gamlesetra. Der var det andre kvilet. Her viser det fremdeles gamle rester etter husmurer. Siste etappen er opp dei bratte bakkane rett under setrekvia.

No er mykje av den gamle setreråsa blitt avskoren av løypetraseer og hyttefelt. Eg vil derfor ta utgangspunktet  fra Ullsheim på denne turen. På Ullsheim, det flotte skianlegget til Markane il, er det gode parkeringsmuligheiter og eit flott utgangspunkt.

Når ein står på Ullsheim og ser langs med lida, ser ein ialt tre setrar. Lengst mot venstre ser ein Øyesetra,  lenger inn mot elva ser ein Maursetsetra og eit stykke innafor elva ser ein Grendasetra.

Med utgangspunkt på Ullsheim er løypetraseen opp bakkane  eit flott alternativ. Gå over stadion, forbi brua og ned bakken. Ta av fra den asfalterte rulleskibana og gå over i løypetraseen. Følg den delvis på flis og delvis på asfalt til ein kjem til ein lunneplass.P1060904P1060906Her ved lunneplassen tek ein til venstre og går traseen vidare opp bakkane. Skilt fortel om andre turmål også.P1060908  P1060913P1060915Når ein har gått motebakka ei stund og opp Høgkleivbakkane, kjem ein til Gamlesetra. Her kan ein så vidt sjå gamle hustufter, så her har vore seter for lenge lenge sia. Dette var det andre kvilet på turen til setra når dei brukt setreråsa. Ein har fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Glitreggja og gardane i Jutedalen.
P1060921  P1060922
Fra Gamlesetra kan ein velge om ein vil fortsetje i løypetraseen eller gå siste stykket i setreråsa. Eg anbefaler å ta råsa. Det er eit stykke historie og ein kan fundere på korleis dei strevde før i tida for å få melka fra setra og til gards morgen og kveld.
P1060924 Å gå i gamle setreråser er balsam for kropp og sjel.
Siste bakkane opp til setra er bratte, men tydeleg og god rås. Strevet betaler seg med ein fantastisk utsikt.P1060931P1060946 Sela på setra er fra venstre: Daleselet, Fænjaselet og Jyvallselet som no høyrer til Svingeset.P1060949Ein fantastisk utsikt. På bildet ser ein Grenda, skianlegget Ullsheim, Svingesetvatnet, Langesetvatnet, Skarsteinsfellet, Storlogpiken og Utvik.

VINTERTUR TIL SETRA

Turen til Grendasetra er også fin å ta ein vintersdag. TurløyperStryn har opparbeidt løypetrase fra Ullsheim og opp bakkane til Grendasetra. Ein kjem seg  også til Grendasetra via løypenettet som går til Holesetra og  vidare Panoramaløypa. Ein fantastisk tur som berre må anbefalast på det sterkaste. Berre å følge med på nettsidene til Turløyper Stryn for å finne  informasjon.

P1090280 P1090283P1090287

Når det er bart er det ein flott tur vidare, om ein vil ha ein rundtur,  å gå vidare til Maursetsetra. Gå da råsa rett ut forbi den største fjøsen. Råsa er stort sett tydeleg. Det er litt myrlendt terreng, men fint å kome seg fram. Der er fin bru over Noraelva.
P1080694 Fin og stødig bru over  Nordaelva.P1070519Bilde: Utsikt mot søraust fra Maursetsetra.

GOD TUR!

 

Berstad – Rimstad

P1080358Vegen over Berstadeidet var i mellomalderen pilgrimsveg for dei som skulle til heilagstaden på Selja. I tida fra kring 1820-1870 vart den også nytta som postveg. I nyare tid,fram mot siste verdskrig, har vegen vore nytta som kyrkjeveg for folket på Rimstad som skulle til kyrkje i Selje.

Logistikken kan være ei utfordring om ein vil ta denne turen. Men om lysta og viljen er der så er det mulig å få til. Er ein fleire i følge kan ein ha bil på kvar ende av turen. Eller ein kan reise kollektivt. Eg tok bussen til Almenningsfjellet og ny buss derfra til Berstad.
P1080351  P1080348
Utgangspunktet for turen er lett å finne. Køyr rv 618 mellom Selje og Almenningsfjellet. Lengst inn i bukta i Moldefjorden ligg Berstad, ca 8 km sør for Selje. På høgre sida av veien når ein kjem fra Almenningsfjellet ligg nokre fine kvernhus og like etter ei flott brå/turkis måla grind. Her er utgangspunktet for turen. Ein kan sjølvsagt også gå denne turen fra Rimstad til Berstad.
P1080352   Sunnivaleia
Utgangspunktet ligg på 35 moh. Det er 8,2 km til Rimstad. Som ein ser av dei flotte turskilta som Selje il har sett opp, så er turen til Rimstad merka med embletet for Sunnivaleia.P1080354Fra hovudveien og opp bakkane er det jamn og fin stigning. Stien er fin og godt merka.
P1080361   P1080362
Postvegen mellom Berstad og Rimstad var den første i ytre Nordfjord. Vegen stetta i si tid kravet til tjodveg, det vil seie at den skulle vere  minst to alen (1,3m) brei.P1080366Etter ca 1,5 kilometer kjem ein til Berstadvatnet. Dette ligg 159 moh.  Eit stort fint fiskevatn. Fiskekort får ein kjøpt på Berstad.

Som ein ser av bildet så er det lagt ned mykje arbeid i tidlegare tider, med heller  og bruer over elver. Dette for å gjere vegen fast og god å gå for hest og folk. I første del av turen er det ikkje så mange spor etter at det ein gammal fedselsveg, anna enn bruene. Men til lenger ein kjem mot Rimstad til meir viser det av den gamle vegen.
P1080367
Når ein er komt opp til Berstadvatnet forset ein vidare på austsida av vatnet. Ein kjem etterkvart til Pisanibekken. Ei kjelde som aldri frys. Den er oppattkalla etter Jakob August Pisani, som i mange år kring 1860 var postmann på ruta Ålesund-Vanylven-Eide-Bryggja-Utvik. Nær denne bekken er der også ein fin bålplass/leirplass. Fint plass å ta ein pust i bakken.
P1080380   P1080383
P1080388   P1080389
Turen går her heilt i vannkanten. Ein ser no fram til Fureneset og vidare opp mot skaret som ein skal over. (midt i bildet, under høgste toppen)P1080402Tilbakeblikk over Berstadvatnet. Det var utruleg stille i naturen denne dagen. Ikkje folk å sjå, berre litt bjølleklang fra nokre sauer på andre sia av vatnet.P1080405P1080409Ved enden av vatnet finn ein gamle ruiner. Kansje ei seter eller ein gammal gard.P1080412P1080411   P1080413
Det er litt stigning opp lida fra vatnet til ein kjem til det høgste punktet på turen, Løypinga som ligg på 275 moh. Namnet kjem turleg av at det har vore tømmerløype her.P1080417P1080418Turen er godt merka og det er fleire turalternativer i området. Når ein kjem over i Vågsøy kommune er det mindre merking, men ikkje vanskeleg å finne fram.
P1080425 Kaffi og sjokolade høyrer med når ein går på tur.
Når ein står ved det høgste punktet på turen, Løypinga, ser ein veien vidare mot Rimstad. Stien går over Futemyra, og historia fortel at ein dansk fut har mista livet her. Om han reid seg ned i myra eller vart slegen i hel  er uvist.P1080429P1080430   P1080431
Turen går over ein del myr, men det er sett opp stikker som er raudmåla så det er greit å finne veien. Det er tydeleg spor i elver og over diker etter arbeid som har vore gjordt i tidlegare tider. Turen går langs med mange vatn og det skaper liv i
terrenget. Ein går forbi Berstadvatnet, Vaulevatna, Fiskevatnet og Sammeltunvatna.
P1080435   P1080436
P1080464   P1080467
Den gamle ferdselsveien blir tydlegare i terrenget når ein nærmer seg Rimstadalen.
P1080474   P1080475
Ein kjem etter kvart fram til desse flotte gamle steinbruene. Imponernade å tenkje på at det her har vore ferdsel med hest.P1080477

P1080486  P1080487
Når ein nærmer seg gardane i Rimstaddalen kjem ein inn i eit beite da er det  viktig at ein held hundar i band og let att grinda etter seg.
Ein kjem ned i bygda på Rimstad.
P1080491P1080493 Utgangspunktet om ein starter turen fra Rimstad.
Rimstaddalen med sine store vide marker og eit kjent landemerke i horisonten.P1080495Denne turen er 8,2 kilometer og ein bør berekne 3-4 timer. Det er ein lett tur. Ein starter på 35 moh, høgaste punket ligg på 275 moh. Rimstad ligg på ca 100 moh.

Kart med innteikna rute finne ein på ut.no: Berstad – Rimstad

TA MED FAMILIEN, VENNER ELLER TA TUREN PÅ EIGA HAND.

 

Sagtennene / Høgefjellet / Trolledalsegga

Kjært barn har mange namn. Når eg les kart så er det forskjellige namn på denne toppen. Det er slik med mange fjelltopper. Dei har forskjellige namn alt etter kor ein ser toppen fra.  Eg har alltid kalt denne for Sagtindane, men på kartet står Sagtennene.

Den turen eg skal skrive om her er turen fra Lotsstøylen og til tv-sendaren på Sagtennene/Høgefjellet/ Trolledalsegga. Ein ser denne sendaren tydeleg i himmelsjå når ein køyrer rv 15  Stryn – Nordfjordeid.

Eg har valgt utgangspunket på Lotsstøylen. Den ligg høgt og fritt ca 480 moh. Det er bilveg heilt fram til støylen. Faktiskt er det bilveg heilt fram til sendaren på toppen, men det er kun for dei med køyretillatelse.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein E39 fra Nordfjordeid til Lote. Eller ein kan køyre Panoramavegen til Lote.   Køyr mot Lotsberg, etter ca 500 meter ta av til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Det er ikkje skilta så vær observang for det kan være  vanskeleg å forstå at det er der vegen går vidare.

Frå avkjørsla ved E39 og opp til Lotsstøylen er det ca 4 kilometer. Det er grusveg og om ein vil kan ein starte turen heilt nede ved hovudvegen.  Sykkel er også fult mogeleg på denne turen. Men det er ein bratt tur. Toppen  ligg på 1022 moh.
P1080080
Her er beitande dyr så pass på å lat att grindene.P1080081P1080082 Fin grusveg heile vegen.P1080085Fra Lotsstøylen og til toppen er det 4,2 kilometer. Dette er ein barnevennleg tur. Ta med ei vogn så dei små føtene kan få kvile litt innimellom. Har ein barn som ligg i barnevogn så er heller ikke det noke problem. Trill i veg. Det er god trening for lår og rompemuskelaturen. Bruk ein finveirsdag av permisjonstida og gå ein tur til fjells med minstemann.
P1080088    P1080091P1080093P1080094Når ein nærmer seg toppen flater terrenget ut og ein kan strekke litt på muskelaturen. Siste stykke på ca 1,5 kilometer  føl vegen egga til sendaren. Da har ein fin utsikt både til Hornindalsvatnet og til Nordfjorden.P1080097Disigt i fjella, men likevel nydeleg. Også så flotte haustfarger i fjellet no.P1080099Varden står eit stykke fra sendaren og var liten i forhold. Her har ein flott utsikt til Hornindalsvatnet og bygdene rundt.P1080100P1080101Utsikt mot vest. Her ser ein Eid sentrum, Eidsfjorden, Trollenykjen, Hunvikfjorden.P1080122Utsikt mot sør. Her ser ein Anda og Hestenesøyra.P1080127P1080134Lotsstøylen ligg fint med utsikt mot Hunvikfjorden. På sørsida av fjorden ser ein Hyeneshesten, Skeistrandhesten og Nosa. Alle på ca 1200 moh.P1080137Ta turen og utforsk nabobygdene. Flott natur og utsikt til kansje ukjende fjell. På denne turen treng ein ikkje bli våt på føtene heller.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sagetindane – Høgefjellet – Trolledalseggja

GOD TUR!!!!

Tusentrinnstrappa, Kjødepolljen

KJØDE – KYRNOSA – TOLVVASSEGGJA – NAVE

P1070886Denne gangen skal eg skrive om ein litt spesiell tur. Utsikten er upåklageleg. Det spesielle med turen er at ein går i trappetrinn.  Ikkje mindre enn 1000 stykker. Dette er ein tur både for den som vil teste kondisen sin, men også for dei som berre vil gå ein annaleis tur

Lengst inne i Kjødepolljen er der ein kraftstasjon og ei rørgate. Langs den rørgata er det bygd ei trapp. Der ligg Tusentrinnstrappa. På bildet øverst i innlegget ser ein veien som går opp til kraftstasjonen midt i bildet.P1070860Her er også andre turalternativ når ein først er komt opp trappa og opp i himmelsjå.  Det er åpe og fint turterreng.P1070861P1070864  Bilde: Skiltet taler for seg. Ein går på eige ansvar.
P1070866  Bilde: Langs trappa er det gode rekkverk. Fint både i motebakke og unnabakken.
Ein vinn fort høgdemeter i trappa og utsikten nedatt til kraftstasjonen og bygda er flott.P1070867  Bilde: Der er «lommer» med sti/rås mellom trappene.
P1070870  Bilde: Mellom trappene er det også nokre platå. Da kan ein stoppe opp og ha god plass for å nyte utsikten, fotografere og trekke pusten. Rekkverk også her.
P1070873  P1070874
Når ein har gått alle 1000 trinna (eg talte 1012, men lett å kome utavdet…..) er det flott utsikt ned att til fjorden. Det er i Kjødepolljen, Stad skipstunnelen skal ha innslag/utslag. Ein ser også veien som går over Mannseidet til Moldefjorden.

Det går ein bratt sti vidare oppover fra trappa. Når ein kjem heilt i himmelsjå åpner det seg eit flott turterreng med fleire veivalg og mange fiskevatn.P1070883Her ser ein Skorgevatnet som ligg på 357 moh, med Kyrnosa 617 moh midt i bildet.

Da vi planla denne turen var det meininga å gå vidare fra Tusentrinnstrappa og til Nave (Bryggja). På grunn av logistikken vart det til at vi tok dette som to turer og med forskjellige utgangspunkt.

Men eit tips når ein først er komt opp, er å gå vidare fra Skorgevatnet til Kyrnosa. Da går ein oppstigninga på venstre side av vatnet. Det er skilta og fin sti. Litt stigning men åpe og fint terreng. Fra Kyrnosa kan ein gå vidare mot Tolvvasseggja eller den merka stien som kjem ned i Heggedalen på Bryggja. Terrenget er så åpe at ein kan gå nesten kvar som helst. Ta med kart.

Andre dagen vi var i fjellområdet tok vi turen fra Nave/Øyehaug som ligg på ca 130 moh. Vi gjekk skogsveien som går fra Øyehaug og til Vassdalen (212moh) Ein går skogsveien til den svinger austover langs vatnet. Ta av og gå motebakka. Der er ikkje sti første stykket.P1070894P1070896Bilde: Fra oppstigninga til Tolvvasseggja. Ein ser tilbake til Vassdalen/Vassdalsvatnet. Ein ser også Nave og veien som går over Maurstadeidet.
P1070905  Bilde: Når ein kjem opp i høgda er utsikten upåklageleg. Hornelen i vest.P1070911  Bilde: Det er enkelte varder, men på denne turen er det lite merking.
Namnet Tolvvasseggja kjem av at der er tolv vatn rundt eggja. Mange av dei er fine fiskevatn så fiskestanga kan godt være med i sekken. Det var lite turgåere denne dagen men ein nyskjerrig skapning møtte vi på. Han fekk seg eit godt måltid.
P1070916   P1070963
P1070922   P1070929P1070967Her ser vi Skorgevatnet. Det viser tydeleg at det er regulert, og vatnet går i rørgata der Tusentrinntrappa går opp. (midt i bildet). Så her ser vi tilbake til der vi var da vi gjekk opp i himmelsjå bak Tusentrinnstrappa. Lengst bak på bildet ser ein Fiskå og litt av Åheim
P1070991   P1080042
Bilde: Det er mange fiskevatn på denne turen. Snøskarvatna/Kyrnosvatna og Mevatna.P1080045Bilde: Ved osen på Vassdalsvatnet, nesten ved utgangspunket igjen. Tolvvasseggja i bakgrunnen.P1070886På denne turen har vi vore innom to fylker. Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Og det vart tre kommuner, Selje, Vanylven og Vågsøy.

Eit godt råd er å ta med kart om ein skal gå i ukjent terreng. Gjer det kjent med kartet og turen du har tenkt å gå.

Kart over turen til Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet finn ein på ut.no: Tusentrinnstrappa – Skorgevatnet

GOD TUR!!!

Bergsetnausta – Sølvbergnausta

P1070589Nausta som ligg nede ved fjorden, 300 meter under gardane på Bergset og Sølvberg, er flotte bevarte bygninger som fortel om ei fara tid. Her var det heilt fram til 1930- talet eit aktivt naustmiljø. Det var her mesteparten av kommunikasjonen fra bygdene lenger oppe i berget og til omverda gjekk.  Mange av dei som utvandra til Amerika fra bygdene på Nordsida tok farvel med bygda og familiane sin her.

For å kome til utgangspunktet for turen køyrer ein Fv 613 fra Vegtun og til Fjelli. Ca 400 meter etter skiltet som står Fjelli på kjem ein til liten bakketopp. Der tek ein av til venstre og køyrer ned grusveien. Forbi gardstuna, og eit stykke unnabakke. Veien blir ganske smal og tilgrodd før ein kjem ned på parkeringsplassen.
P1070600
P1070601
Bilde 1: Eit lite skilt viser veien fra Fv 613. Bilde 2: Køyr grusveien til endes for parkering.

Fra  parkeringsplassen går ein til høgre og  kjem inn i «storskogen» og  finn  fin og tydeleg sti. Første delen av turen går slakt unnabakke og ein ser tydelege spor fra tidlegare tider.P1070554P1070596  P1070552 
Etter nokre meter blir det brattare sti ned bakkane. Stien er fin og tek ein seg god tid er det ikkje vanskeleg å gå her.
P1070558   P1070555
Ein kjem til Vilkjehjellflata, ei lita flat i det bratte berget som er oppdyrka for å kunne nyttast som slåttemark.
P1070559
Det er fleire skilt langs den bratte stien. Og at ein har hatt bruk for kvileplasser i tidlegare tider når bører skulle fraktast opp bakkane er ikkje vanskeleg å forstå.
P1070561   P1070595
P1070562   P1070564  P1070593
I det bratte berget hadde gardane på Bergset og Sølvberg frukthager i tidlegare tider. Fremdeles er her frukttre i desse innhengningane.
P1070566
Ved fjorden ser ein fint restaurerte naust. Innafor elva er det Bergsetnausta  og utanfor elva Sølvbergnausta. Det er bru over Storeelva så det er ikkje problem å besøke begge naustmiljøa på same turen. Storeelva gjorde store skader under flaumen i 2011 og det er tydelege spor i terrenget etter det.

Det er  fin utsikt til Innvik og fjella i bakgrunnen.
P1070575
Det står enkelte bygninger fra farne tider. Kansje ein husmannsplass?
P1070576
Går ein over brua og utom elva kjem ein til Sølvbergnausta. Også her er det  restaurerte naust. Skiltet viser vei til stien som gå  opp berget til Sølvberg. Denne turen kan ein gjere som ein rundtur. Ned berget innafor elva og oppatt utanfor elva. Eller motsatt vei.
P1070592
Bru over elva mellom Bergsetnausta og Sølvbergnausta.P1070589P1070587    P1070584
P1070586
Denne turen er bratt og kan by på utfordringer for dei yngste. Men har ein tolmod og god tid er det absolutt mulig. Spennande er det iallefall. Turen fra parkeringsplassen og til fjorden er ca 1 kilometer og med ein høgdefroskjell på 300 meter. Litt uvanleg at ein går unnabakkjen først og må ta stigninga på heimveien.
P1070598
Dette framkomstmiddelet er ikkje å anbefale på denne turen. Men fin å bruke for å kome seg til utgangspunket.

Kart over turen finn ein på ut.no: Bergsetnausta – Sølvbergnausta

TA TUREN OG UTFORSK KULTURLANDSKAP I NÆRMILJØET.

Storesunde – Skihella – Røyrhus

Eg har lenge vore fasinert av dei gamle ferdselsveiane mellom dei ulike bygdelaga. Tanken på korleis folk før i tida tok seg fram, tida dei brukte, børene dei frakta og slitet dei hadde i all slags veir for å kome seg fram  kan være overveldande. Det er store kontraster til korleis vi no reiser mellom bygdene.

Mellom  Indre Nordfjord og  Sunnmøre er det fleire overganger som vart nytta som ferdselsveier. Ein av dei mest brukte var  veien mellom Vollset og Flo, men også overgangen mellom Knutsdalen i Hornindal og Kyrkjeeide i Stryn vart nytta.

Turen eg skal skrive om denne gangen er turen fra Storesunde til Inigardsetra, vidare til Skihellevatnet, over skaret ved Skihellesvodene og ned Skihelledalen til Røyrhussetra og fram til Røyrhus. Ein flott tur på 15 kilometer.

For å kome  til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 fra Stryn mot Oppstryn. Køyr ca 10 km fra Stryn sentrum og ta av mot Flo. Køyr så ca 500 meter til ei lita bru. Der er det skilt som viser veien til Skihella.
P1070703
P1070704P1070706Det går skogsvei/skogsbilveg både til Inigardsetra og Utigardsetra, men eg vil anbefale å parkere bilen nede ved bilvegen og bruke beina. Det er god trim og trening. Det er ein bratt vei, ca 2.5 kilometer til setra, men da har ein fått unna mange høgdemeter.
Tek du bilen til setres, er det anbefalt å bruke den som går til Utigardsetra. Da køyrer ein bilvegen mot Garlid og tek av til høgre eit stykke etter bebyggelsen. Det er bomveg, kr 40,-.
P1070710  P1070712
Bilde: Parker ved eit vedlager og ta beina fatt. Det blir fin utsikt etterkvart.
P1070713  P1070714
Skogsvegen opp til Inigardsetra går gjennom beite. Det er derfor viktig at alle som ferdes her let att grinda etter seg. Vegen opp er tildels veldi bratt, men innimellom blir det slakere og ein får strekke på musklane.
P1070719
Utsikten til Storsunde og Mindresunde er flott etterkvart som ein tek høgdemeter.
P1070722
Bilde: Inigardsetra 470 meter over havet.
Stien vidare til Skihella går opp mellom sela. Det er ein tydeleg og god sti oppover Sunnsdalen. Delvis merka.

P1070728
  
P1070734
Når ein nermer seg Skihellevatnet ser ein Kvanneskrefjellet/Ramusfjellet. Til høgre for det fjellet ser ein Vatnedalsreset.Her er ein fin tur over til Frøysa.
P1070738
  P1070739
Haustfarger i fjellet.
P1070743
Etter 900 høgdemeter er det godt med påfyll på flaska.
P1070746
 Stryn T&Il har trimpost ved Skihellevatnet.
P1070749
Ved Skihellevatnet er det godt med ein pause. Her er det ikkje mange lyder som bryt stillheita. Godt å setje seg ned og nyyyyte. Hytta som ligg ved vatnet er privateigd. Vis respekt om ein tar pause heilt inntil hytta.
P1070752
  P1070751
Bilde 1: Dyregrav?  Bilde 2: Det ligg 3 hytter ved Skihellevatnet.
P1070754
Bilde: Skihellevatnet. Klart og fint vatn med mykje fisk.
Ein er så vant til å gå i opptrakka stier/løyper og i andre sine fotspor at ein ikkje tek turen om ein må finne veien og ta veivalga sjøl. Fra Skihellevatnet, over Skihellesvodene og ned i Skihelledalen er der ikkje sti. Da må ein ta eigne veivalg og lese terrenget. Der står enkelte små varder  i nedstigninga til Skihelledalen. Mi er erfaring er at det er best å holde til venstre når ein starter på nedstigninga. Prøv å gå mest mulig der det er gras. Da unngår ein glatte svedje. Ha gjerne eit kart i sekken. Denne turen ligg på kartblad 1318 I, Stryn.
P1070758
Botnenibba 1372 moh. Grensefjell mellom Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal.
P1070759
Bilde: Her fra oppstigninga fra Skihellevatnet til Skihellesvodene.
P1070763
Når ein er komt opp i skaret ved Skihellesvodene,  ein komt opp til Skihella ca 1000 moh.  Her  har ein eit fantastisk utsyn mot Skihelledalen, Røyrhusdalen og gardane på Røyrhus. I tidlegare tider hadde  bøndene i Stryn sauene og kyrne sine på beite i Skihelledalen.
P1070765
Bilde: Skihellesvodene.

I Skihelledalen er det ein del myr,men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Gå mot ei lita hytte som ligg i dalen da vil ein finne sti/rås der i fra og ned til Røyrhussetra.
P1070768
P1070770 Fra denne hytta som heiter Brudeholen, er det sti ned til Røyrhussetra. Røyrhusnibba til venstre.
P1070780   
P1070774
Skilt som viser vei til Røyrhussetra. Stien er fin ned i dalen.

Røyrhussetra med Botnenibba i bakgrunnen. Stien kjem ned til setra til venstre for Botnenibba(bilde). Frå Røyrhussetra og fram dalen til gardane på Røyrhus er det fin grusvei. Ca 3 kilometer.

Det er også ein fin tur om ein går fra Røyrhus og inntil setra. Godt eigna både for sykkel og barnevogn. Fram gjennom dalen svinger Tverrdalelva seg. Den ligg stilt og roleg inne ved setra. Her er det gode muligheiter for rasting på elvebredda.
P1070791  
P1070796
Flott vei for sykkel og barnevogner.
P1070792
P1070800Om ein går denne turen kan logistikken være ei utfordring, men ein har sikkert noken som kan hente når ein er komt ned fra fjellet. Grusveien fra Røyrhus til Røyrhussetra er bomvei. Så husk å ta med penger til avgifta.

Anbefaler også som eit alternativ å ta turen fra gardane og inn til setra i Røyrhusdalen. Ein flott tur om ein skal hente dei som har gått over fjellet.

Denne turen er også fin å ta om vinteren, da helst fra Røyrhus og mot Storsunde.

Kart over turen finn ein på ut.no: Storesunde – Skihella – Røyrhus

TA TUREN SOM IKKJE SÅ MANGE ANDRE HAR TATT. NYT STILLHEITA OG HAUSTFARGANE.

« Eldre innlegg

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑