Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Toppturer (Side 2 av 2)

Revjehornet på Stadlandet

Revjehornet er ei havklippe på nordsida av Stadlandet. Toppen rager 426 moh og har fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein ser resten av Stadhalvøya, innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og i vest mot Stadhavet.  Namnet har havklippa fått på grunn av revjene som er i klippa. Desse er særleg godt synleg fra sjøsida.
På bildet over ser ein Revjehornet som det høgaste punktet til høgre. Bildet er tatt fra stranda før tettstaden Leikanger.
Har ein tatt turen til Stadlandet anbefaler eg også ein tur til Tungevågen og  Eltvik.  Vegen vestover fra Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg vart opna i 1936.  Vegen vidar til Eltvik vart opna i 1959. Statens Hamnevesen såg det da som tjeneleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å bygge eit kostbart hamneanlegg i Eltvik. Vegen er smal , kronglete og veldig fasinerande men godt framkomeleg. På skilt langs vegen er det anbefalt å ta turen til Eltvika berre i dagslys.

Bildet over er tatt på Storeneset og her ser ein Revjehornet fra vest.

På Storeneset bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.

Formålet med kystfortet var å sperre innløpet til Vanylvsfjorden, men også å sikre eigne skip og konvoiar i Vanylvsgapet. På neset er det restar etter stillingane til dei seks store feltkanonene, med tilhøyrande ammunisjonsrom og dekningsrom. Her står fleire grunnmurar igjen etter brakker og stillingar for mindre kanoner. Gjennom toppen av neset er det sprengt ut ein tunnel frå standplassen til 5. kanon og til ei forlegningsbrakke i andre enden. Eit stort område var inngjerda med piggtråd, og det var lagt ut 2.456 landminer. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonene vart selde som skrapjern, men framleis ligg bakre halvdel av kanonrøyret igjen i kanonstillingane. Kanonene var av same type som dei to som står igjen i Florø. (kilde: Fylkesarkivet)

Turen som blir skreve om her går fra høgaste punktet på vegen fra Borgundvåg til Tungevåg. Parker ved ei gammal grushole.
Stien er ikkje så tydeleg i starten, men terrenget er åpe og lett å lese.
Gå opp langs den gamle tilhengaren som står ved grushola og vidare opp på høgda bak den. Etter kvart blir  det fin utsikt over Tungevågen.
Tungevågen er ein saltvasspoll som er ein trekk- og overvintringslokalitet for vassfugl. Stadhavet er eit av dei mest verharde kystområda i landet og  i uversperioder har det vist seg at Tungevågen har ein særleg viktig funksjon for fugler som havelle, ærfugl, svartand og skarvar som søkjer ly i området. Årleg overvintrer 10-20 songsvaner i dette området.På første del av turen er det lite merking. Ein kjem opp langs eit gjerde og går over nokre småmyrar og lyngbakkar. Ein må finne ein nedgang for å kome forbi nokre hamrar. Gå litt i retning nordaust fra gjerde.Etter at ein har passert hamrane og gått over ei stor myr skal ein ta opp glenna til venstre på bildet. Etter det er stien merka med små varder og raude stikker. Stien ligg fint i terrenget og føl formasjonane i fjellet. På ein plass kan ein kome i stuss. Det er ein plass stien deler seg, der held ein til venstre.Underveis på turen har ein heile tida flott utsikt. På bildet under ser ein nedatt til Tungevågen med spesiell grønn farge på havet.  Terrenget er lett å gå i og stien er tydeleg etter første 300-400 meterane. Små vardar viser at ein er på rett veg.Utsikten taler for seg sjølv. Fantastisk. Den dagen vi tok turen var havet blått, himmelen var blå, vinden var still og temperaturen var god. Det er berre å setje seg ned og nyte utsikten i 360 grader.
Eit tips: Ta med kikkert.
Her ser ein bl.a vest i Stadhavet, resten av Stadhalvøya, Måsevatnet, Storeneset, Eltvika, Varaldsfoten 397 moh.

Turen til Revjehornet er 2,5 kilometer og toppen ligg 426 moh.
Der er også ein sti som går fra vegenden i Borgund. Den stien er merka med raude stikker og er ein brattare tur. Om ein vil kan ein lage ein fin rundtur med å kombinere desse to rutene. Stiane går i hop siste stykke på toppen av Revjehornet.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Revjehornet på Stadlandet

GOD TUR OG NYT HAVLUFTA!!

Sagtennene / Høgefjellet / Trolledalsegga

Kjært barn har mange namn. Når eg les kart så er det forskjellige namn på denne toppen. Det er slik med mange fjelltopper. Dei har forskjellige namn alt etter kor ein ser toppen fra.  Eg har alltid kalt denne for Sagtindane, men på kartet står Sagtennene.

Den turen eg skal skrive om her er turen fra Lotsstøylen og til tv-sendaren på Sagtennene/Høgefjellet/ Trolledalsegga. Ein ser denne sendaren tydeleg i himmelsjå når ein køyrer rv 15  Stryn – Nordfjordeid.

Eg har valgt utgangspunket på Lotsstøylen. Den ligg høgt og fritt ca 480 moh. Det er bilveg heilt fram til støylen. Faktiskt er det bilveg heilt fram til sendaren på toppen, men det er kun for dei med køyretillatelse.

For å kome til utgangspunktet køyrer ein E39 fra Nordfjordeid til Lote. Eller ein kan køyre Panoramavegen til Lote.   Køyr mot Lotsberg, etter ca 500 meter ta av til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Det er ikkje skilta så vær observang for det kan være  vanskeleg å forstå at det er der vegen går vidare.

Frå avkjørsla ved E39 og opp til Lotsstøylen er det ca 4 kilometer. Det er grusveg og om ein vil kan ein starte turen heilt nede ved hovudvegen.  Sykkel er også fult mogeleg på denne turen. Men det er ein bratt tur. Toppen  ligg på 1022 moh.
P1080080
Her er beitande dyr så pass på å lat att grindene.P1080081P1080082 Fin grusveg heile vegen.P1080085Fra Lotsstøylen og til toppen er det 4,2 kilometer. Dette er ein barnevennleg tur. Ta med ei vogn så dei små føtene kan få kvile litt innimellom. Har ein barn som ligg i barnevogn så er heller ikke det noke problem. Trill i veg. Det er god trening for lår og rompemuskelaturen. Bruk ein finveirsdag av permisjonstida og gå ein tur til fjells med minstemann.
P1080088    P1080091P1080093P1080094Når ein nærmer seg toppen flater terrenget ut og ein kan strekke litt på muskelaturen. Siste stykke på ca 1,5 kilometer  føl vegen egga til sendaren. Da har ein fin utsikt både til Hornindalsvatnet og til Nordfjorden.P1080097Disigt i fjella, men likevel nydeleg. Også så flotte haustfarger i fjellet no.P1080099Varden står eit stykke fra sendaren og var liten i forhold. Her har ein flott utsikt til Hornindalsvatnet og bygdene rundt.P1080100P1080101Utsikt mot vest. Her ser ein Eid sentrum, Eidsfjorden, Trollenykjen, Hunvikfjorden.P1080122Utsikt mot sør. Her ser ein Anda og Hestenesøyra.P1080127P1080134Lotsstøylen ligg fint med utsikt mot Hunvikfjorden. På sørsida av fjorden ser ein Hyeneshesten, Skeistrandhesten og Nosa. Alle på ca 1200 moh.P1080137Ta turen og utforsk nabobygdene. Flott natur og utsikt til kansje ukjende fjell. På denne turen treng ein ikkje bli våt på føtene heller.

Kart over turen finn ein på ut.no: Sagetindane – Høgefjellet – Trolledalseggja

GOD TUR!!!!

Blånibba – ein enkel topptur / rundtur om Holesetra

Utgangspunktet  for denne turen er det flotte skianlegget til Markane il, Ullsheim. Dette er ein enkel topptur med flott utsikt. Blånibba ligg 1043 meter over havet. Fra Ullsheim, som ligg ca 350 meter over havet, og til toppen er det ca 4 kilometer. Tar ein tida til hjelp går det fint  å ha med barn ned i 5-6 års alderen på denne turen.
P1060902Bilde: Her ser ein Blånibba midt på bildet. Lenger bak ligg Gulkoppen.
Eg har valgt å gå eit stykke i løypetraseen som Turløyper Stryn AS har opparbeida.  Hold til venstre for løypebrua på stadion og fortset ned bakken til myra. Gå til høgre for furuene midt på bildet og følg traseen motebakka.
P1060904
Da kjem ein inn på den asfalterte  ruleskibana og ein går den eit stykke til ein kjem til ein lunneplass for tømmer. Her tek ein av til venstre. Som skilta viser så er det fleire turalternativ i området.
P1060907
  P1060908
Ein forlet no asfalten og går vidare på løypetraseen som går motebakke. Den svinger seg fint opp bakkane og snart er ein komt opp til Gamlesetra. Her var det fra gammalt av seter for gardane i Grenda, men den vart flytta lenger opp. Ein kan enno sjå litt av tuftene av husa.
P1060915
Bilde: Utsikt fra Gamlesetra mot Hornindalsvatnet og Heggjabygda. Ein skimter også så vidt garden Jutedal.

Frå Gamlesetra går eg den gamle setreråsa siste stykket til Grendasetra. Fra Gamlesetra har ein også muligheit til å fortsetje på løypetraseen til ein er på setra.
P1060921  P1060922
Bilde: Turløyper Stryn  har sett opp skilt langs traseen.
P1060924
Bilde: Råsa er enkel å finne sjølv om den ikkje er merka.
P1060926
Bilde: Grendasetra.
P1060930
Bilde:  Selet  høyrer til garden Svingeset. Her er ein god benk å kvile på. Vis hensyn ved bruk. Ta med søppel heim!!
P1060931
Flott utsikt fra Grendasetra. Ein ser skianlegget Ullsheim, gardane i Grenda og Svingesetvatnet. Ein skimter også Langesetvatnet og fjorden.

Turen vidare går over setrevollen og  opp bakken rett bak setrehusa. Der er raude merker på steinar og  råsa er godt trakka og er enkel å finne
P1060947
P1060948På bakketoppen bak setra er det sett opp benk og bord. Her er det fint å kvile. Ta inn fjell lufta og nyte utsikten.
P1060950

P1060952
Bilde: Når ein er komt opp om tregrensa, kjenner ein naturens rus spre seg i kroppen. Her er det åpe landskap og ein får «luft under vingene».
P1060957
  P1060959
Toppen av Blånibba fra Smalurvarden  og utsikt sørover fra Smalurvarden
P1060964  P1060965
Bilde: Blånibbvatnet.
Her er det berre å vrenge av seg kleda og hoppe uti.
P1060966
Eit friskt morgenbad i Blånibbvatnet er berre heilt fantastisk. Ein kan sjå på bildet kor stilt det er her oppe. God temperatur og klart vatn. Vidare herfra går turen under toppen og så svinger ein til venster fram att til varden i godt merka rås.
P1060970
Bilde: Varden på Blånibba. Flott utsikt.
P1060973
Fra toppen av Blånibba ser ein den delen av Markan som ligg lengst vest og som grenser mot Hornindal kommune. Ein ser bygdene rundt Hornindalsvatnet som ligg i Eid kommune.
P1060974
Her ser ein gardane i Grenda,Svingesetvatnet, skianlegget Ullsheim, Langeset, Langesetvatnet og ein del av gardane i Sør Markane. Ein ser Faleidefjorden og Frøholm, Hildaneset, Innvikfjorden, Utvik og øverste del av Blakset.
P1060975
Her skimter ein så vidt litt av Stryn sentrum mellom Gryta og Årheimsfjellet.
P1060976
Fra Blånibba er det muligheiter for å gå både lenger og høgare. Gulkoppen, som ein ser på bildet, ligg på 1306 metre over havet.

Eg valgte å gå vidare fra Blånibba til Holesetra. Det blir ein fin rundtur på ca 8 kilometer. Det er god rås som er merka.
P1060981
P1060982Når ein har gått eit stykke austover kjem ein så lang at ein ser ned til Holesetra. Ein ser litt av løypetraseen til Turløyper Stryn AS som snor seg så fint i terrenget. Siste stykket ned til setra går i eit terreng som er blanding av myr, lyng og stein.
P1060985
P1060987Her på Holesetra er det fint å ta ein pause. Sjølv om elva durer godt er det mulig å nyte stillheita. Går ein nær setrehusa så vis hensyn og sjølvsagt tek ein alltid med seg søppelet heim om ein raster.

Denne rundturen fortset no i løypetraseane tilbake til Ullsheim.

Holesetra er eit populært mål for mange turgåere. Dette fordi Arvid i Turløyper Stryn har laga til så fine tursti/løypetraseer opp dit. Dei traseane kan ein ikkje skryte nok av. Det er  mange som nytter seg av desse flotte løypene, både sommer og vinter. Det er rein luksus å kunne bruke dette anlegget når ein vil uansett årstid. Å lage til og å holde eit slikt anlegg vedlike koster mykje penger. Husk å betale medlemskontingent. Alle traseane er også godt merka med skilt som viser alternative ruter og vanskegrad.

På Holesetra, ved skilttavle og kvileplassen, har Markane il og Stryn T&Il trimposter.
P1060990
Langs med traseane har Arvid laga til med kvileplasser. Her er det muligheiter for alle å ta ein pause. Husk å rydde etter deg når du er ferdig.
P1060992
P1070001  P1060998
Løypetraseane er fine både om sommeren og vinteren. Om sommeren  er det fint både for dei som går, bruker sykkel, permobil og barnevogn.
P1060996
P1070003  P1070004
Langs  traseane er graset slått på kantane. Berre å nyte turen for både små og store.

Markane il har bygdt eit fantastisk anlegg, Ullsheim. Eit imponerande anlegg med stor skistadion, skiskytterstadion, rulleskibane og mange kilometer med lysløyper. Ei grillhytte «Årestova» er også bygd dei siste åra. Denne hytta står åpen og er ein sosial samlingsplass. Her kan ein gå inn og ta ein velfortjent pause. Bruker ein av veden så betal i den oppsette kassa. Nytter ein seg av desse flotte plassane så må ein huske å rydde etter seg og ta med alt søppel heim.  Årestova kan også tingast til private arrangement.
P1070007
Bilde: Skianlegget Ullsheim i Markane.
P1070008
Bilde: Gapahuk som står ved skileikebakken på Ullsheim. Her er det fint å ete matpakken sin.
P1070015
Årestova på Ullsheim. Ei flott grillhytte som står åpen og som kan nyttast av alle. Også uteområdet er fint tilrettelagt med bord, benker og bålpanne. Om ein nytter desse tilbuda må ein vise stor varsemd med åpen ild. Området må sjølvsagt ryddast når ein har brukt det.

GOD TUR TIL FJELLS. NYT DEN FANTASTISKE NATUREN VI HAR RUNDT OSS. TA GODT VARE PÅ DEN!!

Kart over turen finn ein på ut.no: Blånibba, ein enkel topptur – rundtur om Holesetra

 

Hornindalsrokken – ein topptur 1526 moh.


TOPPTUR TIL HORNINDALSROKKEN OG FAMILIETUR TIL BLÅVATNET.

P1060448
Hornindalsrokken, eller Hondalsrokkjen, er grensefjell mellom fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er også grense mellom Hornindal, Ørsta og Stranda kommune. Rokkjen blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane da nordsida av fjellet ligg ved Tyssevatnet innerst i Hjørundfjorden.

Hornindalsrokken er eit landemerke og ein ser den godt når ein køyrer RV 60 fra Grodås til Hellesylt. Når ein er komt til Hondøla bru,ta av til venstre fra riksveien. Ta gjerne ein stopp her og studer den flotte steinbrua som ligg tett ved riksveien. På austenden av denne brua står Giftarsteinen/Jomfrusteinen.

Det er to historier knytta til denne steinen. Den første går ut på at brurafølge gjekk til denne steinen og at brura måtte krype gjennom steinen når alle såg på. Kom ho gjennom steinen var alt i orden, kom ho ikkje gjennom var ho sannsynlegvis gravid.

Den andre historia går ut på at budeiene på setrane i området måtte krype gjennom steinen før dei reiste til setres tidleg på sommaren og også når dei skulle heim fra setra på seinsommaren. Dette for å sjå om dei hadde vore lausslupne i løpet av sommaren.
P1060445
Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Hornindalsrokken. Ein kan også gå fra Kjelstadalen i Stranda kommune.

Eg tok turen fra Hornindalsetra og innlegget blir om det veGvalget.

For å kome seg til utgangspunket, Hornindalssetra, så tek ein Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre. Vegen til Hornindalssetra er bomveg så ta med litt småpenger.  Når du har betalt bompengane kan du køyre heilt fram til setra. Der er det tillaga med  inngjerda parkeringsplass. Det er kjempeflott, da står bilen trygt for beitande husdyr som er i området rundt setra.
P1060450

P1060451
Hornindalssetra er det vanlegaste utgangspunktet når ein skal på Rokkjen. Setra ligg på 412 meter over havet.
P1060455
Fra setra går ein på anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet som ligg ved foten av Hornindalsrokken. Denne strekninga er fin og slak og her kan godt heile familien ta turen. Det meste av stigninga er opp fra setra.
P1060459

P1060458
 Ein må også huske å snu seg og sjå på utsikten bak seg. Her ser ein Muldsvorhornet.
P1060460
Her ser ein tydeleg anleggsveien som går inn setredalen mot Blåvatnet. Litt stigning opp fra setra, men så flater den ut og er fin også for  barn å gå. Vogn kan by på ein del utfordringer. Det er mange som bruker sykkel dei vel 3 kilometera inn til Blåvatnet.
P1060463
  P1060467
Det er ikkje vatn å finne når ein starter på oppstigninga i «renna», så alle flasker må fyllast i dalbotnen ved Blåvatnet/Store Luka.
P1060470
Her deler stien/råsa seg. Skal ein på Rokkjen dreier ein til høgre. Stien er tydeleg og delvis merka. Det er viktig at ein føl stien for å finne rette veivalget opp «renna».
P1060472
  P1060475
No ser ein tilbake til setra, dyrkingsfelta som høyrer til gardane på Nygård og Seljeset og mot fjella som grenser mot Stryn.
P1060471
Ser ein andre veien, mot nord, ser ein Rokkekjerringa og Hornindalsrokken på kvar side av dalen der Blåvatnet og Tyssevatnet ligg.
P1060473
Når ein har gått eit stykke fra stidele mot foten av Rokken, går ein forbi Store Luka. Eit lite vatn som ligg der så stilt og fint heilt oppunder fjellfoten. Her er det fint å ha base camp om ein er fleire i følge og noken velge å stoppe turen her. Fint for barn å få leike i vannkanten.

For dei som vil til toppen av Hornindalrokken så starter oppstigninga her.  Oppstigninga opp «renna» byr ikkje på store problem,men det er laus stein og ein må være forsiktige så ein ikkje får steinane på trill. Dette er ein tur som er best å gå om det er tørt i terrenget. Ellers kan det være glatt og gjørmete. Det er også ein fordel å vente så lenge om våren at snøen i «renna» har smelta vekk
P1060476
Når ein er komt opp i skaret mellom Rokken og Lidafjellet er det godt med ein pause. Her kjem ein også inn på breen. Hold til venstre, men ikkje for nær oppunder ura. Ein føl breen til ein igjen møter ura og merka sti.
P1060480

P1060484
  P1060482
Utsikten er upåklageleg når ein nærmer seg toppen. Da er det berre å nyte.  Når ein er heilt på toppen ser ein Sunnmørsalpane med alle sine tinder og topper og andre veien ser ein mot  Jostedalsbreen og Lodalsskåpa.
P1060487
Her ser ein eit islagt Tyssekupa.
P1060489
  P1060501
Sist på 50-talet og tidleg på 60-talet vart Tyssevassdraget utbygdt av Tussa Kraft. Da vart det store Tyssevatnet oppdemt. På bildet ser ein tydeleg eit tappa basseng. I den nordlege delen av Tyssevatnet har Turistforeninga ei sjølvbetjent hytte, Tyssenaustet.
P1060507

P1060500
Her ser ein Kolåstinden til venstre og slogen til høgre.
P1060495
Endeleg på toppen. Dette er andre gang eg bestig dette fjellet. Første gang for ca 30 år sia.
P1060510
Her ser ein mot Sunnmøre. Ein ser Hjørundfjord og heilt til Ålesund.
P1060516
Her ser eg ca 900 meter rett ned i Tyssevatnet.

Kart over turen finn ein på ut.no: Topptur til Hornindalsrokken

Trandal – ei idyllisk grend


P1060597
Trandal er ei lita bygd i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Ei idyllisk perle heilt i sjøkanten. Bygda har ingen veiforbindelse med omverda og all kommunikasjon går sjøveien med ferge og båt. Ein kan ta ferge både fra Standal, Sæbø og Lekneset.

Trandal kan vise til allsidig næringsvirksomheit opp gjennom åra. Det har vore både teppefabrikk, fellesfjøs, mekanisk verksted og fiskeoppdrett. Desse bedriftene er lagt ned og det meste av gardsdrifta er avvikla. Men det er ny giv blandt dei 8 fastbuande i bygda og det blir no satsa på turisme.

– Christian Gaard, ein sjarmerande serveringstad/vertshus. Eit besøk her vil gje eit minne for livet.

– Trandal Fjordhytter som driv med utleige av hytter.

Aktiviteter

I denne vesle bygda er dei engasjerte og oppfinnsomme. Dei arrangerer i løpet av sommaren 3 festivaler.

-Gammalpopfestival

-Trandal bluesfestival

-Countryfestival

-Enkelte helger er her trubadurere, men ein kan og finne helger der stillheita og roen senker seg.

P1060545
I helga var eg sjølv på bluesfestivalen for første gang. Og for eit arrangement! Og for ei stemning! Kan det bli noke finare ramme rundt eit arrangement enn det naturen sjølv har?
P1060596
Når arrangørane har all logistikk og organisering på plass så blir dette eit draumearrangement. Festivalen går over 2 dager og ca 2000 mennesker var innom bygda denne helga.
P1060547
Bilde: Her ser ein litt av Christian Gaard, vertshus og serveringsstad og arrangementsplass for bluesfestivalen.

Når det er slike store arrangement er det mange som tek med bobil på ferga og får seg oppstillingsplass for helga, eller dei kjem med fritidsbåt. Andre kjem med skyssbåtane som går i skytteltrafikk, eller tek ferga over.
P1060594
  P1060555
P1060593
Ein av dei store artistane i år var Lazy Lester.
P1060554
  P1060581
Bilde 1: Stille før innrykk.     Bilde 2: Sol, skyer, fjell og sjø.

Friluftsliv
Mange kjem til Trandal for å bruke den fantastiske naturen som er her. Fjordfiske er fremste attraksjon. Men her er også mange muligheiter for å gå på tur. I 2007 fullførte Tussa småkraftverket i Trandalelva. Det vart i den forbindelse laga anleggsvei inn i Trandalsdalen. Dette er eit fint turmål. Her kan ein fint ta med barnevogn.
P1060560
Bilde: Her ser ein litt av Ytre Trandal med Trandalhatten i himmelsjå.
Eit anna flott turmål er Trandalhatten. Den rager 1180 meter over havet. Detter er ein tur for dei som har trena litt og som ikkje er altfor redd for høgder. Det er også ein tur som eg syns det må være noke lunde tørt i terrenget for at ein skal ha glede av turen. Råsa/stien er god, men med lange skrå hellinger når ein nærmer seg toppen. Ein del småskog før ein kjem opp om tregrensa.

For å finne utgangspunktet for turen til Trandalhatten kan ein køyre eit stykke på veien mot Trandalsdalen. Når ein har køyrt av ferga og kjem opp bakkane litt, tek ein til venstre over ei bru. Da fortset du opp bakkane, gjennom ei grind, forbi noke innhengninger og til andre knappe svingen. Der er det ei utviding. Parker her og ta den grasgrodde traktorveien til endes. Der i fra går det merka sti/rås motebakka.
P1060566
  P1060567
Bilde 1:Der er toppen!         Bilde 2: Her parkerer ein og går traktorvei til endes.
P1060573
Bilde: No er ein komt over tregrensa og ein får litt meir luft rundt seg.
P1060576
Bilde: Utsikt mot Standal og Standalseidet.
P1060578
Bilde: Ein imponerande topp. Ein går her opp på bandet og bakover for å runde framover til toppen igjen.

Siste stykket kan være litt vanskeleg. Det er det hengt ut to taulengder for å ha litt hjelp opp dei siste 20 høgdemeterane. På denne turen finn du lite vatn så fyll opp flaskene nede i dalbotnen.  Estimert tid til toppen er 2-3 timer.

Ein tur til bygda Trandal anbefaler eg på det varmaste. Enten for å sjå og nyte den flotte naturen, ta med seg ein topptur, ein god middag eller eit arrangement. Det er lov å være litt nyskjerrige på kva som finst i nabobygdene og i nabofylka.
P1060551

GOD TUR !!

Kvamssetra – Flatsteinbu

Søndagen opprant med eit litt usikkert veirbilde. Planen var å kome seg ut på tur. Eg og Stig hadde planer om å køyre til Oldedalen og gå på Kvamssetra og kanskje til Flatsteinbu. Skyene låg tungt ned i fjella så vi var spent på om planen var gjennomførbar. Eg har vore på Flatsteinbu ein gong før og viste at det ikkje var ein tur som ein skulle ta i styggeveir. Men vi la i vei og håpa på at skydekket skulle sprekke opp.
P1060090
Turen starter på Kvame i Oldedalen. Fra Olden køyrer ein veien som er merka til Briksdalen. Når ein er komt forbi Oldevatnet og inn på flatene, tek ein av til venster og køyrer austover mot gardane som ligg bort under fjellsida. Dette er gardane på Kvamme. Der står eit treskilt merka «Flatsteinbu». Da finn ein etterkvart parkeringsplassen. Fra parkeringsplassen føl ein grusveien til grushola som du ser på bildet. Ta av til venstre og gå opp kanten av grushola. Stien går til setra på høgresida av elva Sulkja.
P1050926
Bilde: God plass på parkeringsplassen
P1050923  P1050929
Bilde 1: Plakat ved parkeringplassen.         Bilde 2 : Her har dei laga trapp ved siden av grida.
P1050930
Ein vinn fort høgdemeter opp lida. Det er godt trakka sti så det er ikkje vanskeleg å finne veien. Det er også merka med oransje prikker/piler og raude T-er.
P1050934

P1050962  P1060075
Dette er ein tur som krev litt kondisjon, men fult mulig å gå om ein ikkje er topptrena.  Det er ganske bratt terreng opp til setra. Der flater det litt ut inn Kvamsdalen før det igjen blir brattare siste stykket opp til platået som Flatsteinbu ligg på. Berekn god tid på turen. Ser flerie stader at turen er berekna til 3-4 timer opp og 2 timer ned.P1050935  P1050939
Bilde 1: Terrenget flater ut av og til.            Bilde 2: Det er veldig frodig i Oldedalen.

Stien er tydeleg heile veien. Somme plasser der det kan være vanskeleg å finne feste på steiner eller svaberg er det laga til med bolter og «trinn» for å gjere det enklare. Det er også bygt trappetrinn og bolta inn kjetting i fjellet for at ein lettare skal kunne ta seg trygt fram. Ikkje veit eg korleis dei fekk buskapen til fjells før i tida.
P1050938
P1050942  
P1050940
Bilde: Møtte på denne krabaten som også var ute på søndagstur.
P1050950  P1050954
Bilde 1: Kjetting i fjellet på bratte parti.    Bilde 2: Høg vegetasjon så ein må sjekke seg for flått.
P1050964
Bilde: Stig nyter utsikten mot Oldedalen og Kvamssetra utanfor. I desse bakkane gjekk bestemor hans i sin barndom.
P1050969
Det er godt med ein pust i bakken når ein er komt opp til setra. Vi var heldige og det lave skydekket letta litt innimellom. Det er  ein fantastisk utsikt fra setra. Her fra ser ein det grønne brevatnet i Oldenvatnet godt. Ein ser også såra i terrenget  etter dei enorme jord og steinrasa som gjekk i vinter. Det er også ei Kvamsseter utanfor elva. Ein kan skimte den på bildet. Lenger inn i Kvamsdalen er der bru over elva. Eg gjekk der for 10 år sia da var det veldig attgrodd utan for elva, så veit ikkje kor framkomeleg der er no. Når ein fortset inn Kvamsdalen kjem ein etter kvart inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.
P1050977  P1050981

P1050979
Bilde: Vi vurderte heile tida om vi skulle fortsetje, men skydekket sprakk opp av og til, og det var «umulig» for oss å snu.
P1050992  P1050993
Bilde: Bratte bakker så ein lyt kvile.            Bidle 2: Kjærlighet for naturen!!
P1050995  P1060039
Bilde: Snø-Stein-Skodde-Vatn-Blomster-Sol-Isbre.
P1050997
Bilde: Flatsteinbu i skodda på platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen.

Sjølv om skodda var i nærheita heile tida og vi vurderte om vi måtte snu, så nådde vi målet vårt, Flatsteinbu.  Da vi kom opp der, våte og svette, var det godt å kunne søke ly inne i hytta. Flatsteinbu er ei trekanthytte som vart sett opp av entusiastiske brefolk fra Oldedalen i 1968. Hytta er privateigd, men åpen for alle som vil bruke den. Dei som overnatter i hytta legg att penger på bøssa eller fører over på bankkonto som oppgjer for overnatting, lys og brendsel. Der er oppslag i hytta om priser. Vi førte gjerne over kr 100,- for ly ei lita stund. All material og utstyr i hytta blir bore opp.  Hytta er på 19 m2 og har overnattingsplasser for 8-10 personer  på brisk, hems og golv. Bak hytta med vidt utsyn ligg utedoen. Der er også ei steinbu (sikringsbu) der det er mogeleg å overnatte.
P1060005
Bilde: Hytta er åpen for den som vil bruke den. Nøkkelen står i døra. Husk å late godt att og låse/bolte den etter deg.
P1060053
Bilde: Steinbua med overnattingsplass.

Går ein litt lenger innover fjellet så får ein eit flott utsyn mot Brenndalsbreen. Det var vanskeleg å «fange» den på bilde denne dagen, men eit lite glimt av den fekk vi.
P1060027
Bilde: Bodil på kanten med Brenndalen og Brenndalsbreen bak.
P1060051
Bilde: Mange fine blomster å sjå høgt til fjells. Issoleie er ein av mine favoritter.
P1060057
På vei nedatt er det ekstra godt med «hjelpemiddel». Godt å ha noke ekstra og trakke på og holde seg fast i. Ein må også ta seg tid til å nyte den flotte utsikten.
P1060059
Bilde: Frodig i Kvamsdalen.

P1060061
Bilde: På vei nedatt hadde skodda letta enda meir. Her ser ein eine selet og gamle fjøsmurer på setra og nedatt til Oldenvatnet.
P1060076
Bilde: Litt meir av utsikten mot Oldedalen.
P1060077

P1060085
Bilde: Velkomstkomiteen når vi kom nedatt i dalen. Kjekt å sjå dyr på beite. Desse skal nok snart til fjells.

Turen fra Kvame til Flatsteinbu er på knappe 5 kilometer. Ein tur eg absolutt anbefaler om ein har lyst å sjå noko nytt.

Sjå ruta på kart: Ut.no

Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑