Søndagen opprant med eit litt usikkert veirbilde. Planen var å kome seg ut på tur. Eg og Stig hadde planer om å køyre til Oldedalen og gå på Kvamssetra og kanskje til Flatsteinbu. Skyene låg tungt ned i fjella så vi var spent på om planen var gjennomførbar. Eg har vore på Flatsteinbu ein gong før og viste at det ikkje var ein tur som ein skulle ta i styggeveir. Men vi la i vei og håpa på at skydekket skulle sprekke opp.
P1060090
Turen starter på Kvame i Oldedalen. Fra Olden køyrer ein veien som er merka til Briksdalen. Når ein er komt forbi Oldevatnet og inn på flatene, tek ein av til venster og køyrer austover mot gardane som ligg bort under fjellsida. Dette er gardane på Kvamme. Der står eit treskilt merka “Flatsteinbu”. Da finn ein etterkvart parkeringsplassen. Fra parkeringsplassen føl ein grusveien til grushola som du ser på bildet. Ta av til venstre og gå opp kanten av grushola. Stien går til setra på høgresida av elva Sulkja.
P1050926
Bilde: God plass på parkeringsplassen
P1050923  P1050929
Bilde 1: Plakat ved parkeringplassen.         Bilde 2 : Her har dei laga trapp ved siden av grida.
P1050930
Ein vinn fort høgdemeter opp lida. Det er godt trakka sti så det er ikkje vanskeleg å finne veien. Det er også merka med oransje prikker/piler og raude T-er.
P1050934

P1050962  P1060075
Dette er ein tur som krev litt kondisjon, men fult mulig å gå om ein ikkje er topptrena.  Det er ganske bratt terreng opp til setra. Der flater det litt ut inn Kvamsdalen før det igjen blir brattare siste stykket opp til platået som Flatsteinbu ligg på. Berekn god tid på turen. Ser flerie stader at turen er berekna til 3-4 timer opp og 2 timer ned.P1050935  P1050939
Bilde 1: Terrenget flater ut av og til.            Bilde 2: Det er veldig frodig i Oldedalen.

Stien er tydeleg heile veien. Somme plasser der det kan være vanskeleg å finne feste på steiner eller svaberg er det laga til med bolter og “trinn” for å gjere det enklare. Det er også bygt trappetrinn og bolta inn kjetting i fjellet for at ein lettare skal kunne ta seg trygt fram. Ikkje veit eg korleis dei fekk buskapen til fjells før i tida.
P1050938
P1050942  
P1050940
Bilde: Møtte på denne krabaten som også var ute på søndagstur.
P1050950  P1050954
Bilde 1: Kjetting i fjellet på bratte parti.    Bilde 2: Høg vegetasjon så ein må sjekke seg for flått.
P1050964
Bilde: Stig nyter utsikten mot Oldedalen og Kvamssetra utanfor. I desse bakkane gjekk bestemor hans i sin barndom.
P1050969
Det er godt med ein pust i bakken når ein er komt opp til setra. Vi var heldige og det lave skydekket letta litt innimellom. Det er  ein fantastisk utsikt fra setra. Her fra ser ein det grønne brevatnet i Oldenvatnet godt. Ein ser også såra i terrenget  etter dei enorme jord og steinrasa som gjekk i vinter. Det er også ei Kvamsseter utanfor elva. Ein kan skimte den på bildet. Lenger inn i Kvamsdalen er der bru over elva. Eg gjekk der for 10 år sia da var det veldig attgrodd utan for elva, så veit ikkje kor framkomeleg der er no. Når ein fortset inn Kvamsdalen kjem ein etter kvart inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.
P1050977  P1050981

P1050979
Bilde: Vi vurderte heile tida om vi skulle fortsetje, men skydekket sprakk opp av og til, og det var “umulig” for oss å snu.
P1050992  P1050993
Bilde: Bratte bakker så ein lyt kvile.            Bidle 2: Kjærlighet for naturen!!
P1050995  P1060039
Bilde: Snø-Stein-Skodde-Vatn-Blomster-Sol-Isbre.
P1050997
Bilde: Flatsteinbu i skodda på platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen.

Sjølv om skodda var i nærheita heile tida og vi vurderte om vi måtte snu, så nådde vi målet vårt, Flatsteinbu.  Da vi kom opp der, våte og svette, var det godt å kunne søke ly inne i hytta. Flatsteinbu er ei trekanthytte som vart sett opp av entusiastiske brefolk fra Oldedalen i 1968. Hytta er privateigd, men åpen for alle som vil bruke den. Dei som overnatter i hytta legg att penger på bøssa eller fører over på bankkonto som oppgjer for overnatting, lys og brendsel. Der er oppslag i hytta om priser. Vi førte gjerne over kr 100,- for ly ei lita stund. All material og utstyr i hytta blir bore opp.  Hytta er på 19 m2 og har overnattingsplasser for 8-10 personer  på brisk, hems og golv. Bak hytta med vidt utsyn ligg utedoen. Der er også ei steinbu (sikringsbu) der det er mogeleg å overnatte.
P1060005
Bilde: Hytta er åpen for den som vil bruke den. Nøkkelen står i døra. Husk å late godt att og låse/bolte den etter deg.
P1060053
Bilde: Steinbua med overnattingsplass.

Går ein litt lenger innover fjellet så får ein eit flott utsyn mot Brenndalsbreen. Det var vanskeleg å “fange” den på bilde denne dagen, men eit lite glimt av den fekk vi.
P1060027
Bilde: Bodil på kanten med Brenndalen og Brenndalsbreen bak.
P1060051
Bilde: Mange fine blomster å sjå høgt til fjells. Issoleie er ein av mine favoritter.
P1060057
På vei nedatt er det ekstra godt med “hjelpemiddel”. Godt å ha noke ekstra og trakke på og holde seg fast i. Ein må også ta seg tid til å nyte den flotte utsikten.
P1060059
Bilde: Frodig i Kvamsdalen.

P1060061
Bilde: På vei nedatt hadde skodda letta enda meir. Her ser ein eine selet og gamle fjøsmurer på setra og nedatt til Oldenvatnet.
P1060076
Bilde: Litt meir av utsikten mot Oldedalen.
P1060077

P1060085
Bilde: Velkomstkomiteen når vi kom nedatt i dalen. Kjekt å sjå dyr på beite. Desse skal nok snart til fjells.

Turen fra Kvame til Flatsteinbu er på knappe 5 kilometer. Ein tur eg absolutt anbefaler om ein har lyst å sjå noko nytt.

Sjå ruta på kart: Ut.no